torsdag 28. januar 2016

Vekestart veke 4 / bloggevegring

Eg har skrivesperre, på ein måte. Eg har ikkje brukt mykje tid på å tenkje ut kva eg skulle ha på vekestarten, eg har ikkje fundert på bilder eg kan bruke. Eg har sett bloggen min når eg er innom nettet.
Kvifor har eg bloggevegring?
Ryggen har delvis streika. Den har tatt nattesøvnen og tidvis ete kraftig av humøret mitt, som ofte er ganske bra. Ute har det vore glatt, og eg har ikkje kunne gå tur heller... Eg er betre no, har fått smertestillande og eit par dagar i eige selskap.

Det er januar, dagane blir lengre og lysare. Eg har tulipanbukett etter tulipanbukett på bordet, det tek si tid å sjå på dei og då får ein ikkje blogga.
Vilter tulipanbukett
Eg er innimellom litt lei av bloggen og det eg skriv. Skulle eg kanskje vore meir samfunnsegnasjert? Skrive om zitavirus, flyktningar og klimakrise? Skal eg fortsette å pludre i veg, og er det i det heile nokon som les det eg skriv(itillegg til mamma og svigermor, meiner eg?)

Eg har lese bøker. Lette, flagrande og snarlesne bøker, og skikkelege bøker der ein må tygge litt på det ein les. Det blir ikkje tid igjen til bloggen då, når eg skal lese 4 timar i strekk.

Eg har laga mat. Vi har hatt heilstekt and og ete oss stappmette. Vi har hatt restar i and, servert med hoisin-saus, agurk og vårløk i pannekaker. Vi har hatt marokansk chiligryte med couscous. Eg kosar meg med å finne oppskrifter, lese og samanlikne, prøve noko nytt.  Og vi har hatt fiskekaker på brødskiva, men enkel mat smakar godt i godt selskap!

Vi har feira 24årsjubileum med mannsoktetten som mannen er med i. Det var intimkonsert, god mat, mimring om gamle dagar og gapskratting. Helsebringande! Vi har feira 10årsdag for niese, rundt tal og jubileum!

Og eg har sitte i sofaen, ligge i sofaen, gått sakte rundt med vond rygg og syntes alvorleg synd på meg sjølv. Eg har fått trene med fysioterapeuten, jobba av meg litt sjølvmedlitenhet og kjent at eg kan gjere mykje, sjølv med litt smerter. (Å ha nokon som pushar "litt" er gull verdt! Og idag er eg stokk stiv i armane etter treninga i går. Verdast mest positive og ivrige fysioterapeut, sånn omtrent, pusha meg til ekstra innsats! Er du i Trondheim anbefalar eg Femme! Det er fysioterapi og trening, mest for gravide og nybakte mødre, men er ope for alle)

Ok, så har eg funne eit dikt eg skal dele med deg. Eg har det jo i bakhodet, sjølv om bloggvegringa er som ei lita sky i tanken min. Dette diktet av Trygve Skaug har eit snev av gjenkjenning i seg...

Nokon som kjenner seg igjen? Bytt ut kaffen med te, så har du meg...
Ha ein fin dag vidare!

mandag 18. januar 2016

Vekestart veke 3

Eg har igrunnen alltid vore ganske royal av meg. Eg hadde utklippsbok med det som den gong var kronprinsbarna då eg var lita. Eg har ei av bøkene enno, men er redd den andre har forsvunne i flytting og rydding ein eller annan gong. Det er ikkje alltid i livet ein ser kva skattar ein har mellom hendene.
Då eg var lita syns eg det var ganske stas at Sonja og Harald gifta seg nesten på fødselsdagen min, eg var 2 dagar då dei gifta seg. Eg syns liksom vi hadde noko felles... Eg ser gjerne kongelege hendignar på fjernsyn, feks er italiadukka mi døypt på samme dag som Haakon Magnus. Dåpskjolen var eit gult frottehankle og eg hadde seleskjørt og skulderveske i raud skai.
Litt usikker på kva eg har rundt halsen, men det er truleg ein slags "pelskrage" etter inspirasjon av Sonja.
Eg har sett utallige kongelege bryllup, og arrangerte til og med prinsesseselskap då Haakon og Mette Marit gifta seg. Vi åt prinsessekake og hadde iallfall litt etikette inne. Då Märtha og Ari gifta seg, hadde vi selskap med ordensbånd og tiara alle mann!
Ein slags tidleg "scrapbook" ,
utført av 5 år gamle Kirsti
Det var difor litt overraskande at eg ikkje fekk med meg at kong Olav døydde før dagen etter!
For 25 år sidan var eg student,  og eg budde i kollektiv med to venninner i Oslo. Då eg sto opp 18.januar og møtte dei andre til frukost var eg heilt uførebudd på meldinga om at kong Olav var død. Det var litt merkeleg! Eg var og er ein rev etter nyhende, følgjer med i aviser og på radio(den gongen fanns jo ikkje internett, og vi hadde ikkje tv!!) men dette hadde eg altså ikkje høyrt. Det var jo ei spesiell tid i verda, med krigen i Kuwait og redselen for at det skulle spre seg, iallfall i Midtausten og kanskje vidare, så eg trudde eg var godt orientert.
Grunnen var at eg kvelden før hadde besøk, av han som no er min mann. Det var akkurat den kvelden vi fann ut at det skulle vere oss. Eg var langt inne i mi eiga rosa boble! Å ha ein slik dag som minne, der to så viktige ting skjedde, er litt rart. Vi gløymer iallfall ikkje datoen vår!

Det var spesielt å bu i Oslo også den perioden. Vi reiste ganske fort ned til Slottet, hadde med lys og tente. Eg hugsar godt alle folka, lyshavet, blomster og kort som låg der. Heile byen var stille, tross alle som kom og gjekk.  det var snø og litt kaldt, trur eg. Dagane fram til gravferda var annsleis enn vanleg, og sendeprogrammet på radio og tv var endra. Den dagen gravferda var, fekk vi fri frå studia. Eg hugsar vi var fleire samla hos ei studievenninne og såg seremonien på tv. Det var høgtideleg og sterkt!

Men tilbake til mannen og meg, 25 år er lenge. Samtidig har det gått fort! Det er godt å ha nokon å høyre saman med, og vekas dikt må handle om dette. Tross kongeminner og 25årsjubileum for kongeparet, dei blir feira av så mange, dette er til mannen og meg:

PERFEKSJON

Jeg velger meg kun én egenskap
fra øverste hylle;
å være sånn at du spør deg selv
hver bidige dag
om hva du skal
med noen andre enn meg

Trygve Skaug

Eit bilde til frå utklippsbok mi. Her er Märtha med bestefar, og dagens kongepar står i bakgrunnen.

Ha ei flotters uke!

onsdag 13. januar 2016

Ein slitar vinkar farvel

Innimellom kjem eg på kor heldig eg er. Eg har maskiner i fleng som hjelper meg. kjøleskap og frysar. Oppvaskmaskin, kjøkkenmaskin, vasskokar. Juicepressa, skikkeleg luksusting, men det er lite som hevar ein januarsøndagsfrukost som ferskpressa juice! Strykejern, ikkje at det er så ofte i bruk, men det er godt å ha når svigermor er på besøk. Saftsentrifuge, det var eit bomkjøp, forresten, brukt to gonger, "tusen" deler og mykje å vaske. Støvsugar, skotørkar, tørketrommel og vaskemaskin.

Og no er vi der: vaskemaskin!
Vaskemaskina vår, ein trufast slitar i 18 år er i ferd med å forlate oss. Maskina vi kjøpte då eldste junior var litt over eit år og minstejunior var høgst synleg som kul på min mage. Då eg sa at "er det ein gong i livet eg treng ei maskin som eg kan stole på, så er det no!" Vi bladde opp litt meir enn vi hadde tenkt, og kom heim med eit vidunder frå Miele. Det har vore vel brukte pengar! Den har vaska alt, frå gulpeklutar og bittesmå babysokkar, via barnehagedressar til lange dongeribukser og store mengder håndklær og treningsklær. Dei barnehagedressane er vel det mest utfordrande den har fått; fulle av sand, søle og lommene fulle av stein og pinnar. Ramle-skramle! Ullklær, sengetøy, truser og tskjorter. Og den har vore veldig bra med at den knapt har krympa eit plagg(berre enkelte uheldige ullstrømper av og til), eller farga vasken lyserosa eller gråblå.

Og no vil den ikkje meir, endå den knapt har sett ein kvist på årevis. Kanskje det er det som er problemet?! Kvistmangel? I haust byrja den å jukse med sentrifugeringa, og eg har måtte både stille inn og fortelje høgt kva program eg vil ha, likevel har klærne vore dryppande våte. Det har latt seg løse med å sette på separat sentrifugering. Det er verre no når den ikkje vil ta inn vatn... Tørrvask er ikkje så egna til alt, igrunnen lite. Vi plukka frå kvarandre alt som kunne lettvint demonterast ein dag, og då virka den ein vask, men ikkje meir.
Problemet er ikkje større enn at eg kan kjøpe ny maskin, eg har pengar og det finns maskiner. Det er berre så tungvint til vi får gjort det. Eg kan ikkje kjapt få vaska unna alle håndklær, men skapet er jo framleis velutstyrt, så vi slepp gå våte ut i vinterkulda. Skulle det bli for ille, har eg vaskekum og varmt vatn i kranen. Eg slepp gå til næraste bekk for å skylle kledene eller bære vatn inn(og kvar er forresten næraste bekk?) Sentrifuga fungerar til og med, så eg kan få litt tørrare klær før eg henger dei opp(om eg no skulle få det for meg å vaske for hånd).

Vil ikkje meir...

Men så er det noko med at når den maskina er 18 pr, betyr det at straks er minstemann også 18 år, og eg har formelt sett ingen små barn lenger.... Sukk!
Det er vel berre å kome seg ut og kjøpe ny! Det er jo berre ei maskin.

mandag 11. januar 2016

Tulipansesong

Idag vart det tulipanar! Ein fargerik bukett på salongbordet.

Det er godt med friske blomster og nye farger i huset når jula er ute. Det vart med eit par grønne planter heim frå butikken også....
(Men eg kasta ikkje levande blomster, så eg har igjen både amaryllis og julestjerne. Dei skal få stå sjølv om jula er omme.)

søndag 10. januar 2016

Vekestart veke 2

Ny veke. Det har vore kvardag ei veke i det nye året allereie, det har gått ganske bra. Men det har vore hardt å snu døgnet! Men samtidig er det fint med kvardag. Ikkje heilt vanleg kvardag enno då, det har vore godt pålegg igjen frå jula, vi har ete middag stort sett etter plana eg laga og juletreet og stjerna i vinduet har laga lys i stova. Vi har hatt nesten konstant fyr på peisen, for det har vore iskaldt ute.

Kaldt ute. Godt inne.
Og dette var ikkje den kaldaste dagen. Då sto det -18
Eg hadde store planer for helga. Tenkte det ville vore koseleg å invitere på "juleslutt"-selskap, eg skulle rydde ut jula og generelt pusle i heimen. Vi skulle ete resten av julekakene, ikkje at det er så mange igjen. Eg skulle kjøpe ein tulipanbukett og legge på dukar i vårlege farger. Det vart ikkje slik! Eit litt hissig magevirus eller noko slikt kom fredag med magesmerter og feber, og gjorde at eg tok sofateneste istadenfor å gjere noko anna. Kjedeleg! Men idag har eg fått i meg litt mat og trur eg er på veg mot å bli frisk igjen, men du milde så sliten ein blir av slikt! Heldigvis har ingen andre i heimen vorte sjuke.

Fint tre. Hadde nesten ikkje mista nåler.
Nesten ille å kaste det ut...nesten.


Men ut gjekk det. Og stolen fekk tilbake plassen sin.
Med tida til hjelp har eg fått pakka ned jula idag. Det var litt 5 minutt pakking, 10 minutt på sofaen... No er stova større, kjennes det ut som, og litt mørkare. Eg skal kjøpe tulipanar i morgon, sidan det ikkje vart i helga. Det er ei tid for alt, ei tid for jul og ei tid for kvardag. Heldigvis! No gler eg meg over å sjå at lyset kjem tilbake og at dagane blir lengre og lengre.
Litt rart å pakke bort denne gjengen.



Vekas dikt er om å vere her. Kjenne på øyeblikket.
desse øyeblikk når ein tenkjer
stopp tid stopp og la meg få vera
her i dette som er
desse øyeblikk når ein kjenner
eit lys som må vera lykke
og veit det er forgjengeleg
men vil ta imot det utan å nøla
desse øyeblikk som blir gitt ein
og som så lett kan skuslast bort
med eit grådig krav om meir
desse øyeblikk som kan takast imot
nake og som rein og ufortent nåde
- Bente Bratlund -

Ha ei strålande veke. Med gode kvardagar. Gode øyeblikk å vere i.


tirsdag 5. januar 2016

Restesuppe og andre middagstips

Eg er flink å ta vare på restar, og av og til må eg gjere ein innsats for å tømme kjøleskap og frysar. Eg har vorte flinkare til å merke det eg puttar i frysaren med kva det er og dato, då er det lettare å ta opp igjen. Sjølv om eg trur eg huskar godt, er det ikkje alltid slik når eg åpnar frysaren... Boksar med uidentifiserbart innhald har det med å bli liggande lenger og så kasta.

På søndag hadde eg ei lita opptelling, og i kjøleskapet har eg laks, fiskekaker og bacon. Kokt potet til ein middag for tre var det også. I frysaren fann eg fiskebollar i kvit saus, chorizopølser, kyllingkjøtt etter ein heilstekt kylling i jula, pinnekjøtrestar, juleskinke, ferdig stekt ribbe og fiskeball. Altså mange middagar! Eg har difor sett opp ei plan for veka:

Måndag: Fiskebollar i kvit saus med kokt potet og gulrot. Det er også veldig godt med revne gulrøter med appelsin og rosiner til! Ein veldig lettvint middag når eg hadde kokt potet og berre trong varme opp alt!
Tirsdag(idag): Eg tok fram kyllingkjøt og chorizo, kutta opp løk, paprika, brokkoli, gulrot, sukkererter, kvitløk og stekte kjapt. Så slo eg på kraft og kokosmjølk og tilsette ein boks kikerter. Krydra med grønn currypasta og chilipulver. Perfekt på ein kald januardag!
Hot suppe!

Onsdag: Tenkjer eg vi skal ha bakt laks med kål og ingefær- og chilisaus. Ein favoritt i heimen! Berre trykk på linken!
Torsdag: Eg vurderar ein betasuppevariant med pinnekjøttrestane. Muleg vi må ha litt meir kjøtt?
Fredag: Fiskekaker i hamburgerbrød, og heimelagd cole slaw.

Då har eg fått brukt ein del restar og innkjøp som berre ligg der. Ser dessutan at vi ligg godt an på inntak av fisk/fiskemat, det er jo bra!

Eg har planer for ein del av det andre også:

  • Juleskinka skal glaserast med lønnesirup(junior har tankar om korleis vi skal gjere dette, så det får bli eit fellesprosjekt)
  • Fiskeball med stekt bacon og kokt potet, gulrot og kålrot.
  • Ribbe pensla med ein saus av hoisin, soyasaus, reven ingefær og chili, og varma i steikeomnen. Servert med woka grønsaker og kokt ris(dette prøvde vi i jula og det var godt!)
Altså har eg planene klare :) No står det att å gjennomføre...det krever at eg huskar å ta opp frå frysaren feks! 



Vekestart veke 1


Himmel over skogen


Godt nytt år!! 
Er du som meg, har du venta på januar med gulrot, grovbrød og tekopp. Tilbake til rutinene, kvardagen, dei små tinga som er det vanlege livet. 

Eg storkosar meg med jul! Eg ser fram til jula, og planlegg gjerne mykje på førehand. Tradisjonar, maten vi et berre ein gong i året. Pynten, lys i stjerna og på treet. Den fine duken, tøyserviettar, sølvbestikk og arveserviset. Ei skål med søtsaker som står framme til alle døgnets tider. Inneliv med familie og vener. 

Men etter nyttårsaften, då ventar eg på kvardagen igjen. Å ta inn avisa, lage te, sjå på klokka med det eine auget medan ein et frukost, for å rekke jobben. Eg leitar i frysaren etter restar å lage middag av, i ei blanding av tom lommebok, nyttårsforsett og tankar om sunn mat. Eg fyrar i omnen, drøymer om den første tulipanbuketten når juletreet er tatt ut av stova. Te og ei krumkake medan eg les ei god bok. 

Samtidig er januar litt brå, den startar fort, den er mørk, det er lenge til neste "pause". Men har du sett ut, på januarlyset? Iallfall her hos oss har det vore fantastiske soloppgangar og solnedgangar no. Det er kaldt og klart og eg ser nesten at dagen blir litt lenger for kvar dag! (litt optimist er eg nok djupt inni meg) Vekas dikt handlar om lyset:

lyset
du treng
finst
(Helge Torvund)



Soloppgang i januar

Utsikt frå stova ein januar ettermiddag


fredag 1. januar 2016

Godt nytt år!

Blogginga har ikkje vore høgt på planen i jula! Men eit lite nyttårsinnlegg må eg vel få til?

Idag går det sakte. Sein kveld i går, vond rygg og ettertanke idag. Dagen starta med frukost framfor fjernsynet og "Nyttårskonsert" frå Wien. Vi har gått ein liten tur, høyrt "nyttårsjazz" frå øverommet i kjellaren og ete middag som berre var å varme opp. Eg har lese ut "Bror din på prærien" og sove  middag. Alle dagar i 2016 blir nok ikkje slik!


Det er godt å avslutte jul med ei langhelg. Truleg får vi snudd døgnet igjen, vi må ete opp meir av julematen, vaske klær, sakte kome i gjenge igjen!

Kvelden igår var fin, med gode vener, masse mat og latter! Ikkje noko fyrverkeri, for det var kraftig vind ute(og ikkje hadde vi kjøpt noko heller) For første gong på 19 år feria vi heilt uten barn, dei hadde sine eigne planer(som eg hadde på same alder) Rart, men det er vel livets gang?


Og det er jul i stova ei stund til!