søndag 28. februar 2016

Vekestart veke 9

Eg elskar at lyset kjem tilbake. Det er fantastisk å vakne og sjå at det er lyst ute. At ettermiddagane blir lengre. No gjeld det å ikkje lure seg sjølv, for det er berre februar(iallfall ein dag til. Og eg har prøvd å forklare junior konseptet med at i morgon får damene fri om dei vil, og han forsto det ikkje! La oss tru det er fordi han lever i ei ganske likestilt verd?!) Det kan vere kaldt i månadsvis enno, det lurer framleis 3- 7 vintrar i buskene og det blir bruk for både ull og støvlar framover! Det er godt at vi har mykje ved, for å fyre opp ein hustrig morgon eller ettermiddag kan gjere dagen betre.

Litt synd at eg mista ei glo på parkettgolvet i dag, og ikkje opdaga det før det hadde vorte eit merke...
Men eg gler meg over det som er fint! Og eg har bittesmå påskeliljer inne.
Eg bakar scones til ettermiddagstekoppen på ein laurdag. Eg et appelsinmarmelade på dei nystekte sconsa. Eg kikkar i skapet og finn klær som eg gler meg til å bruke, og drøymer om å kunne bruke småsko når eg skal på jobb. Eg ser at butikkane har lyse, lette klær i hyllene, men det fristar ikkje å kjøpe det no.
Nybakte scones! Dei til venstre har sjokoladebitar... mmm!
For ute har det snødd nesten nonstop siste veka. Vegane er fulle av snø, og slaps og sørpe. Det er støvlar som gjeld om ein vil gå tur. Og lue og vottar og ei god ytterjakke. Men har du sett på kor fint lyset er på kveldane no når det snør og snør? Eg får lyst til å berre sitte og sjå...eller gå ein sein kveldstur i snøværet slik vi gjorde ein kveld!


Eg gler meg til eg kan kle godt på meg, ta med eit ulleteppe eller tre og sitte i solveggen med ein kopp te. Kanskje det går i påska? Men den kjem tidleg i år.

Og det er dette som er slutten å vinteren og starten på våren-for meg. Lengselen etter meir lys og varme og tørre vegar. Samtidig som eg lever med realiteten, om snø og kulde og sludd og slaps. Å måtte leve i nuet, vere tålmodig, fordi dette ikkje er noko eg styrer sjølv.  
Og då hjelp det at skispora er mange, lange og fantastisk fine. Og at ryggen godtek skitur i kontrollerte former, passe langt og passe fort og forsiktig i nedoverbakkane. Idag var lyset heilt trolsk, kven veit om det ikkje finns troll på ekte når ein ser slike trær?



Og kanskje skal eg gjere som denne karen, når våren er her: 

Straks våren er her for fullt, skal han
rømme frå sjukeheimen. Han drømmer 
om å sjå Jøren, Lofoten og Buenos Aires.
Han er 91, verda ventar. 
Frode Grytten


Ha ei forrykande veke, med sol, snø, lys og det som gjer deg glad!

lørdag 27. februar 2016

Februargleder

Eg likar ting. Det bær huset preg av. Eg har vorte meir glad i ting som har ei betydning for meg. Det gir meg litt betre samvit å ha ting med ei historie, kort eller lang, enn å kjøpe litt sjellause ting. (og her høyrer med ting eg lagar ei historie til...) Eg likar ting/ saker som er nyttige, som har ein funksjon. Men OK, eg likar heilt ubetydelege, historielause ting også! Fine blomster, ein kopp med fin fasong og god te, blott til lyst. Det er måte på kor intellektuell eg skal late som eg er...

Idag samla eg saman nokre februarskattar som eg vil vise deg.


LØV-te. I ein kjempefin knallgul boks(kjløpt litt pga av farga på boksen), som passar med smaken av appelsin og sitron. Den lyser opp i vinduskarmen, på litt trøytte morgonar. Det er kvardagsluksus å brygge ein kanne te om morgonen før jobb.

Eg fann sitronar på butikken igår, med blada frå sitrontreet på seg. Eg syns dei var så fine, og sitron treng eg alltid, så no lyser dei som små soler i viduskarmen dei og.

Håndkrem fra Clarins. Står på kjøkkenet, luktar akkurat passe sterkt og hjelper på vintertørre hender.

Nye lys, med vårpastellfarger. Nesten for fine til å bruke... Men snart skal dei settast i lysestakar og lyse på frukostbordet.

Ein nytt armbånd. Kjøpt i Drammen på venninnehelg. Minne frå ei fin helg.

Nye sko, vårsko kjøpt på salg! Eg gler meg til snøen er borte, til varmen kjem slik at eg kan bruke dei utan strømper. Enno står dei til pynt!

Appelsinmarmeladen eg kokte her ein dag. Den vart kjempegod! Eg nyt til både frukost og kvelds. På loff, knekkebrød, med litt smør under eller med ein kraftig blåmuggost. Kvardagsluksus. Kanskje eg må lage meir?

Ein liten blomst frå hortensiaen mannen fekk ein dag. Den har pynta opp på spisebordet i mange veker!

Ikkje ei einaste bok har fått plass her, ser eg. Det er ikkje eit bevist val. Eg har fleire bøker som skulle ligge der, det får bli i eit eige innlegg! Og klær bloggar eg ikkje om, men eg kan vel røpe at eg har ein ny bukse som vil passe veldig godt til dei skoa...

onsdag 24. februar 2016

Appelsinmarmelade

Eg er ei enkel sjel, det er vel berre å innrømme det. Når det skulle vore rydda, vaska eller bretta klær, er eg lett å avlede med noko som der og då verkar artigare!
Idag skulle det vore rydda, og bretta klær. (sikkert vaska også, men det likar ikkje ryggen så godt å gjere, så der kan eg unnskyde meg litt) I går las eg at no er tida for å lage appelsinmarmelade. Jepp, eg beit på med ein gong! Eg kjøpte blodappelsin, sitron og sukker. Og starta leite i oppskriftsbøker og på nettet etter den perfekte opskrifta.
Eg fann flerie som lova godt, og nokre som tok lang tid(og der var eg ikkje, tålmod er ikkje mi styrke!) Så her er mi oppskrift, ei blanding av fleire andre, trur eg:

Appelsinmarmelade

1 kg blodappelsin
1 sitron
0,5 l vatn
1 kg sukker

Vask appelsinane og sitronen godt i lunka vatn og tørk dei. Del kvar frukt i 4 båtar og skjær i tynne skiver(med skalet på). Dette er litt kjedeleg, og det var igrunnen nok med 1 kg appelsin for meg... Ta vare på steinane du finn og legg desse i ein gasklut som skal koke med saman med frukta. Legg i ein kjele og tilsett vatn. Kok i ca 45 minutt under lokk(no skal skalet ha vorte ganske mørt)
Marmalade i produksjon

Tilsett sukkeret og kok til det byrjar tjukne, no utan lokk. Dette kan du sjekke ved å ta opp litt marmelade på ei skål og sjå på konsistensen når den blir kald. For meg tok det ca 2 timar. Altså saktemat! (og trur du ikkje eg rakk brette alt av reine klær medan eg venta. Og sjå to episodar av ein tv-serie!) Ta ut posen med steinar. Fyll marmeladen på reine, varme glas og avkjøl. Sett kjøleg.

Nam!


Og etterpå har eg ete rista brød med marmelade og drukke sterk te til! Lukke!

søndag 21. februar 2016

Min indre "gæmlis"

Det er vinterferiehelg, altså den felles helga begge ungane har vinterferie, og eg kan slenge meg med på feriekjensla. Eg har jo ikkje ferie, så det er godt med ei helg der feriekjensla rår i huset.

Eldstejunior har hatt ferie på folkehøgskulen i veka som gjekk og etter litt "fjellrangling" i Romsdalen, kom han heim saman med to vener torsdag, og dei skal reise til New Zealand tidleg i morgon. Minstejunior starta ferien denne helga, og har slept skuldrene ned i helga. Det trur eg var på tide og heilt nødvendig, det er nokon som gir alt på skulen!

Denne helga har altså huset vore fullt. Det er så stas! Samtidig har det gitt meg eit møte med min indre "gæmlis"... Eg meiner, kva er galt med heilt faste avtalar? Ganske klar felles forståing? Stilletid, innetid og slikt... Altså, dette er sikkert verdas beste ungdom, men eg har møter meg sjølv i døra. Eg likar å vite, å få ting unna, planlegge litt, osv. Når eg trur vi skal ha felleslunsj, skal nokon hit og nokon andre dit. Når eg spør om det var slik at dei skulle vaske klær, skal dei spele spel. (men eg prøvar å halde munn og ikkje mase, eg forstår vi har litt ulik oppfatting av ting! Og kven vil vel vere ei masemor? Men ei natt måtte eg sende ei masemelding...)
Eg har kosa meg, det har vore lange, triveleg frukostar med diskusjon om mangt og mykje! Vi har hatt hektisk, utvida middag med ekstra gjestar slik plutseleg, kamp om tv-stova, musikk av det slaget eg ikkje brukar høre. Vitsing over ein lav sko. Latter! Vi måtte utsette middagen fordi nokon skulle ha musikkinnspeling i kjellaren. Vi har sett på gamle bilder. Snakka om bøker. Seine kveldar(men eg la meg og sov)og seine morgonar. Og eg har fått være med på mykje- det er ikkje det!

Eg står i ein årelang tradisjon og rekkje av mødre, bestemødre og tanter som seier at "no må de ete" og "kva vil de ha til middag?" Ingen skal gå svoltne frå bordet, alle skal få noko dei likar og eldstemann som ikkje bur ved mine kjøtgryter lenger må natulegvis få yndlingmaten sin! (Og til veka skal vi som er  heime leve godt på restar frå helga) Lammesteik, pulled pork og tapas. Amerikanske frukostpannekaker, varme rundstykker og jordbær til dessert.


Men ting skjer fort, utan mi planlegging eller innblanding. Det er syssel hit og dit og tilbake igjen. Og det er stas! Det kokar naturlegvis ned til at eg må innsjå at eg ikkje er familiens(ungane) sitt midtpunkt lenger. Sukk! At eg og mannen legg oss til vanar som passar oss to. At eg likar lese avis til frukosten.  Høyre litt radio. Og slik er kvardagen, men aldri om eg difor vil seie at det ikkje passar med besøk! Eg får legge vanedyret, gæmlisen, på lager, og leve med i flyten når det er slik og leve mitt liv elles!

Eg får tru eg klarer å balansere, slik at eg ikkje berre blir gæmlis, men planlegg framtida som i dette diktet:

FRAMTID

Champagne, sa hun, rosa champagne
i min begravelse!
Lys i stakene, kransekake
og to fioliner.
Hektiske roser bare ved tanken
på alle gjestene.
Men først bestilte hun røde sko
til nittiårs-dagen.

Åse-Marie Nesse

Mine nye sko har iallfall eit raudsskjær i seg :


Ha ei sprudlande veke!


torsdag 11. februar 2016

Opplæring

Eg er på kurs.
Rett før eg skal reise på kurs, byrjar eg angre. Det skjer nesten kvar gong. Kanskje det ikkje blir så bra. Tenk om eg ikkje finn nokon å snakke med? Har eg bestilt flybillett til rett dag, og har eg beregna god nok tid?

No er eg her. Det viser seg at eg gjorde lurt i å ta bekymringene på førehand, for det ville ikkje borte noko av ellers. Ferdig med dag 2 av 3 på denne kurssamlinga, som er den 2. av totalt 3 samlingar.  Sidan vi har møttest før, er det kjente folk som er lett å snakke med.

Kva eg er på om? Kurset heter 'Behold jobben', om å vere hørselshemma og i jobb. Vi er altså ein gjeng som ikkje kjenner kvarandre frå før, men vi har mykje til felles. Det er utveksling av erfaringar.  Vi har kjent den same skoen trykke og er i samme båt. Det er mykje prat, latter og alvor.
I tillegg får vi mange gode foredrag! For eksempel om kva hørsel er og kva hørselsskade kan vere. Hjelpemiddel til bruk på jobb, kroppslige reaksjoner,  avspenningsøvingar og regelverk.
Om kvelden er det felles middag. Fine dagar!
Utsikt frå hotellrommet

Men du verda kor slitsomt! Det er intenst, og det er godt å gå ein tur, sjå litt i  veggen eller kvile på rommet.  Likevel anbefalar eg kurset varmt til alle som er i jobb og er hørselshemma i ein eller annan grad. Det er godt å lære, og her har eg fått kunnskap eg hadde måtta leite lenge for å finne sjølv, og det viktigste er kontakten med dei andre på kurset. Å møte andre som forstår kva ein snakkar om! Det står meir om kurset her Behold jobben

Men litt rekk eg innimellom. Eg har sett litt av byen. Kjøpt nye sko. Og idag har eg treft Åshild som skriv bloggen Bestemors hage. Utrulig kjekt å treffe mennesket bak bloggen!  Og i helga skal eg ha husmorferie her i Drammen saman med to venninner. Fine greier!

Blåbær på hotellrommet

Det passar alltid å kjøpe nye sko!


tirsdag 9. februar 2016

Vekestart veke 6

Når noko skal inn i huset, må noko anna ut. Det er tanken iallfall, men lett å gløyme. Hamstergenet er velutvikla og har med åra vokse seg sterkt.
Eg har kjøpt ein stor ting(kanskje avslører eg kva det er ved seinare høve) og då må noko ut. Mannen var ikkje i tvil om kvar tingen skulle stå. Eg var meir i tvil. Rommet der vi legg alt som er til overs, som skal tenkast litt på før det evt skal kastast, bokkasser som skal til Fretex, klær som skal strykast(har ein merkeleg tendens til å ligge der lenge) Jaktklær og jaktutstyr, turklær og klatretau. Hyller fulle av kasser med delvis ukjent innhald, veskene mine, ein tripptrappstol i tilfelle vi får besøk av nokre små vener, bøker som venter på bokhylleplass og diverse tidsskrift. Og ein hybelkaninfarm, mellom anna.
Altså, kvar skal ein starte? Vi kasta det som det ikkje var tvil om. Samla tidsskift i kasser. Bretta saman turklær, såg over strykeklær, fanga hybelkaninane.
Eg fann ei kasse med papir. Slike ein ikkje berre kastar. Sjukmelding frå 2001. Ryggen var dårleg då også. Lønnsmeldingar frå 1999(tente eg så lite det året?) Teikningar frå ungane. Ei ønskjeliste til 6årsdagen til eldstemann(spidermandrakt og radiostyrt motorsykkel) Korrespondanse med Trygdekontoret, heller ikkje nytt. Innkalling til operasjon i 2004. Diverse avisutklipp. Klistremerker og strikkepinnar på heilt feil plass. Og der var skatten, ein skjebnes ironi ein dag ein ryddar og klagar over rotet sitt:
Eit avisutklipp frå 2008, med tittelen "Bli kvitt rotet". jada... det synes ikkje å ha virka å ha det liggande, så no er det i papirsøpla! Saman med ei mengde kvitteringar frå ca 2006 for klær til ungane og meg sjølv.
Og på ein slik sjølvransakande dag, kan eg jo minne om Piet Hein sitt dikt om hanskar... Ikkje alt eg fann idag som eg visste eg hadde, og kanskje har eg kasta noko eg kjem til å sakne?!
Ha ein fin dag, med eller utan rot!

onsdag 3. februar 2016

Veke 5, ein slags vekestart

Tusen, tusen takk for fine tilbakemeldingar på sist innlegg! Det varma hjertet. Det er altså nokon som les, og nokon som tek seg tid til å kommentere av og til. Eg er heller ikkje så flink til å kommentere alltid, ofte les eg noko eg tenkjer eg har lyst å seie noko om, så legg eg innlegget til sides og vips har det gått nokre dagar og eg gløymer heile greia. Unnskyld til mange av dykk!

Utsikt frå kjøkkenvinduet i dag tidleg.
Er ikkje lyset fantastisk? Eg undra meg på om
det ville snø idag. Det ville det.
Men kom eg igang med blogging denne veka? Nja...det er onsdag allereie! Men no er eg her. Til den som lurer på tilstanden til ryggen, så kan eg seie at den er der. Eg har fått medisin som hjelper på nattesøvnen, det lysnar humøret på dagtid også! Og eg ringer og masar her og der, og håpar eg snart får klarlagt om det blir operasjon eller ikkje.
Ute snør det, titt og ofte. Det blir lengre og lengre dagar, idag gjekk eg tur i dagslys heilt til klokka var 16.30. Herleg! Huset er stadig fullt av herleg musikkungdom som har prosjektveke og litt ekstra tid og behov for sosialt liv(utover nettene) Mor gler seg både over det sosiale livet og over at huset er stort nok til at ho kan sove i fred!
Idag har eg vore på kafe med ei god venninne, uendeleg mange tema er drøfta og ulike dilemma er granska opp og ned. Det var god lunsj og ein stor tekopp, omsorg og litt shopping. Eg trur slike kafeturar er helsefremmande!

Eg fann eit dikt av Hans Børli som seier noko om velsigninga i kvardagen, i det vante og kjente, det eg kjenner gjev meg rikdom i mitt liv også. Og så kan eg ikkje la vere å tenkje på alle som er på flukt, som ikkje har dei enkle, trufaste tinga sine rundt seg lenger. Som ikkje har ein kjent ganggolv å gå over eller eit trygt ly mot uvær av alle slag... Og det blir så stort at eg klarer ikkje ta det innover meg. Men eg sett meir pris på mine enkle, trufaste ting, utan at det hjelp nokon andre. Eg må finne noko meir konkret.


VELSIGNET VÆRE

Velsignet være
de enkle ting,
de trofaste ting
som er stillferdig
hod oss i dagene
og fyller dem med en duft
som av hvirskurt tre.
God redskap i hendene,
grovt brød når du er sulter,
et ly mot uvær, noen
som venter på deg
og hører at det er du
som trår i ganggolvet.

Hans Børli

Mi trygge, kjente stove.
Med lys, varme og ein tekopp.

Ha ei god veke!
Kva er dine trufaste ting?