Viser innlegg med etiketten mannen. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten mannen. Vis alle innlegg

mandag 2. desember 2019

2.desember

Enkelte tradisjonar skal ein ikkje ta lett på.
Som julekrubba.
I alle år har det dukka opp ein figur kvar dag i desember, og Jesusbarnet kjem alltid på julaften.


Iår dukka denne karen opp. Ny av året, og ikkje heilt stø på kalenderen tydelegvis, for han sto der brått laurdag kveld, 30.november. Men i stallen er det husrom!

Diskusjonen går om kven dette er, for eg meiner det er eit reinsdyr. Med vingar. Mannen (som også er jeger) meiner det minner om ein katt, med lange bein. (og vingar) Uansett så er han her! Eg held på reinsdyr. Eventuelt engel.

torsdag 26. september 2019

Biltur

Mange timar i bil, eg var stort sett bakseteramp/ baksetekommentator på turen til og frå Asker. Det vart god tid til å ta bilder!

Solnedgang ved Mjøsa


Sol  sett frå baksetet

Baksetepilot

Storelgen i Storelvdal
Elgjegeren fotograferer.

Elgen på Elverum
No er det elgjakt! Mannen er i skogen. Det passar godt med nokre bilder av elg, som var enkelt å kome på "skothald" av (fotoskothald rett nok) Stor var dei og! SÅ får vi sjå korleis det er med jaktlukka!

mandag 19. august 2019

Blåbær, bringebær, jordbær, multer, rips...

Dei som har lese bloggen over tid, veit at eg har eit velutvikla hamstergen! Sjå feks her Urkvinnen og her. Eg likar å samle. På hausten gjeld det særleg bær! (elllers i året handlar det om sko, kjoler og teserviser...)

Eg hadde oppteljing i går, og fann ut at no har eg jordbærsyltetøy (eg har sjølv plukka bæra i butikk) bringebærsyltetøy (eg har kjøpt bær direkte frå bonden) multesyltetøy (eg har plukka sjølv! Både i Estenstadmarka og i Trollheimen) blåbær (plukka sjøl i marka) og ripssyltetøy og ripsgele (plukka sjølv hos ei venninne med meir bær enn ho trong)
Vi har ete jordbær med fløte, rips med vaniljesaus og blåbær med vaniljesaus. Eg er eit dessertmenneske!

Mindfullness i skogen!


Vi bør kunne møte vinteren ganske trygge på å ha nok syltetøy og antioksidanter tilgjengeleg.


Men det er noko med bær, som er meir enn at det er fint å finne igjen. Det er godt å plukke! Eg kosar meg når eg får gå i skogen å plukke (bringebær og jordbær høyrer med, sjølv om eg kjøper) Å gå i skogen, rusle, plukke litt her og der, fylle bøttene, kjenne lukta av lyngen. Kanskje bli litt våt når ein går over myrene. Gleda over å finne ein ny stad med bær. I år fann eg ei multemyr den ingen andre hadde vore før, og då eg kom tilbake etter ei veke, hadde ingen vore der etter meg. Eg ser mange multegleder i åra framover på den myra! (Grunnen til at eg fann den, var at eg skulle prøve om det var ein snarveg mellom to stiar. Det kan vi vel slå fast at det ikkje var, sjølv om eg fann fram! Og tilbake igjen.)




Og medan enkelte likar å plukke bær,,
samlar andre på gode fotomotiv!

Matbua full av gleder!

I tillegg veit eg no at september og ny elgjakt nærmar seg, så det står elgkjøt på menyen annakvar dag. For vi må lage plass i frysaren til evt elg spm blir jakta i år!

Og om litt er det klart for tyttebær! Eg gler meg!

tirsdag 9. juli 2019

Kjærleik

Heime hos oss deler vi på oppgåvene. Eg er ansvarleg for bekymringar, der er eg ansvarsfull og tek oppgåva på det største alvor. Særleg nattestid. Til no har eg hatt ansvar for å levere og hente bil på verkstad, og det har til tider ikkje vore nokon liten jobb. Tenkjer dei på verkstaden blir glade når dei oppdagar at eg skiftar jobb, og difor ikkje skal ha den oppgåva lenger. Eg kan vere litt hissig når det kjem til bil som treng reparasjon... Og eg er husets hamster. Eg har eit velutvikla hamstergen. Eg finn stadig ting vi/eg  treng, enten det no er sko, klær, mat, bøker eller andre ting. Ein sjeldan gong av og til viser det seg at dette trong vi vel eigentleg ikkje.
Mannen har ansvar for ein del andre ting, båten, halde igjen litt når hamsteren slår til, fotoutstyr etc.

Mitt siste tilfelle av hamster gjeld teservise, som eg oppdaga at vi ikkje hadde. Vi hadde iallfall ikkje akkurat det eg syns eg trong. Og eg fann jo tekoppar, hos Fretex. Men så hadde eg berre koppar og tefat, ikkje asjetter... Og korleis skal ein kunne ete sandwichar eller scones med lemon curd, krem og syltetøy utan asjett?? (Nokre vil vel seie at eg kan bruke andre asjetter, men...)

Spire,
både tefat og asjetter

Det riflede, kun tefat...

Ut på jakt igjen! Det går an å søke på Finn.no. Eg søkte på Finn.no, eg fann på Finn.no. Rett nok litt meir enn eg skulle ha. Eg skulle ha asjetter, det fekk eg. 7 stykker. Det var også med 7 tekoppar og tefat. Og eit serveringsfat. Eg avtala henting, og tenkte at når det først var i hus, så var det i hus.
Problemet var at eg hadde vorte forkjøla, eg hadde ei form som var heilt topp til å ligge på sofaen, med Ibux innabords kunne eg orke å sitte også. Eg tenkte at dette måtte eg berre la gå, eg orka ikkje kjøre 3 mil for å hente. Men mannen tilbydde seg å kjøre meg! Tross lite skapplass og eit ikkje like klart behov for fleire tekoppar, forsto han at dette var noko eg ønska meg. Eg hadde kanskje vore litt uklar på kor mykje eg skulle kjøpe...
Te frå Sverige bli betre i fin kopp!
Og med ingefærkjeks frå Sverige, servert frå
Mummihus kjøpt i Japan.

Så no har vi 10 tekoppar og 7 asjetter i "Spire", og 8 tekoppar i mønsteret "det riflede". Du forstår problemet? Eg har ikkje asjettar til "det riflede"!
Eg er på saken, eg har søk på Finn.no etter asjetter til "det riflede" frå Porsgrund. Og i morgon skal eg ein tur på Fretex for å sjå kva dei har!

Heldigvis syns faktisk mannen at eg har valgt eit to fine og elegante serviser, og han kjører meg nok når eg får tak i neste funn også! Tross fulle skap frå før. Eg trur det er dette som er kjærleik!

Det spørs forresten om eg snart skal  må invitere til eit teselskap. Det står ikkje på koppar!

tirsdag 21. mai 2019

Årets første

Livet på bøljan blå. Seiltur. Livet med båt +++masse andre klisjar.

Kva treng ein på tur når ein skal vere borte eit døgn...


Fakta er at sjølv om eg grua meg, såg litt svart på å handle og pakke og komme oss avgarde 18.mai, rydde inn i båten og ein del anna, så vart det bra. Sjølv om det bles ganske mykje meir enn varsla. Sjølv om det var dønningar. Eg fekk båt, eg fekk sol og eg fekk tur!

Blå himmel og hav
Fruen fra havet med vind i håret

Mannen er tålmodig og pedagog, så vi sette ikkje opp segl før eg hadde fått passe kursen og rokult og fart ei god stund. Med segl gjekk det fort, vi kryssa oss ut fjorden (ikkje spør, men det er det det heiter)og fann hamna vi skulle til.

Naboar på sjø og land.
Ny standard på båtturmiddag
Tradisjonell båtfrukost! 
Vel framme ved hamn, hadde vi selskap av naboane i byen, vi fyra grill og prata og åt potetgull medan vi venta på at lammelåret var ferdig på grillen. Lammesteik, tzatziki og potetsalat i solnedgang ved kysten er fint! (og det finns ikkje eit bilde som beviser eller motbeviser dette)














Eg sov slik passe godt, vakna og såg at sola var på veg opp. La meg igjen og vakna til duskregn. Frukost med egg og bacon, gåtur (og flått) og båttur heim igjen. Fortsatt dønningar. Men no, nokre dagar etter er det sol og vennskap eg huskar!

mandag 4. mars 2019

Fine ting på ein blåmåndag

Idag er det blåmåndag, og det er ikkje berre i kalenderen det står. Det er litt vel blått over det heile om dagen. Då er det lurt å sjå seg om etter nokre ting som er greit, tross alt! (og nei, ting blir ikkje betre av å leike Pollyanna, men eg må avlede meg sjølv litt)


  • det er lyst når eg skal på jobb om morgonen! Og endå meir magisk: lyst når eg kjem heim!
  • vaskemaskina jobbar og jobbar, eg treng berre putte klær inn og trykke start. (men det strykeskapet har eg ikkje kjøpt enno, så litt arbeid er det)
  • eg har fått god tilbakemelding frå språkvask på jobbsøknaden, no er det berre å jobbe vidare og krysse fingrane...
  • mannen er tålmodig og høyrer på meg, forstår når han skal vere einig og nikkar til det eg seier. Så kan vi heller diskutere litt når eg har fått ut frustrasjonane og er meir lydhør (eg trur iallfall at eg kjem dit, ikkje spør han om det)
  • eg bakte bollar til fastelavnssøndag, og det vart så mange at eg har frysaren full! Kanskje blir det bollar i matpakka i morgon?


Pollyanna? Ukjent for deg? Eg las om denne utruleg positive jenta i barndommen, men det kan vere at boka ikkje er så fengande lenger?? Ho leika "vere glad"-leiken og fann dei mest uante kilder til glede. 
Frå Wikipedia:
Pollyanna er en roman fra 1913 av Eleanor H. Porter som handler om en pike som etter sin fars død må flytte inn hos sin velstående og meget strenge tante. Gjennom sin optimisme og ukuelige tro på andre menneskers gode hensikter, får hun ikke bare sin bitre tante, men hele byen, til å «tine opp».

tirsdag 4. september 2018

50 år og like blid!

50årsdagen kom og gjekk, og eg er mykje den same! (heldigvis og litt overraskande)

Mannen og eg inviterte til felles feiring, med vener, naboar, kollegaer. Vi fekk ein bra fest, så bra at eg har ikkje eit einaste bilde frå festen!
Men vi hadde god mat, fine gjester og nok kaker. Både eg og mannen heldt tale, og vi hadde bedt om hjelp til underhaldning. Det fekk vi! Alltid litt usikkert kva ein får, naturlegvis, men jammen er vi heldige. Naboane hadde skrive sang, med fine ord om både dei og oss. Mine venninner stilte i redningsvestar, og eg fekk både bok og redningsvet og hønsenetting! Og det er ikkje tvil om at dei kjenner meg, både kjolekjøp, skointeresse og diverse anna vart nemnt. Kompisane til mannen hadde dikta sang, og veit også kvar skoen trykker. Så kjærleg som berre vener kan påpeike det. EIn jaktkompis spela ein nydeleg vals på torader, og vi hadde kahoot og bilder. Innimellom åt vi, både middag og kaker. Eit raust kakebord, men jammen gjekk kakene unna.

Litt bordpynt og eit kjolebilde har eg.





Sjølve 50årsdagen var arbeidsdag, og mannen sto opp og laga frukost til meg. På jobb var det lunsj med snitter og kake, blomster og gåve og fine ord. Super dag. På kvelden kom ei venninne på middag, og ein roleg kveld med prat og mat var perfekt avslutning på alle feiringane i år.


Blomster fra jobben




Anbefaler alle å feire skikkeleg! Det er så triveleg å samle folk ein kjenner, få gode ord og ha ein fest, rett og slett. Treng jo ikkje vere 50årsdag, det kan vere ein sommarfest, haustfest eller vinterfest.

Eg avslutta talen til mannen med dette diktet, for vi feira jo sølvbryllup også, litt på forskot:


du og jeg
er ikke bare flaks
eller tilfeldigheter lenger
vi var det i starten
men nå
er vi stein på stein
steg for steg
unge for unge
ikke noe livet bare
rasket sammen på slump
akkurat

Trygve Skaug

mandag 21. mai 2018

50 år

Idag er mannen 50 år! Hurra for han!

Om ikkje mange månader er eg 50 år, og litt etterpå har vi vore gift i 25 år (altså gift halve livet! Mystisk, det kjennes ikkje alltid slik. Men når eg ser på sonene, ser eg at vi har halde saman lenge). Dette er året for feiring!

"Kjærleik er å vilja vel" las eg ein stad. Det
er mannen min god på, "å vilja vel"!
Oss to!

Og sjølv om vi ikkje hadde planlagt så stor feiring denne dagen, har det vorte litt i løpet av helga. Vi feira med 2 søsken av mannen og svigerfar på laurdag, og i dag har dei unge, håpefulle vore med og ete middag. Så satsar vi på meir feiring til sommaren og hausten!


Og først idag, var vi på båttur. I sol og veldig lite seglvind. Men vi har fått farge
og frisk luft og eg har lese i boka mi!

fredag 16. februar 2018

Fridag/fredag

Når ein ikkje arbeider full stilling, blir det fridag innimellom.  For å senke skuldrene og trene. Og gjere ein del ein ikkje rekk ellers, for trening er jo fordelt utover veka elles og.
Dagen starta hos fysioterapeuten.  Det verka som ein god ide å booke første time hos han då eg var der sist veke, men eg angra då klokka starta like tidleg som vanleg idag! Men opp og smil, og jammen blir det mykje igjen av dagen når ein ikkje søv lenge. Eg vart knekt, brekt og strekt, ryggen vart betre og eg gjekk ut i dagen.
Og dagen kom med sol! Skyfri himmel. Vinden som har herja dei siste dagane, og nettene, har roa seg.
Etter litt hit og dit, kom eg meg ut på ski. Ja, eg blir i betre humør av sol, snø og ski!

Laaange bein i vårsola



No skal eg til frisøren,  etterpå skal vi ut og ete middag før vi skal på konsert.
Det er visst vinterferieveke framfor oss, men den tida er over for meg. Musikkjunior kjem heim etterkvart, truleg med sekken full av skitne klær og trøtt etter 14 dagar på turné. Kanskje kjem ingeniørstudenten heim også?
Men helga skal eg nyte max, kanskje koke ei gryte bacalao? 

onsdag 25. oktober 2017

Kjæresten min og meg

For eit par veker sidan hadde vi bryllupsdag. Det feira vi! Slik vi gjer kvart år! I år feira vi saman med gutane våre, gjekk ut og åt heile familien.
24 år byrjar bli ei stund. Snart halve livet har vi vore gift, og vi har vore eit par meir enn halve livet. Det kjennes lenge ut på ein måte, på ein annan måte har tida gått fort! Det er ikkje så lenge sidan vi budde i var vår by, skreiv brev (dette var tross alt i oldtida) og hadde skyhøge telefonrekningar! Og det kjennes ikkje så lenge sidan vi planla bryllup og pussa opp huset vi leigde dei første åra.

Men åra går. Mykje har skjedd! Vi har kjøpt hus, og pussa opp og bygd på og pussa opp meir. Vi har kjøpt båt og utfordra både samarbeidsevner og komfortsoner! Vi har vorte eit tett par, to viljer og likevel stort sett felles mål. Vi har laga ein familie saman med gutane. Vi er ei gruppe, eit trygt punkt for kvarandre.

Det har vore kvardagar, sjukdom både i heimen og i storfamilien, studier, doktorgrad, jobbing. Det har vore barn, barnehage, skule, lekser og trening. Tirsdagmorgonar utan brød i brødskuffa og onsdagar med masse klesvask. Dagar med snø og bil utan vinterdekk. Sommardagar med plen som treng klipp og ingen som har ork. Dagar med middag som er forsinka, kjøttkaker som datt frå kvarandre og for lite kokt potet.
Naturlegvis er vi ikkje einige om alt, som kor mange potteplanter vi treng, eller antal gitarar i huset. Men i det store har vi felles forståing og står saman mot mykje!
Heldigvis har det vore dei stundene som sitt igjen i hukommelsen som medvindsdagar, der vi rakk det vi skulle, pastaen var passe kokt og pastasausen var topp! Der ting sto der dei skulle og vi fekk tid til å sitte ute og nyte solskinnet.



Det ser ut til at vi er mykje på tur, det er
ganske sant, men det manglar nokre bilder
frå sofakroken!

"De norske sjømenn er ett gjennombarket folkeferd!"
Sånn fritt etter hukommelsen :)


Det har også vore kjærestertider! Stadig vekk, faktisk! Vi går framleis gjerne hand i hand på tur, og ingen får sove utan eit god-natt-kyss. Det er småprat ved middagsbordet, høgtlesing når vi sitt i kvar vår sofa og slepper skuldrene ned utpå kvelden. Det er oss to!

Kjærligheten

Litt lenger ute
satt kjærligheten
og hvisket 
og sang
og gjorde plass 
til oss

-en på hver side

Fartein Horgar

Eg tenkjer at 24 år er verdt å feire! 

søndag 9. juli 2017

Akkurat no

Akkurat no er det kaos i heimen. Nokre av oss pakkar for ei lita veke med båttur, og ferie etterpå. Andre får formaningar og gode råd og ei formaning til. Eg skriv lister og krysser av på lister. Det kjem tidvis røyk ut ørene mine av frustrasjon. Nokre gjer ikkje det dei kan for å roe ned mor, syns mor. Sol og regn på ein gong ute.

Ein kan også seie at det er eit godt kaos, det er jo ikkje så farleg. Og mannen seier at når eg først skal vere "velsigna" med tullingar, er det godt det er tullingar som er glad i meg. Sant nok...

Og båttur sa du? Ei veke, det er mat og klær og utstyr og vasstette sekkar og sengetøy og har nokon sett soveposen min? Eg har kjøpt esker til mat, eg har delvis laga meny, eg har prøvd å tenke smart og smått(og ikkje klart det!) Har vi fyrstikker?

Fint på skogtur før idag!

Eg sjekkar yr tre gonger i timen, eller var det kvarteret? Har eg huska henge opp klesvasken? Treng eg joggesko på båten? Har eg nok lesestoff og blir oppvaskmaskina ferdig før eg skal legge meg?(ingen fare, ikkje i nærleiken av soving enno) Tenkte eg i det heile på dette då eg sa ja til båt i fjor?!


Eg satsar sterkt på lave skuldre og mindfullness og alt godt når vi får lagt frå kai! Vi har ikkje mindre enn 2 gitarar i båten, eg har ei bok av Odd Børretzen og eg skal ikkje nynne altfor mykje på denne sangen i natt....

Noen ganger er det all right


Jeg har mange, mange ganger - mange, mange, mange ganger - hatt lyst til å skrive en vise om livet -
in the morning - Altså, skrive en vise om livet om morgenen, ja ikke livet bare om morgenen - men det er særlig om morgenen jeg tenker på sånt, men jeg mener: det er'kke lett - det vil si - jeg fikk til refrenget. Og det ble sånn. ta ta ta ta ta ta ta ta ta ta ta ta ta ta ta ta ta ta ta ta ta ta ta ta ta - in the morning - Og denne visa skulle altså handle om livet, men jeg mener - livet- det er så svært - og langt! men jeg tenkte - jeg tenkte at - jeg kunne kanskje sammenligne livet med å være i båt - om sommeren. Jeg har ganske god greie på det, for jeg er ganske mye i båt om sommeren - og det er ofte forferdelig ubehagelig. Og sånn er livet også - ofte - særlig om morgenen - når det regner - og det regner mye om sommeren - i båt - og i livet. Da drypper det fra dekket og ned på loffen, og det er skorpe på leverposteien, og alt er'kke bare vått - det er dertil totalt hensiktsløst - og dyrt og jeg tenker da: Hvorfor er jeg egentlig her? Langt fra folk - omgitt av stein og vann og fiks. Hvorfor er jeg ikke et helt annet sted? På Theatercaféen, kanskje, hvor du kan sitte helt tørt ved bordet og se på folket i regnværet ute i Stortingsgata som løper etter trikken hvis den trikken i det hele tatt kommer den dagen. Kanskje den er lagt ned? Men inne kommer kelneren med det du ber om - og måker - jeg har sagt det før, og jeg sier det igjen: Jeg hater måker! De skriker! Og oppfører seg som dyr, og jeg tenker: Sånn er livet også ganske ofte - som en våt morgen med dyr som skriker og drypper, og det er skorpe på leverposteien, og skorpe både på det ene og det andre. Sånn er livet. - Og sånn er det å være i båt også - særlig om morgenen - noen ganger. - Men noen andre ganger - eller for å si det på en annen måte - noen ganger - i båt om morgenen - og i livet også - forsåvidt - Noen ganger er det all right Noen ganger er det all right Noen ganger er det helt all right In the morning Noen ganger er det all right Noen ganger er det all right
Odd Børretzen

Håpar eskene til mat gjer at vi slepp skorpe på leverposteien, særleg sidan eg ikkje har kjøpt leverpostei ein gong! Følg meg på Facebook og instagram (@kisabo) så blir du oppdatert utover veka. 
(Har vi alle karta vi treng, forresten?)


Og rett fram her, der skal vi segle i morgon!

søndag 13. november 2016

I´m your man

Eg er ikkje spesielt interessert i musikk, eg likar musikk, eg høyrer på forskjelleg, men eg har aldri hatt det som ei hovudinteresse. Eg har spela piano og sunge i fleire kor, litt for musikken og mykje for det sosiale. Eg har lytta til musikk av ulikt slag, og noko har eg likt og noko har eg ikkje likt. For tida er "sjefs-pusharen" min junior, som spelar mykje rart til meg. "Høyr på dette, mamma" og eg blir servert alt frå klassisk til smalspora jazz, ulike taktartar og dissonansar. "høyr DER, det er bra!"
Du snakkar om perler for svin...det er ikkje alt eg får med meg.
Men enkelte artistar har eg høyrt mykje på, som Dumdum Boys i russetida, Phil Collins ei stund, Van Morrison seinare. Lell må eg vel tilstå at eg høyrer mest på radio og det som blir spela der til ei kvar tid. Hurra for P2 som serverer ganske breidt utval av musikk! (det hender eg har høyrt om det nye jazzgruppa junior skal på konsert med!)

Og eg har høyrt mykje på han det er skrive masse om dei siste dagane: Leonard Cohen. Kvar eg plukka opp han, huskar eg ikkje. Men eg veit at sommaren 1988, då "I´m your man" kom ut, var han musikken i bilen til og frå sommarjobben. På kassett. Dette var tross alt 80talet. 20 minutt i bilen til og frå jobb. Tidlegvakt og seinvakt, men eg huskar best turane på tidleg morgon. Tidlege morgonar på veg til sjukeheimen, med soloppgang (for eg trur ikkje det regna den sommaren...) og stille fjord, då var Leonard Cohen soundtracket mitt. "Take this waltz", "Ain´t no cure for love" og "Tower of song".  Eg kan sangane enno. Dagen kom sakte, men sikkert, eg kunne sjå at andre kom ut, åpna vindauger og møtte dagen på turen min til jobb. Eg hadde selskap av Leonard i bilen.


Eg har lese mykje av det som står i avisene no, og tenkjer at eg nok skal ta fram igjen denne musikken, og kanskje høyre ting eg ikkje har høyrt før også.


Du skal som vekestart få eit fint sitat av Leonard Cohen:

"There is a crack, a crack in everything. That's how the light gets in"

(Det er sprekker i alt, det er der lyset kjem inn. Ingenting er perfekt, men det er sprekkene som slepp lyset inn!)

Og idag er det farsdag, og mannen fortener ei skikkeleg feiring. Det er jo han som er "my man". Og feiring har vi hatt: vi har feira med pannekakefrukost, gåver, tur i skogen, lesetid i sofaen og middag. Idag kalvesteik med løkkompott, portvinssaus og potetbåtar. Vi har utsett desserten... så mette er vi!


Ønskjer deg ei strålande veke! 

mandag 24. oktober 2016

Vekestart veke 43

Hei til alle saman! Eg reknar nesten med det er nokon nye som les dette, etter alle som har vore innom på forrige innlegg, om hørsel og slikt. No er det tilbake til meir vanlege innlegg, ikkje fullt så personleg og mykje meir kvardagsleg.
Du skal få eit dikt, nokre glimt frå helga mi og bilder, alltid bilder frå tur!

I helga skulle vi rydde og ordne til vinteren. Pakke hagemøblar og rake lauv. Men altså, plutseleg var det mogleg med ein ekstra jaktdag for jegeren, og i det fine haustveret var det ikkje så mykje å lure på. (Og når resultatet vart ein elg og mat til vinteren, skal vi vel ikkje klage) Og altså, når det er fint ver, er det fint i marka, og eg fekk med meg konsert med junior på dagtid, samt å drive ein del kontrabass-transport. Kontrabass er eit litt vanskeleg instrument både å bære langt og ta bussen med... På laurdagskvelden vart det kafe og ballettforestilling med ei venninne , då gjer det ikkje så mykje at hagemøblane framleis står ute. Det er fint ver og det kjem nye dagar med tid til å rydde! Enkelte ting står seg...på godt og vondt!
Ryddelista inneheld i tillegg tømme kompostbingen, vaske vindu og pakke vekk det siste frå båten. den lista blit liksom aldri tom!


Eg må nok lese og lære litt meir om ballett for å nyte det fullt ut. Men at dei var flinke er utan tvil sant, eg vart mektig imponert! Då primaballerina dansa "Svanens død" vart eg nesten rørt til tårar, det er noko av det vakraste eg har sett!

Vekas dikt, eller sitat, handlar om noko eg gjer så ofte eg kan: GÅ!

Tap for all del ikke lysten til å gå! Jeg går meg til det daglige velbefinnende hver dag,
og fra enhver sykdom.
Jeg går meg til mine beste tanker,
og jeg kjenner at ikke en tanke er så tung at jeg ikke kan gå fra den.
Når man slik fortsetter å gå,
så går det nok.

Søren Kierkegaard (1813-1855)
Barfrost

Det er berre å nyte, og la tankane flyge


Hausten altså



Lite slår gleda ved å gå! Kjensla av å bruke kroppen, bli sliten. Ha tid til å tenke, lukte , lytte. At eg går meg frå sjukdom, er nok ikkje sant, men eg går ikkje på meg meir sjukdom. Eg går iallfall av meg tunge tankar, eg fører lange samtalar med meg sjølv, resonerar og vrir på problem. Går av meg frustrasjon og går på meg eit smil!

Ha ei god veke, og god tur!