onsdag 15. oktober 2014

Onsdagsmiddag i form

Kva skal ein lage når ein har godt tid? Noko som blir best av å få putre på plata ei stund, noko med tomatsaus for eksempel. Det var lasagne! Glimrande rydde-i-grønsaksskuffa-mat.
Eg byrja med løk, den fekk surre på lav varme, medan eg kutta opp gulrot, sellerirot og gulbeter(alt ein finn i kjøleskapet) små bitar. Eg hakka kvitløk også, og så skrudde eg opp varmen og ha oppi alle grønsakene, slik at dei fekk frese litt. Så tilsette eg hermetisk tomat, oregane og litt buljong. Dette fekk stå og surre ei god stund på plata, før eg stekte karbonadedeig som eg blanda med tomatsausen. Dette fekk så stå og surre saman medan eg kokte kvit saus. Det er konsentrasjonsarbeid, eg er overbevist om at dersom eg snur på hodet, evt sluttar å røre, vil det koke over og/eller brenne seg fast. Så ikkje snakk til meg medan eg driv med slikt:)

Når alt var klart, la eg sausane lagvis med lasagneplater i forma, og strødde ost på toppen. Inn i omnen, og så fekk eg rydda kjøkkenet og tørka over benkane slik at det var ganske triveleg før middagen starta.

Eg gløymte nesten å ta bilete, rakk det heldigvis før forma var tom!

Familien er litt skeptske til kva eg puttar i tomatsausen, kanskje med rette? Dei lurte på kva som knasa når dei åt, eg meinte dei fekk gjette. Ingen kom fram til gulbeter! Men stemninga var god, tross slike rare ingrediensar. Det er forresten ein ting: Då ungane var små stoppa dei tvert å ete maten, dersom det var noko uidentifiserbart der, evt noko dei pr def ikkje likte. Lell kunne mannen midt i måltidet finne løk eller sellerirot i maten som han høglydt kommenterte. Men den følge at ungane ikkje åt meir. Kvifor lærte han aldri?! Så ein lang periode brukte eg stavmiksar på alle sausar, slik et ingen skulle finne noko skummelt! No slepp eg det, men kanskje er det eit tips for andre?

(No truar forresten sonene med å hacke bloggkontoen, og legg ut bilete av pølser og pulverposestappe… Det er mogeleg at dei syns maten denne veka ikkje er heilt representativ)

2 kommentarer:

  1. Eg må flira! Akkurat som det alltid har vore i min heim. Gutane trur gulrot og erter er gift, lauk har eg under sterk tvil klar å overbevisa dei om er eit 'krydder' i maten. Men dei skal ikkje kunne sjå lauken... Men dei har ALLTID elska lapskaus!
    Siri

    SvarSlett
    Svar
    1. Brun saus har ein eller annan magisk effekt! Mine har alltid ete selleri og kålrot i lapskaus, naturell derimot...

      Slett