Viser innlegg med etiketten august. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten august. Vis alle innlegg

søndag 9. august 2020

Søndag kveld

Frukost i det fri
Søndag kveld er ofte litt vemodig, det er slutt på å sove lenge, gjere som eg vil, la humla suse... Det er tilbake til vekkeklokke og matpakke. No burde jo ikkje det komme som ei overrasking, sidan det skjer kvar veke, men mykje vil ha meir, og det har nettopp vore sommarferie.

Men idag sette eg meg i sola og tenkte tilbake på veka som gjekk, og fann mange gode ting som godt kan huskast på, og kven veit, kanskje blir neste veke slik også?!


Klassisk sommarbilde
-barbeint i graset-
  • fredag var det sol og varmt, skikkeleg sommar og bikini og shortsvær. Alle måltid ute, klestørk og tid til å lese bok.
  • laurdag gjekk eg tur. Eg viste kvar eg starta, eg viste kvar eg ville, men mellom der måtte eg lese kart og finne fram sjølv. Det gjekk bra, det var sol og varmt, eg hadde stilletid åleine i skogen og eg fann multer og blåbær. (muleg eg ikkje gjekk heilt lovleg ein stad, men pytt...)
    Glad dame på tur
  • eg har fått tekstmeldingar frå folk som bryr seg, som spør om ting som berre eg og den andre deler. Det er godt å bli sett.
  • sist helg var vi på tur med gode vener, fantastisk vær, natur og solnedgangar. 


  • eg har fått ny sjef, som samtidig er ein tidlegare kollega. Det er fint!
  • vi har hatt fin familiemiddag med nesten heile kjernefamilien
  • blomstrane mine blomstrar. Nokre syng på siste vers, nokre er midt i blomstringa og nokre er i ferd med å folde seg ut. Eg har blomster i nesten alle rom inne. Det er luksus! Og eg samlar frø frå både erteblomster, ringblomst og blomkarse, slik at eg kan så neste vår. Prøvar dessutan å tenkte på korleis vi skal ha hagen bak huset, og framleis sette pris på å ha rådr der. Dei er litt for glade i roseknoppar og blomkarse og jordbær...

  • skogen er full av bær, eg treng berre litt meir tid, så skal eg ut og plukke meir. Bringebær, blåbær, multer...

  • eg har gjort unne eit år i den nye jobben! Det har gått både fort og sakte. Det har vore noko nytt rundt alle svingar, eg har strekt meg og lært masse nytt, og innimellom vore så overvelda. Men etter ferien merka eg at eg har langt frå august i fjor! Det er godt!
  • eg har vore i fødselsdag hos lillesøster, med antibac og god avstand, kjekt å treffe folk og få god prat og god mat.
  • eg les den siste boka om "Elling", og veit ikkje om eg skal le eller gråte. Den er så bra, og så vond! 

AUGUST
Slutten er vakrest
hvisker svaberget og
løfter den brune kroppen
din litt nærmere solen
vakrest er slutten og
august presangen til
dem med hjerte
for sirisser
rognebær og
solnedganger
Arne Ruste

Eg er så glad i dette diktet, kanskje fordi august er min månad, med fødselsdag. Men samtidig er det månaden for oppstart, av nye ting, men også for fortsetting. Det er hausting av bær og grønsaker, det er jobb og skule og aktiviteter, ting kjem tilbake til kvardagen. Og eg er eit vanedyr, eg likar rutiner og kjente ting. Det er då eg lettast kan ta til meg det nye! 
Ha ei god veke!
"Count your blessing, instead of sheep!"

mandag 20. august 2018

Tilbake til kvardagen

Sjølv om eg starta på mi femte veke etter ferien idag, er det først no den verkelege kvardagen startar, for no har gutta flytta ut og starta på sine studier, og vi er oss to heime. Då er det meir rytme på døgnet, kan du trygt seie, meir forutsigbart kor mange som kjem til middag og litt mindre klesvask. Både enklare og kjedelegare, må seiast.

Så idag tok vi det enkelt til middag, risotto med svinefilet til forrett, elggulasj til hovudrett og ei rute mørk sjokolade til dessert, eller restar som det også blir kalla!


onsdag 1. august 2018

August

Idag tidleg, då eg skulle skrive dagens dato for første gong idag (det har vel vorte minst hundre gonger etterpå) måtte eg konsentrere meg, for det er jo august!
August er min fødselsdagsmånad, i år blir eg 50 år, og det kan jo gjere nokon kvar litt tankefull. 50 år er mange år, og eg forstår nesten ikkje at det er meg.

August er skulestartmånad og på ein måte ein ny start, ein start nr 2 i året. Ein junior fortsett på studia sine, andre år av 5 år med studier, lesning, stadig nye vennskap og med ei solid utdanning som gevinst. Og berre han finn seg hybel no, så er den detaljen på plass også... (noko seier meg at det er meir stress for mor enn son) Yngste junior tek eit år til med folkehøgskule, med meir fokus på musikk. Truleg mange nye vener, og nokre blir med frå i fjor. Han skal berre gjere ferdig sommarjobben, og så er han klar med fullt fokus.

Eit heilt malplassert bilde av ein leg i kornåker som eg møtte i går!
Elgen veit nok at det er ei stund igjen til jakttida...
Evt er han på veg til å melde seg opp til nokre fag på univeritetet, vi trur
kanskje han skal lese kinesisk kunsthistorie? 

Og eg kom på at idag er det 25 år sidan eg for første gong gjekk inn dørene på jobb som ansatt. Ung, veldig spent, uerfaren, litt naiv med tanke på alt eit arbeidsliv kan gje av overraskingar. Eg har lært mykje! Om jobben, naturlegvis, men også om at det andre det handlar om når ein er på jobb. Samarbeid, og mangel på dette, reglar, formelle om det heilt konkrete og uformelle om fylling av oppvaskmaskin, lunsjfellesskap og latter og gråt i det daglege. Jobben har endra seg mykje, eg gjer heilt andre ting no enn for 25 år sidan, då eg starta hadde vi ikkje datamaskiner! No kan vi vere 40 stykker i lunsjen, vi var 10 stykker som åt lunsj til 3 ulike tider for 25 år sidan. Den gongen kunne røykarane ta seg ein blås i lunsjen, no må dei ut til eit lite skur på parkeringsplassen. Nokre kollegaer har eg hatt i 25 år, nokre har jobba nesten like lenge som meg, og mange har kome og gått. Eg har i løpet av tida gått frå å vere ung og grøn, til ein erfaren ringrev, men det er så rart at eg prøvar bløffe på meg litt uforstand innimellom!

Lysglimt i skogen

Enno er det ferietid på jobb, men det blir oppstart der også etterkvart, når alle er tilbake og vi skal i gang med møter og planer og alt som høyrer hausten til.

Vi planlegg feiring for vener frå fjern og nær i slutten av august, det krever si dame(og ein tålmodig mann), sjøl om no er dei ytre rammene på plass, og vi landar truleg på beina denne gongen også?!