Viser innlegg med etiketten knutepunkt. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten knutepunkt. Vis alle innlegg

mandag 26. januar 2015

Vekestart veke 5, om feiring, bilkjøring og kakebord

I helga har vi feira pappa sin 85årsdag. Når 85årsjubilanten er så sprek som pappa, er det ei fryd å treffast, lage selskap og feire!
Her er jubilanten, saman med mamma, ca 1971
Nesten alle etterkommarane kunne møte opp, berre nokre få var forhindra av skule eller sjukdom, så det var barn, svigerbarn, barnebarn, svigerbarnebarn og oldebarn, tilsaman 22 i talet som feira.
På fredag trur eg mamma og pappa var opptatt med å vente og ta imot gjester mykje av dagen. Folk kom frå nært til litt lengre unna.

På laurdag kom gjestane litt etter litt for å lage middag, pynte kaker, dekke bord, prate og til slutt var alle samla for fest. Vi åt god mat, vi sang(til og med fleirstemt) åt meir, nokre spela spel, lydnivået var høgt. Vi er ikkje så stive og formelle, så talar blir det lite av. Vitsing, gode historier, mimring om gamle dagar og andre selskap blir det meir av. Innimellom sov jubilanten litt, men det må vere lov(at han fekk det til, er ganske imponerande, vi tok ikkje akkurat hensyn)! Dagen vart slik den skal vere når vår familie møtast! Mange vil sikkert seie at vi hadde meir enn nok kaker, men det passar ikkje for oss å ha berre litt ser det ut til. Marsipankake må ein berre ha, kvæfjordkake er min spesialitet(og coocies er lett å lage) pavlova er spesialiteten til svigerinna mi, og slik fylles bordet opp...

På søndag skulle alle kome seg avgarde, samle saman klær, kakeformer, sko og ete restemiddag og restekaker. Det fine var at vi fekk vere saman då også, det var inn og ut med folk heile dagen(så vertskapet treng nok nokre dagar til å slappe av!)!  Medan nokre brukte tid på dette, gjekk andre(av barnebarngenerasjonen) på topptur med ski. Eg skulle gjerne ha rekt ein skitur, men den gjengen der fekk gå i fred for meg!

Eg er glad vi fekk til feiring! Fordi det er fint å få feire pappa, fordi det er flott å få møtast, vere saman, bygge bånd i familien. Eg grudde meg for biltur på vintervegar over fjellovergangar etc, men vi var heldige med været og turen gjekk godt. Eg grudde meg litt for å sette igjen 16åringen med skuleprosjekthelg igjen heime, men det gjekk strålande. Eg angra "litt" på at eg hadde sagt eg kunne lage gulasjsuppe til heile gjengen, men det gjekk godt med god hjelp frå søstrene mine.
Stort selskap krev store gryter

Vekestarten må vere noko farsrelatert denne veka, syns eg, og kva er vel betre enn litt av eit dikt av Aasemund Olavson Vinje:

At far min kunne gjera
det gilde han hev gjort
og fram i livet bera
so mykje gjævt og stort,
det var frå dag til annan
for meg so god ei stød:
Stor arv det er for mannen
av godtfolk vera fødd.
Den finsate utsikta, med snøfrie markar og snøtunge fjell
Eg ønskjer deg ei strålande veke!

onsdag 18. juni 2014

Vekestart veke 25

Beklager, beklager, men dagane går før eg får sukk for meg, og bloggen står langt ned på to-do-lista. Eg har fleire innlegg eg kan skrive, om afternoon tea og strikking og andre ting, men eg rekk det ikkje! Sukk!
Miniatyrvottar

Eg lovar å skrive om verdens beste teaparty, om nye venskap og om strikkekveld.  Men no kjem vekas dikt:

Dager setter spor
små hendelser får mer tyngde,
eller det alminnelige
Hver dag vokser og blir mindre,
noen døgn huker seg fast i minnet
andre slettes for alltid
Et ord i forbifarten overlever
en dag, kanskje tre

Truls Horvei

Idag er ein slik dag som "huker seg fast i minnet". Vi har vore på vitnemålsutdeling på ungdomsskulen med minstemann. Ein milepæl, ei etappe tilbakelagt. No har vi ikkje lenger barn i grunnskulen, sukk.  Vi har ete rabarbrapai(det var det einaste eg rakk lage, for den kan serverast varm) og andre kaker, sett film frå alle tre åra på ungdomsskulen, skratta over kor små dei var, kor store dei er. Vi har høyrt talar, sett kjekk ungdom i sin finaste stas. Eg har vore uendeleg og nesten upassande stolt over junior og resten av musikkgruppa som hadde øvd inn "Bohemian Rhapsody". Vi har klappa etter høgtideleg overrekking av vitnemål og for den flotte ungdommen. Og snakka med andre foreldre som heller ikkje forstår kvar åra har vorte av!

Dei fleste dagane er som andre, så det er fint med dei som skiller seg ut!
Håpar du får minnerike dagar i sommar!
Norske jordbær, dei hukar seg fast  minnet!

Rabarbrapai i produksjon, smaken av sommar og barndom!


søndag 5. januar 2014

2013, ein kortversjon

I 2013 skreiv eg 103 innlegg på bloggen, det er omtrent 2 i veka, og det er ikkje så verst syns eg! Nokre veker meir, men trur eg klarte å gjennomføre vekestart kvar veke iallfall!

Dei meste leste innlegga var Det blir stille når nokon går ut av tida og Mortons nevrom Som ein kuriositet kan eg nemne at då eg vart operert, sto kirurgen og mumla fordi han ikkje fann igjen nevromet…

Eg har ikkje lese om igjen alle innlegga, eg har skumma over overskrifter, litt tilbakemeldingar og lese det som har interessert meg mest. Eg blir av og til forundra over kva eg skriv og meiner, så det er litt artig å sjå tilbake :)

I januar skreiv eg om å vere tenåringsmor, ga dykk nokre lesetips(det må eg bli flinkare til i 2014, nyttårsforsett!!) og delte eit veldig fint dikt om livet av Kolbein Falkeid, du kan lese her om du vil: Vekestart veke 3. I tillegg skreiv eg ned nokre nyttårsforsett, som eg ikkje har sett på sidan og sikkert kunne kopiert til i år…


Februar hadde flerie bloggpostar med lesetips, det er berre å bla seg dit for interesserte. Det handla litt om vinterferie og vinterkulde, og ikkje minst skreiv eg eit innlegg om kva eg er flink til(kanskje med eitlitt alternativ vinkling :) )

I mars skreiv eg om fine damer som har inspirert meg, meir om bøker og mammutjakt etter desse, og det vart litt om påska og om vårlengsel.



April starta med å opsummere påskeferien, som var tidenes beste værmessig. Så var eg på kurs i konfliktmestring , og eg oppdaga at eg nærmar meg 20 år i arbeidslivet, slikt må ein fundere litt på… Og eg hadde høge skuldre framfor vårens vakraste eventyr: konfirmasjon og skreiv difor ei  Overlevingsguide for konfirmantmødre.

Vi starta mai med konfirmasjon, det gjekk naturlegvis bra med både konfirmant og mor! Eg skreiv om burdismen, det fine været og om operasjon av foten som viste seg å vere unødvendig… og eg skreiv om kvardagslukka.

Juni hadde eit skikkeleg wannabe-innlegg om husmoryrket, eg blogga om #morstutogkjør og om å vere turist i eigen by. Og ikkje minst skreiv eg om minusting, som ei motvekt mot positivismen! 



I juli skreiv eg litt surt om bilen vår, vi var i København på ferie og eg var på TOTO-konsert. Og naturlegvis var vi i Romsdalen!

August var tida for å oppsumemre ferien, feire fødselsdag og skrive eit innlegg om tannlegen som nok har ein hemmeleg draum om å bli kongeleg.

Då september kom skreiv eg at eg var ei pysemamma, men fekk snart behov for å motbevise det… eg skreiv og om vennskap og sjukdom, og er veldig glad vi rakk å treffes. 

Oktober kom med pendling, pølsemakeri og i samband med fokuset demens fekk av TV-aksjonen, skreiv eg om ei tante som forsvann.Må heller ikkje gløyme feiringa av 20 år som gift, og turen til Nice. 

Eg prøvar å "leve i november", og skreiv om dette iår også, prosjektet gjer meg iallfall meir bevist. Så var eg hos frisøren, det kan vere krevande! Og til slutt gjekk eg vel på ein smell eg prøvde skrive meg ut av …

Desember kom, eg prøvde oppsummere hybellivet, førebu jula og så stoppa alt opp då døden kom på besøk.


Altså har året innehalde litt av kvart, sorger og gleder, kvardag og fest! No er det berre å gå i gang og lage nye minner, og blogginnlegg, for 2014.

søndag 25. august 2013

"Hurra for meg!"

Eg har fødselsdag omtrent på denne tida, og må vedstå meg stor glede av å kalle inn til feiring! Ikkje så mykje for å feire meg, men for å samle troppane. Eg kjem ikkje frå Trondheim, men med åra har fleire frå familien min flytta hit; søster, fleire nevøar og nieser og jammen har eg vorte gammaltante og!
Førstemann får hengekøya!

Igår var haustværet i Trondheim fantastisk, og etter å ha sjekka værmeldinga, tok eg sjansen på å invitere til hageselskap i dag. Det kan jo vere ein sjansespel, vips har været ha gått frå fint til litt meir frykteleg, men i dag var det sol og atter sol og god varme i solveggen. Eg leita rundt i hagen etter blomster, det var ikkje så enkelt, det slår meg at vi ikkje har blomster i hagen... Eg leita i skåp og skuffer etter ting å sette fram, eg laga cupcakes(mogeleg det er heilt ut no?) Eg fann duk, eg leita fram nok stolar, fann puter og pledd og måtte faktisk slå opp parasollen for at det skulel bli passande å sitte i solveggen.  Tenåringane laga brownies og jammen kom ikkje søster med eplepai!
Hageselskap krever hatt

Så kom gjestane, nokon med hatt, alle med godt humør. Det var god stemning frå første stund, praten gjekk, vi oppdaterte kvarandre på stort og smått "hæ, har du skifta jobb?", "skal du reise så mykje i haust?", "så store ungane har vorte", "å, så godt det er i sola!" Etter ei stund må eg ta bilde, og sende til mamma og pappa, og då går det ikkje lenge før dei ringer tilbake for å høyre lyden av barn, barnabarn, oldebarn, svigerbarn etc!
"hagestove"




Det var mat, og etterkvart vasskrig med både vasspistol og vassballongar. Frisbeekasting med for meg ukjente reglar og stor innsats. Store og små søskenbarn, tanter og onklar som er saman og har det kjekt. Både store og små blir kjent med kvarandre, vi blir trygge på kvarandre. Eg kjenner eg blir glad av slike dagar, eg kjenner meg rik som har ein slik familie rundt meg! Eg tenkjer på kor heldige vi er! Etterkvart som mine ungar har vorte teinåringar har ikkje kompisbursdag vore så viktig, men familieselskapet vil dei ha! Det er høgdepunktet.





Og så er det eigentleg ikkje hurra for meg, men hurra for alle gjestane og familielivet! At vi har noko saman som er verdt å ta vare på og føre vidare!


Dame, snart 45, funderar på livet

mandag 30. april 2012

Slekters gang

I går vart ei lita frøken som eg er gamletante til døypt, det vil seie at eg er i besteforeldregenerasjonen?! Det er barnebarnet til mi søster, rett nok storesøster, men lell...
Då byrjar tankane å gå ;)
Min dåpsdag, med gamletante og bestefar

Min bestefar var fødd i 1880. Slikt skjer i familier med slakke i generasjonene. Han var 88 år når eg vart fødd(og på bildet over saman med søstra si som var litt yngre, men lell fødd i ca 1890. Gamletanter er altså gamle, unntatt meg då. Eg huskar dessutan gamletane som litt streng og bestemt, men mest omsorgsfull. Godt forbilde)
Eg huskar bestefar så vidt, som ein tålmodig, snill bestefar. Han døydde då eg var 5 år.
Vi samarbeida, på den måten at han plukka opp det eg kasta ut


Som vaksen har eg så mange ting eg gjerne skulle spurt han om, han opplevde så mykje av forandringar! Han var 2 gonger i USA før 1912, jobba som skogsarbeidar første gongen og kjøpte seg gard andre gongen. Så kom han heim, traff bestemor, gifta seg og flytta igjen til USA i 1917. Der dreiv dei gard og fekk to barn. Bestemor trivdes godr, men bestefar sakna fjella der dei budde på prærien. Då eg såg "Huset på prærien" dikta eg nok litt inn om bestemor og bestefar:) Dei kom tilbake til Norge på 20tallet og slo seg ned i Norge. Korleis var det å reise så langt den gongen, han kunne ikkje språket, hadde knapt med pengar,  kunne ikkje systemet. Eg syns det var langt då eg reiste til USA for første gong i 2007, og spennande å skulle oppleve noko nytt. Han hadde ei eventyrlyst eg ikkje har arva.
Korleis var samfunnet i Norge før 1900 når han vaks opp på ein liten husmannsplass, og måtte byrje å jobbe før hanvar 10 år, på ein gard langt borte? Ikkje som no når ungene mine er borte nokre dagar, og eg sender tekstmelding og lurer på korleis det går. Og før det kunne vi iallfall ringe. Sendte dei brev den gongen, kom han seg heim til jul eller hadde han flytta og måtte ha sitt eige liv og klare det sjøl?
Ung dame i leikegrind
Dette er eit tema eg skal skrive meir om seinare. Muleg det er alderen, men eg har vorte meir opptatt av gamle dager:)
Og til neste innlegg frå gamle dager, skal eg scanne bilda!

mandag 2. april 2012

Mitt lille land


I dag såg eg plutseleg Karen på fjernsynet. Karen var hushjelp hos søskenbarnet til bestefar då ho var riktig ung(vi snakkar her om før 1940, Karen er altså ikkje heilt ung lenger, men ho syns det er for mykje snø no på våren) Ho var med til feriehuset og plukka bær og stelte hus og var på fjellet om sommaren. Då ho slutta som hushjelp og fekk barn og barnebarn, fekk ho låne hytta til dei ho hadde vore hushjelp til, og eg leika med barnebarna hennar. Eg har ikkje tenkt mykje på Karen dei siste åra, ho ferierar ikkje i heimbygda mi lenger, ho har kanskje eiga hytte, eller reiser til syden? Men når eg såg ho på fjernsynet, kom mange minner om multeplukking og kaffe på nabohytta tilbake. I tillegg huskar eg pappa sine historier om bacalaoen han fekk smake når dei laga det om sommarane, og tenkjer at jammen skal eg lage bacalao snart!

Eg traff dessutan nettopp ei eg har møtt via twitter, vi har ingen felles kjente slik i utgangspunktet. Men litt ut i praten og blikjent-runden, oppdaga vi at hennar barn har gått i barnehage med ungane til ein tidlegare kollega av mannen min. Eg vart oppdatert og vi hadde eit felles punkt, som vi ikkje viste om.

Og slik er det ofte; med utgangspunkt i kvar vi kjem frå (kjenner du ho? Ho snakkar nesten likt som deg?) kva skular vi har gått(har du gått der? Eg kjenner nokon som...) og kva vi jobbar med (gamlekjærasten til bror min jobba med xxx, eller søstra til naboen har jobba i Stavanger ) og vips har vi eit knutepunkt. «Næ, er det onkelen din?» eller «Går det an, eg gjekk på skule med henne?» Sosiale medier gjer at ein finn enno fleire slike kryssningspunkt, og det er då ikkje så dumt?

Etter 22.juli vart det endå fleire å kjenne eller vite av, søstra til nokon sto slik at ho kjente eksplosjonen, eg kjenner nokon som alltid brukte vere på Utøya, andre kjenner nokon som jobba på eit Oslo-sjukehus, tragedien kom endå nærmare oss alle, fordi vi kjenner eller veit av nokon.

Og alle desse tankane fordi eg såg Karen på TV i kveld.