Viser innlegg med etiketten mindfullness. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten mindfullness. Vis alle innlegg

søndag 14. juni 2020

Årets første

Fruen fra havet!
Idag: båttur

Båten kom seinare på sjøen enn planlagt iår, det kom snø seinare enn vanleg i mai, det har skjedd andre ting, +++
Men idag tok vi med frukosten og åt frukost på fjorden. Vi segla sakte sakte, det var flat sjø og lite vind. Vi las bøker, prata litt og berre var ute!
Fint var det!

Blått i blått


Frukost i båt


tirsdag 3. desember 2019

Desembersnø

Igår hadde eg sesongens første skitur! Det byrja å snø på fredag, men helga var full av program, så det var først idag eg rakk ut.


Det tok litt tid å finne fram ski, skistavar og skisko. Men altså: HURRA for ski med faste feller! Det var berre å legge avgarde. Lite løype enno, men det var lys i lysløypa.


Stemningsfullt med skitur i mørkret!


No håpar eg berre at værvarslet tek feil, så det ikkje blir regn og 8 grader i morgon....

torsdag 12. september 2019

Å ta seg tid til å sjå

Eg likar å vere ute på tur, men ofte likar eg også presse meg sjølv til kjappe rundar, og ikkje rusle rundt. Trenign og kondis og alt det der.

No har eg vore tvinga til å gå sakte, og då får eg tid til å sjå meg rundt. Det er noko med å ta seg tid, eg skal ikkje love at eg skal gjere det mykje, men litt meir kanskje, for då ser eg og opplever andre ting.






Eg rekk ikkje ta inn alt dette når eg går fort, det får bli ein øvelse å gå saktare... Ekornet eg møtte, hadde ikkje reflektert over å oppleve naturen i meir sakte tempo, så det klarte eg ikkje å fange på bilde!

mandag 19. august 2019

Blåbær, bringebær, jordbær, multer, rips...

Dei som har lese bloggen over tid, veit at eg har eit velutvikla hamstergen! Sjå feks her Urkvinnen og her. Eg likar å samle. På hausten gjeld det særleg bær! (elllers i året handlar det om sko, kjoler og teserviser...)

Eg hadde oppteljing i går, og fann ut at no har eg jordbærsyltetøy (eg har sjølv plukka bæra i butikk) bringebærsyltetøy (eg har kjøpt bær direkte frå bonden) multesyltetøy (eg har plukka sjølv! Både i Estenstadmarka og i Trollheimen) blåbær (plukka sjøl i marka) og ripssyltetøy og ripsgele (plukka sjølv hos ei venninne med meir bær enn ho trong)
Vi har ete jordbær med fløte, rips med vaniljesaus og blåbær med vaniljesaus. Eg er eit dessertmenneske!

Mindfullness i skogen!


Vi bør kunne møte vinteren ganske trygge på å ha nok syltetøy og antioksidanter tilgjengeleg.


Men det er noko med bær, som er meir enn at det er fint å finne igjen. Det er godt å plukke! Eg kosar meg når eg får gå i skogen å plukke (bringebær og jordbær høyrer med, sjølv om eg kjøper) Å gå i skogen, rusle, plukke litt her og der, fylle bøttene, kjenne lukta av lyngen. Kanskje bli litt våt når ein går over myrene. Gleda over å finne ein ny stad med bær. I år fann eg ei multemyr den ingen andre hadde vore før, og då eg kom tilbake etter ei veke, hadde ingen vore der etter meg. Eg ser mange multegleder i åra framover på den myra! (Grunnen til at eg fann den, var at eg skulle prøve om det var ein snarveg mellom to stiar. Det kan vi vel slå fast at det ikkje var, sjølv om eg fann fram! Og tilbake igjen.)




Og medan enkelte likar å plukke bær,,
samlar andre på gode fotomotiv!

Matbua full av gleder!

I tillegg veit eg no at september og ny elgjakt nærmar seg, så det står elgkjøt på menyen annakvar dag. For vi må lage plass i frysaren til evt elg spm blir jakta i år!

Og om litt er det klart for tyttebær! Eg gler meg!

mandag 12. august 2019

Blåhø

På torsdag fekk eg melding frå ei venninne som bor i Oslo at ho kom til Trondheim på søndag. Eg lurte på om ho ville komme på søndagsmiddag, sidan eg var åleine heime. Ho kom med eit motforslag; kunne ikkje eg ta toget til Oppdal laurdag ettermiddag, så kunne ho plukke meg opp og så kunne vi ete middag på Gjevilvasshytta, overnatte der og ta ein liten fjelltur på søndag?
Det kunne eg jo. Og det vart ei veldig bra helg!



På laurdag åt vi ein god, stor middag, snakka med andre på hytta, oppdaterte oss på kvarandre sin kvardag og kom aldri så langt at vi fekk planlagt kvar vi skulle gå på søndag.
Søndag vakna vi til delvis skya himmel og sol. Vi åt god, lang frukost. Det var så mykje godt å velge i! Ikkje minst heimebakt havrekjeks og geitost...snakk om god frukostdessert. Kunne jo ete fleire av den, sidan vi skulle ut på tur.

Om det vart ein liten tur, kan vel diskuterast. Vi valgte oss Blåhø, dit var det 12 km. Toppen er 1671 moh og det vart ganske mange høgdemeter opp dit. Men været var bra, turfølget topp og formen passa til forhalda. Vi prata oss opp lia, fann ei moltemyr vi gjorde vårt beste for å tømme. Vi gjekk innover fine stiar og traff andre turfolk. Det var drikkepause og nistepause og pause for å lette på antrekket.






Opp her gjekk stien!

Det var ein skikkeleg bratt bakke, og eg var litt usikker på om eg gleda med til å gå den ned igjen... Men det gjekk veldig bra! Toppen var luftig, men eg satt langt innpå og kikka ikkje ned den stupbratte fjellveggen. Vi skulle eigentleg berre opp og snu, men sidan været og utsikta var så bra vart vi sittande lenge, prate, ete nista vår og ta bilder.

Utsikt frå toppen
Fornøgd tindebestiger
Eg hadde ein fantasisk fin tur.  Eg kjenner at det var akkurat det rette, etter første veke på jobb, å få gå. Berre finne kvar foten skulle settast og gå og kjenne at eg vart sliten, men glad (at eg idag går litt stivt er berre på grunn av blemmer under fotsolane, men det går snart over!) No lurer eg på kvar eg skal gå neste gong, og når eg har tid neste gong.

Regnet kom akkurat i det vi skulle skifte sko og klær ved bilen. Godt beregna! Etter det har det stort sett regna...

Takk til Stine for impulsivt turforslag! Og idag har eg ete multer med fløte til dessert.

tirsdag 19. mars 2019

Ein gong til? Please!

Som mor har eg fått spørsmålet, "Berre ein gong til? Vær så snill??? Berre ein altså!" Gjerne med verdas største og søtaste Bambiauger som følge. Det kan vere ein tur til i sklia, ein tur til med karusellen (med 30 minutt ventetid...) berre eit kapittel til frå Harry Potter-boka før leggetid (eg har lese ALLE sju bøkene høgt til kveldsmaten, det er ikkje få sider)

Nesten berre mine spor!






Eg tenkte det i dag då eg var i skogen. "Ein skitur til? Det må vere lov å spørre om ein til?" Eg prøvar å bruke opp ein del fleksitid på jobb, for fleksitid kan ein ikkje ta med dersom ein skulle finne på å bytte jobb, og det fører til skitur i sol og dagslys. Idag var det berre SÅ fint! Eg fekk lyst å sende bilder og film i alle kanalar, til alle som satt inne og jobba, alle som går på skule, alle. Eg prøvde å begrense meg, men er redd nokre syns eg ikkje begrensa meg nok.
Eg har ein favoritt-app på telefonene, særleg på vinteren, det er skisporet.no. Der kan du følge løypemaskinene i sanntid, og sjå kvar det er køyrt løype og kvar maskina er. Eg satt og fulgte med og la ei plan før eg stakk til skogs. Eg skulle først gå dit, så over der, tvers over den myra, rundt ved skyttarhuset, opp dit osv.


Overskrifter på nettet og i papiraviser er at "NÅ kommer våren". Då eg var ute i dag, tenkte eg "Ein skitur til, please?" (eller mange, var det vel eg tenkte) Det var så fint! Sola varma, det var nye spor, innimellom så nye at eg var den første som gjekk der, sola blinka i snøen utover myrene. Det var lite folk, om ein ser vekk får desse godt vaksne som ser ut som dei går veldig sakte, men som er umuleg å halde følge med, dei som berre kjører rett ned bakkane, og som er tilbake frå det innerste, øverste punktet i marka når eg spenner på meg skiene på parkeringsplassen. "Nei, det vart no ein tur i dag også", seier dei når eg spør. Det er dei samme som ser på meg og seier det er fint at også vi unge bruker marka. Eg likar dei!

Eg hadde ein så fin tur, eg vil ha fleire!


(Eg kan strekke meg til å seie at det er greit med vår rundt huset, kanskje kunne finne fram ein stol og sitte litt ute i sola med ein tekopp, kanskje ta i bruk bålpanna eg fekk til jul. Men i marka? Der vil eg ha nokre fleire skiturar!)

fredag 1. mars 2019

Skiføre!

Det kom snø. Det vart snø i marka. Det vart køyrt løyper.

Oh lukke!!!
Etter jobb var eg kjapt heimom, skifta, tok med ski og stakk i marka.


Ei humpete veke på jobb. Det har vore møter, diskusjonar, forvirring, sinne, godt kollegaskap og vanleg jobb. Det er slitsomt, men snart fell dommen. Det krever si kvinne å stå i dette. Men det er ikkje noko val akkurat no. Nokon andre vel for meg at eg må endre jobbkurs, heilt utan at eg blir spurt. Eg må henge på...eg les stillingsannonser, skriv søknader, lurer på om jobben kan bli redda i 12.time og kva vil eg då?


Nettopp no og difor er det GULL og GLEDE  å kunne spenne på seg skia! Gå. Motbakkar (eg hatar motbakkar, men det er dei som er best) gode spor og friske nedoverbakkar. Få opp pulsen, kjenne at eg blir sliten og blir svett. Å gå er terapi! Berre prøv!


Nysnø på trea, kan det bli finare??

Og etterpå vart det fredagskveld saman med mannen, god middag, god tid og lave skuldre.


«Tap for all del ikke lysten til å gå: jeg går meg til det daglige velbefinnende hver dag og går fra enhver sykdom; jeg har gått meg til mine beste tanker og jeg kjenner ingen tanke så tung at man ikke kan gå fra den.» 
Søren Kierkegaard

søndag 9. september 2018

Tyttebærsøndag

Etter felles frukost med mannen og musikkjunior, og gudsteneste, var eg klar for tur.
Eg visste at skogen var full av tyttebær, og eg har ikkje har ikkje hatt tid til å plukke. Idag vart det tur. Og full bøtte med tyttebær! Åh, så godt for humøret! No har eg renska og sylta og bæra har kome i frysaren (og eg har ete tyttebær og yoghurt til kveldsmat)


Skogen har byrja å få haustfarge. Det luktar godt av bær og lyng og myr. Det var masse folk i skogen, det forstår eg godt. Eg prøvar få planlagt inn ein tur i skogen til veka også! Det står att masse bær. Å vere i skogen er mi beste oppskrift for lave skuldre og er ein slags mindfullness.




Mannen leita etter sopp. Han fann ikkje så mykje, dessverre. Men han fann ein elg, som skvatt då det viste seg at dei delte territorium ei lita stund.

søndag 12. august 2018

Urkvinnen

Min indre hamster elskar hausten! Det er nok urkvinna i meg som slår til, og tenkjer at vi må hauste medan det er noko  å hauste. Før i tida var det lite REMA og Kiwi å få hjelp hos utpå vinteren (det er litt dumt at ho ikkje ser forskjell på nyttig og mindre nyttig, det er lett å få tak i klær på vinteren no for tida. Og serviettar, blomstervaser etc, det blir ikkje brukt opp på same måten som bær og annan mat)

Idag har eg vore på blåbærtur, fann ein knaus med masse bær. Måtte gje meg då alt eg hadde tatt med for å plukke i var fullt. Regnet kom ikkje før eg var nesten ferdig å plukke og det var stille og fredeleg, det er fordelen med å gå langt inn i skogen før ein startar å plukke (men det er litt skummelt å gå alle bakkane ned igjen, for tenk om eg snublar? Heldigvis har bøtta lokk og eg heldt meg på beina!) Eg møtte nokre få andre som var ute i same ærend, og då snakkar vi litt om bærhausten og i vage ordelag om kvar vi har vore "Joda, det er masse bær, når du går innover. Litt sånn bak der, kanskje det er bær der? Eg var ikkje der altså, men meir over slik" Det går eit skille i skogen på kvar du byrjar å prate med dei du treffer, ikkje berre nikkar og mumlar hei. Det er heilt fasinerande, for etter ei flate og opp ein bakke, så snakkar alle. "Vått på myra idag", eller "lite folk ute, endå sola skin" og "du skal på bærtur, ja?"

Vel heime fekk eg hjelp til å renske og no har eg sylta over 2 kg bær. Det blir fint å ha til vinteren! (men urkvinna veit det er meir der ute...og lurer på når ho kan ta ein tur til) Frysaren er snart full av bær, for vi har sylta jordbær og bringebær tidlegare i sommar, og eg har fått lovnad på å plukke rips. Snart er det tytebær også, og det er noko av det kjekkaste å plukke.


Til dessert hadde vi blåbær og vaniljesaus. På blåbær skal det være raust med sukker, og vaniljesaus. Det er smaken av seinsommar og sjølvplukka bær og litt mørkare kveldar på hytta. Vaniljesaus vart laga av sausepulver og tørrmjølk, for på hytta var det rasjonering på mjølka, det var langt og tungt å bære, men vaniljesauspulver og tørrmjølk kunne fraktast fram på snøscoter på vinteren og brukast utover sommaren. Kanskje var det stekt fjellfisk til middag også, med potet, gulrot og rømme, akkurat slik det skulle vere ein laurdag på hytta? For garnfisket er betre når nettene blir mørkare, det veit alle.


Det er rart kva ei skål blåbær kan få fram av minner.

lørdag 23. juni 2018

Laurdag morgon

Det er helg. Eg fekk sove, ref forrige innlegg. Vi er på tur, vakna idag til denne utsikta



Skuldrene senka seg. Vi dekte frukostbordet,  mannen og eg åt saman, las litt og prata litt. La planer. Eg hadde te i tekanne, det er luksus!

Vi skal feire st.hans ved fjorden,  berre det ikkje regnar. Vi skal treffe slekt både i dag og i morgon. 
Helg er godt. No laga eg potetsalat og hører P2, mindfullness!

Eg fekk helg!


søndag 13. mai 2018

Veke 18 og 19

Forrige veke vart visst aldri dokumentert. Sist søndag satt eg på det aller minste hotellrommet eg har budd på, men det var heilt greit, for det var reitn og greit, og eg skulle tross alt vere på jobb og trong ikkje så stor plass. Men nettet var ikkje heilt samarbeidsvillig, så då datt den oppdateringa ut. Og resten av veka var også litt travel, så eg slår dei like godt saman til ei litt lengre bileteoppdatering idag.

Det byrjar ikkje så bra, for måndag 30.april tok eg ingen bilder...


 Tirsdag 1.mai var eg i skogen, og fann kvitveis. Då er det ekte vår! 


 På onsdag gleda denne planta meg med blomster! Eg blir så glad når blomster eg har i potte inne, kjem med blomster! Mine grøne fingrar, liksom!


 På torsdag fekk vi kort frå Kina. Dei som var på reise kom forsåvidt heim for fleire veker sidan, men pytt, kort i posten er stas, uansett.


Fredag hadde eg fri, og gjekk på tur i skogen. Våren kjem meir og meir, og her var det tomt for snø på myrene, men is på vatnet.


 Laurdagsfrukost er god tid, god mat, te og aviser. Og denne dagen: blomster.


Søndag kveld reiste eg til Oslo. Og eg hadde leita etter sommarklær, for ryktet ville ha det til at det var sommar i Oslo.


 Her er rommet mitt. Heil ok, men ikkje så stort.


 Blomstring i Oslo, veldig fint! Og det var sommar det.
Eg hadde nesten gløymt korleis det eigentleg er. Eg gjekk rundt og berre nytte!


 Jammen tok eg ikkje med våren/sommaren tilbake til Trøndelag, på onsdag vart det middag ute.


På torsdag fekk vi impulsbesøk av musikkjunior, her ventar han på toget tilbake til siste skuledag
på folkehøgskulen.


Eg kjøpte snål mat, og jammen var denne gulrota litt rar. Men smakte godt.


Kjøkkenhagen har fått påfyll, med hjelp frå  Plantasjen.
Vi får iallfall salat.


Og seglsesongen er igang!
Søndag på fjorden er fint. Sjøl om det var delvis lite vind.

No er ei langhelg over. Litt rart med slike langhelger, plutseleg er dei over, sjøl om ein ikkje syns ein får gjort så mykje som ein trudde. No har eg dynka bunadsskjorter og skal gjere meg klar til 17.mai.