Viser innlegg med etiketten husmor. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten husmor. Vis alle innlegg

torsdag 5. desember 2019

Brune pinner

Det blir ikkje jul utan julekaker, og brune pinner er ein av mine favorittar. Det blir i grunnen ikkje advent utan julekaker heller....



...kanskje blir det igjen av desse til jul også?

fredag 23. august 2019

Å kunne krysse av på oppgåvelista

Eg veit ikkje om du har ei slik liste der du skriv ned ting du skal huske, men det har eg.

Den er litt sånn

  • ring tannlegen
  • ta med metallsøppel
  • vask i hylla på kjøkkenet
Akkurat no står det også litt om kva eg må huske før helga og før eg får besøk ein kveld neste veke, altså
  • bake kjeks
  • sende invitasjon
  • kjøpe inn til besøk
  • +++

Så idag, på sjølvaste fridagen, har eg prøvd å gjere unna litt, i tillegg til det som sto i kalenderen.

Eg starta dagen hos tannlegen, for eg hadde huska å ringe og endre tidspunkt for timen. Det vart litt stress, for eg er ikkje vant med å kjøre bil til sentrum på morgonen, og sjølv om eg hadde lagt inn det eg trudde var god tid, så måtte eg ringe og seie eg vart 5 minutt for sein. For i Trondheim har dei akkurat lagt om bussruter og bussystem og kjøremønster, og der var det ikkje berre eg som hadde problem! Itillegg er Toppidrettsveka i Trondheim i morgon, og nesten alle parkeringsplassar i sentrum var sperra... Men eg rakk det og det var "Null hull"! 

Etterpå var eg hos fysioterapeuten for vedlikehaldsbehandling. Vi diskuterte, igjen, om vi skulle prøve den øvelsen som måtte kuttast i fjor, men heldigvis tok fysioterapeuten til fornuft og sa at den truleg ikkje er noko for min rygg. Puh, for den er så vond, både der og då og etterpå. Det er ikkje alltid "vondt skal vondt fordrive" er sant!

Vel heime, gjekk eg laus på dei konkrete rydde- og vaskepunkta på lista mi. Det går så sakte! For når eg startar med å tørke støv, samlar det seg opp med ting som ikkje står der dei skulle stått. Så då må dei sorterast og settast på plass, eller eg må finne ein plass. Og medan eg driv med det, så er eg kanskje innom kjellaren og finn klær som skal vaskast, noko anna som skal kastast og noko som står på feil plass der også. Og når eg kjem tilbake på stova der eg heldt på, er det framleis rotete og støvkluten ligg midt oppi alt. Så då må eg fortsette, og plutseleg eg finn ein ny ting som ikkje står der den skal osv. Kanskje står det ein blomstervase med visna blomster, den må vaskast og så skal eg skifte duk og vips er eg på vaskerommet og der er det ting som skal gjerast. Men til slutt vart det ganske greit! 

Akkurat no støvfri vinduskarm!

Iallfall vart det greit nok til at eg gjekk frå alt og fekk ein fin tur i skogen! Varmt, sol og shortsvær, og nesten ikkje folk! 

Lista har vorte kortare, før eg noterer ned meir, og eg kan klappe meg sjølv fornøgd på skuldra!

No står det berre att å finne antrekk til i kveld, då skal eg i 60årsdag! 


onsdag 20. mars 2019

Appelsinmarmelade

Av og til tenkjer eg at det eller det kan eg lage. Oftast blir det med tanken. Men i går kjøpte eg økologisk appelsin, fann sitron i kjøleskapet (for det gløymte eg å kjøpe) og jammen hadde eg nok sukker, så då var det berre å sette i gang og koke appelsinmarmelade.


Eller berre .... appelsinen skulle vaskast og kuttast, litt kjedeleg. Men adskillege lettare enn sist, for mannen har kjøpt mykje betre knivar. Eg brukte oppskrifta frå sist, appelsinmarmelade, bortsett frå at eg denne gongen laga av 2 kilo appelsin. Det treng du ikkje gjere om du ikkje har veldig skarp kniv og mange du vil gje syltetøy til, for det vart riktig mange glass :)

Ferdig kutta!


Saktemat

Solskinn på eit glas!

Men sånn etterpå er det heilt i orden å ha laga masse appelsinmarmelade, godt å ha til påske. Den vart passe bitter, passe søt og passe stiv.

Og grovt brød med appelsinmarmelade er godt med te til kveldsmat!

tirsdag 27. november 2018

Husmorpoeng?

Overskrifta skrik etter ros, men det skal du ikkje bry deg så mykje om :) Eg kjenner berre at eg syns eg har vore flink idag og har lyst å vise deg!

Eg vakna med ein heil dag til disposisjon, og eg hadde planlagt litt igår. Etter frukost var det skogtur. Snø, sol og ganske kaldt. Å gå tur, fryse på nasetippen og kjenne at ryggen og skuldrene lausnar meir og meir. Det var godt!



Det er snart jul, seier kalenderen. På laurdag er det 1.desember. Eg er førebudd, eg har kjøpt adventskalender som eg og mannen skal dele, med te og sjokolade! Så får vi sjå om det blir noko til ungane når dei kjem heim til jul. Men elles er eg litt bakpå.... Eg har ikkje kjøpt ei einaste julegåve. Og eg har nokre å kjøpe. Pyttsann, det blir vel etterkvart?

Men jul er ikkje berre gåver, det er masse tradisjonar. Og mat er tradisjon! Idag har eg bakt julebrød, etter oppskrift frå Trines matblogg. Den oppskrifta har eg brukt fleire år, dei blir alltid bra. Også iår. No har eg ete julebrød med brunost til kveldsmat, og drukke julete til! (og eg reknar med at eg må bake ein gong til, dei varer vel ikkje til jul...)



Eg har sydd lammerull. Kvart år lurer eg på om eg orkar, men det blir (nesten) alltid lammerull. Iår med løk og ekstra krydder. No ligg den i kjellaren og samlar smakane, så skal eg koke den på torsdag.



Og eg har laga grisesylte. På den enkle måten, med ei ribbe med masse krydder. Det brukar bli bra, og med alt krydderet eg har brukt, luktar det jul i huset no! Den skal også kokast på torsdag.



Etterpå, for å toppe alle juleførebuingane: Eg kjøpte sviblar idag. Dei har eg sett i glaskrukker, med mose og kongler. No skal eg vente til laurdag, før eg finn fram kassa med adventspynt. Eg treng meir lys, og gler meg til å henge opp stjerna og nokre lyslenker.



søndag 28. oktober 2018

Fyrstekake

Plana var å kjøpe "Kongen av Danmark"-drops igår. Kvifor heiter dei det, forresten? Det gløymte eg. Då vart det plan B, for å oppfylle eigne fordommar mot middelaldrande damer. For kva gjer moddelaldrande damer laurdag ettermiddag? Dei bakar slik at dei har noko å servere til søndagskaffen!

Eg bakte fyrstekake. For første gong i mitt liv. Litt omstendeleg var det. Tertedeig. Kjøleskap. Kjevle ut (ikkje lett) og legge i form (heller ikkje lett) Kjøleskap. Lage mandelfyll, lett, men mange trinn. Montere saman og lage gitter på toppen. Det siste er viktig! Steike og vente. 


Og etter venting, tok vi like godt søndagskaffe (med te) på laurdag. Dom? Kjempegodt, mektig og saftig!


fredag 12. oktober 2018

Vindmøllekamp og andre ting eg ikkje har gjort før

Eg vann mot vindmøllene! (sjå forrige innlegg) Eller, vi fekk igang ein samtale og fann ei løysing. Eg trudde nok vi skulle kome til det, men det er alltid litt spennande medan vegen blir til (eller som ei eg kjenner sa "båten blir til mens vi ror") Idag hadde vi ein riktig hyggeleg samtale, og har ein avtale vidare, om det skulle bli nødvendig. Puh, då kunne eg senke skuldrene.

Pappa (88) og eg plukka litt epler på søndag.

Sist helg var eg i Romsdalen. Der var det mykje frukt. Eg fekk to typer epler frå svigermor, og vinterepler og pærer frå pappa. No er matbua full av frukt og det luktar godt i kjellaren!
Men i tillegg til å ete epler og pærer til frukost og lunsj, det er så luksus å ta fram epler frå pappa sin hage til lunsj, så må eg gjere litt meir med frukta, elles er eg redd dei blir ødelagte. Eg har laga eplekake. Eg funderer på eplesaft, det gjorde vi i fjor, det krever berre at eg er heime nokre dagar på rad. Det er det litt knapt med for tida.
Og eg har hermetisert pærer! Det har eg ikkje gjort før. Men eg hadde jo pærer. Eg har Norgesglass og eg har opptil fleire oppskriftsbøker. (Vrange tunger vil ha det til at vi har fleire kokebøker enn strengt tatt nødvendig. Eg forstår ikkje kva mannen meiner med det. Sist vi talte opp var det ikkje meir enn 43...) Eg googla litt, las litt og sette igang.

Perfekt bloggepære
Med blad og stilk!

Pærebåtar koker i sukkerlake

Nyvaska Norgesglass

Iallfall, hermetisering av pærer er ikkje så vanskeleg, men det tek litt tid. Det skal vaskast glass og strikk, og frukta skal renskast og delast opp. Det skal lagast sukkerlake og frukta skal kokast og over på reine, varme glass. Uansett korleis eg gjer akkurat det, blir det kliss med sukkerlake... eg vaska igår og eg vaskar idag, men nye klissete flekkar dukkar stadig opp! Det blir vel bra etterkvart.

Resultatet

Men til slutt: 3 glass med hermetisk frukt! Snakk om husmor!

Og i morgon reiser eg til Oslo for å treffe studievener. Det er 25 år sidan vi var ferdige bioingeniørar. Kva har skjedd sidan sist!?

søndag 16. september 2018

Fårikål

Idag har vi hatt fårikål til middag. Med norsk nypotet til (heiter det nypotet lenger i september?) Det var akkurat så godt som det brukar vere. Kanskje fordi vi ikkje har det så ofte? Kokt lenge i går, sett i kjøleskap i natt, kokt vidare idag medan potet kokte. (Å kjøle ned fårikål i kald vatn har eg dårleg erfaring med)
Så kan ein jo diskutere om det luktar godt, men det høyrer liksom med!


Eg huskar første gong eg laga fårikål. Vi var ganske nygifte, altså er det snart 25 år sidan. Huset vi leigde, var rosa. Inne. I dei fleste rom. Og med rosa meiner eg babyrosa... Trur dei som budde der før hadde fått tak i 20 liter maling, minst, som dei hadde brukt på stove, kjøkken, gang og soverom. Berre doen var ei anna farge, den var ca 1 kvm, utan vindu og var mørkeblå. Iallfall fekk vi lov til å male om! På stova skulle vi tapetsere også, og det var vi ikkje så gode på (=hadde aldri gjort det før) så vi inviterte ein kompis til å hjelpe oss. Veldig usikker på om han hadde gjort det før heller? (Eg var ganske indisponert til oppussing, for eg hadde prolaps i ryggen, den gongen også, når eg tenkjer meg om. Problem med å løfte og problem med å stå) Men som Pippi seier "dette har jeg ikke gjort før, så dette kan jeg", så vi gjekk igang med innstsvilje og godt humør!

Når ein er nygift, det er haust og ein har invitert til dugnad, vil ein jo gjerne imponere med god mat som takk. Eg hadde laga mykje mat før, pizza, brød, lasagne, stekt fisk, hjortesteik og ymse anna, men aldri fårikål. Det var liksom utanfor hybelkjøkkenstandard. Det var rett og slett ein slags test på om eg kunne lage mat på rett. Eg las oppskrifter og kjøpte kjøt og kål. Eg fulgte oppskrift, og vart litt skuffa over kor enkelt det i grunnen var. Legg lagvis og la koke, lenge. Voila, bon appetit og værsegod og her er det fårikål.  Eg brukar den oppskrifta enno. Det hender eg leitar litt rundt på internett, men det blir den same, gode, gamle oppskrifta som vinn! Kvifor endre noko som funkar?

Og i morgon? Då blir det fårikålrestar.

PS: lammekjøtet er frå i fjor. Smakte like godt. Smart å ete ut av frysaren no, mest mogeleg. Den fylles med bær, seinast i dag vart det ein liter tyttebær med heim frå skogen, og elgjakta startar om ei veke.

onsdag 12. september 2018

Rekk eg det før frostnettene?

Eg strikkar. I ull. Strikkinga vart lagt vekk før sommaren. No har eg tatt den fram igjen. Eg nærmar det nervepirrande øyeblikket, eg skal klippe opp... skal berre strikke ferdig stolpane.  Spørsmålet er: blir eg ferdig før frostnettene? Får eg ei varm jakke å ta på meg?
Eg har og lurt litt på kvifor eg starta på eit så stort prosjekt, på så tynne pinnar.  Eg har ikkje svaret. Eg kjem til å gjere det samme igjen.
.


(Vi kan også stille spørsmålet: tørr eg nokon gong klippe?! Tenk om eg gjer feil...
Men eg må det, for eg har meir garn, gult, som skal bli genser. Eg må bli ferdig med kofta, slik at eg får frigjort strikkepinnane.  Eg har bestemt at det ikkje er lov å kjøpe nye strikkepinner i storleik 3,5)

mandag 10. september 2018

Alt eg ikkje gjorde på fredag...


...gjorde ikkje seg sjøl i løpet av helga. Så idag har eg
  • bakt boller (til besøk i morgon)
  • vaska kjøkkenvifta
  • vaska badet
  • funne fram kubbelys til kveldskos. Kveldane er mørke og det regnar ute, det luktar haust. Men det er mystisk varmt til å vere september.
  • betalt rekningar, før fristen.
  • skrive handleliste til i morgon.
  • bretta veldig mykje reine klær. Så mange at eg let dei siste få ligge litt til modning, dei kan eg brette ein annan dag.
  • lagt utesofaputene til tørk, for dei låg ute. I regnet.

I tillegg byrja mannen på vedstabling. For vi er førebudd på ein lang og kald vinter, og har masse ved! 
Og eg sov middag! Det aller klokaste valet eg har gjort i dag. Eg hadde aldri vaska kjøkkenvifta dersom eg ikkje fekk sove litt først. Så då får det vere at det ikkje vart den trimturen eg hadde tenkt. Eg må ha att noko å gjere i morgon også!

torsdag 21. juni 2018

Er det snart helg?

Det er torsdag kveld. Eg er så trøtt at eg ikkje veit om eg orkar å gå å legge meg.
Det var mange ballar i lufta på jobb, og det er ikkje så lenge til ferie, og kva er det for slags lov som bestemmer at kaoset trivst best i ferietider?

Vi har fått planlagt noko som gjorde at eg sov dårleg i natt, kanskje søv eg betre i natt då? Vi har bestemt detaljer av typen klokkeslett for feiring, kaker og fjelltur, men mannen veit ikkje at eg har planlagt bordpynten også. Vi har delt ut informasjon, og eg har skrive lister, mange lister, ulike lister og starta på neste liste for neste feiring.

Eg er sår i halsen, har veska full av ulike typer halsllinser og lurer på når det slår ut. Men no har halsen vore sår lenge, kanskje det berre er at eg søv for lite?

Eg har kjøpt ei gåve til ei anna feiring, sagt at vi pakkar til den i morgon, og gløymt å skaffe kort. Eg traff ei eg ikkje har sett på lange tider på butikken, og det var kjekt. Ferie og familie er kartlagt og redegjort for. Eg har handla mat, men det vart ikkje med brød heim sjølv om eg skreiv det på lista. Det er visst snart helg, men eg lurer på om eg rekk få det med meg før den er over?

Så, heilt plutseleg er det sol på stoveveggen. Medan det på andre sida av huset er svarte, tunge skyer. Eg trekk pusten djupt og ser på sola og skyene, fargene og lyset.


Like brått er lyset og fargene borte, og det er grått i minst 50 nyanser der ute, og eg kjem på at eg må sette middagsrestane i kjøleskapet, tømme oppvaskmaskina og tørke over kjøkkenbenken.

Snart skal eg sove! Trur eg.

tirsdag 3. april 2018

Tirsdag

Når veka startar på tirsdag, blir det ei kortare veke, forsåvidt. Men helga har vore lenger også...så det krever meir å stille om. Vi var fleire på jobb idag som snakka om tanken om "fri etter ferie", slik for å slappe av litt. Det blir vel med snakket!

Iallfall, eg har vore på jobb, gjort ting som ikkje er så bloggvenlege på obduksjonssalen, kokt litt bakteriemat og prøvd å vere klok.

Kontorpult, prega av at det er første dag etter påske.
Den er nesten tom!
Vel heime tok eg ut begge skuffene med grønnsaker, renska og kutta opp løk (den var stort sett frisk og rask) brokkoli som hadde vore heime åleine i påska og ikkje var så fristande lenger, gulrot, søtpotet, kvitløk, paprika, igrunnen det eg fann, fresa i panna, kokte med buljong, og mosa med stavmiksar. Blanda inn kokosmjølk og ein boks linser. Stekte opp pølsebitar, kjøpt til påske. Restemiddag, full av antioksidanter og godsaker, servert med brød!

Vaskemaskina er ikkje ferdig med dagens jobb, heller ikkje oppvaskmaskina, men eg skal snart unne meg litt krim, som eg ikkje rakk i påska.

søndag 25. februar 2018

Jazzcamp og fullt hus

Ofte er det ganske roleg heime hos oss. Mannen og eg har stort sett oversikt over planene for dagen, og kven som skal kva, når. I profilen min står det tenåringsmor, men det gjeld berre 3 veker til. Då blir yngstemann 20 år, og det er litt rart... Men akkurat no får eg testa ut om eg enno er fleksibel og kan snu meg rundt i ein fei!

Musikkjunior har hatt vinterferie, iallfall slik av og til, denne veka. I morgon er det opptaksprøve for vidare skulegang, og dit er det fleire enn han som skal. Den som bur i nærleiken av slike opptaksprøver, kan drive ein slags jazzcamp eller "mors bed and breakfast m/øvingsrom og servering av middag" om ein vil. Og besøk og liv i huset er kjekt, så velkommen til oss!
I går kom ein ekstra kontrabass i hus, med musikar, og idag kom ein trommis med deler av trommesett (det heiter sikkert noko anna?) Vi har hatt elggryte til middag og til frukost var det eltefrie rundstykker. Alle skulle få enkeltrom, og kølapp til badet. I tillegg får eg gå til jobb i morgon, for eg driv visst utleige av bil også! Og det var jo litt dumt at det var akkurat no "lille, grønne lynet" fekk behandlingsstopp og er avskilta og ligg avkledd hos ein hoggar...

Etter ein samtale med ingeniørstudenten, som har hatt reunion med kompisar frå militære og gått på toppturar heile helga, har vi gjort om på romfordelinga. For han hadde tenkt å komme innom i natt, og hadde lovt seng til ein som skal ta første flybuss i morgon tidleg. Vi har altså utvida til bed and breakfast, (nesten) ski in/ski out. Godt vi har ekstra dyner, feltseng, brød i frysaren og hjarterom!

Og enno har eg igjen ein sovesofa og i verste fall ein madrass til å sove på stovegolvet, om du skulle vere i nød. Litt usikker på om huset kjem til å sove i natt, det kan vere dei første står opp før dei siste legg seg.


Men tidleg idag, då var det eg og ein bukett tulipaner i februarlyset! 


søndag 24. september 2017

Rein mat

Eg er opptatt av kva vi et, kvar maten kjem frå, korleis den er dyrka eller avla fram. Eg er ikkje så opptatt av økologisk, men likar kortreist mat. Eg likar å plukke bær sjøl, mannen er med på elgjakt, eg er vant med hjortekjøt frå skogen heime, og pappa har fiska mykje fisk som vi har fått nyte godt av i mange år.

Eksempel på å bli kjent med maten, og
vite kvar den kjem frå.

Eg er mot matsvinn, og prøvar halde orden i kjøleskapet og passe på at ikkje maten blir dårleg. Eg kjøper gjerne mat frå den disken med varer som held på å gå ut på dato. Det har vorte litt meir utfordrande når vi berre er to heime, for vi et ikkje like mykje som 4 gjer, og eg strevar med å nedskalere innkjøpa mine. Brød for eksempel,  får pels før eg veit ordet av det, og då går det i komposten. Rart kor mykje det gjer at junior, som gjerne smurte 6 skiver til matboksen, har flytta ut...

Fangst frå kortreist bærtur
Eg har ein kjøkkenhage som i år har fått vokse seg stor og frodig, og det er lov å lese mellom linjene uryddig, med både grønkål og spinat som no er oppeten. Det er igjen sukkererter, og det er skikkeleg livskvalitet å gå ut og ete ferske, sprø erter rett frå belgen. Straks er rødbetene ferdige og, og då blir det bakte beter med fetaost...umm!

Men av og til maten bli for rein, same kor gode tankar det er som litt bak! Vi er i fårikåltider igjen, og til glede for gamle og nye lesarar, resirkulerar eg dette innlegget frå oktober 2012:

Fårikålen som vaska seg

Her ein dag laga eg ertesuppe, det er langsom mat som det tek tid å lage. Det er tradisjonsmat som vekkjer gode bandomsminner! Og ikkje minst er det matprodusjon som utløser mengder av husmorpoeng! Først kokte eg svineknoke i flerie timar, så tilsette eg ertene som hadde ligge i vatn sidan dagen før og tilslutt hadde eg oppi gulrot, potet og sellerirot. Eg hadde ikkje timian, det var ein skuffelse, men det gjekk bra lell.

Då suppa var ferdig seint på kvelden, avkjølte eg den og sette den  vaskekummen på vaskerommet til neste dag. Dei fleste likte den, særleg eg, og særleg likte eg at eg hadde ferdig middag som berre skulle varmast opp då eg kom heim frå jobb!

Samtidig fekk eg flashback til fjorårets fårikålmiddag, eg rødmar enno....

I fjor haust skulle vi ha fårikål ein dag, det er ekte haustmat, men det tek litt lang tid å lage. Men eg hadde naturlegvis høyrt at fårikål er minst like god dagen etter, så då kunne eg like gjerne lage den dagen før og ha maten raskt klar dagen etter. Eg handla inn, fann fram den store kjelen, la kjøt og kål lagvis, hadde peppar i pepparfårikålboksen, salta og slo på vatn. Gryta vart sett plata, den putra og kokte lenge, fårikållukta spreidde seg i huset(den lukta er eigentleg ikkje god, men....) Eg gledde meg til middagen neste dag!!
For å ta best mogeleg vare på maten, avkjølte eg gryta i kaldt vatn på kjøkkenkummen, og så bar eg den ned på vaskerommet og sette den i vaskekummen som eg fyllte med kaldt vatn. Snakk om å vere ei god husmor og kjenne slektskap med alle fårikålkokkar i slekters gang! Neste dag skulle eg berre koke potet og varme fårikålen.

Neste dag gjekk eg innom vaskerommet og sette på vaskemaskina, mørk 60gr-vask, og såg glad og lukkeleg på kjelen med mat.
Då eg skulle henge opp klesvasken var det merkeleg vått på golvet å vaskerommet, og forresten, kvifor seglar fårikålkjelen rundt i vaskekummen?!
Jo...det var fordi vatnet frå vaskemaskina blei tappa opp i vaskekummen, den eg hadde korka godt igjen for at fårikålen skulle stå kaldt...Gryta var no full av såpe-og skyllevatn i tillegg til resten av maten, golvet var fullt av sauefett... Humøret sakk, husmorstoltheita fekk seg ein alvorleg knekk og det var godt eg var åleine i rommet!
Kva gjer ein når slikt skjer? Sjølv om ein har laga mat i årevis, er over 40 år og i det meste taklar livet? Jo, ein ringer mamma! "Mamma, fårikålen er full av såpe! Kan den reddast?" Svaret frå mamma var enkelt og greit: "Start på nytt!"
Eg gjekk til butikken med ei tordensky over hovudet, kjøpte inn alt eg trong, det vart sein middag den dagen, men det vart fårikål!

Nyvaska fårikål er ikkje å anbefale, såpe er ikkje godt og smaken var vaska bort... Ikkje hadde eg brukt MILO heller....
Fårikål uten såperestar


torsdag 14. september 2017

Strikking

Eg strikkar.  Det skjer ikkje kvart år.  No har eg kome så langt at eg kan tru det blir ein genser tilslutt!


Eg hadde litt startvansker,  men det vart etter nokre prøv og feil rett antall masker og ikkje snurr på strikketøyet. Eg er i gang med erme nr 2, det er alltid ein liten bøyg. .. Dei skal jo helst bli like...
No strikkar eg litt kvar dag. Og eg ser enden! Armen som hadde senebetennelse, tåler strikking igjen. Eg forstår oppskrifta.

Eg har byrja sjå på oppskrift til neste prosjekt.  Det er muleg det er litt optimistisk?!

mandag 12. desember 2016

12.desember, vekestart

Måndag igjen. Dei siste vekene har eg hatt fri på måndag, det er sånn: "oj, veke starta utan meg!" og "fantastisk å ha ein roleg start på veka". Ja, altså forstå meg rett, eg søv meg ikkje gjennom dagen, men eg treng ikkje stille på jobb på mørke måndagsmorgonen, likevel klarer eg fylle dagen. Eg startar gjerne med lang frukost framfor omnen, idag var det minus 10 ute og klart vær, så te og varme gjorde seg. Så gjorde eg ryggøvingar og gjekk tur, med innlagt kasting av glass- og metallavfall. Det er SÅ vanskeleg å få gjort, så det brukar ende med at det står fleire posar i kjellaren, og når eg først tek det med, er det gjort i ein fei. Kan nokon forklare meg kvifor det er slik? Resten av dagen har veksla mellom diverse husarbeid og kvile av ryggen, vi har ikkje vore heilt på lag idag.
Pause på sofaen, og spisebordet er fullt av ting som ventar på å bli rydda...

Eg har laga den mest mislukka kransekaka sidan sist eg prøvde meg. Det kan bli lenge til neste gong også! Litt rop om hjelp på instagram, og svaret er at eg truleg har hatt for mykje egg. Dei heva seg veldig fint(noko kransekake ikkje skal), før dei datt saman. Så satt dei riktig godt fast i formene, og delte seg i bitar då dei omsiden slapp taket. Smaken er god, om dei ikkje har utsjånaden med seg. Det er tross alt det indre som tel?!

I morgon kjem junior heim til jul.
Då eg var lita, venta vi på mine eldste søsken som skulle kome heim til jul. Dei flytta då eg var 6 år. Det var noko med å gjere huset klart til dei kom heim, det var jo ikkje jul når dei kom, men det nærma seg, og det skulle dei kjenne. Det var stas å få dei heim, og kanskje fekk eg ei litt tidleg julegåve også?
Så var det min tur til å flytte, og kome heim til jul. Desse siste dagane med innspurt før ein skulle reise heim, gjerne sein eksamen og mørketid, sliten og trøtt. Og gleda over å kome heim, bli møtt av juleinnspurt og ein smak av julekaker og julebrød.
No er det altså eg som ventar på junior som skal kome heim! Livet går jammen i faser. Radioen har byrja spele ein sang eg nesten får tårar i augene av å høyre; "Driving home for christmas", kjøre heim til jul. Han syng om å treffe igjen familien og vere saman! Det blir mi helsing til deg i dag.




Og til slutt må eg minne om min give-away , du kan få ei julegåve frå meg om du går inn og legg igjen ein kommentar! Trekning den 15.desember.

tirsdag 6. desember 2016

6.desember / vekestart

Stille kveld i huset. Både mannen og junior er ute. Eg har funne ei speleliste på Spotify med masse fin julemusikk, eg har levande lys, eg har "førsta snøn"-te i tekoppen min. Ute er det ikkje snø, det er ein dag med opphaldsvær, og det treng vi her i Trøndelag, det har regna meir enn nødvendig dei siste dagane. Det har vore, og er, stengte vegar og jordras rundt om. Ikkje kjekt at det er meldt rekordnedbør igjen i morgen. Eg gruar meg, ikkje fordi vi bur utrygt, men fordi det seier noko om klimaendringar eg ikkje likar å høyre og fordi det øydelegg for så mange!
I varmen inne hos meg står det brød i omnen og på benken hevar aniskringler. Håpar at aniskringlene skal vare heilt til jul....eg får fryse dei og merke dei "restemat" :)

Tekos og peparkaker

Og når alle mummi-koppane vart sett i kjellaren,
fekk eg plass til julekoppane i skapet.

Eg hadde ein tanke om eit innlegg kvar dag i desember, men når ein er "kulturkjerring" som meg, er det hardt å rekke alt ein vil! På søndag var vi på konsert med eit kor der vi kjenner mange, og igår var det "Unge musikere" der junior er med. Vips, så har dagen gått!
(Og slik heilt mal apropos, eg har vore på mange musikkskulekonsertar i mi tid, både som pianospelande jente, som øvde på å neie etter framført nummer, og som mor. Eg har høyrt masse fin musikk, rørande framføringar, nervøse små og tøffe typer som plutseleg kjem heilt ut av det. Eg har høyrt urytmisk trommer og pipande klarinett, eg har fulgt enkelte i fleire år, og høyrt framgangen. Eg har vore gjennom mange rundar med øving i heimen, masing om øving, vakker øving og slitsom terping. Eg har høyrt og sett musikkglede, og høyrt frustrerte utbrot over umogelege lekser. Eg vil seie det har gitt gevinst, konserten i går var så bra! Det er så mange flinke ungdommar som brukar utruleg mykje tid på hobbyen, og det dei håpar og drøymer om skal bli ein jobb. Eg heiar alt eg kan!)

Eg kjem nok ikkje til å ha like tett mellom konsertane
 resten av desember
Jazzkvartett


Dagens dikt er  eit håpedikt til deg. Der du er, med lange lister av alt som skal til, mørketid og korte fristar.


HÅP

Når alle ord tier
og tennene fryser ihop
du synes du har skår av
knust glass i munnen,
da
står plutselig
et tre i døra
og hvisker grønt
med snø i baret.

Hans Børli

Eg treng iallfall litt håp no. Det er mørkt, det er regn, det er ikkje jul enno, eg er litt sliten av indre og ytre forventingar. Noko å sjå fram mot er fint!

Grønt i skogen, med snø i baret

Grønt på vatnet, med lys i baret


onsdag 14. september 2016

Difor bør du alltid ha ei lue i sekken!

Idag gjekk eg tur i marka. Eg hadde med pose for å kunne plukke litt tyttebær, for den er moden no. Store, raude bær som ropar etter å bli trollkrem eller rørte bær å ete til søndagssteika i vinter. Men eg fann bringbær og blåbær også, som gjekk rett i munnen. Nam! Så mykje bær og så lite tid til å plukke...

Eg gjekk lenger enn på lenge, eg gjekk der vi er så få som går at alle ein treffer stoppar for å snakke litt om kor fint det er i skogen, kor mykje bær det er igjen og kor varmt det er, no når vi er langt ut i september!

Så gjekk eg litt til. Og kva ser eg!? Heilt plutseleg der inne i skogen?! Nede i lyngen og mosen. Rett ved stien:

Små gullgule...

Kantarell!

Skogens gull: kantareller! Min indre hamster vart overlukkeleg!
Men kva hadde eg å plukke i? Ingen ting... Plastpose er ikkje noko for sopp. Ned i sekken og håpe at det skulle vere ei soppkurv der. Nei, og ingen papirpose, men ei rein lue hadde eg! Eg plukka forsiktig dei små og og gule og la dei i lua!
Ei lue kan altså vere redninga, sjølv om det ikkje er surt og kaldt!

Dagens fangst!
(og det var jo fin fargematch mellom lue og kantarell)
Dagens moral: Gå aldri på tur utan lue!


tirsdag 1. mars 2016

Ordning og reda i oppvaskmaskina

For ei stund sidan skreiv Dagens Næringsliv om stabling i oppvaskmaskin; Oppvaskmøte. Då eg tømte oppvaskmaskina idag, byrja eg tenkje på den artikkelen.
Igår såg eg junior tømme oppvaskmaskina. Han starta med bestikkorga! Det var så rart at eg å måtte kommentere det. "Hæ, det gjør æ alltid!" sa junior. Kvar har han det frå? Eg startar (nesten) alltid med glasa i øverste skuff, og arbeidar meg nedover, og står igjen med den kjedelege bestikkorga til slutt. Eg ser at junior har eit poeng, det kjedelegaste først. Men endre rutine?!
Ein av mine beste venner!
Eg kan forresten sjå kven som har stabla og starta maskina også. No er det oftast eg, men er det mannen, ser eg det klart og tydeleg. Han sorterar glasa, slik at dei like står saman, og koppar for seg. Tallerkenane er også sortert, slik at det berre er å ta dei ut som ein stabel og sette rett på plass skapet.
Men han utnyttar ikkje plassen så godt!

Eg fyller nemleg maskina for å få mest mogeleg inn! Vi snakkar mest! Eg veit akkurat kvar kasserollelokka kan stå, og samtidig få på plass til ei gryte, saftmugga og middagstallerkenane. Eg veit(betre enn alle, meiner eg) kvar glas og koppar og litermål skal stå i øverste hylle for å utnytte plassen best mogeleg og framleis bli reint. Eg kan bruke god tid på stabling for å sleppe å vaske noko for hand... Eg kan vurdere kva eg skal dekke med, utfrå om det kan gå i oppvaskmaskina eller ikkje! Vi har ei tredje skuff i oppvaskmakina også, i midten. Der kan sleiver og vispar ligge, og det er plass til lave glass og matboksar etc. Eg veit akkurat kva som er lurt å sette der, slik at det blir plass til fleire glas i øverste hylle! Og eg veit kva om IKKJE skal stå der, for då får ikkje rotoren plass og oppvasken blir ikkje rein. Og eg flytar gjerne om på det andre har gjort. Eg er nok ein stappar (ref artikkelen i DN.no)
Eg nektar ikkje gjestar å sette inn i maskina, men eg flyttar kanskje om på ting etterpå...

Er du også den som er flinkast i heimen til å stable i oppvaskmaskina? (og no satsar eg på at mannen ikkje les bloggen min på ei stund... )
Og kanskje eg skulle skrive litt om sortering av klesvask og oppstart av vaskemaskin også?!


onsdag 13. januar 2016

Ein slitar vinkar farvel

Innimellom kjem eg på kor heldig eg er. Eg har maskiner i fleng som hjelper meg. kjøleskap og frysar. Oppvaskmaskin, kjøkkenmaskin, vasskokar. Juicepressa, skikkeleg luksusting, men det er lite som hevar ein januarsøndagsfrukost som ferskpressa juice! Strykejern, ikkje at det er så ofte i bruk, men det er godt å ha når svigermor er på besøk. Saftsentrifuge, det var eit bomkjøp, forresten, brukt to gonger, "tusen" deler og mykje å vaske. Støvsugar, skotørkar, tørketrommel og vaskemaskin.

Og no er vi der: vaskemaskin!
Vaskemaskina vår, ein trufast slitar i 18 år er i ferd med å forlate oss. Maskina vi kjøpte då eldste junior var litt over eit år og minstejunior var høgst synleg som kul på min mage. Då eg sa at "er det ein gong i livet eg treng ei maskin som eg kan stole på, så er det no!" Vi bladde opp litt meir enn vi hadde tenkt, og kom heim med eit vidunder frå Miele. Det har vore vel brukte pengar! Den har vaska alt, frå gulpeklutar og bittesmå babysokkar, via barnehagedressar til lange dongeribukser og store mengder håndklær og treningsklær. Dei barnehagedressane er vel det mest utfordrande den har fått; fulle av sand, søle og lommene fulle av stein og pinnar. Ramle-skramle! Ullklær, sengetøy, truser og tskjorter. Og den har vore veldig bra med at den knapt har krympa eit plagg(berre enkelte uheldige ullstrømper av og til), eller farga vasken lyserosa eller gråblå.

Og no vil den ikkje meir, endå den knapt har sett ein kvist på årevis. Kanskje det er det som er problemet?! Kvistmangel? I haust byrja den å jukse med sentrifugeringa, og eg har måtte både stille inn og fortelje høgt kva program eg vil ha, likevel har klærne vore dryppande våte. Det har latt seg løse med å sette på separat sentrifugering. Det er verre no når den ikkje vil ta inn vatn... Tørrvask er ikkje så egna til alt, igrunnen lite. Vi plukka frå kvarandre alt som kunne lettvint demonterast ein dag, og då virka den ein vask, men ikkje meir.
Problemet er ikkje større enn at eg kan kjøpe ny maskin, eg har pengar og det finns maskiner. Det er berre så tungvint til vi får gjort det. Eg kan ikkje kjapt få vaska unna alle håndklær, men skapet er jo framleis velutstyrt, så vi slepp gå våte ut i vinterkulda. Skulle det bli for ille, har eg vaskekum og varmt vatn i kranen. Eg slepp gå til næraste bekk for å skylle kledene eller bære vatn inn(og kvar er forresten næraste bekk?) Sentrifuga fungerar til og med, så eg kan få litt tørrare klær før eg henger dei opp(om eg no skulle få det for meg å vaske for hånd).

Vil ikkje meir...

Men så er det noko med at når den maskina er 18 pr, betyr det at straks er minstemann også 18 år, og eg har formelt sett ingen små barn lenger.... Sukk!
Det er vel berre å kome seg ut og kjøpe ny! Det er jo berre ei maskin.

onsdag 24. juni 2015

Kvardagssukk

Eventuelt sjukmeldingssukk eller feriesukk. Altså, eit sukk over forskjellen på det ein får gjort og det som står på to-do-lista… Dette blir eit ærleg innblikk i kvardagen her.
(Eg funderar av og til over det eg skriv på bloggen. Det eg skriv er sant, men det er jo ikkje heile sanninga om livet mitt. Den vil eg ikkje dele, og det ville vore rart! Særleg for resten av gjengen i huset. Men bloggen er eit sortert utval av kvardagen min. Som idag blir ganske ærleg)

Eg veit at ryggen vil bli bra igjen, at ferien kjem uansett, at eg heller ikkje til vanleg rekk alt eg vil, men av og til blir eg litt overvelda over det eg ikkje klarer, evt ikkje rekk. Det er noko med å ha tid til å sjå på alt som ikkje er gjort.
Plena veks, det er godt grovær, men ikkje så ofte tørt nok til å slå den. Må sjå om eg kan lokke junior til å gjere noko med det i morgon. Det er planter som treng å pottast om. Det er ei tomatplante som treng støtte og meir jord(men lyspunkt: det er rødmande tomatar som snart kan prøvesmakast!)
Bilen skulle vore vaska og fått litt stell…
Huset skulle vore vaska(det står seg, naturlegvis, men det har stått seg så lenge…)
Hagen bak huset er gravd opp pga vegarbeid og kloakkarbeid, og kjøkkenhagen hadde ikkje godt av det. Den ser ikkje heilt bra ut, sjøl om abeidskarane har redda stumpane og flytta den eine kassa og prøvd å sette ned igjen plantene. Vi får sjå om plantene tålte lufteturen.
+++
Litt redusert

Ok, nok sutring! (og om nokon lurer på om ikkje mannen kan gjere noko av alt dette, så må han det, men han har ikkje meir enn 24 t i døgnet han heller…)
Idag gjekk eg på kafe! Eg har kjøpt bøker eg skal lese i ferien! Eg har trena. Slike ting klarer eg! Og eg skal lage middag!
Og eg har lukta på den store buketten med peon som pyntar opp på spisebordet!