Men idag var det pizza!!
Eg fann ei oppskrift på spekepizza, med grov botn, spekeskinke og blåmuggost. Yummi, tenkte eg. Men eg innsåg at ikkje alle ville ta bølgen over ein slik meny, så eg hadde ei plan om ein med skinke og jarlsbergost også. Eg er jo ei god mor!
Men så kom det inn ønskje om fyllt foccacia også…og framleis snill mor laga ein deig til. Det er jo noko eg likar godt også…og det er greit med litt til overs, som kan bli frukost eller lunsj (eller mest sannsynleg nattmat i kveld)
Bakerst pizza med skinke, i midten spekepizza, fremst fyllt foccacia |
Spekepizzaen hadde tomatsaus, spekeskinke tomat i skiver og blåmuggost. Vi hadde råkostsalat til, det passa kjempegodt! Den grove deigen hadde 1/3 fullkornskveite.
Alle vart mette, og det var jo målet. Og så får vi sjå om restane overlever natta….
Du er dyktig! "Pizza guten" er ikkje heime i helga. Så her vart det "berre" tomatsuppe i kveld. Tradisjon med Pizza kvar laurdag her også :-)
SvarSlettGod søndag!