Eg har starta på jobb igjen. Det er fine ting å sjå på jobbvegen når ein berre ser seg rundt.
Viser innlegg med etiketten gå. Vis alle innlegg

tirsdag 24. september 2019
mandag 12. august 2019
Blåhø
På torsdag fekk eg melding frå ei venninne som bor i Oslo at ho kom til Trondheim på søndag. Eg lurte på om ho ville komme på søndagsmiddag, sidan eg var åleine heime. Ho kom med eit motforslag; kunne ikkje eg ta toget til Oppdal laurdag ettermiddag, så kunne ho plukke meg opp og så kunne vi ete middag på Gjevilvasshytta, overnatte der og ta ein liten fjelltur på søndag?
Det kunne eg jo. Og det vart ei veldig bra helg!
På laurdag åt vi ein god, stor middag, snakka med andre på hytta, oppdaterte oss på kvarandre sin kvardag og kom aldri så langt at vi fekk planlagt kvar vi skulle gå på søndag.
Søndag vakna vi til delvis skya himmel og sol. Vi åt god, lang frukost. Det var så mykje godt å velge i! Ikkje minst heimebakt havrekjeks og geitost...snakk om god frukostdessert. Kunne jo ete fleire av den, sidan vi skulle ut på tur.
Om det vart ein liten tur, kan vel diskuterast. Vi valgte oss Blåhø, dit var det 12 km. Toppen er 1671 moh og det vart ganske mange høgdemeter opp dit. Men været var bra, turfølget topp og formen passa til forhalda. Vi prata oss opp lia, fann ei moltemyr vi gjorde vårt beste for å tømme. Vi gjekk innover fine stiar og traff andre turfolk. Det var drikkepause og nistepause og pause for å lette på antrekket.
Det var ein skikkeleg bratt bakke, og eg var litt usikker på om eg gleda med til å gå den ned igjen... Men det gjekk veldig bra! Toppen var luftig, men eg satt langt innpå og kikka ikkje ned den stupbratte fjellveggen. Vi skulle eigentleg berre opp og snu, men sidan været og utsikta var så bra vart vi sittande lenge, prate, ete nista vår og ta bilder.
Eg hadde ein fantasisk fin tur. Eg kjenner at det var akkurat det rette, etter første veke på jobb, å få gå. Berre finne kvar foten skulle settast og gå og kjenne at eg vart sliten, men glad (at eg idag går litt stivt er berre på grunn av blemmer under fotsolane, men det går snart over!) No lurer eg på kvar eg skal gå neste gong, og når eg har tid neste gong.
Regnet kom akkurat i det vi skulle skifte sko og klær ved bilen. Godt beregna! Etter det har det stort sett regna...
Takk til Stine for impulsivt turforslag! Og idag har eg ete multer med fløte til dessert.
Det kunne eg jo. Og det vart ei veldig bra helg!
På laurdag åt vi ein god, stor middag, snakka med andre på hytta, oppdaterte oss på kvarandre sin kvardag og kom aldri så langt at vi fekk planlagt kvar vi skulle gå på søndag.
Søndag vakna vi til delvis skya himmel og sol. Vi åt god, lang frukost. Det var så mykje godt å velge i! Ikkje minst heimebakt havrekjeks og geitost...snakk om god frukostdessert. Kunne jo ete fleire av den, sidan vi skulle ut på tur.
Om det vart ein liten tur, kan vel diskuterast. Vi valgte oss Blåhø, dit var det 12 km. Toppen er 1671 moh og det vart ganske mange høgdemeter opp dit. Men været var bra, turfølget topp og formen passa til forhalda. Vi prata oss opp lia, fann ei moltemyr vi gjorde vårt beste for å tømme. Vi gjekk innover fine stiar og traff andre turfolk. Det var drikkepause og nistepause og pause for å lette på antrekket.
![]() |
| Opp her gjekk stien! |
Det var ein skikkeleg bratt bakke, og eg var litt usikker på om eg gleda med til å gå den ned igjen... Men det gjekk veldig bra! Toppen var luftig, men eg satt langt innpå og kikka ikkje ned den stupbratte fjellveggen. Vi skulle eigentleg berre opp og snu, men sidan været og utsikta var så bra vart vi sittande lenge, prate, ete nista vår og ta bilder.
![]() |
| Utsikt frå toppen |
![]() |
| Fornøgd tindebestiger |
Regnet kom akkurat i det vi skulle skifte sko og klær ved bilen. Godt beregna! Etter det har det stort sett regna...
Takk til Stine for impulsivt turforslag! Og idag har eg ete multer med fløte til dessert.
torsdag 5. oktober 2017
Litt om å gå
Eg likar å gå. Særleg i skogen. Gjerne åleine. Kan godt gå saman med andre også. Men eg går i fjellet, langs fjorden.
Kjenne på lufte, luktene, strekke ryggen, kvile ørene. Akkurat no finn eg faktisk enno ei og anna blåbær, masse tyttebær, kan plukke blomster, nyte haustfargene. (Og sidan vi har hatt ein varm og tørr haust, kan eg gå i joggesko nesten rett over alle myrer) Skogen er min favoritt! Eg har skrive meie om skogens ro og gleder her "Å søke ro"
Men denne veka går eg til og frå jobb. Det er ein stadig tilbakevendande ambisjon... som ikkje blir fulgt opp når a) eg er B-menneske, b) det tek 30 min å gå og c) eg gjerne skal vere på jobb seinast kvart på åtte. Sidan eg denne veka får "hjelp" - eg treng ikkje vere på jobb før kl 9- kan eg sove litt lenger, ete frukost -og nyte ein kopp te- i ro og fred, og så gå på jobb, og få lys og luft og trim. Reine kinderegget 😀
Tenkte du skulle få dele nokre av inntrykk eg har plukka med meg denne veka
Eg ser jo på Snap, Instagram og Facebook at mange har haustferie no. Eg har ikkje det, men det ser jo ikkje så ille ut dette heller?
(Men det er litt upraktisk å gå av og til, feks er eg vant til å handle mat på veg heim frå jobb, det er verre når eg går. Eller dei dagane det regnar...då krever det litt pep-talk med meg sjøl før eg kjem meg ut. Men, har eg verdas beste utebukse, ny regnjakke og gode sko, så når eg først er ute, er det bra!)
Og dette er utsikt får kontorvinduet mitt, i 4.etasje. Langt der borte, på andre sida av fjorden ser du regnbogen.

Abonner på:
Innlegg (Atom)