lørdag 28. november 2020

Koronovember

 Eg er litt sliten, av november og korona. Og kombinasjonen. Eg trur ikkje eg er åleine heller. 

Avisene skriv om det, det er tema i radio og tv. Jula blir ikkje som vanleg, seier dei. Kvardagen er ikkje vanleg.

Ofte tenkjer eg at eg ikkje er så ramma. Eg bur ikkje åleine, mannen er jo her heile tida. Heimekontor sidan mars på han. Ungane er innom innimellom. Eg er på jobb, som vanleg. Litt heimekontor som variasjon enkelte dagar. Eg reiser til Romsdalen på besøk, eller eigentleg er eg ikkje på besøk lenger, vi har jo eige hus (meir om det ein annan gong) Eg treng ikkje reise kollektivt meir enn ein sjeldan gong, men eg har sydd munnbind og er alltid beredt.

Men eg merkar det jo, det er mange ting som skjer med korona i verda. Sitte saman med kven ein vil i lunsjen? Nei. Berre med dei eg jobbar tett med, og helst på god avstand frå dei og. Møter er digitale, nesten alltid, eg saknar å sitte på møter der vi ser kvarandre og og ansiktsuttrykket når eg foreslår noko. 

Det går an å gå i skogen. Det går an å invitere med seg andre,
ta med kaffe og te og prate medan ein går. 


Eg saknar å spontant kunne inviterer nokon på middag eller kveldsmat, og då helst ein heil gjeng. Til sommaren kanskje? Eg saknar å kunne snakke med nokon utan å halde god avstand. Eg saknar å handhelse, eller klemme eller halde rundt nokon. Eg er lei av å vurdere kva som er lurt og ikkje. Eg er ikkje åleine om det heller...

Eg har sett blomsterløk, dei bryr seg ikkje om korona, og
eg gler meg til dei spirar til våren

Eg har møtt folk på kafe, med god avstand,
til god prat. 


Eg saknar å snakke om været! Alle samtalar handlar om korona. Vaksine, jobben min, køkultur... Korleis blir jula? Påska? Sommarferien? Hos frisøren, med tilfeldige folk i butikken, naboar, alle snakkar om korona. Ingen snakkar om is og snø eller sol og solnedgangar. 

Tur i solnedgangen, det er smittefritt!

Digitalt teselskap er betre enn ikkje noko teselskap.
Og då må ein finne fram den finaste koppen og den "nye" tekanna.


Men eg er jo heldig, eg er frisk. Eg har vener, familie, jobb. 

Ringblomster som ALDRI gir seg

Å ha ein stad å reise til.
Å ha ein stad å høyre til.

November er snart over. Desember med lys og varme, juleførebuingar og alt som høyrer til, ligg rett framom oss. Det blir bra, trur eg. Og korona varer ikkje evig!

fredag 27. november 2020

Nesten desember

 Denne blogginga går litt den vegen høna sparkar.

Men no er det snart desember, og eg har tatt fram adventspynten. Lysa kom opp for fleire dagar sidan, etter "ordre" frå dei som styrer. Dette året treng vi lys! 



Dukar, englar, musikk etc skal få kome fram litt pø om pø. 

onsdag 4. november 2020