onsdag 29. oktober 2014

Stokk døv?!

Stokk døv er eg ikkje(altså, eg ser for meg ein trestamme…og ikkje eit øre)men det er det eine øret mitt som ikkje er meir enn middels interessert i å ta inn lyd. Eg høyrer litt, men som audiografen sa "det er vel i praksis ingen nytte i det!"
Eg høyrer ikkje så godt gras gro lenger...

Eg har altså vore på fleire testar med øyret mitt, og det har ikkje vorte betre, heller verre. Det er ikkje som eg hadde planlagt!

Etter å ha fått konstatert kraftig nedsett hørsel i sommar(sjå «Det døve øret), vart eg ptioritert fram i køa til Hørselssentralen. Det er ei blanda kjensle, for eg får jo fortare hjelp, som er akkurat det eg vil. Men det er truleg ein grunn til at eg rykjer hurtig fram i køa også…og den er ikkje så kjekk!
Eg kunne igrunnen lite om hørsel og hørselstap frå før, så no eg prøvar lese meg opp, spørje ut akustikaren eg deler huslån med og generelt orientere meg. Kva treng eg? Kva er kurt? Er det normalt å bli så sliten? Kan hørselen dukke opp igjen?
Alle spørsmål finn eg ikkje svar på. Noko er TTT(ting tar tid), noko er venting, noko er vane… Og noko er i det blå!

Men kva eg har lært?

  • Forandrar hørselen seg fort og uventa, skal ein gå til legen med det samme. Ikkje tenkje at det er stress, ferie, at det går over. Eg trur vel ikkje at eg hadde fått tilbake hørselen sjølv om eg gjekk første dagen, men det er ei sjanse for det, og eg hadde uansett fått fortare hjelp!
  • Det er mykje som kan gjerast, viser det seg. Det er bilder(MR) som skal takast av hovudet(sjekk) blodprøver som kan vere med på å bestemme grunnen(sjekk. Dei kunne ikkje forklare noko) Tablettar som kan etast, både for å behandle eller forebygge.
  • Det er kontor og personar å kontakte, som kommunal hørselskontakt, for hjelpemiddel heime. Eg treng vekkeklokke som gjer noko anna enn å bråke, sidan eg søv på det gode øret og i praksis dermed er døv på natta... Det samme gjeld røykvarslar. Og kanskje dørklokke. Det finns fastlege,  hjelpemiddelsentral, NAV, bedriftshelsetjeneste for tilrettelegging på jobb. For eg vil jo jobbe. Det er berre litt vanskeleg å gjere alt på jobb slik det er no, men eg prøvar. Og det er sikkert endå meir som eg ikkje har oversikta over enno. Eg skriv huskelister og lagrar nettsider, og har du tips vil eg gjerne ha dei! Eg må teste høreapparat og finne ut kva som passar for meg og mitt bruk. Det er ein jungel å navigere seg i!
  • Det er mange som hører dårleg! Det er snakka lite om, og eg merkar at eg vegrar meg for å fortelje det. Det er litt krevande… Det verkar så dumt å ikkje høre! Sjølv om det er det som er fakta! Eg lurer ingen med å ikkje fortelje det. Eg må spørje om igjen, eg må slutte å gjette. Men det kjennes så dumt å spørje for tredje gong kva du sa… Det blir vel likevel betre når eg seier det som det er; "eg høyrer ikkje kva du seier".  Beste tipset er å få augeontakt med meg først, for då er eg oppmerksam! Når eeg har sagt det, er det som oftast greit etterpå. Og dei fleste kjenner nokon, eller veit om nokon andre eller hører dårleg sjølv. Og det kan jo vere like greit å forklare kvifor eg må spørje om igjen og igjen, og kvifor eg vil ha folk på den gode øyra for å høyre.
  • Grunnen til hørselstap treng ikkje vere det verst tenkelege!  No har eg fått beskjed om at eg ikkje har hjernesvulst eller MS, det er fint, men det er ikkje så ofte det er grunnen heller! Dei fleste mistar hørselen utan at ein gi noko heilt klart svar. Eg har kanskje hatt ein blodpropp. Det er ei rimeleg forklaring.
  • Eg les at det er lurt å trene balansen! Så eg står på ein fot og ser opp og ned, og rundt meg og kjenner eg må trene meir. Eigentleg bør alle trene meir på balansen, det er noko som ofte blir gløymt! Nedsett hørsel gir stiv nakke, stiv nakke gjer at ein blir svimmel. Eg funderar på avspenningsteknikkar og pusteøvingar for å gje kroppen luft og ro.
  • Eg må ha stille stader, friminutt og tid for meg sjølv, rom der eg ikkje treng anstrenge meg for å følgje med, få med meg alt, yte, berre vere!! Kanskje ikkje så spesielt å trenge, det er vel noko alle treng? Men akkurat no er det endå viktigare!

    Øre


    Og eg kjem nok til å skrive meir om temaet hørsel, når eg veit meir, når brikkene fell på plass, når eg ein dag har vent meg til det. Eller kanskje aller helst før.
    Akkurat no er dette ein stor del av livet mitt, men eigentleg er det ein liten del, det er familie, jobb, vener, aktivitetar, livet generelt som er kvardagen min!

søndag 26. oktober 2014

Vekestart veke 44

Det er søndag igjen. Det er straks ei ny veke, det er planer på jobb, kveldar med program, det er lett å sjå seg blind på alt som krever noko…

Men idag har vi feira at eldstemann har vorte 18 år. Det er rart for mor! Eg seier at husreglane gjeld enno, når han bur heime. Eg vil vite kva han gjer på, når han kjem heim i helgene og kven han er saman med.Vi må ha ei slags nedtrapping for mor, og opptrapping for han som er myndig når det gjeld anvsvarsfordeling! Idag vart det iallall familieselskap, med gomor og gofar på helgebesøk, og storfamilien til middag. Vi er heldige å ha mykje familie i nærleiken. Eg syns det er så stas å lage selskap og samle flokken, men kvar gong kjem eg til eit punkt der eg lurer bittelitt på kva eg gjer på… For det må ryddast, det skal lagast mat og ting skal bli ferdig til eit visst punkt. Vi rakk det idag også, med elgkarbonader til moddag og eit rikeleg kakebord.
Det var prat og latter og oppdatering av nyheiter om fjellet "Mannen" i heimkommunen min som er i ferd med å rase ut. SMS fra niese som køyrte buss forbi mannen, besøk av nevø som måtte på jobb. SMS frå søster som satt fast i London pga problem med flyet. Nokon som ivrig følgjer med på fotball, og kan fortelje oss korleis det går med dei ulike laga. Nokon lagar søylediagram over kva mobiltelefon alle i familien har. Småprat med små nieser om alder; "æ e 4 år" og "æ e nesten fire og ett halvt" Stakkars minsteniese som er berre "2 år altså"!  Og vill gjetting på tante sin alder, det er alltid artig, og dei traff ikkje så allerverst.
Elgkarbonader
Kakebord

Men det er slitsamt med dårleg hørsel, eg får litt trøbbel med å følgje med i samtalen, og blir lei å spørje om att. Det er berre å innrøme at det er litt gjetting… Det gjorde difor godt med ein lang tur åleine i kveldsmørket etterpå.
Eg skal skrive eit innlegg om hørsel igjen ein dag, det skjer ikkje så mykje nytt, samtidig skjer det mykje. Det får bli ein eigen bloggpost. Eg lever med øresus og dus, og høyrer lite på det eine øret.

Ute er det haust! Det var sol til frukost og styrtregn til middag, vintertid ga tidleg mørke på kvelden, det er ei endring i det meste. Kanskje treng vi nokre ord å undre oss over?

Tre høyst merkverdige ord

Idet jeg uttaler ordet Fremtid,
tilhører den første stavelsen allerede fortiden.
Idet jeg uttaler ordet Taushet,
bryter jeg den.
Idet jeg uttaler ordet Ingenting
skaper jeg noe som ikke kan rommes av noe tomrom.
Forfatter: Wislawa Szymborska

Håpar du får ei fin veke!! Eg skal lage meg nokre friminutt, der eg undrar meg litt!! 

tirsdag 21. oktober 2014

Leselogg sånn utpå hausten

Eg elskar å lese! Eg MÅ alltid ha minst ei bok tilgjengeleg, helst fleire. Noko lettlest, noko djupare, gjerne ei bok på engelsk, og allerhelst eit par tre på vent. Eg tek bilder av bøker i bokhandelen, eg riv ut bokmeldingar for å ha til seinare, og eg kjøper bøker. Det passar alltid med ei bok til, sjølv om eg har vorte flinkare, bøker tek plass!
Og eg har ikkje vore flink å oppdatere bloggen med bøker eg har lese i det siste….

Men noko har skjedd det siste året. Eg elskar å lese på senga, det har eg alltid gjort. Av og til har eg måtte seie til meg sjølv at i kveld kan eg ikkje lese, for i morgon er ein viktig dag. Elles kunne eg lese til langt ut på morgonkvisten. Og for ein fridom ;) berre forsvinne inn i ei bok! Men noko har skjedd… eg kan vakne av at boka dett ned, av at eg ikkje får med meg det eg les, at orda blir borte, fordi eg SØV! Eg søv? Hæ!? Eg skuldar på travel dagar, mykje å gjere+++ det kan umogeleg vere alderen! Ein sjeldan gong, når eg ikkje får sove sånn i tre-fire-tida(jada, mannen min, du som ikkje får sove når lyset er på) Eg slår på lyset og les litt, og vips er det natt igjen!

Men litt les eg :)

"En ny begynnelse" av Adriana Trigiani. Feel-good-bok som bygger på familiehistoria til forfattaren. Var med meg på ferietur.

"Kjærlighet i koleraens tid" av Gabriel Garcia Márquez. Av og til forstår ein kvifor ei bok er ein klassikar og kvifor nokon vinn Nobelprisen i litteratur! Anbefalast!

"Innsirkling" av Carl Frode Tiller. Denne ligg på vent, og eg gler meg, for eg har likt dei to første bøkene i serien veldig godt.

"Hulemannen" av Jørn Lier Horst. God krim med ein klok etterforskar.

"Ren samvittighet" av Jan Mehlum. Ein bittelitt lurvete advokat med stort hjarte og rettferdssans, som stadig kjem i trøbbel. Ein av mine norske krimfavorittar. Då eg var i Tønsberg i fjor haust er eg sikker på at eg såg han gå forbi hotellet ein regnvåt søndagsmorgon på tur med hunden sin.

"Ett helt halvt år" av Jojo Moyes. Feel-good og tankevekkande på same tid. Om skadd liv og brutte håp. "The One Plus One" ("Den ene pluss en" på norsk)av samme forfattar har ikkje like alvorleg undertone, eller, det har den vel, med mobbing og sosial nød, men det er meir preg av kjærleikshistorie lell.

"Leserne i Brken Wheel anbefaler" Katarina Bivald er lettlest, koseleg,  har litt forviklingar og er feel-good utan tvil! Men av og til er det  det eg vil ha!


mandag 20. oktober 2014

Vekestart veke 43

Etter ei skikkeleg aktiv bloggeveke, er det på tide med vekestart igjen. For 18 år sidan gjekk eg trillrund og venta på at den førstefødte skulle kome. Eg var spent, eg gledde meg og grudde meg, eg lurte på kven som skulle komme og korleis dette ville bli… Og i løpet av veka skjedde det, nokre dagar før termin.
Det kom ein prins med dei brunaste augene, lite behov for søvn, både på dag og nattestid... Ein sosial liten kar, min førstefødte!



Og no er han myndig?! Om berre nokre dagar?! Eg fattar det ikkje… Men når har står ved sida av meg og ser ned på meg, skjønnar eg at tida har gått!

Og til ein ung mann, som er på veg opp og fram, kan trenge nokre kloke ord, saman med eit smil frå mor :


TA VARE

på vennene, ta VARE
på vennligheten, vis gjerne

litt selv om du kan, dagen er blå

og dagen er grønn, dagen

er hvit - det er ikke annet

enn livet det her, vi er alle borte – nå

eller om litt, take it easy menneske

but take it, det er ikke

annet enn virkelighet

vet du, snart er 101 inne snart

er 101 ute - jeg sier:

vennligheten, ta VARE

på vennligheten, ta VARE

på vennene - HEI HEI! ta nå

vare på hverandre.
Jan Erik Vold 


Ha ei god veke! Vi skal feire :)

søndag 19. oktober 2014

Søndagsklassikar!

Eller eigentleg berre ein klassikar, men den egnar seg godt på søndag.
Kyllingfilet er lettvint(jada, eg har fått med meg debatten om bakteriar, resistens, smitte til menneske etc. Det er i tillegg faget mitt, så eg tek forhandsreglar! Eg vaskar filetane, brukar eig fjøl og eigne kniv som blir sett rett i oppvaskmaskina så fort det er ferdig brukt for retten, vaskar hendene før og under og etter, og skifter handkle etterpå. OK, kanskje litt i overkant, men likar det best slik)

Altså; eg skjær ei lomme i fileten, som eg legg litt ost inni(og osten skjær eg opp først, eller med eigen kniv på eiga fjøl) Idag vart det nokre med jarlsbergost og nokre med blåmuggost. Rundt snurrar eg baconskiver. Eg saltar ikkje, men kvernar over peppar. Så steiker eg dei raskt i panna, på sterk varme, slik at dei får fin farge. Etterpå legg eg dei i ildfastform, og inn i omen på ca 200 gr. Eg skar opp litt løk, gulrot, persillerot og kvitløk og la med i forma.

No sette eg ris til kok, og når den har igjen ca 5 minutt, kokte eg brokkoli. Eg sjekka kjernetemperaturen på kyllingen, eg vil at den sjal vere gjennomstekt. Det var den når tilbehøret var ferdig i dag, men eg ville berre halde det varmt til kjøtet var ferdig elles.


Sånn omtrent samtidig med at eg laga middag, skar eg epler i skiver og la i ildfast form. Eg strødde med litt brunt sukker og kanel, og laga ein smuldredeig med havregryn, sammalt kveite, hakka hasselnøtter, sukker og smelta smør som eg strødde over(dersom du søker på Bakte epler med crispy lokk så finn du oppskrifta). Dette sette eg i omnen, 200 gr ca 30 minutt. Det vart ei lta pause frå middagen til desserten, men det tålte vi fint. Epla serverte vi med vaniljekesam, og no er det stille i stove :)


Då har eg gjennomført mi eiga utfordring om å blogge alle middagane denne veka. Det har vore litt stress, men også artig. Kanskje har nokon fått nokre tips?

For veke som kjem veit eg at vi skal ha saltkjøtt og kålrot ein dag, for det fann eg på butikken i går. Så skal vi ha stekt fisk ein dag, og vi må ha noko med elgkjøt, sidan frysaren er full av det! Eldstesonen blir 18 år, og då må han få bestemme menyen den dagen. Så veit eg også at det blir minst ein dag med langjobbing , og då må eg tenkje ut noko lurt…

lørdag 18. oktober 2014

Laurdagspizza

Laurdag er ein fin dag for pizza! Før åt vi risengrynsgraut midt på dag på laurdagane, men eg jobbar ein del laurdagar, det er tenåringar med laurdagsjobb, det er alt som skal gjerast. Meir og meir har det vorte litt fin lunsj og eit berg aviser, og middag på kvelden. Kanskje er vi på veg tilbake til graut, for no er ungane ofte borte på kvelden, så sein middag blir feil det og :)
Men idag var det pizza!!
Eg fann ei oppskrift på spekepizza, med grov botn, spekeskinke og blåmuggost. Yummi, tenkte eg. Men eg innsåg at ikkje alle ville ta bølgen over ein slik meny, så eg hadde ei plan om ein med skinke og jarlsbergost også. Eg er jo ei god mor!
Men så kom det inn ønskje om fyllt foccacia også…og framleis snill mor laga ein deig til. Det er jo noko eg likar godt også…og det er greit med litt til overs, som kan bli frukost eller lunsj (eller mest sannsynleg nattmat i kveld)


Bakerst pizza med skinke, i midten spekepizza, fremst fyllt foccacia


Fyllt foccacia lagar eg på denne måten: Vanleg gjærdeig, som gg deler deigen i to og kjevlar ut, så legg eg på stekt bacon, løk stekt i baconfettet og bitar av parmesan og nokre kvistar timian på den eine delen. Deigdel to legg eg over og trykker til rundt kanten. Etter 20 min heving, lagar eg groper i overflata, tømmer på litt olje og strør på salt. Så inn i omnen.

Spekepizzaen hadde tomatsaus, spekeskinke tomat i skiver og blåmuggost. Vi hadde råkostsalat til, det passa kjempegodt! Den grove deigen hadde 1/3 fullkornskveite.

Alle vart mette, og det var jo målet. Og så får vi sjå om restane overlever natta….

fredag 17. oktober 2014

Du veit du er gift med ein jeger når

det er lettvint å bruke elgkjøt til middag!
Onsdag kom kjøtet i hus, og ytrefileten av ein kalv fekk æra av å bli fredagsmiddag! Yngstemann hadde lenge ønska seg biffmiddag, eldstemann greidde teoriprøva for bil på første forsøk idag og idag var dagen for å nyte.

Eg skar opp potet i båtar, gulrot, sellerirot, persillerot og kvitbeter i stavar, slo over litt olje og sette i omnen. Så laga eg pepparsaus, oppskrifta fann eg her. Mannen stekte biff og eg fann tyttebærsyltetøy i frysaren. Yummi!!!


Og til glede for evt nye lesarar som ikkje følgjer meg verken på instagram, Facebook eller Twitter, fredag er dagen for litt latter. Ein får ikkje meir artig enn ein lagar sjøl!
Og horna kjem frå ein hjort, slik for ordens skuld.

torsdag 16. oktober 2014

Kva har vi i kjøleskapet?

Torsdag, far er i Oslo, yngstemann skal spele konsert på skulen og kjem ikkje heim før seint. Mor og eldstemann skal på foreldremøte snart, mor vil gjerne få tid til å lande i sofaen før neste post. Då blir det middag etter prinsippet: "kva har vi i kjøleskapet?"

Vi hadde kokt potet, løk, ost, egg, bacon, det måtte bli omelett! Kjapt og greit!

Samtidig fann eg likt og ulikt som ikkje trong ligge lenger på etterlagring i kjøleskapet, så eg fekk rydda litt medan eg stekte bacon, og komposten fekk ny næring. Eg syns det er litt betre å kaste dårleg mat i komposten enn i søpla, men det beste er at det ikkje blir for gammalt. Restar kan bli bli restemiddag eller kveldsmat eller lunsj. Den siste veka har eg ete middagsrestar til lunsj, det gjev litt sånn luksuskjensle! Adskilleg betre enn brød med ost, lettare å ete meir grønsaker blir det og.

Men altså, idag åt vi omelett:
Omelett, etterpå….

onsdag 15. oktober 2014

Onsdagsmiddag i form

Kva skal ein lage når ein har godt tid? Noko som blir best av å få putre på plata ei stund, noko med tomatsaus for eksempel. Det var lasagne! Glimrande rydde-i-grønsaksskuffa-mat.
Eg byrja med løk, den fekk surre på lav varme, medan eg kutta opp gulrot, sellerirot og gulbeter(alt ein finn i kjøleskapet) små bitar. Eg hakka kvitløk også, og så skrudde eg opp varmen og ha oppi alle grønsakene, slik at dei fekk frese litt. Så tilsette eg hermetisk tomat, oregane og litt buljong. Dette fekk stå og surre ei god stund på plata, før eg stekte karbonadedeig som eg blanda med tomatsausen. Dette fekk så stå og surre saman medan eg kokte kvit saus. Det er konsentrasjonsarbeid, eg er overbevist om at dersom eg snur på hodet, evt sluttar å røre, vil det koke over og/eller brenne seg fast. Så ikkje snakk til meg medan eg driv med slikt:)

Når alt var klart, la eg sausane lagvis med lasagneplater i forma, og strødde ost på toppen. Inn i omnen, og så fekk eg rydda kjøkkenet og tørka over benkane slik at det var ganske triveleg før middagen starta.

Eg gløymte nesten å ta bilete, rakk det heldigvis før forma var tom!

Familien er litt skeptske til kva eg puttar i tomatsausen, kanskje med rette? Dei lurte på kva som knasa når dei åt, eg meinte dei fekk gjette. Ingen kom fram til gulbeter! Men stemninga var god, tross slike rare ingrediensar. Det er forresten ein ting: Då ungane var små stoppa dei tvert å ete maten, dersom det var noko uidentifiserbart der, evt noko dei pr def ikkje likte. Lell kunne mannen midt i måltidet finne løk eller sellerirot i maten som han høglydt kommenterte. Men den følge at ungane ikkje åt meir. Kvifor lærte han aldri?! Så ein lang periode brukte eg stavmiksar på alle sausar, slik et ingen skulle finne noko skummelt! No slepp eg det, men kanskje er det eit tips for andre?

(No truar forresten sonene med å hacke bloggkontoen, og legg ut bilete av pølser og pulverposestappe… Det er mogeleg at dei syns maten denne veka ikkje er heilt representativ)

tirsdag 14. oktober 2014

Tirsdagsmiddag i ei fart

Når eg seier eg skal blogge middagane mine denne veka, betyr det ikkje "fancypancy" mat kvar dag eller alt laga heilt frå botn!
Idag vart det lang dag på jobb, nesten som vanleg, og eg skulle vidare igjen tidleg, altså seint heim og tidleg ut. Motsett hadde vore betre :) Men mat må ein ha! Og idag nytte vi verkeleg godt at eg og junior hadde storhandel med særleg vekt på middag på laurdag. Kjøleskapet har innhald også tilpassa travle dagar! Tenk om det var vanen…då hadde det vore lettare å ete variert og sunt! Det kan jo vere eit mål for resten av hausten?!

Eg gløymte nesten å ta bilder, så dette er av restane i steikepanna
Vi kjøpte grove fiskeburgerar, med 80 % fisk! Nesten som å ete fisk. Kakene varma eg i steikepanna, og kokte mandelpotet samtidig. Mot slutten putta eg blomkål og brokkoli opp i potetgryta, og vi hadde rå gulrotstavar til. Kjapt og godt!!
Og det er kjekt når vi rekk ete samtidig, då får vi snakka litt, samordne planene for resten av dagen og kanskje morgondagen og ha litt kvilepuls saman.

I morgon har eg fri, så då blir det kanskje noko som krever litt meir tid?


mandag 13. oktober 2014

Dagens middag, måndag

Eg prøver tenkje nytt rundt blogging, kva kan eg skrive meir om? Kva skal eg slutte å skrive om? Burde eg starta opp igjen med leseloggen? Etc…
Så denne veka sparkar eg kjekt igang med å seie at eg skal blogge alle middagar! (satsar på å kome i mål!)
Idag: Laks og pasta

Eg kjøpte fersk laksefilet, som eg skar i serveringstykker, krydra med sitronpeppar og steikte raskt på begge sider på sterk varme i steikepanna. Så skrudde eg ned varmen, tilsette gulrot i tynne skiver, blomkål i bukettar og purre i skiver. Medan dette putra, kokte eg pasta. Når pastaen var nesten ferdig, tilsette eg nokre spiseskeier lett crame fraishe i panna til fisken og grønsakene.

Vips; middag på ca 25 minutt!

 Den vart kanskje litt fargelaus, men alle krafta av fisk og grønsaker er i sausen, ingen ting bir borte! Laksen var saftig og grønsakene var litt sprø enno. Og det viktigaste: familien likte maten!

søndag 12. oktober 2014

Vekestart 42

Søndag kveld igjen. Idag har eg gått tur. No er sommaren heilt klart over, det er surt, det er litt vått, og det er fantastisk fine haustfarger!!! Gjørmete også, så joggeskoa fekk ein tur i vaskemaskina då eg kom heim.
Ok, dette er ikkje frå skogen, men parkeringsplassen på jobb.
Fine farger, iallfall!

Tur i myr!

Litt vått og surt
Eg las eit dikt på Facebooksida til Kirkens Nødhjelp idag. Det er TV-aksjon med tema vatn om ei veke, du har kanskje fått med deg det via reklamer i både aviser og på TV? Her er vi velsigna med mykje, og reint, vant. Inne, i kranane våre, men også utandørs. Ingen hos oss treng bruke dagen på å hente vatn, slik at det går ut over andre gjeremål, kor lett er det å vaske klær, ha reine koppar og kar eller få vaska seg sjølv, når vatn er ei mangelvare? Jenter som må slutte skulegangen fordi dei treng heime for å hjelpe til slik at dei får gjort det som må gjerast. Sjukdommar som sprer seg. Eg kjenner nesten fysisk på børa som er beskrive i diktet under, eg som syns det var slitsamt å kjøre til butikken og ha med ungane då dei var små… Og joggeskoa eg berre putta i vaskemaskina, ville nok fått stå dersom det var 5 timar å gå for å hente vatn!

Du bærer tunge bører


Du bærer tunge bører, kvinne.
Engang bar du høyreist
din krukke med vann.
Nå har slitet tynget deg ned-
slitet og de mange barnefødslene.
Med en unge på ryggen,
en annen ved hånden
har du vandret mil etter mil
måned etter måned, år etter år
for å hente vann ved kilden.
Over de brunsvidde markene,
gjennom skogene,
mens fotsålene blir harde
og kroppen lengter etter hvile.

Du er ikke alene.
Millioner av kvinner er lastedyr –
bærer vann, rent vann,
og det er alltid så langt borte.
Vannet bestemmer dagens gjøremål
fyller mange av døgnets timer.
Frihet for deg, er kanskje noe så enkelt
som å slippe å vandre, slippe å bære.


Helene Freilem Klingberg



Håpar du får ei fin veke!!

fredag 10. oktober 2014

I dag

Idag gjekk eg (litt) tidleg frå jobb. Eg la ei plan for ettermiddagen. Eg hadde handleliste og spurta gjennom butikken på veg heim. Eg sendte melding til resten av familien, som var 1/3 heime(tenåring2), 1/3 på jobb(mann) og 1/3 på ukjent stad(tenåring1), og fortalde at det vart sein middag.
Eg skifta til turklær og tok det vesle grønne lynet(=bil#2) Her mista eg litt av framdrifta i plana mi, for ikkje berre var det lite bensin, varsellampa blinka, som på ein måte er siste varsel før det er full stopp. Altså måtte eg innom bensinstasjonen, etter å ha kjørt med hjartet i halsen i fredagsettermiddagstrafikken…. Det gjekk bra, men skuldrene var høgt over ørene.
Tilbake i flyten og plana for dagen, kjørte eg til skogen. Eg lukka jakka, og byrja gå. Mors eige motbakkeløp, heilt åleine. Etter fem minutt såg eg ingen andre lenger, det var skog, sti, trær, lukta av haust, ein og anna fugl. Ei raud tyttebær eller tre som måtte plukkast. Sti over ei våt myr. Ein vatn som var som ein spegel. Bakkar ned igjen som var så lette at eg måtte springe litt.
Tilbake ved bilen var eg svett, varm, skuldrene var lave og pulsen var høg. Eg kom heim og laga middag, resten av familien dukka opp, vi fekk eit triveleg måltid saman.

Og eg har ingen bilder frå turen, for eg gjekk tur, eg tok ingen bilder, eg sjekka ikkje facebook eller instagram. Det var godt, det og!

mandag 6. oktober 2014

Vekestart veke 41

Eg har hatt ein bitteliten haustferie, ei kort pause frå kvardagen. Ingen hadde tid eller lyst å vere med meg, så eg har hatt biltur til Romsdalen i haustfarger og med selskap av P2 og eigne tankar og innfall. Eg har styrt lysta til å stoppe for kvar kilometer og ta bilder av det eg ser, heller prøve å lagre ein del inntrykk i minnet, til bruk på grå dagar seinare. Eg har besøkt mamma og pappa, treft storebror og storesøster. Vore på fjellet, fyllt bilen med epler, fyllt kroppen med frisk luft og brukt beina på tur.
Sjokolade på tur!

Kjekt med selskap på tur i gråvær!

"Fager kveldssol smiler over heimen ned"

Sol og "Fångat av en stormvind" idag

Gamle gjerder på setervollen


Bilen full av epler frå både pappa og svigermor
Fjell gjer noko med meg, eg får kvilepuls og ro, eg treng ein fjelltur i ny og ned(ikkje toppturar, men å vere mellom fjell)



Av og til
må noe vare lenge,
ellers mister vi vel vettet snart,
så fort som allting snurrer rundt med oss.
Store trær er fint
og riktig gamle hus er fint,
men enda bedre -
fjell.
Som ikke flytter seg en tomme
om hele verden enn forandres
(og det må den snart),
så står de der
og står og står
så du har noe å legge pannen inntil,
og kjøle deg
og holde i noe fast.

Jeg trivs med fjell.
De lager horisonter
med store hugg i,
som de var smidd av smeder.
Tenk på: - Den gamle nupen her har stått som nå
helt siden Haralds-tiden.
Den sto her da de spikret en arming fast til korset.
Som nå. Som nå.
Med sildrebekker på og lyngkjerr og den store
bratte pannen
uten tanker i. Den sto her
under Belsen og Hiroshima. Den står her nå
som landemerke for din død, din uro,
kanskje dine håp.
Så du kan gå derbort og holde i noe hardt.
Noe gammelt noe. Som stjernene.
Og kjøle pannen din på den,
og tenke tanken ut.
Og tenke selv.

Rolf Jacobsen

Og det er visst ikkje berre eg som treng dei :)


Ha ei strålande veke.
I morgon er det jobb igjen, eg skal lage eplemos medan eg knaskar på eit eple!

fredag 3. oktober 2014

Ein fredag...

...kan vere så mangt.

Det kan vere tidleg heim frå jobb, sakte mat og alle samla. Ikkje idag!

Eg kom meg ikkje tidleg frå jobb, heller seint med høge skuldre fordi eg ville kome seint heim. Det var datatrøbbel som kunne gje den mest sindige høgt blodtrykk og eit utvida ordforråd. Men eg kom i mål og ut døra. Forresten kan fredag ettermiddag på jobb vere ei god tid, det blir stille, rutinene er unnagjort og ein kan gjere ting som krever ro. Men idag var det ikkje slik.

På tur heim måtte eg handle, det er rart kor ofte det er tomt for brød, mjølk, pålegg og frukt når ingen tek seg tid til å planlegge og handle stort. Så eg køyrde innom butikken, utan handleliste for å handle det eg trur eg huskar vi treng… Det er eit dårleg utgangspunkt! Men med litt fantasi og kostholdstankar i bakhovudet, vart handlevogna full. Eg planla for fellesmiddag, som skulle falle i smak med alle og gå fort å lage, med mann og barn før mannen forsvann på jakt.
Vel heime fann eg eit tomt hus, og det tikke inn ein sms fra yngste junior om at hanhadde ein avtale for kvelden som krevde oppmøte kl halv seks. Han hadde ete nudlar, det såg Sherlock Kirsti heilt av seg sjølv på kjøkkenet. Mannen fekk eg ikkje kontakt med. Eldste junior svara etterkvart, han var på trening og ville ikkje kome heim før sju. Familiemiddag, sa du? Det var rett før eg bestemte meg for "high fat, high carb"-middag med kun potetgull…. Heldigvis kom mannen heim og vi to fekk ein triveleg middag. Svinekjøtt, avocado og salat i maislefser. Litt nedtur at eplemosten som vi hadde ståande var gjæra… men vatn er godt det også!
Eldstemann kom i høgt tempo, gjekk rett i dusjen før han kasta i seg restar, og ein kompis henta han. Etterpå pakka mannen bilen og køyrte ut for å skaffe familien mat, vi får no sjå :)


Så her sitt eg, åleine i sofaen!
Etterkvart må vel #morstutogkjør ut for å hente dei håpefulle, som seg hør og bør ein fredag. Eg øver på å forstå at tenåringar lever sine eigne liv, har eigne planer og kanskje ikkje drømmer om fredagskveldar med mor lenger…. Å planlegge fellesmiddag utan å sende ut varsel og invitasjon på ein fredag, blir ikkej gjort med det første!