![]() |
Bilete henta får www.onlinlegen.no |
Gjerne når eg hadde gått langt, men etterkvart kvar gong eg trødde på foten. Det er som å ha ein stein i skoa, eller ein brett på strømpa. Ikkje gjekk det over heller, sjølv om eg venta og såg. Så etter å ha klaga til mannen i lengre tid, gjekk eg til legen, som fort kunne fortelje kva dette truleg var.
Og eg har tålmodig venta på MR, etterpå har eg venta på time hos ortoped, og må vel kunne seie at tida i kø ikkje liknar på tida som undersøkinga tek! Trykk her og trykk der, vondt? JA! Ok, operasjon neste. Operasjon!?
Javel, så eg har lese meg opp og ned om Mortons rare nerveklump, det finns mykje på den store verdsveven. Og eg ser at eg ein gong i fjern studietid faktisk har lært om dette... Det finns filmsnuttar med stiliserte operasjonar, det er bilder og teikningar. Samt påstandar om at dette særleg rammar joggarar og middelaldrande damer som går med trange sko med høge hælar! Eg er iallfall ikkje middelaldrande, og går mest i flate sko, om eg ikkje er så aktiv med jogging. Det viser seg dessutan at folk eg kjenner har det eller har hatt det, dei er operert, står i kø, eller er ikkje så plaga. Det verkar som dette er ei folkeplage som ikkje blir snakka om. Mortons; det siste tabu!? (På den andre sida har det i det siste stått mykje om foten til ein hekkeløpar med desse plagene, både på papir og på nett, så heilt stille er det ikkje!)
Så no har eg venta på operasjon. Eg har til og med takka nei til operasjon. Mest sidan den kom litt brått på: "Kan du møte kl åtte i morgon?" Då var klokka 15.20 og det er 15 mil til sjukehuset og det var 10 dagar til konfirmasjon... Nei, det går ikkje, det var sjukepleiaren som ringte einig i. Det var litt nærme konfirmasjonen til junior, særleg det blir sagt at ein bør ta det med ro og ikkje belaste foten rett etterpå, altså dårleg kombinasjon for mor med ekstreme kontrollfrik-tendensar.
Men no har eg fått dato, det blir 17.mai-feiring frå sofaen, eg tek vel eit kransekakeflagg og sett i bandasjen, tenkjer eg. Eg gler meg veldig til knuten er borte, men noko styr er det jammen først. Sidan det er dagkirurgi, må eg feks bli henta etter operasjonen og fulgt heim av ein vaksen, ansvarleg person! Godt eg er gift med ein som oppfyller krava! Men korleis vi reiser skal godkjennast, eg har lange lister med spørsmål om korleis eg gjer slikt rett. Og eg ventar på telefon frå sjukepleiar som skal høyre korleis heimesituasjonen min er...det er noko eg meir forbind med utredning av hjelp i heimen til eldre :) Det er liste opp og skjema ned som skal fyllast ut og bekreftast lest og forstått. "Ta med krykker og lesestoff, det kan bli ventetid."Eg kjenner meg ganske oppegåande sånn i det meste til kvardags, men i møte med slikt som dette byrjar eg lure på om det er noko meir eg skulle opplyst om, meir eg ikkje forstår eller burde lure på.
Men krykker og lesestoff har eg, så dei punkta er klare!