Viser innlegg med etiketten utdanning. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten utdanning. Vis alle innlegg

mandag 25. februar 2019

Mors jazzpensjonat

Det er den tida på året at alle unge som driv med musikk søker mot byar med musikkutdanning og opptaksprøver. Det er muleg eg ikkje er i eit heilt vanleg miljø, slik sett, eg brukar gjere det overraskande godt i musikkquiz med jazzfokus, men eg kjenner mange som har meldt seg på opptaksprøve.


Då treng dei ei seng. Gjerne også nokon å snakke med,  litt trøst, oppmuntring etc. Men iallfall ei seng! Og tilgang på brød og kaffe. Og dusj. Senga er minst viktig. 
Slik var det ifjor.  Samme prosedyre i år. Men nye gjestar. I går kveld dirra huset av spenning. 

Dagens soloppgang. Fin start på dagen.

Og det var spenning i lufta i dag tidleg, folk sang skalaer på badet og på kjøkkenet. Korleis går det, kven går vidare. Eg var nervøs på alle sine vegne, og stressa av om dei ville rekke det. Eg meiner, når det er 45 minutt til oppmøte, dei enno ikkje har dukka opp til frukost og så skal ta buss til byen. Ja, buss forresten? Kvar går den, når går den, og treng vi 10 minutt gåtid i sentrum også!? Dei rakk det, naturlegvis, dette er unge menn med full oversikt. Kanskje.

Det trengs både trøst og hurrarop! Alt blir betre med sjokolade og kaffe. Konsentrerte unge menn med ei plan. Og latter og tull og tøv!
Dei er hyggelege! Ikkje minst! Då kan eg godt slenge ut ein middagsinvitasjon også, eller bake bollar. Dei sett inn i oppvaskmaskinen og tek ut. Dei dekker bordet, ryddar på stova og pratar med meg. 

Eg får innsikt i nye ting.
Og snublar i eit par tre saksofonist, gitarer og ein kontrabass... 


No er snart første dag over, og vi får vite kven som får vere med i morgon. Det er tøffe tak, også for den som står på sidalinja. Men først skal vi ete middag, det blir visst fullt hus og nokon har spurt om vi har endå ei ledig seng.

Så får vi ta listene etterkvart, og legge planer for morgondagen utfrå det. 

søndag 25. februar 2018

Jazzcamp og fullt hus

Ofte er det ganske roleg heime hos oss. Mannen og eg har stort sett oversikt over planene for dagen, og kven som skal kva, når. I profilen min står det tenåringsmor, men det gjeld berre 3 veker til. Då blir yngstemann 20 år, og det er litt rart... Men akkurat no får eg testa ut om eg enno er fleksibel og kan snu meg rundt i ein fei!

Musikkjunior har hatt vinterferie, iallfall slik av og til, denne veka. I morgon er det opptaksprøve for vidare skulegang, og dit er det fleire enn han som skal. Den som bur i nærleiken av slike opptaksprøver, kan drive ein slags jazzcamp eller "mors bed and breakfast m/øvingsrom og servering av middag" om ein vil. Og besøk og liv i huset er kjekt, så velkommen til oss!
I går kom ein ekstra kontrabass i hus, med musikar, og idag kom ein trommis med deler av trommesett (det heiter sikkert noko anna?) Vi har hatt elggryte til middag og til frukost var det eltefrie rundstykker. Alle skulle få enkeltrom, og kølapp til badet. I tillegg får eg gå til jobb i morgon, for eg driv visst utleige av bil også! Og det var jo litt dumt at det var akkurat no "lille, grønne lynet" fekk behandlingsstopp og er avskilta og ligg avkledd hos ein hoggar...

Etter ein samtale med ingeniørstudenten, som har hatt reunion med kompisar frå militære og gått på toppturar heile helga, har vi gjort om på romfordelinga. For han hadde tenkt å komme innom i natt, og hadde lovt seng til ein som skal ta første flybuss i morgon tidleg. Vi har altså utvida til bed and breakfast, (nesten) ski in/ski out. Godt vi har ekstra dyner, feltseng, brød i frysaren og hjarterom!

Og enno har eg igjen ein sovesofa og i verste fall ein madrass til å sove på stovegolvet, om du skulle vere i nød. Litt usikker på om huset kjem til å sove i natt, det kan vere dei første står opp før dei siste legg seg.


Men tidleg idag, då var det eg og ein bukett tulipaner i februarlyset! 


mandag 9. februar 2015

Skulebussen


Av og til får eg ein assosiasjon, som sett i gang ei minnerekke i hovudet mitt! Denne gongen byrja eg tenkje på skulebussen.
Mine ungar har hatt både barneskule, ungdomsskule og delvis videregåande skule i gangavstand. Men i år er den eine avhengig av buss, og den andre tek ofte buss om morgonen, det sparer litt tid. Av og til klagar dei litt over at det er kjedeleg med buss. Eg høyrer berre så vidt etter. Vekkskjemte bygutar! Bussen går stadig vekk, og det er ikkje lange turen. rett skulebuss er det heller ikkje.

Eg tok skulebuss. Frå første klasse til eg var ferdig med videregåande. Det var ikkje alltid like stas, men det var ikkje så mange alternativ. Til barne- og ungdomsskulen sykla vi når det var sykkeldag, men det var vel ikkje heilt trafikksikkert…der fergebilane kom kvar halvtime. Men dei 3 mila til videregåande sykla eg aldri!

Å ta skulebuss var nesten like spennande som å byrje på skulen,(ja, det heng saman, men er to heilt ulike ting.) Eg grudde meg litt. Når måtte eg gå ut for å ikkje bli for sein, ville eg sjå bussen og greie å stoppe den? Fekk eg sitte, eller måtte eg stå? Og kvar var det ledig? Tenk om det var ved sida av ein stor, skummel femteklassing? (Eg burde forstått at Gunnar bussjåfør visste eg skulle vere med og ville stoppe, sjøl om eg ikkje rekte ut handa. Vi var ikkje så mange som skulle vere med) Bussturen var forresten ikkje så lang, maks ti minutt, men det var noko nytt dette, å ta buss åleine til noko eg aldri hadde gjort før! Gunnar var forresten bussjåfør i alle ni åra eg gjekk på Åfarnes skule, og han starte vel mange år før og heldt på i mange år etterpå.

Bilde lånt frå www.jernbane.net
Dette kan ha vore skulebussen frå grunnskuletida.

Etterkvart vart vi fleire som venta på bussen saman, då var det ikkje så skummelt lenger, og eg hadde vorte vant. Vi hadde busskur også, det var fint når det regna, eller snødde eller bles «skjelle»(som er ei lokal vindtype. Vinden kjem ned Romsdalen, og bles utover fjordarmane. Sur, kald vind som er typisk på vinteren!) Det var iallfall ikkje tvil om at vi trong refleksar der vi sto, det fanns ikkje gatelys enno. Dagens refleksvestar hadde nok vore enno betre! Vi hadde forresten stor glede av å prøve å stoppe rutebussen, som kom med togpassasjerane frå natttoget som kom frå Trondheim og Oslo. Den bussen hadde betre standard enn skulebussen, men vi skulle jo ikkje ta den bussen... Vel, vi kunne kanskje gjort verre rampestrekar! (og no går det vel ikkje nattog lenger? Dagens ungar får altså ikkje den gleda!) Heldigvis var det fine vårmorgonar, med sol og fuglesang og klare haustmorgonar med gnistrande fargar også, ikkje berre regn, snø og vind.

Turen heim att var annsleis. Då var det lave skuldre, høgt lydnivå og kamp om dei beste plassane. Eg var nok av dei stille og forsiktige, så eg satt sjeldan bakerst. Det var tryggast å ha eit ledig sete bak seg også, for elles kunne lua forsvinne... Det var forresten spennande kven ein vart sittande ved sida av også... den aller kjekkste? Den tøffe jenta i sjuande? Ein lærar som tok bussen? Eller ei god venninne som ein kunne kviskre om hemmelege ting med? Men eg slappa ikkje heilt av, for eg måtte jo huske å trekke i stoppsnora i rett tid. For dette var i ei tid då vi aldri hadde høyrt om stoppknapp. Vi drog i snora som hang framover langs vindua Den snora vart nok av og til litt fristande å dra i, også når bussen eigentleg ikkje skulle stoppe... Eg huska iallall å trekke i rett tid, kvar gong, kan ikkje huske at eg gjekk av på feil stad.

Bussturen til videregåande var litt lenger, 3 mil kvar veg. Det gav meg tid til å ete frukost(eg var ein mester i å sove så lenge eg kunne, og frukost utgjekk. Heldigvis har eg ei snill mamma som smurte mat til meg, som eg åt på bussen. Det kan vere at den maten var tenkt som lusnj, men den tid, den sorg) Eg las ofte ein siste gong gjennom leksa, repeterte til prøver. Og ikkje minst funderte eg over livet, diskuterte livet generelt og kjærleik spesielt med Astrid, min faste busskamerat. Men eg kan ikkje huske at eg sov på bussen, det ville eg heilt klart ha gjort no! Bussjåføren var den same i tre år, han kunne vegen og tok ikkje unødige pauser. Og hadde vi fritimar, var det ikkje berre å stikke heim. Bussen gjekk på ei tid om morgonen og heim til fast tid på ettermiddag. Det var naturlegvis lurt å gjere lekser på biblioteket... men eg er ikkje sikker på om eg alltid brukte tida til det! Elles er det jo artig å sjå ut på utsikta, som er vakker i Romsdalen, samtidig som ein tjuvlytta til andre sine samtaler...

Buss er ein praktisk måte å flytte skuleungar på. Ingen vart køyrt til skulen den gongen. Eg veit ikkje korleis det er no, på den skulen, men i byen er det vanleg å køyre ungane, sjølv når det er gåavstand. Det er dumt, for det blir meir trafikkfarleg for dei som faktisk går. (Ok, då eg gjekk på videregåande og hadde tatt «lappen» hendte det at eg fekk låne bil, men det var ikkje vanen! Men då var det ikkje aktuelt å gå lell...)

Eg kan ikkje huske at nokon vart bussjuke? Men nokon måtte det vel vere som syns det var ubehageleg med buss, svingar og smale vegar? Kanskje dei berre sette seg fremst i bussen?

Når eg skriv dette, kjenner eg meg omtrent 100 år gamal... Men det er berre 40 år sidan eg var på innskriving på skulen, fekk skrivebok og raud-og-blå-blyant av Jorunn og kjente på lukta av kritt på den ganske nye skulen. Lukta av bussen huskar eg ikkje. Kanskje den lukta våte vottar og salami? Skulebussen var iallfall ein viktig del av kvardagen i 12 år!


mandag 8. april 2013

Snart 20 år i arbeidslivet!!

For litt sidan fekk eg invitasjon til 20årsjubileum , for det nærmar seg 20 år sidan eg var ferdig utdanna bioingniør! Hjelpes...då burde eg vere vaksen allereie? Nokre initiativrike sjeler inviterte til fest, men den fekk eg ikkje med meg sidan eg vart sjuk(ikkje fekk eg med meg 5årsjubileum heller, då var minstemann heilt nyfødt)
Ung og fager bioingeniørstudent skjær lever

Men slike jubileum skaper jo nokre tankar...
20 år er veldig lenge, iallfall når ein ser framover. Eg kan ikkje huske at eg såg for meg kvar eg skulle vere no for 20 år sidan. Og eg klarer ikkje sjå for meg korleis livet er om 20 år, då er eg kanskje pensjonist?!
Eg ville kanskje vorte overraska over at eg faktisk jobbar same stad enno? Men sjølve jobben er ganske endra, eg har heilt andre oppgåver enn for 20 år sidan, men gjer dei innanfor dei same veggane. Men slik livet er, har det vore godt med same arbeidsgivar og kvifor bytte når ein trives?

Eg ville kanskje vorte forundra over at eg jobbar med mikrobiologi? Det var noko som ikkje sto øverst på ønskjelista! Men det er eit modningsfag, ser eg no, og veldig interessant! Eg lærer stadig noko nytt, eg bygger stadig ny kunnskap på gamal kunnskap. Dyr og menneske har mykje av dei samme bakteriane, fisk er litt annaleis, men teamarbeid og litteratur hjelper.

Eg ville kanskje lurt på kvar bioingeniøridentiteten min hadde vorte av? Eg har aldri jobba som "bioingeniør", ikkje jobba på sjukehus anna enn i sommarferie som student, og ikkje før dei siste åra jobba saman med andre bioingeniørar. Eg er ingeniør, med ulike "forord" som avdelings- og over-, men det seier forsåvidt ikkje noko om kva eg jobbar med, nesten kven som helst kan vere overingniør. Skal eg seie kva eg er, brukar eg bioingeniør, det veit dei fleste kva er, og at vi ikkje berre er "vampyrar".

Glede av å vere bioingniør har eg jo, og ikkje berre på jobb.
Eg kan vere den mest nyskjerrige og plagsamme blodgivaren!! "Er det slik de gjer det no?!" "Då eg jobba på blodbank..."(note to self, ikkje sei noko om at det var sommaren 1992, då forstår dei at dette er ei gammal dame med lite oppdatert kunnskap!)
Frå sist tur på blodbanken
Men vi kan jo få ein hyggeleg prat også, om betydninga av å gje blod, litt fag og slikt! Og eg må tåle eit stikk, som eg aldri venner meg til! Eg hoppar til i stolen! (og då er det best om eg held yrket mitt hemmeleg, syns eg)


Hos legen stiller eg inngåande spørsmål om kvifor dei ikkje sender bakterieprøvene mine til dyrkning, eller endå verre: har med resistensprofil for infeksjonen min når eg kjem!
Ser du smilefjeset på bakterieskåla?


Eg kan kome til å fortelje feil go upassande historier under kafebesøk eller middagar, når eg har vore med på obdusjon eller undersøkt den mest hæslege avføringsprøve for parasittar. Slikt blir ofte ikkje tatt godt i mot i selskapslivet...
Strongyloides-egg
Ok, parasittar er litt ekkelt, men fasinerande og fine i mikroskopet! Og dei fleste eg finn er farlege for dyr, ikkje folk, dei fleste iallfall.

Og spør folk kva eit blodprøveresultat betyr, må eg oftast skuffe dei, det kan eg ikkje lenger. Eg kan derimot gjerne fortelje dei kva bakterie som oftast gir augekatarr. Eg ville hatt store problem med å lage eit histologisnitt, men er ganske flink til å pipettere. Eg ser at eg har ei god grunnutadanning, men at som alle andre ender ein opp med å spesialisere seg.

Slik kan ein bioingeniør sjå ut i 2013. Med kamera i garderoben, trangt og i farta:)