Vått ute! |
Mamma og pappa for 60 år sidan |
Det har vore sol og regn, resten av familien har vore på toppturar, eg har rusla litt rundt i vårlandet. Sett snøklokker og snøsmelting. Vi har treft familie, vi har ete godt(veldig godt!) og mykje. Eg har lese den siste ferdig bok 4 i Napoliserien til Elena Ferrante, eg har stort sett lese dei på engelsk, og er klar for å lese dei på nytt på norsk om ei stund. I påska må ein lese krim også, og eg har lese "Kureren" av Kjell Ola Dahl. Den har vunne både Bragepris og Rivertonprisen, og kan anbefalast!
Og denne utsikta reiste vi frå... |
Det er likevel ikkje til å stikke under ein stol at det er godt å kome heim att! Til mi seng, mitt kjøkkenbord og knekkebrød med ost. Gulrot i matpakka og råkost til middagen. Rutiner og kvardag er godt!
I kveld skulle mannen bort, og junior er på konsert, så jammen vart det heimeåleinefest for mor! Som eg vill og gal har brukt til å vaske klær og bake knekkebrød og brød... Eg har brukt opp ryggen no, og har difor landa i sofaen. Eg har ei bok som ventar på meg; "De fem årstidene" av Gaute Heivold. Eg starta så vidt i går kveld, og gler meg på fortsettelsen!
Fritid
Fritid? Ja vel.
Og resten av tida
kva heiter den?
Einar Økland
Er det ikkje fint? Kva er fritid? Kva er den andre tida? Av og til tenkjer eg at fritid er å ligge i sola og lese, andre gonger er det å ha fri til å bake, eller rydde eller kunne gå på kafe. Lese avisa og drikke te, andre gonger rydde i eit skap eller sjå fjernsyn.
No skal eg ha fritid og lese litt, og kanskje prøvesmake det nystekte brødet. Ha ei god veke med fritid til det du treng!
Virkar som dokke har fått fyllt opp tida med mange herlige minner.
SvarSlettHa ei fin veke vidare!
Snart helg igjen ;-)
Ei fin påske med masse innhald!
SlettGod veke til deg!
Ja, hva er fritid? Hm.. for meg er det nok den tiden jeg har som er disponibel til å gjøre det jeg velger å gjøre. Tid med klar hjerne der jeg kan gjøre både óg og slipper å prioritere strengt.
SvarSlettØnsker deg en god uke, og helg!
God helg til deg også! Min har allerede startet, siden jeg har fri i morra:) Da blir det fritid, og har mange planer...så må nok prioritere!
Slett