Viser innlegg med etiketten bøker. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten bøker. Vis alle innlegg

søndag 9. august 2020

Søndag kveld

Frukost i det fri
Søndag kveld er ofte litt vemodig, det er slutt på å sove lenge, gjere som eg vil, la humla suse... Det er tilbake til vekkeklokke og matpakke. No burde jo ikkje det komme som ei overrasking, sidan det skjer kvar veke, men mykje vil ha meir, og det har nettopp vore sommarferie.

Men idag sette eg meg i sola og tenkte tilbake på veka som gjekk, og fann mange gode ting som godt kan huskast på, og kven veit, kanskje blir neste veke slik også?!


Klassisk sommarbilde
-barbeint i graset-
  • fredag var det sol og varmt, skikkeleg sommar og bikini og shortsvær. Alle måltid ute, klestørk og tid til å lese bok.
  • laurdag gjekk eg tur. Eg viste kvar eg starta, eg viste kvar eg ville, men mellom der måtte eg lese kart og finne fram sjølv. Det gjekk bra, det var sol og varmt, eg hadde stilletid åleine i skogen og eg fann multer og blåbær. (muleg eg ikkje gjekk heilt lovleg ein stad, men pytt...)
    Glad dame på tur
  • eg har fått tekstmeldingar frå folk som bryr seg, som spør om ting som berre eg og den andre deler. Det er godt å bli sett.
  • sist helg var vi på tur med gode vener, fantastisk vær, natur og solnedgangar. 


  • eg har fått ny sjef, som samtidig er ein tidlegare kollega. Det er fint!
  • vi har hatt fin familiemiddag med nesten heile kjernefamilien
  • blomstrane mine blomstrar. Nokre syng på siste vers, nokre er midt i blomstringa og nokre er i ferd med å folde seg ut. Eg har blomster i nesten alle rom inne. Det er luksus! Og eg samlar frø frå både erteblomster, ringblomst og blomkarse, slik at eg kan så neste vår. Prøvar dessutan å tenkte på korleis vi skal ha hagen bak huset, og framleis sette pris på å ha rådr der. Dei er litt for glade i roseknoppar og blomkarse og jordbær...

  • skogen er full av bær, eg treng berre litt meir tid, så skal eg ut og plukke meir. Bringebær, blåbær, multer...

  • eg har gjort unne eit år i den nye jobben! Det har gått både fort og sakte. Det har vore noko nytt rundt alle svingar, eg har strekt meg og lært masse nytt, og innimellom vore så overvelda. Men etter ferien merka eg at eg har langt frå august i fjor! Det er godt!
  • eg har vore i fødselsdag hos lillesøster, med antibac og god avstand, kjekt å treffe folk og få god prat og god mat.
  • eg les den siste boka om "Elling", og veit ikkje om eg skal le eller gråte. Den er så bra, og så vond! 

AUGUST
Slutten er vakrest
hvisker svaberget og
løfter den brune kroppen
din litt nærmere solen
vakrest er slutten og
august presangen til
dem med hjerte
for sirisser
rognebær og
solnedganger
Arne Ruste

Eg er så glad i dette diktet, kanskje fordi august er min månad, med fødselsdag. Men samtidig er det månaden for oppstart, av nye ting, men også for fortsetting. Det er hausting av bær og grønsaker, det er jobb og skule og aktiviteter, ting kjem tilbake til kvardagen. Og eg er eit vanedyr, eg likar rutiner og kjente ting. Det er då eg lettast kan ta til meg det nye! 
Ha ei god veke!
"Count your blessing, instead of sheep!"

onsdag 30. januar 2019

Onsdag

Livet er fullt. Hodet er fullt. Jobben er ikkje så grei for tida. Sånn, ferdig med det.

Fri idag. Av før nemnte grunnar, trur eg kroppen sa NOK idag og ga meg ein liten forkjølelse. Satsar på den går fort over, dagen har vorte brukt til å lese ut ei krimbok ("De venstrehendtes forening" av Håkan Nesser. Gjensyn med Barbarotti, trur eg må finne igjen "Menneske uten hund" og fleire og lese på nytt) Boka var såpass skummel at eg måtte legge den vekk då eg var åleine heime sist veke...men i dagslys idag gjekk det bra.


Eg har drikke kannevis med te, putta klær inn i vaskemaskina og tørketrommelen, skrive liste over kva eg hadde tenkt å gjere idag(slik at eg huskar det til ein dag eg orkar, erfaringsmessig syns eg ikkje det er så viktig då!) og eg har fyra. Ute var det sol, men kuldegrader og vind. Perfekt å sitte inne og sjå ut.


Musikkjunior kjøpte te i julegåve til meg.
På julemarked i Berlin.

torsdag 25. mai 2017

Morgenstund

Eller formiddag? Kjem vel an på kven som blir spurt. I går var eg så trøytt etter (sein) middag at eg sov 1 t på sofaen, og vakna ikkje før i 21-tida... Var litt spent på om eg fekk  sove i natt.  Null problem!  No har eg såvidt gjort ferdig frukosten,  og skal drikke opp ei kanne te, før eg vurderer vidare plan for dagen.

Dagens tekopp

Eg les om igjen bøkene eg har lese før i Jan Guillou sin serie om forrige århundre si historie.  Det passar veldig godt med langhelg, men eg kunne godt tenkt meg sol og varme, slik at eg kunne sitte ute og lese.

tirsdag 29. mars 2016

Vekestart veke 13

Påska 2016 er historie, eg har vore på jobb idag, junior har returnert til folkehøgskulen og vaskemaskina jobbar overtid. Det har vore ei fin påske, med både heimeliv, Romsdalstur, besøk hos svigers, storfeiring av mamma sin 80årsdag og mamma og pappa sitt diamantbryllup.
Vått ute!

Mamma og pappa for 60 år sidan


Det har vore sol og regn, resten av familien har vore på toppturar, eg har rusla litt rundt i vårlandet. Sett snøklokker og snøsmelting. Vi har treft familie, vi har ete godt(veldig godt!) og mykje. Eg har lese den siste ferdig bok 4 i Napoliserien til Elena Ferrante, eg har stort sett lese dei på engelsk, og er klar for å lese dei på nytt på norsk om ei stund. I påska må ein lese krim også, og eg har lese "Kureren" av Kjell Ola Dahl. Den har vunne både Bragepris og Rivertonprisen, og kan anbefalast!
Og denne utsikta reiste vi frå... 

Det er likevel ikkje til å stikke under ein stol at det er godt å kome heim att! Til mi seng, mitt kjøkkenbord og knekkebrød med ost. Gulrot i matpakka og råkost til middagen. Rutiner og kvardag er godt!
I kveld skulle mannen bort, og junior er på konsert, så jammen vart det heimeåleinefest for mor! Som eg vill og gal har brukt til å vaske klær og bake knekkebrød og brød... Eg har brukt opp ryggen no, og har difor landa i sofaen. Eg har ei bok som ventar på meg; "De fem årstidene" av Gaute Heivold. Eg starta så vidt i går kveld, og gler meg på fortsettelsen!

Fritid

Fritid? Ja vel.
Og resten av tida
kva heiter den?

Einar Økland

Er det ikkje fint? Kva er fritid? Kva er den andre tida? Av og til tenkjer eg at fritid er å ligge i sola og lese, andre gonger er det å ha fri til å bake, eller rydde eller kunne gå på kafe. Lese avisa og drikke te, andre gonger rydde i eit skap eller sjå fjernsyn. 

No skal eg ha fritid og lese litt, og kanskje prøvesmake det nystekte brødet. Ha ei god veke med fritid til det du treng! 


søndag 15. november 2015

Leselogg haust 2015

Eg har ikkje vore flink å halde i gang leseloggen min. Eg les masse, men gløymer å skrive det ned... Men idag skal eg prøve å gje deg nokre lesetips!

I går var eg i selskap, og vi byrja snakka om bøker(takk, Bente!) Eg kom på så mange gode bøker eg har lese, og bøker eg har på lista mi over "ting å lese". Eg fekk forresten ei godt tips, kjenner du nokon som les masse, så be om topp10-lista deira når dei spør kva du ønskjer deg. Det finns så mange gode bøker der ute som ein aldri vil oppdage sjølv!

Kva har eg lese i haust?

  • "Det vokser ett tre i Brooklyn" Betty Smith Ei utruleg fin oppvekstskildring frå New York på starten av 1900talet. Godt språk, det var slik at eg hadde lyst å merke av enkelte setningar, fordi dei var så gode. Eg måtte lese sakte for å glede meg over språket :) I tillegg ei historie som fangar deg. Eg har anbefalt boka vidare, og dei som har lese den, er einig med meg! Les! (eg har skrive om denne boka før, men den fortener meir framsnakk!)
  • "Historia om det nye namnet" og "The story of the lost child" Elena Ferrante Bok 2 er ferdig lest, og eg er igang med bok 3. Eg likte godt bok 1, men vart endå meir fanga av bok 2, så eg klarer ikkje vente til bok 3 kjem på norsk, og les den på engelsk... Må vere eit godt tegn? Historia om dei to venninnene frå Napoli utviklar seg, jentene blir eldre, liva tek ulik retning. Tradisjonar, arv, skjebnar, valg, bøkene har alt!
  • "De usynlige" Roy Jacobsen Ei bok eg hadde høyrt mykje skryt av, men som ikkje hadde fanga meg. Så fann eg den på salg, og den vart med heim. Den er bra! Ei historie om eit liv på ei øy, om fattigdom, armod, småkårsfolk. Men også om pågangsmot, vilje, styrke, kunnskap. Les! 
  • "Sju dagar i august" Brit Bildøen Ei veke i august, kor mykje kan skje? Mykje! Sorg, sakn, kjærleik, tvil, valg... Ei veldig "tett" bok, ikkje mykje ytre handling, men ei bok som fanga meg.
  • "Fugletribenalet" Agnes Ravatn Krim? Triller? Tragikomisk? Eg veit sanneleg ikkje! Ei historie om eit liv som plutseleg måtte ta ei ny vending. Overrsakingar rundt kvar ein sving. Heller ikkje så mykje ytre handling, men kven har ikkje tenkt mykje og latt seg dra med av fantasien...
  • "Jernblod" Liza Marklund Krim. Du får det du ventar. Siste bok om Annika Bengtzon, samlar mange trådar. 
  • "Norsk sokkel" Heidi Linde Eg likar bøkene til Heidi Linde, også denne. Mange historier som hang saman, på tidvis svært overraskande måtar! Underfundig, humor og alvor.
  • "Agaat" Marlene van Nieker To kvinner i SørAfrika. Ei kvit og ei farga kvinne. Ei som er sjefen og sm har prøvd å forme den andre. Har ho klart det? Urettferd og skeivt! Ei slags oppsummering av livet dei har hatt saman. Denne er eg ikkje ferdig med, den er ikkje av dei mest lettleste, men engasjerande.

På leseslista: 
  • "Bror din på prærien" Edvart Hoem
  • "Hvitt hav" Roy Jacobsen
  • eg skal lese meir dikt! Og har fleire diktbøker på "lista", som må skaffast! Anbefalar å 
Har du ei bok eller tre å foreslå?

søndag 20. september 2015

Vekestart veke 39

Då er det søndag kveld igjen. Helga har gått fort, med fokus på halslinser, hoste, snørr og om vi hadde nok papirlommetørkle. Satsar på at forkjølelsen er historie no, og at eg er frisk og rask i morgon(sikkert litt optimistisk, men vi prøvar!) Eg var litt overmodig, lite empatisk og upassande eplekjekk i starten av veka, då mann og son mista forfestet av forkjølelse, eg meinte vel dei sutra litt meir enn nødvendig. Men så fekk eg akutt sår hals, type piggtråd som vekte meg på natta, samt litt lite tålmod og tid til å vere sjuk... Måtte innrømme at å vere sjuk ikkje er for pyser!

Hausten har festa grepet, det er kaldare på morgonane, vi har hatt nokre dagar med silregn og lavt skydekke, det har faktisk vore godt å fyre opp og kjekt å tenne stearinlys på kvelden. Typisk vær å bli forkjøla i! Vanskeleg å veregne kva som er passe mengde klær... Så eg har krulla meg saman i sofaen og lese bok under pledd(litt skuld må eg legge på forkjølelsen og, ikkje berre hausten) Eg har lese "Det vokser ett tre i Brooklyn" og er yr av begeistring! Fin historie om oppvekst tidleg på 1900talet, familieliv, byliv. Godt språk og levande skildring! Ei bok eg prøvde å halde på lengst mogeleg! Altså anbefalt!
God bok!

Kan godt sitte og sjå inn her ei stund!

Vi tok ein liten tur ut i skogen idag, for å teste forma. Ikkje langt og ikkje fort, men i pratetempo og tid til å fotografere litt og smake på bær vi fann i kanten av stien. Det gjorde veldig godt for humøret! Og turen ga god appetitt til fårikålmiddagen! For nye lesarar kan eg anbefale denne historia om forviklingar rundt fårikålmiddagen ein haust for nokre år sidan. Eg kokte ikkje fårikålen i god tid i dag, for å seie det slik...

Søte bringebær. Kanskje plukke når formen blir betre?

Haustfarger



Så vekas dikt. Eit dikt om livet, litt om kven vi er, summen av det vi har opplevd kanskje?

VÅRE LIV
Våre liv er mosaikker
av andres menneskers
nærhet, tanker, stemmer,
av rommene vi var i,
katten vi klappet,
av trærne og fuglene og
skyggene langs veien,
lyden av fottrinn,
duften av ryllik sakte
blir bildet til
men aldri ferdig.

Mathis Mathisen

Ha ei stålande veke! 
Med eller utan katt å klappe. 

søndag 26. juli 2015

Bokhyllemeter

Vi er glade i bøker i familien vår. Vi elskar å lese. Både mannen og frua. Det er alltids ein grunn til å kjøpe ei ny bok, gå innom ein bokhandel eller tre, rusle gjennom biblioteket, låne bøker. Det er alltid tid til å lese. Vi har lese høgt for ungane. Vi les kvar for oss. Å reise bort utan ei bok i bagasjen er utenkjeleg. Bøker kjøpt på reise tel ikkje… Eg har takka ja til bøker når nokon andre har hatt for mange. Jada, eg har Sigrud Undset samla bøker, og Johan Falkberget sine. Vi les gjerne aviser til frokostbrødskiva og ei bok på sofaen etter middag. Vi har bøker i alle rom. Det er stadig rasfare ned frå nattbordet.
Ein slik livsførsel fører med seg eit problem: nemleg lagringsplass. Særleg ille vart det då vi skulle bygge på og bygge om, vi måtte ta ned bokhyller og pakke vekk bøker, mange bøker. Det har vore sorg over bøker vi veit vi har som ikkje har vore tilgjengelege. Enkelte bøker har vore pakka bort sidan 2007. Skrekk og gru! Det har ligge i bakhodet at vi treng bokhyller, mange bokhyllemeter.

Men no, endeleg, etter fleire år med bygging, ombygging, oppussing +++ er kjellaren ferdig, og mannen har bestilt og montert bokhyller. Tenåringane har løfta ned bokkassene frå mørkeloftet og vi har byrja jobben med å pakke ut. Det er litt sånn: "Oi; har vi så mange bøker…. Oisann, har vi to av den? Åh, der er den, den skal eg jammen lese på nytt, og den og den". Og ikkje minst: "Oisann, vi får ikkje plass!!!" Litt rødming over dårlege bøker, det vart ei kasse med bøker som skal kastast og ei med bøker som skal gis bort. Vi prøvar sortere, slik at det skal gå lett å finne igjen bøker i hyllene. Vi sorterar alfabetisk, sjølv om eg foreslo både fargesortering og sortering på storleik, så går vi for den tradisjonelle måten. Vi har mange bøker av forfattarar på H, ikkje så mange på O. Mange på A og færre på M.
Bøker i hylle og bøker på golv...

Det blir ikkje plass til alt! Det står igjen kasser som er opna, men ikkje tømt. Alle dei fine barnebøkene ligg i kasser enno, spørs om dei blir der ei stund til. Hobbybøker likeså (rekk jo ikkje bruke dei no, sidan eg skal lese om igjen så mange andre) Faglitteratur krever eit eige rom. Akustikk og biomedisin, det blir for spesielt interesserte.

Men alle notebøkene får plass. Og samlinga mi av Ole Brumm-bøker, på norsk, engelsk, tjekkisk, fransk, spansk, russisk etc. Og litt chiclitt, litt krim, gamle klassikarar. Harry Potter! Må få ned ein godstol og leselampe. Så kan vi sitte der og gruble på kvar vi kan få opp like mange hyllemeter til, til resten av bøkene!

Men eg treng bøker! Eg tenkjer dei kan vere litt som det Olav H Hauge sier i dette diktet, ein stein å trø på!

Eit ord

Eit ord
- ein stein
i ei kald elv.
Ein stein til -
Eg må ha fleire steinar
skal eg koma over
Olav H. Hauge
God veke til deg!
Det spørs om eg må gå for Kindle litt oftare :)

torsdag 4. juni 2015

Leselogg april-mai

Eg har jo ei plan om å skrive ned det eg les, og gje litt lesetips. Eg gløymer det stadig vekk. Men no skal eg prøve å skrive ned dei bøkene eg har lese i vår(iallfall dei eg huskar):
Blindgang, Jørn Lier Horst
Den nyaste om William Wisting. God, norsk krim. Av og til er krim det einaste rette, særleg når det rengar ute og ryggen kranglar inne.
Mi briljante venninne
Spennande roman om oppvekst i Napoli. Eit ukjent univers for meg. Jenter med evner, som gjerne vil opp og fram, familietradisjonar, patriarkatet, pengar, sosial status som "bestemmer" at jenter skal gifte seg og vere heime. ANBEFALAST med store bokstavar. Ei bok å ta med på ferie! Og det kjem to bøker til… gler meg.
Tusenfryd, Paradisoffer og Papirgutten av Kristina Ohlsson
Svensk krim. Lukka i livet kan vere å oppdage ein ny forfattar, som har mange bøker ein ikkje har lese!!! Det passa ekstra godt å oppdage ein ny forfattar då eg var sjuk rett etter påske, og det er frykteleg lettvint (og litt dyrt) å berre kunne kjøpe rett inn på Kindle. (trur det finns fleire bøker i same serien, eg les dei i feil rekkefølge oppdaga eg)
The zig zag girl, Elly Griffiths
Krim frå England rett etter 2.verdskrig.
Shadowlands, Brian Sibley
Biografi om C.S. Lewis og Joy Davidman. C.S.Lewis som skreiv Narniabøkene, møtte kjærleiken i godt vaksen alder. Denne boka fortel historia rundt. Rørande og grusom trist! 
Ektemannens hemmelighet, Liane Moriarty
Krim eller kanskje ikkje? Veit ikkje. Bok som tek opp eit etisk dilemma, om irriterande nok ikkje blir avslørt før langt ut i boka. Vi får vite bitar av historia, frå fleire personar og ulike sider. Når du trur du har skjønt det, dukkar det opp noko nytt… Og kva er rett og galt, eigentleg? Kven heiar eg på? Lettlest og engasjerande, og klart tankevekkande!

Hjemstavn, Arnaldur Indridason
Islandsk krim, eller er det krim? Iallfall islandsk. Med litt overtru og ein heilt annan kultur. Dette er (hittil) siste bok om politimannen Erlendur, han leitar etter sanninga om noko som skjedde for mange år sidan, i eige liv, og blir samtidig engasjert i ei forsvinningssak om heller ikkje er ny. Eg har lese heile serien og syns det er fasinerande å lese om eit naboland, som er så ansleis enn Norge.
Indias datter, S.S. Gowda. Om jenteliv i India, adopsjon og kulturforskjeller. Klok bok.
Det uimotståelige blåbærbakeriet, Mary Simses. Blott til lyst, men av og til treng ein slike bøker også!  Kjærleik, forviklingar, draumar og løysingar, eg likar slike bøker!

På leselista no står Skogsmatrosen av Jon Michelet. Gler meg!
Eg gler meg også til at vi skal få opp bokhyller i kjellarrommet, då kan vi pakke ut bøkene som ligg i kasser på loftet. Vi må berre måle opp veggen og få bestilt fleire hyller…berre. Der har dei ligge altfor lenge, og eg trur eg kan gjenoppdage skattar vi har liggande. Og alle bøkene som ligg rundt om, kan få ein meir permanent plass…no er det bøker overalt. I meir eller mindre rasfarlege stablar. Kanskje kan eg få rydda opp litt og? Gitt bort ting som er uaktuelt og som vi har dobbelt av, det anar meg at vi har supplert litt… 

Kva les du akkurat no?

onsdag 25. februar 2015

Leselogg, januar/februar

Eg prøvar å halde oversikt over kva bøker eg les, men det er ikkje så lett. Eg har ei bok eg skriv dei inn i, men det skjer stadig vekk at eg gløymer det… Det hjelp å lese på Kindle, då ligg bøkene der etterpå! Og ofte blir det liggande bøker i stablar rundt om, så etter ein runde rundt på stova, kontoret og nattborde, har eg ei viss oversikt over kva eg har lese etter jul.

Svøm med den som drukner (Lars Mytting) Denne ga eg til mannen på farsdagen. Den fall i smak hos han, og eg likte den og godt! Det er ei trist historie, men godt fortalt!
Torsdager i parken (Hilary Boyd) Lettlest, heilt grei, men fort glemt.
Very Valentine  og Brava, Valentine(Adriana Trigiani) Familiehistorie om ein italiensk-amerikansk familie. Lettlest, kanskje på grensen(over?) til chiclit, men ein treng det også!! Det er ei tredje bok også, den er lasta ned til Kindle, klar til lesing.
Den uekte (Hari Kunzru) Bok om ein indisk gut, fødd i høg klasse, men som ramlar ned, og jobbar/bløffar seg opp. Innsyn i eit anna land, anna liv, anna tid.
Over det kinesiske hav (Gaute Heivoll) Ei gripande, tankevekkande bok. Anbefalast!

Slåttekar i himmelen (Edvard Hoem) Denne les eg no, den livar godt. Minner om Mors og fars historie, for den som har lese andre av Hoem. Også interessant fordi eg kjenner mange av stadene som er omtala.

Og har du eit lesetips, vil eg ha det!




  

mandag 5. januar 2015

Leselogg, haust/vinter 2014

Eg les heile tida eit eller anna, og sjølv om eg har ambisjonar om å blogge om bøker regelmessig, gløymer eg meg. Men her kjem nokre bøker frå hausten:

Ikke ville se, Jan Guillou
Fjerde boka om dei tre brørne frå utanfor Bergen. Vi er komne mot 2.verdskrig. Det er familieliv, storpolitikk, fattigdom, tradisjonar... Eg likar så godt måten Guillon skriv på, det har eg gjort sidan Hamilton-bøkene, og her er det historie fra ei kjent, men fjern tid. Slukte boka i romjula, men tenkjer eg må lese den på nytt. Og har du ikkje lese nokon av desse bøkene har du mykje å gle deg til, start med "Brobyggerne".

Ingen er så trygg i fare, Gunnar Staalesen
Varg Veum er ein kjent og god krimfavoritt. Her er Varg Veum i fare. Utnytting av barn, ting ein har mest lyst å lukke augene for. 

Edge of Eternity(The Century Triology) Ken Follett (Norsk "På grensen til evigheten")
Siste (?) boka om århundret av Ken Follet. Eg har slukt desse bøkene! Mykje historie om vårt århundre. Det er godt skrive, og eg får lyst å hjelpe til, når eg ser at historia kunne vore annsleis. Likar du historiske romanar er dette ein serie for deg. Start med "Kjempenens fall"

Sudden death, Anne Holt og Even Holt
Eg saknar Hanne Wilhelmsen, men legen Sara Zuckerman er ei god erstatning! Eg syns løsninga i boka kom litt itt kjapp brått, men det er ei bok det er vanskeleg å legge frå seg.

Thin Air, Ann Cleeves
Endå meir krim, denne er frå Shetland. Bok 6 i serien om ein politimann, privatlivet og jobben. Denne gongen er det bryllupsfest, men ein av gjestane blir borte...

Innsirkling 3, Carl Frode Tiller

Endeleg siste bok om Daniel. Trådane samlar seg, og vi får sanninga. Eller gjer vi det? Tiller skriv godt, eg likte språket godt og historiene. Sjølv om eg innimellom blir litt oppgitt over personane!  

Den lille kafeen i Kabul, Deborah Riodrigues
Lettlest, men med alvorleg undertone om å vere kvinne i Afghanistan. Eg var provosert, rørt og engasjert av det eg las, og tenkjer eg kanskje har lært litt.

No er eg igang med Svøm med dem som drukner av Lars Mytting. Mannen min las den i haust, og var knapt til å få kontakt med før han var ferdig med siste side. Alt tyder på at eg vil ha det på same måte!




Og ingen ting er betre enn ei god bok når ryggen kranglar og sett begrensningar på kva eg får til å gjere. Eg har ein slags fri idag, men får ikkje gjort det eg hadde tenkt… Då er bøker og internett fine saker:) Eg har hatt mykje vondt i ryggen før, men er "ute av trening"(heldigvis) og tålmodet er deretter!

tirsdag 21. oktober 2014

Leselogg sånn utpå hausten

Eg elskar å lese! Eg MÅ alltid ha minst ei bok tilgjengeleg, helst fleire. Noko lettlest, noko djupare, gjerne ei bok på engelsk, og allerhelst eit par tre på vent. Eg tek bilder av bøker i bokhandelen, eg riv ut bokmeldingar for å ha til seinare, og eg kjøper bøker. Det passar alltid med ei bok til, sjølv om eg har vorte flinkare, bøker tek plass!
Og eg har ikkje vore flink å oppdatere bloggen med bøker eg har lese i det siste….

Men noko har skjedd det siste året. Eg elskar å lese på senga, det har eg alltid gjort. Av og til har eg måtte seie til meg sjølv at i kveld kan eg ikkje lese, for i morgon er ein viktig dag. Elles kunne eg lese til langt ut på morgonkvisten. Og for ein fridom ;) berre forsvinne inn i ei bok! Men noko har skjedd… eg kan vakne av at boka dett ned, av at eg ikkje får med meg det eg les, at orda blir borte, fordi eg SØV! Eg søv? Hæ!? Eg skuldar på travel dagar, mykje å gjere+++ det kan umogeleg vere alderen! Ein sjeldan gong, når eg ikkje får sove sånn i tre-fire-tida(jada, mannen min, du som ikkje får sove når lyset er på) Eg slår på lyset og les litt, og vips er det natt igjen!

Men litt les eg :)

"En ny begynnelse" av Adriana Trigiani. Feel-good-bok som bygger på familiehistoria til forfattaren. Var med meg på ferietur.

"Kjærlighet i koleraens tid" av Gabriel Garcia Márquez. Av og til forstår ein kvifor ei bok er ein klassikar og kvifor nokon vinn Nobelprisen i litteratur! Anbefalast!

"Innsirkling" av Carl Frode Tiller. Denne ligg på vent, og eg gler meg, for eg har likt dei to første bøkene i serien veldig godt.

"Hulemannen" av Jørn Lier Horst. God krim med ein klok etterforskar.

"Ren samvittighet" av Jan Mehlum. Ein bittelitt lurvete advokat med stort hjarte og rettferdssans, som stadig kjem i trøbbel. Ein av mine norske krimfavorittar. Då eg var i Tønsberg i fjor haust er eg sikker på at eg såg han gå forbi hotellet ein regnvåt søndagsmorgon på tur med hunden sin.

"Ett helt halvt år" av Jojo Moyes. Feel-good og tankevekkande på same tid. Om skadd liv og brutte håp. "The One Plus One" ("Den ene pluss en" på norsk)av samme forfattar har ikkje like alvorleg undertone, eller, det har den vel, med mobbing og sosial nød, men det er meir preg av kjærleikshistorie lell.

"Leserne i Brken Wheel anbefaler" Katarina Bivald er lettlest, koseleg,  har litt forviklingar og er feel-good utan tvil! Men av og til er det  det eg vil ha!


mandag 31. mars 2014

Leselogg, februar/mars

Eg les og les, det er alltid ei bok eller tre rett ved meg, på nattbordet(eigentleg er det vel ein stabel med fare for bokskred der…) eller stovebordet eller i veska mi. Skrekken er å gå tom for lesestoff! (eg skal på tur i slutten av veka, og har sikra meg to bøker i tillfelle eg treng lesestoff) Eg lastar ned bøker til Kindle-lesebrettet, eg tek bilder av interessante bøker på bokhandelen eller når dei blir anmeldt i avisene, slik at eg ikkje skal gløyme dei. Bøker er min hobby nummer ein!! Eg har bøker eg sluker i eitt, nesten utan søvn og matpause, eg har bøker eg les i innimellom og eg har favorittar eg les gong på gong.
Ok, det var innleiinga(lett entusiastisk!), kva har eg lese sidan sist?

"Kameleonmenneskene" av Hans Olav Lalum, krim frå "gamle dager", altså tidleg syttital, då det ikkje fanns google og nettaviser, der det var eit saktare tempo. Kan lesast litt saktare og.

"et offer til Molok" av Åsa Larsson. Etter å ha lese denne og dei andre bøkene i serien, er eg sikker på at eg ikkje skal flytte til Kiruna eller andre små bygder nordpå i Sverige! Skrekk og gru, samtidig likar eg skildringane av folket, naturen, overtrua, truslivet og livet der, og eg likar måten Larsson skriv krim på! Eg ventar allereie på neste bok! Her er det slekters gang og arv og elende så det held, hat som blir arva nedover i generasjonar, misunning og uvenskap. Eg satt med nasen i boka i heile går(turte ikkje sove før eg viste korleis det gjekk)! Og skal du lese denne boka, anbefalar eg å starte med bok ein i serien, dei heng tydeleg saman.

"Og været skiftet og det ble sommer og så videre" av Pedro carmona-Alvarez er ein ny favoritt. Den handlar om ei jente som veks opp i skyggen av sine to døde søstre, foreldre som ikkje taklar sorga saman og det nye barnet, det er trist og svart og håp om kvarandre. Anbefalast på det varmaste!!

"Karusellmusikk" av Jo Nesbø, viser ei for meg ny side hos forfattaren. Det er lite krim, det er ettertenksomt, snodig og sårt. Eg har nettopp fått gjenfortalt "Panserhjerte" og "Hodejegerne", med verkemiddel og det heile frå junior2, so skal ha norskframføring i morgon om dei bøkene, og dette er ei heilt anna verd! Klart verdt å få  med seg!

"Syngja" av Lars Amund Vaage, ei bok om å vere far til ei jente med autisme. Ei bok om å ikkje få det ein ønskte seg, om å ikkje gjere som ein tenkte, om å måtte møte livet slik det er. Ei historie om livet!

"Harbour Street" av Ann Cleeves, krim frå England. Handlar om Vera Stanhope som leier mordetterforsking i ein liten by nord i England. Boka er ein del av ein serie, og flerie av bøkene er det laga tvseire av.  Eg får lyst på fish and chips, te og scoones og spaserturar i små engelske byar, men ikkje åleine, for jammen lurer det farar overalt! (denne har eg lese på Kindle, supert å ha mange bøker på ein liten dings, særleg når ein skal ut på tur) Eg har forresten lasta ned flerie bøker som eg skal lese, godt å ha i reserve! Må berre huske å lade den før eg tek den med på tur i slutten av veka.

Og til slutt to godbitar eg fann på loppemarked: "Mette-Marit går til filmen" og "Mette-Marit russepike". Vi snakkar lettleste ungpikebøker frå femtitalet, med innbygd både romantikk og moral! Kjempestas å lese, men kanskje ikkje det som festar seg lengst i hukommelsen :)


(og desse bøkene kan vere medvirkande årsak til at eg ikkje alltid rekk det eg skal på heimefronten…heller lese enn vaske!)
Kva les du?


mandag 3. februar 2014

Vekestart veke 6

Av og til, når eg kjem på at eg har lova meg sjølv å legge ut nokre ord kvar vekestart, lurer eg på kva eg skal dele. Andre gonger står det dikt i kø for å delast, og idag er det litt slik. Så no veit eg kva eg skal legge ut neste veke også, dersom ikkje noko anna skulle dukke opp!
Det blir forresten lysare dag for dag.

Av og til huskar ein veldig godt når ein høyrte ting første gong. Dette diktet vart lese opp på ei samling med studentar, på tidleg 90tal, av ein ung mann eg kjente(og nei, ikkje noko rødmande kinn og bankande hjerte, berre undring og eg var imponert over ein ung mann som las dikt!) Eg veit ikkje kvifor, men eg kom på dette diktet i dag då eg gjekk til jobb, huska naturlegvis ikkje alt, måtte leite det fram(på nettet, for boka det står i ligg i ei kasse på loftet. Note to self: kjøp bokhyller og leit fram bokskattar!)

Gutta

snøen som falt ifjor
er ikke lenger hva den var
juletrærne når ikke til taket
og alle pakkene er bløte
det er tredje dag
og alle kakene er allerede tørre
jeg rydder i korker og papir
og jeg spør meg selv
for det er ingen andre å spørre:
når var det det slutta
når var det egentlig det slutta
hvor er det blitt av alle gutta

hvor er Pål som stod i gål
            og redda på streken
hvor er Nils som drakk pils
            med sugerør og hadde teken
hvor er Jonny som sang money
            med hockeykølla som mikk
hvor er Joker som spilte poker
            og alltid tok siste stikk
hvor er Tobben som fikk jobben
            som sjokoladetrekk på Ringen
hvor er Kaj som sjekka Mai
og hoppa av i svingen
når var det egentlig at båndene ble kutta
hvor er det blitt av alle gutta

våren er akutt
og sommeren er en lengre lidelse
det er høl i bademadrassene
morellene er sure
vannet er for kaldt
og gatene for ensomme
det er ikke lenger gøy på landet
kleggen blir større og større
det er for mye sand på strendene
og filmene er gørre
snart er det første skoledag igjen
jeg har rydda i pennalet
og pakket ranselen
og jeg spør meg selv
for det er ingen andre å spørre:
hvor var det det butta
hvor var det egentlig det butta
hvor er det blitt av alle gutta

hvor er Jens som slo lens
            og tryna i hekken
hvor er Max som fiska laks
            i Gaustadbekken
hvor er Jo som hadde sko
            med femtiøring og jernbeslag
hvor er Lathans som sovna sankthans
            og våkna tredje juledag
hvor er Elling som tok telling
            da han stupte fra tiern
hvor er Finn som drakk gin
            og sneik seg inn på niern
når var det det slutta
            når var det egentlig det slutta
hvor er det blitt av alle gutta

gutta sover nå
gutta sover nå
med lyset på


Lars Saabye Christensen
Fra Hvor er det blitt av alle gutta. Dikt i utvalg, 1991
Og dette diktet skreiv Lars Saabye Christensen i samband med at han skreiv boka "Beatles" som lenge var ei av mine yndlingsbøker(les, les) . Eg huskar veldig godt at norsklæreraren på videregåande las det første kapittelet høgt for oss ein norsktime, eg satt heilt fenglsa og stakk rett på biblioteket og lånte boka, og las truleg i eitt, heilt betatt. Eg kjenner endå den gleda over å finne ei god bok, oppdage at det finns fleire bøker av same forfattar, eg måtte lese, lese, lese. Trur den boka opna opp veldig mykje litteratur for meg; eg fann meir i same sjanger, eg las og las og prøvde overbevise andre om at dei MÅTTE lese. (og har du forresten lese "Amatøren"? Eg huskar eg satt på Oslo S og venta på toget og las den og gapskratta, til stor undring for dei rundt… :) Og eg har lese "Herman" og "Gutten som ville være en av gutta", såre og fine og gode)
Og desse hjerta hadde noko laga i asfalten der eg gjekk heim frå jobb idag.
Var dei ikkje fine?

Og plutseleg hadde dette vorte mange bøker eg anbefalar deg å lese! Ha ei strålande veke med og utan bøker!


mandag 13. januar 2014

Leselogg, flere tips

Eg kom naturlegvis på fleire bøker etter sist innlegg, det er rart med det når ein byrjar tenkje etter. Og igår traff eg andre leseglade damer, og det vart ei lita utvekling av lesetips. Artig!

I kategorien "litt lestlest og morsomt" kjem bøkene om Tirsdagsdamene, to bøker om damene i ein sort syklubb, turar de drar på og samspelet, evt gnisningane mellom dei. Fine!

Eg las tidlegare i haust ei bok som heiter "Still Alice". Eg las den på Kindle, og der les eg engelske bøker, men den finns på norsk også, den heiter "Alltid Alice". Det er ei bok om demens, og det er Alice som fører ordet. Den beskriv kjensla av å miste grepet på ein nesten klaustrofobisk måte! Vi føl dei etterkvart forvirra tankerekkene, fortvilinga over å ikkje finne fram, ikkje kjenne seg igjen og ikkje kjenne igjen folk rundt seg. Anbefalast!

Dessutan har eg laga meg ei skal-leseliste! (den baserar seg på bøker nokon anbefalar, ting eg les om bøker, bokprogram på radio og tv etc) Det står foreløpig

  • Glassrommet av Simon Mawer
  • Over det kinesiske hav av Gaute Heivoll (har lese ei bok av han før, Før jeg brenner ned, spennande, skummel, trist. Den traff meg!)
  • Bryllup og begravelser av Jens M. Johansson
  • Indias datter av Shilpi Somaya Gowda 
Og eg håpar å få mange fleire bøker inn på skal-lese-lista, kom med tips!!! Trur eg må bli flink å bruke biblioteket framover.


(og medan eg skriv her, putrar suppekjøttet og blir til kjøtsuppe. Slikt utløyser mengder av husmorpoeng!! Suppe er super mat ein dag ein har tid å koke, det er minus 10 ute og vind rundt hushjørna. No skal eg kutte grønsaker og sile kraft.)

fredag 10. januar 2014

Leselogg

Eg har visst hatt ein leselogg her for lenge sidan, men den har eg nesten gløymt… Men no tek eg den opp igjen!!! Eg skal skrive litt om bøker eg har lese i haust det blir nok ikkje alle, men dei eg kjem på.

Idag har eg kjøpt "Pinnsvinets eleganse" av Muriel Barbery. Den har eg lese før, men finn den ikkje igjen, så eg kjøpte den på nytt(eg har nemleg stramma inn på kleskjøpfronten, og har pengar til overs som må investerast fornuftig, trur eg… ) Det er ei av dei bøkene som rett og slett sett spor, du blir glad og trist gong på gong. Anbefalast med STORE bokstavar! Gler meg til å lese.
Gode kjøp, om eg må seie det sjøl

Og "Samlede dikt" av Kolbein Falkeid kom i posten idag, den må lesast i små porsjonar og her og der, men eg treng diktpåfyll for å halde vekestarten igang.
Eg har kjøpt "Dikt i samling" av Olav H. Hauge tidlegare i haust, og fekk "Stein til stein" av Jon Fosse til jul, så det skal vere til mange vekestartar der. "Norsk Salmebok" har og kome i hus i løpet av jula, der er det mykje å lese og synge.

I jula las eg "Mors gaver" av Cecilie Enger, det var eg nok ikkje åleine om. Det var ei nydeleg bok, om gåver naturlegvis, men også om å miste ein forelder til demens. Eg har skrive litt om tanta som forsvann, og kjente igjen mykje, på godt og vondt. Eg måtte og smile når eg las listene, og gåvene, det var gjenkjenneleg!

Litt lettare litteratur må ein og ha; eg las "Skyggerom" av Jan-Erik Fjell. Dette er krim, og ganske ekkelt om menneskehandel, så lett litteratur er kanskje feil. Men krim er krim, og ofte lettlest, det passa meg bra!
I samme sjanger er "Djevelkysset" av Unni Lindell, likar du krim, er den god, men fort gløymt.

På nattbordet har eg bok nr to om Hildegard von Bingen, av Anne Lise Marstrand-Jørgensen. Hildegard var nonne i Tyskland på 1100-talet, voks opp i ein overklassefamilie, men vart sent i kloster som barn. Ho hadde syner og visjonar, og skriv mange sangar som er kjent enno idag. Det høres kanskje smalt ut, men er interessant om klosterliv og gudsliv i retteleg gamle dagar. Anbefalast!

I haust har eg lese "Karitas" av Kristin Marja Bulgursdottir, både første og andre bok. Dei handlar om kunstnaren Karitas, som blir fødd rundt 1900 og lever nesten til år 2000. Liv og kunst, å vere kvinne, kunstnar og mor, og livet på Island er godt beskrive.

På jakt på nye opplevingar på ein bokhandle, fann eg Kjersti Annesdatter Skomsvold si debutbok "Jo fortere jeg går, jo mindre er jeg". Det er ei underfundig bok!! Les og le! Eg kjøpte også "Manhattan, historier om New York" av  Torgrim Eggen, eg fekk lyst å reise dit på flekken og oppleve meir enn eg rakk på 2 døgn med små ungar på slep i 2007.

Eg må alltid ha ei bok, eller helst to, i bakhand. Noko lettlest og noko tyngre, ein bunke aviser og Kindle med tilgang til alt ein kan ønskje seg på Amazon.com… det er kvardagslukke, det!

Håpar dette kan gi nokre tips til andre og. Og tips meg gjerne om bøker!



(og nederst med små bokstavar: eg har lasta ned "Mad about the boy" med Bridget Jones på Kindle… :) )

tirsdag 5. november 2013

Prosjekt "leve i november" år 2

Kva skal vi med november, eigentleg?! Mørkare og mørkare dag for dag, ikkje er det snø, og det er glatt pga lauvfallet. (OK, det er ganske mildt ute, så det er ikkje på det verste iår)
Morgonstemning på Adamsstua

Eg skal iår som ifjor ha eit prosjekt "leve i november", eg skal øve meg på å ikkje ta advent og jul på forskot. Kva eg skal gjere?

  • eg skal gå i selskap! Eg har allereie vore i dobbel 50årsdag, og vi har feira 17åringen på etterskot. Eg skal i 111årsdag og siste dag i november skal eg på julebord(det må vere lov heilt i sluttenav november) Eg syns det er så flott med selskap og feiring! Å feire kjente og kjære, ha ein grunn til å ta fram finkjolen og eit av para med festfine sko.
  • eg skal førebu adventskalenderen. Slik det ser ut no, skal eg vere borte dei første vekene i desember, og då har eg lyst å lage ein hyggeleg kalender til dei som er igjen heime. Kva skal ein forresten finne på til tenåringssoner og mann?
  • eg skal gå tur! Når eg lever hybellivet, går eg til jobb. Det tek ikkje mange minutta, men det er godt! Og utan tilgang på bil, er det lettare å tur, sjølv om kollektivtilbodet i Oslo er mange gonger betre enn i Trondheim!
  • eg skal skrive lister, julegåvelister, lyst- å-lese-må-huske-den-boka-lister, kva-har-eg-lyst-å-blogge-om-lister, ønskjeliste, lister med kva vi skal bake til jul.
  • eg skal gå på kafe! Åleine og saman med andre! Åleine for å sjå på livet rundt meg, lytte til andre sine samtalar, lese bøker, pløye gjennom aviser. Saman med andre for å ha ei anna ramme rundt det å treffast. Eg byrja allereie på laurdag, med kafedate med mannen!
  • eg skal lese! Masse! Lett litteratur, tyngre litteratur, noko å lære av og noko å le av. Eg les "Manhatten" av Torgrim Eggen akkurat no, den handlar om nettopp Manhattan, eg har vore der ein gong, eg får lyst å reise tilbake, no og med ein gong! Boka har historier, anekdoter og dagbok. Idag har eg vore på Norges største bokhandlel(trur eg) og eg har kjøpt Olav H Hauge "Dikt i samling", eg gler meg. Eg kjøpte også "Natten og lyset", andre del av ein biografi om Hildegard von Bingen(no er eg inne på "læredelen" av lesinga i haust), ei nonne som levde på 1100talet. Eg las første delen i haustferien, og vart litt fanga.
  • eg skal sove middag når eg treng det, legge meg i rimeleg tid og stelle litt fint med meg sjølv. Eg trur kroppen treng kvile når det er mørkare ute, eg trur eg vil ha igjen for å stelle fint med meg sjølv. Eg skal seie nei når ting ikkje passar, og heller ta initiativ når eg har overskot.
  • eg skal prøve fleire nye oppskrifter! I helga laga eg briocher, fint fransk frukostbrød med rikeleg smør og egg! Dei vart kjempegode, og verdt arbeidet med å lage dei.
    Briocher!
  • eg skal sjå meir fjernsyn! Ikkje ukritisk, men lese programmet og sjå noko eg har lyst til. Av og til blir det skikkeleg sippefilm, andre gonger "Bokprogrammet" eller dokumentarar. Eg skal prøve å kome meg på kino eller teater, ikkje berre misunne andre som fortel at dei har sett ein fabelaktig film eller godt teaterstykke. Ein ting eg enklare kan gjere når eg lever hybellivet.
  • Og når eg ikkje orkar noko anna, skal eg sjå i veggen!
Det eg ikkje skal gjere, er å høyre julemusikk, drikke julebrus eller starte på julemarsipanen før desember! Eg skal ikkje kjøpe julepynt i november, og når eg startar å pynte, så skal eg pynte til advent, ikkje til jul! I fjor erfarte eg at med å vere litt bevist, var eg meir tilstades i november og eg gledde meg endå meir over alt i desember. Kanskje eg neste år skal sette oppstart for julematen endå seinare? Advent er eigentleg fastetid, og det kunne vore interessant å prøve ut det. Men eg treng tid for å finne ei fastetid som passar for meg, så det kan ikkje bli før neste år.

tirsdag 9. juli 2013

Leseliste, julistart

For å vere litt ajour med leselistene mine, må eg berre skrive ned det eg har lese på starten av juli med det samme.
Eg er framleis på Harry Hole-kjøret, og har lese "Frelseren" og "Snømannen". Heldigvis huska eg delvis kven skuken var, men å lese så mykje skummelt hjelp ikkje på å vere skvetten og mørkredd!


Litt i same sjanger er "Den siste gode mann". Thriller med handling frå Danmark og særleg København. Dit vi snart skal på ferie...det blir vel enkelte stader eg må unngå! Boka tek utgngspunkt i ei jødisk myte/historie om at det i kvar generasjon er 36 gode menn(eller kvinner) på jorda, dør dei før neste generasjon er på plass, går jorda under. Men kven er gode? Korleis finne dei og redde dei?






Heldigvis fann eg ei kosebok å lese etterpå!
"Å bake kaker i Kigali" er ei bok som gir innblikk i ei verd som er framand for meg, eksotisk på mange måtar. Handlinga foregår i Kigali, ein by i Rwanda. Hovudpersonen Angel bur saman med mann og barnebarna ho har måtte ta seg av etter at barna hennar døydde. Det er krig, sjukdom, venskap og problem, den er lettlest og utmerka ferielektyre. Boka er herved anbefalt!