onsdag 27. mai 2015

Ting å gjere ein dag ein ikkje får gjort det ein skulle

Av og til får ein ikkje gjort det ein skulle/burde/ville. Det ville ikkje kosta meg ein kalori å oversjå hybelkaninar og skitne stoveglas ein vanleg dag, eg ville nok ikkje sett det ein gong. Men andre gonger ser eg mest på det eg ikkje kan… så eg fann ut at eg skulle lage ei alternativ liste over ting å gjere:

  • finne ei god bok ein har lese før, og nyte den på nytt!
  • leite etter nye bokskattar på nettbokhandlar, det er koseleg tidsfordriv, iallfall for meg.
  • sjå i frysaren og kjøkkenskapa og finne restar som kan bli middag. Eg fann nokre svinekotelettar,  eit glas sursøt saus og litt ekstra grønsaker.
  • plukke blomster som nok er ugras, og fylle ein vase og sette på kjøkkenbenken.
  • fargelegge litt i "Den magiske skogen"-boka mi, la tankane flyge og berre finne farger som passar. (det er jo det nye det, med fargeleggingsbok for vaksne damer)
  • sende SMS til nokon som kan trenge eit lyspunkt
  • skrive lister over ting som må gjerast, og som kan gjerast av mann og tenåringar(då blir dei nok glade når dei kjem heim!)
  • høyre radio heile dagen, ta ein ekstra tekopp og lese også reklamebilaget som er med avisa!
  • smøre seg lunsj, pynte brødet med både tomat og jordbær!
  • sove litt med varmepute på ryggen, puste djupt med magen og kjenne at snart blir ting bra igjen! 

tirsdag 26. mai 2015

Vekestart veke 22

Eg er litt seint ute med vekestart denne veka, det har vore langhelg og det forstyrrar rytmen, og i tillegg skal eg klage på litt fleire ting!

Pinse og langhelg er godt! Om ein ser vekk frå været, som gjer at ein kunne tru det var haustferie eller noko. Eg treng sol og varme! Snart! Kroppen min treng varme, ryggen har "låst seg" som tredje/fjerde gong denne våren, og været betyr naturlegvis ingen ting, men å kunne gå barbeint på plena og kjenne sola varme hadde vore fint! Iallfall for humøret, å ligge inn epå sofaen og sjå på regnet er ikkje berre lystig. Eg blir så utålmodig, eg vil gjere alt for å bli bra fort, og så viser det seg at eg må ta det sakte….kjedeleg! Eg sa ved kveldsmaten ein dag at "eg er visst litt utålmodig" og familien svara unisont JA før eg nesten var ferdig med setninga… Eit glimt av sjølvinnsikt der altså!
Frå stillestaden på sofaen

Vår og regn ute, sakteliv inne

Vårvær...

Diktet denne veka handlar om å måtte ha ei pause. Eg er ikkje pave, av naturlege grunnar som for eksempel kjønn, men av og til treng alle ei pause. Eg har ete pikekyss i helga, eg hadde ikkje bokstavkjeks, så det fekk gjere nytten. Eg kom meg ikkje ned under bordet, men eg rigga med til med puter og pledd i sofaen, det hjalp det og. Det er så mykje som skjer, så mykje å tenkje på, grue seg til, vente på svar på… Av og til, sjølv om ein ikkje er pave, må det ei pause til! Med bokstavkjeks eller pikekyss!

Det er ikke alltid
like lett å være pave
sier paven
Han gjemmer seg under bordet
og roper hunden til seg
Der sitter han til det er mørkt
og alle har sluttet å lete
Når alt er stille
i Vatikanet
kryper ham fram
fra under duken
og gir hunden
rent vann i skålen
Så spiser han bokstavkjeks

ved vinduet
Gro Dahle

Håpar veke di har både sol og varme, kvilestunder og pauser! Og viss ikkje, så er vi minst to!

fredag 22. mai 2015

Fredag i mai

Det er fredagskveld.
Eg har vore på jobb. Starta grytidleg, og då kunne eg gå litt tidlegare.

Det er kaldt, det regnar, det er grønt, det luktar nyutspronge lauv og lysegrønt! Det veit eg, for eg tvinga meg opp av kjøkkenstolen, tok på regnjakke og gode sko og gjekk tur. Det var fint, bortsett frå at eg sakna hanskar, ullbuff og lue…slik over midten av mai. "Kuldefront over Trøndelag" sto det i Adressa idag, og eg skriv under på det! Godt å kome ut, lell. Og lukta av ferskt lauv…sukk, barndom og vår og gode kjensler i magen!
Det er så fint!


Godt å kome inn igjen var det, og middag saman med tøvekoppane(les: teåringssonene) er ganske kjekt! Eit springande referat frå dagens fysikkeksamen frå russen, og litt kortare referat frå skuledagen frå 17åringen. Det er ikkje stille lenge i gongen med dei to i huset!

No er eg godt parkert i sofaen framfor tv´n! Ingrid Bjørnov syng for meg, og det er fint! Mannen har guttelag i stova, tenåringane har forsvunne hit og dit. Eg har forskansa meg med både blåbær, riskaker og Pepsi max, vi får sjå kor lenge eg held meg til dette…
(eg veit det er mokkabønner i kjøkkenskapet….)

søndag 17. mai 2015

17.mai, ei slags oppsummering

Kort sagt ein fin dag!
(men eg er altfor glad i å dele til å greie meg med så få ord!)

Eg var på skogtur igår, og jammen hadde
skogen også pynta seg til 17.mai!

Dagen idag starta med å sjekke at russen hadde kome seg opp og ut til russefrukost. Det hadde han, for 2 timar sidan…Godt han greidde seg sjølv! Værmeldingane for dagen har vore ganske dystre, får kaldt til kaldare, og heilt klart regn, mykje regn! Men det var betre! Gløtt av sol og berre litt regn, og ok, ganske kaldt, men heilt perfekt for bunad! Så vi andre åt frukost og kom oss i stasen, og sidan gjekk det slag i slag. Det var stas å bruke bunaden som passa igjen! (Det må vere det plagget som er mest utsett for krympegass i skapet, fort gjort at ein surnar når den skal prøvast på! Men i år gjekk det bra!)


Russ
Mann og kone!
Eg har sett barnetog, med både 17åringen og russen. Eg har kjent på kor lettrørt eg er. Vi har vore i Salem og ete kake, snakka med kjente vi ser omtrent berre ein gong i året og sunge nasjonalsangen. Eg har sett deler av borgartoget, med kjente og ukjente som gjekk. Vi rakk ein tur heim for å ete bittelitt, og skifte sko (Note to self: eg MÅ ha nye bunadssko eg har gnagsår oppå alle tærne…)

Lunsj med asparges, spekeskinke, parmesan og bringebær

Tilbake til byen for å sjå russetoget og kjenne bittelitt på klumpen i halsen over guten min som har vorte stor, kanskje ikkje så fort, men han har iallfall vorte stor!

No var det på tide og skifte på seg noko lettare, pynte kaka og gå til naboen vi har alletiders tradisjon med gjennom 12 år: felles middag på 17.mai! I år har opphavet til tradisjonen vorte russ, og vi var litt spente på om dei ville dukke opp, men det gjorde dei! Vi starta med dette då gutane gjekk i første klasse, og maten var pølse og stappe og skulle vere enkel og grei å gjennomføre mellom barnetog og opplegg på skulen. No er det ei stund sidan vi hadde vakter med kakesalg og lykkehjul, så vi har flytta måltidet til seinare på dag, når vi har betre tid.
Mine nye sko!

Vi tøysar ikkje med pynten på 17.mai!

Og apropos lettrørt, når ein står der, stivpynta, saman med sin yngste son, som syng av full hals saman med alle andre, det er vår, det er gløtt av sol, og det skal syngast denne sangen. Då kan det vere eg må ta ei lita pause, for å svelge klumpen i halsen og berre ta kjenslene inn over meg! 

Gud signe vårt dyre fedreland,
og lat det som hagen bløma.
Lat lysa din fred frå fjell til strand
og vetter for vårsol røma.
Lat folket som brøder saman bu,
som kristne det kan seg søma.


Elias Blix

Håpar du har hatt ein fin dag, du også! Og at veka som kjem blir god!

torsdag 14. mai 2015

Skodilla...

Idag har eg og mannen vore på biltur, ein slags søndagstur på Kristi himmefartsdag. Russen som kom heim kl sju idag tidleg fekk ikkje ein gong tilbodet, og 17-åringen kunne vel nærast sett det som straff om han måtte være med…
Fjorden baby!

Mannen og eg har køyrt, sett på kart, hatt matpause i bilen, ete middag på ei brygge, ete is. Vi har sett sol og regn, mange gonger begge deler. Vi har sett fantastiske skyer, høg himmel, kjent vinden blåse. Vi har køyrt langs fjorden, sett bygder og fjell og dal. Ei fantastisk bru.
Vi har prata om eit og hitt, berre vore saman og hatt god tid. Det er fint det!

Og eg har kjøpt sko! Kule sko eg slett ikkje skulle ha, men som eg brått kjente eg trong!
Kjærleik ved første blikk! 
Dei måtte berre få vere med meg heim! "Hæ, har du kjøpt nye sko idag, mamma?!" var reaksjonen til dei heime. Ja, så klart! Nokre ting berre treng eg.

søndag 10. mai 2015

Å søke ro (vekestart veke 20)

Eg brukar skogen mykje. Eg går og går i skogen, fleire gonger kvar veke, kvifor gjer eg det?
Ein ting er at det er sunt å røre seg. Det er godt å gå motbakkar, få opp pulsen, svette litt. Kjenne at kroppen jobbar. Når ryggen kranglar, slik som den har gjort dei siste vekene, er det lite som slår det å gå i ulent terreng og få bevega stive ledd.
Det er berre å gå på! Motbakke med snø.

Men det viktigaste for meg er "skogens ro". Etter at hørselen har vorte dårleg, og etterkvart nesten borte på venstre øre, og øresusen har vorte meir dominerande, er det å gå i skogen, langt frå trafikkstøy og ting eg "må" høyre, vorte som medisin.
Det er ikkje stille i skogen, men det er naturleg lyd. Det er lyd som gjer at eg ikkje tenkjer så mykje på øresusen, eg høyrer på andre lydar. Sus i trea, fuglesang, bekkar som renn og klukkar, lyden av eigne fottrinn, langt vekke høyrer eg sus frå byen. Det er eit fly som flyg over, det er knirking frå trestamme mot trestamme, det er rett og slett lydar som berre er der, som ligg over øresusen min, slik at den ikkje overdøver tankane mine. Av og til møter eg andre skogsvandrarar, vi helser, og går vidare.

Kvitveisteppe

Langt der nede ligg byen

Det er synsinntrykk, det er tre som blir grønnare dag for dag, blomster som kjem. No er hestehoven snart er avblomstra, men det er tepper med kvitveis. Snart kjem skogstjerne og mange andre blomstrar og tek over. Eg angrar på at eg ikkje har fotografert eit fast tre kvar veke, for eg har vore innom den same stien minst ein gong kvar veke sidan jul, det hadde vore artig å følgje med på utviklinga. Neste år, kanskje? Eg ser fuglane som flyg, og idag såg eg intens flørting mellom to. Eg ser spor etter elg, kanskje ei skogmus, ekorn på ein trestamme. Insekta har byrja kome allereie, snart kjem vel myggen også…

Ein stille sti

Det er eit friminutt frå kvardagen, frå samtalar eg prøvar følgje med i, medan ventilasjonssusen forvirrar meg. Ingen telefonar som krever full konsentrasjon for å få med meg kva som blir sagt. Eg kan senke skuldrene og berre gå.

Vekestarten er eit dikt av pater Arnfinn Haram, som handlar om å vere i naturen, lyden, synet, kvila, og lengselen.

BERRE DETTE

Berre dette kan eg no:

gå ved havet

lange strender fram

lange tilbake

Berre dette høyrer eg no:

stor sus av bylgjer

Berre dette ser eg no:

Vind og himlar

Berre dette ventar eg på:


sjå Gud


God veke til deg! Håpar du og har ein stille stad der du kan senke skuldrene og få kvilepuls!

Skogtroll på tur
Godt med selfie-bilettakingspause etter mange motbakkar


lørdag 9. mai 2015

Fram og tilbake

Av og til lurer eg på kvifor det tek så lang tid å få gjort ein enkelt ting. Som i dag.
Eg skulle i kjellaren med ein pose på potet. Det bør ikkje ta så lang tid, det er berre to trapper ned. Men…
Då eg kom inn på matbua, såg eg ein pose med juicekartongar, og kom på at eg kunne ta med ein opp og sette i kjøleskapet. Så gjekk eg forbi fryseskapet og tenkte at det ville vere lurt å ta opp elgkjøttdeig no, slik at den ville tine til middag. Forresten, det ligg vel nokre klær i vaskemaskin? Best å ta med dei opp og henge opp, og då kan eg jo sette på ei maskin til! 
Så er det å få med alt opp ei trapp, henge opp skjortene eg har vaska, dei kan henge på badet, så tørkar dei fortare. Inn på badet, å, søppelbøtta er full, best å gå ut med søpla med det samme. Og når eg først er ute, kan eg sjå om posten har kome? Ikkje det nei, inn igjen og finne ny pose til bøtta. Ingen pose på badet, opp på kjøkkenet og hente ein ny. Tek like godt med boksen med restar som skal i komposten. Sette den frå seg og legge pose i bøtta på badet. Henge opp skjorter. Så gå ut med det som skal i komposten. Notere bak øret at det er nesten tomt for strø til komposten, må huske å kjøpe meir. Innom rommet til junior for å høyre korleis han kjenner seg, med hoste, tett nese og litt feber. Opp ei trapp og der ligg det ein juicekartong og pakka med kjøttdeig, nesten så eg lurer på kvar det kjem frå, men tek det med opp på kjøkkenet. 
Sånn! Då ligg ikkje potetene på kjøkkenet lenger, men på matbua, der dei høyrer heime. Men jammen tok det si tid å bære dei ned!

Syns eg fortener ei pause med avisene no! (Før eg ser noko meir som skal flyttast på)

fredag 8. mai 2015

Russemamma

Eg brukar ofte #tenåringsmamma på instagram og twitter, det er liksom det eg har vore dei siste åra(men veit at til hausten har eg berre ein tenåring igjen, hjelp!! Så eg nå finne ein ny #)
No i mai, brukar eg delvis #russemamamma også. Det er ei ny rolle eg berre delvis likar. (Enkelte vil vel seie at eg passar endå betre til #hønemor #reddhare #bekymramor etc, og det kan vel hende det passar, kanskje?)
Tentamenslesing i solskinn

Eg har naturlegvis ein klok og forstandig ung mann/russ i hus! Eg har jo oppdratt han sjølv(ok da, saman med mannen)! Men av og til syns både eg og junior at det blir litt mykje, merkeleg nok ikkje til same tid. Eg trur det skjer eit eller anna rundt klokka tre på natta, der mi bekymring startar vekse, medan junior sitt sosiale liv tek av omtrent samtidig…. Stort sett kjem vi til ei slags felles forståing lell, med SMS nattestid og litt prat dagen etter.
Eg sluttar likevel ikkje å mase, om innetider, varme klær, mat og drikke. At dei skal passe på kvarandre, kjøre forsiktig, huske regnjakke og pengar. Eg minner om at alle treng søvn, at det snart er tentamen, laurdagsjobb, eksamenstid. Eg hjelper til med å feste bokstavar på russedressen og eg bakar kake til russerevyen.
Av og til verkar det som eg snakkar for døve ører. Andre gonger får eg eit sukk. Atter andre gonger får eg ein klem. Då forstår eg at noko går inn og at han forstår at det ligg omsorg bak.

Vel ei veke igjen, så reknar eg med at vi er tilbake på normal døgnrytme….

mandag 4. mai 2015

Vekestart veke 19

Våren altså!
Den kjem no, meir og meir. plenene blir grønnare, det er knoppar på hekken og bjørka, det er løkblomster i plena, fugesang og kvitter (og reng, gråvær, pollenallergi for mange, sørpevåte myrer etc)
Kvitveis i solfyllt bakke! Det er russ i huset, russeklær, raudt, kvitt og blått på junior sitt rom, lite søvn på både mor og son...




Det må bli vårdikt av Inger Hagerup!
Rør ikke ved mitt hjerte i dag.
Våren har gjort det alt.
Bølger av gammelt nederlag
kysser det, hardt og salt.
Bølger av nederlag og savn,
- Trodde jeg det var borte?
Si ikke noe. Nevn ikke navn.
Våren har nettopp gjort det.
Noe har våknet. Det svir av seg selv,
verre enn sult og tørst.
Rør ikke ved mitt hjerte i kveld.
Våren har vært her først.
Inger

Våren altså! Det er noko som rører hjartet mitt! 
For ikkje å snakke om nytt liv om våren. Igår fekk eg vere med på kjeing, altså geitefødsel. Rørt langt inn i hjartet! Og eg kjente nesten på veer sjølv medan det sto på som verst… Det vesle kjeet med svak stemme som ropte på mamma´n sin med det same, og som prøvde å kome som seg opp noko av det aller første det gjorde! Så utruleg søt og ny i verda.
Heilt ny i verda, saman med mamma

Ein liten dans


Hei der!

Og alle dei andre kjea som var eit par dagar gamle og spratt rundt og var veldig nyskjerrige på alt som skjedde rundt dei! Ein fin søndag!

Ønskjer deg ei flott veke!