Viser innlegg med etiketten dagens trim. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten dagens trim. Vis alle innlegg

lørdag 15. februar 2020

Folk eg er på nikk med

Eg går ein del på ski. Eg likar å gå på ski. Ut i skogen og over myrene.



Når ein går på ski, møter ein andre som går på ski. Ein møter ulik folk etter kvar ein er i marka. Og når på døgnet, eller kva vekedag det er.

I motbakkane rett etter parkeringsplassen blir eg rask forbigått av ein som sist kjøpte nye ski i 1980, for då slutta han å dra pulk og tenkte han skulle teste desse nye glasfiberskia alle snakka om. Han kjøpte nye treningsklær samtidig. Alt er godt brukt, han er lang og tynn og det ser ikkje ut som han går så fort, men det gjer han.

Går eg på formiddag ein fridag, møter eg han på godt over 80 som er på tur tilbake bilen, når eg såvidt har starta å gå. Han vil gjerne stoppe for å prate, han er på tur heim til kona -ho er ikkje så sprek lenger- og dei skal drikke formiddagskaffe. Han har ikkje vore så langt i dag "berre rundt om til Bratsberg og tilbake over Liaåsen, og kanskje ein sving om Rossmoen". Tru meg, dei fleste går ikkje så langt.

Pass deg! Brått kjem det ein med pulsklokke!

I lysløypa etter jobb møter eg han som har pulsklokke og ALT nytt i både ski og stavar og bekledning, som slett ikkje slår av ein prat, som kavar på, med Birken eller Marcialoga i blikket. Og nåde deg om du sinkar han i ein motbakke. Han er ca 42 og er svært nær ei midtlivskrise!  Eg møter også han som har betre råd enn form, og som intenst håpar på at alt i utstyr vil gje han god form, helst utan trening... men har han er allereie i midtlivskrisa!

På formiddagen kan du forresten også møte damene med boblejakke, nystelt hår(dei brukar ikkje lue, til nød pannebåd, og går aldri i dårleg vær) dei har sminke ein Grand Prix-fest verdig, og det er rettast å seie dei trippar avgarde. Sakte. Gjerne med ein bitteliten hund, evt ei venninne ved sida. På tur til nærmaste stad med kaffe og kanelbolle.

Nye løyper, "trikkeskinner", sol, og eg er på 
det høgste punktet i marka.
 (svett og andpusten) 

På søndag møter du barnefamiliar, førebudd på alt, med eit håp om å komme litt lenger enn sist søndag, med oppakning for dei fleste forhald, kriser og behov. Pølser, bleiar, ekstra vottar, sitteunderlag, ved til evt bål, akebrett og bærmeis. Og pulk. Dei fleste kjem ikkje så langt før baktroppen er kalde/ våte/ tørste/ har blitt dytta/ insisterer på å gå først/ ikkje vil gå lenger +++. Men av og til møter eg desse familiane langt inn i marka, det er solskinn og idyll og pølser på bål.  Det fortener dei!

Naturlegvis møter eg andre også, som kosar seg med nye løyper. Unge og gamle. Folk eg seier hei til, eller iallfall er på nikk med. Nokre går fort, andre glir avgarde. Det er folk med kondomdress, og andre med nikkers. Ryggsekk eller rumpetaske. Vi kan diskutere skismøring, det er vel blått som gjeld idag? "Nei, eg har kjøpt felleski", ja, kan du anbefale det?, og så snakkar vi litt til, skryt av dei som kjører løyper, før vi går kvar vår veg.


Og så har du meg. Som berre går på ski!
(Eg kjøpte felleski for 3 år sidan, eg har skidress frå i fjor,  eg er litt opphengt i kor lag tid eg brukar på faste rundar, eg veit kor mange turar eg gjekk i fjor. Eg veit om dei skjulte perlene i marka, der det går lite folk. Eg likar ikkje å bli forbigått, eg vil helst gå forbi dei eg når att. Eg tek det roleg i nedoverbakkane. Eg høyrer skiløypene rope på meg, og er innom skisporet.no mange gonger pr dag når det snør for å sjå om det er kjørt løyper. Neida, eg kjem nok ikkje inn i noko gruppe!)

fredag 4. oktober 2019

Endeleg oktober

Oktober er fin! (og fredag i oktober; endå betre!)
Vi har bryllupsdag snart og i slutten av  har ingeniørstudenten fødselsdag. I tillegg har eg ei, sikkert håplaus, forventning om rolegare dagar! Optimistar skal ha eit betre liv, har eg høyrt!

September var travel med operasjon, å  komme igang etter operasjon (eg kjem aldri til å innrømme det, men det har kosta meir krefter enn eg trudde å komme igang igjen), alle helger har hatt program og eg har denne jobben der eg enno er ny og usikker.

Eg drøymer om betre tid til å lage skikkeleg middag, handle slik at det ikkje er tomt i kjøleskapet, å ta unna klesvasken etter kvart, overskot til å trene og naturlegvis pågangsmot til å lære det siste på jobb.

Til no har oktober vore bra! På jobb har eg kome litt meir inn i sangersekvensering, eg forstår meir av filsystemet og eg brukar ikkje lenger nesten 50 % lengre tid på å gå til jobb enn før operasjonen. Eg kjenner fleire av kollegaene, men namn kan eg jobbe litt med enno... Heime har vi hatt middag fleire dagar på rad, og kleda eg vaska i september har snart funne vegen tilbake til plassane sine, det står pr dags dato berre to plastbakker med klær i stova og eit stativ som kunne vore tømt... koret øver til konsert i slutten av oktober, og det kan vere at eg klarer lære meg sangane i tide, men det er hjernetrim og konsentrasjonskrevande på ein heilt annan måte enn resten av det eg driv med. Ikkje tek det nattesøvnen min heller.


Å trakke i ein islagt dam...


Langt der nede er byen og fjorden

Lange skuggar i oktobersol


Og idag har eg vore i skogen! Det var sol! Kroppen likte motbakkar, eg fann litt tyttebær og eg fekk kjenne på hausten på sitt beste!


onsdag 11. september 2019

Når kroppen ikkje har fått med seg det hodet veit.


Forrige veke tok eg ein operasjon. Ikkje noko farleg, men eit planlagt inngrep for å fjerne plager eg har hatt ei stund. Eg skal ikkje seie eg gledde meg til operasjonen og alt rundt, for eg har hatt mine rundar med narkose og sårflater og opptrening, men eg gledde meg til å bli ferdig.
Venterom. Kunst oppe i høgre hjørne.

Eg syntes eg var godt førebudd, i hodet, på kva eg skulle. Klart eg grudde meg litt, eg hadde lese meg opp på inngrepet, mulege problem og metodar. Eg vart sendt heim av anestesilegen med beskjed om å google narkose, og lese om spinalbedøving då eg var på preoperasjon. (så eg var klar over både fordeler og ulemper og ikkje minst komplikasjonar!) Men det er litt spenning med å stille fastande og trøytt på eit trangt venterom, saman med mange andre som også er trøytte og spente, og vente på å bli ropt opp... Det er veldig stille på slike venterom kl 0700 om morgonen!
Men det var min tur nesten først, eg fekk seng, blå skjorte størrelse "svært stor" og nettingtruse. Eg hadde den mest ivrige sjukepleiestudenten som målte blodtrykk og puls og tok blodprøver. Eg fekk sikkert 10 ulike tablettar, og slumra meg gjennom ventetida. Eg var klar!!!

Og på operasjonsstova var dei snille og milde og viste kva dei skulle gjere. Eg berre var der, eg klarte slappe av og vips sov eg.

Men så kjem det etterpå. Narkosen var ute av kroppen, men spinalbedøvinga satt i og munnen var tørr. Hodet visste kva som hadde skjedd, og forsto sånn nokonlunde kvifor eg var kvalm, hadde vondt og kjente meg mørbanka. Kroppen derimot, den trudde den har vore i krigen, møtt ein vegg, ramla ned ei skråning eller noko slikt. Alle forsvarsmekanismer i kroppen var i høg alarmberedskap! "Alarm, alarm", her har noko gått galt! Den huska eg ikkje frå sist. Og den smitta litt over på hodet... Åh, dette vil ta så lang tid! Maten smakar ikkje godt, eg er kvalm, senga er vond, og eg angrar!
Bleik, dårleg matlyst og usikker på om
eg kler lyseblått?
Frukost med utsikt

Nåler både her og der.
Til slutt måtte eg be om at dei festa slangane litt,
for eg hadde i begge armar og det vikla seg saman...
Ære være snille, kloke, tålmodige, trygge sjukepleiarar, som passa på meg, trøysta og oppmuntra! Dagen etter kom eg meg heim, til mi eiga seng, med eit lass smertestillande og ei eske sprøyter med blodfortynnande medisin eg skulle sette i eigen mage. Eg har gjort det, sjølv om eg nesten snudde meg vekk i det eg stakk, magen har mange blåmerker....


No har det gått ei veke, eg har prøvd meg fram med smertestillande og aktivitet. Eg har lese mange bøker, høyrt mykje radio (sjeldan så oppdatert på valget som i år) og sett ein del dårleg tv. Eg har fått pass og stell av familien, eg har hatt besøk. Og eg har klart litt etter litt meir, og kroppen har byrja avlyse katastrofen den bråka om forrige veke. Eg reknar med at forbodet mot å løfte meir enn 5 kg samt å støvsuge gjeld i mange veker framover, der tek eg ingen sjanser! Eg har fått tilbake matlysta, det var ingen fare. Eg har utvida turane mine dag for dag, eg legg inn kafepauser eller har med termos i skogen. Eg har vorte forbigått av pensjonistar i rusletempo, men berre vent, om nokre veker skal eg ta dei igjen!
Eg angrar ikkje slik eg gjorde rett etterpå, eg satsar på at eg snart er i vanleg rutine igjen!

torsdag 25. oktober 2018

Fridag

Dagens ambisjon var å ta bilder frå dagens ulike aktiviteter. Dagens plan utgjekk då eg kom på at eg hadde ete opp frukosten utan å ta bilde.

Opp av senga og brette kroppen sakte ut, lage havregynsgraut og brygge te. Fyre i omnen, høyre radio og sjå ut på regn og sludd og delvis snø. Slik starta dagen. Sidan eg hadde frisørtime ganske midt på dag, måtte eg tidleg på tur om det skulle bli. Det vart tur. Sakte, i ein stille skog eg hadde nesten heilt for meg sjølv. Det er ei stund til det er skiføre, men det er noko med lyd og lukter i skogen når det har kome snø. Det er stillare og mjukare!



Etter lunsj var det frisør. Luksustid! Massasjestol og hårvask. God tid til å sitte og lese gamle ukeblader.

Etterpå har dagen gått, med litt pusling her og der. Klesvask, rydding. Eg har pakka ned sandalar og andre sommarsko og sett dei på loftet. Fann ei vinterjakke eg ikkje huska...truleg fordi den vart kjøpt på salg etter vinteren. No fann eg den og den er tatt med ned i varmen.


 Det er ikkje mykje meir enn ein månad sidan vi var i Italia, 30 gr og livet besto av frukost på fortauskafe! Det er forresten ikkje meir enn 2 månader til 1.juledag...


tirsdag 4. september 2018

Arbeid som vises

I vinter var det kaldt, og vi fyra mykje med ved. Så mykje at vi måtte ha meir ved no. Det passa jo berre sånn passe at den vart levert den laurdagen vi skulle feire 50årsdag, og veka etter var fullbooka og vi skulle vekk i helga. Men den vart lagt under tak, og mannen rakk faktisk å bære ein del i bua sist veke. Men mesteparten litt framleis i carporten, så bilen står ute. 
Kan det vere difor bilen sutrar og tente ei varsellampe igår? Det er tross alt regn og haustkalde netter for tida, og det oppleves sikkert surt å måtte stå i friluft. No har eg omsider fått tak i verkstaden, som ikkje kunne seie noko om kva dette betyr, kva det kostar eller j´kor lang tid det vil ta å reparere, og eg kjenner lommeboka tømmest og eg blir mindre glad i bilen.


Idag er det fridag, og eg hadde planene klare. Tur i skogen, handle mat, kanskje lunsj på kafe. Ute regnar det, det har det gjort sidan eg vakna klokka sju, endå Yr seier det er opphaldsvær og gløtt av sol. Det regnar jamnt og trutt! Å sykle til skogen kom langt ned på lista. Så såg eg at i carporten ligg det ved. Mykje ved. Den skal ikkje ligge der. Den skal inn i bua, og stablast opp.




Mykje av det eg gjer til dagleg, vises ikkje så lett. Eg ser på bakteriar som er bittesmå, eg skriv brev som blir sendt elektronisk, eg lagar mat vi et opp og klesvasken blir skitten rett etter at den er rein. Akkurat det plagar meg lite til vanleg, men når eg gjer noko som vises, så er det litt fint. 

Idag har eg stabla eit la med ved! Trur det tel som trim. Og det er fint å sjå på det ein har gjort!

Noko som vises!

(I år bakte eg forresten brød, det visest ei stund, heldigvis. Og luktar godt! Ved luktar også godt.)