søndag 25. mai 2014

Forsommar

Eg har gått rundt i Oslo, forsommar-Oslo, i kveld! Eg har lukta på syrin, sett vaktskifte på slottet, lukta meir syrin, berre rusla rundt.
Eg har tatt bilder som ein vaskeekte turist, berre sjå!

Er  det Soria Moria i det fjerne?

Syrin i lange baner





lørdag 24. mai 2014

Vekestart veke 22

Eg er litt tidleg ute denne gongen, men eg er så ofte litt seint ute elles, så reknar med at det går bra om vekestarten kjem på laurdag?
Grunnen til denne meir-enn-presise vekestarten er ein Oslo-jobb-tur. Lenge sidan sist no(her står det meir om Hybelliv som eg levde i haust),  det er ikkje noko eg saknar, men eit par dagar skal bli fint. Eg skal bu på hotell, ha tid til å gå rundt og å treffe kjente. Rykta seier at det er syrin i full blomst i Oslo no, og eg skal mimre litt til studietid om våren i Tigerstaden, men denne gongen utan eksamenstroll på skuldra. Og eg skal jobbe, lære, spørre kloke spørsmål og kome heim med kunnskap som skal delast med kollegaene mine.
Ugras i skumringa kan vere fint

Det er vår ute, det er lyse kveldar, det er lyst midt på natta, fuglane syng døgnet rundt! Det spirar og gror i grønsakshagen min, eg lukar vekk skavlderkål og tynner der det er sådd for tett. Det er sådd for tett… og det er frykteleg vanskeleg å ta opp fine spirar av gulrot og salat, men det må til. Eg fyller i kompostdunken, og er spent på når den blir varm. Eg er ny på fagfeltet og googlar og les meg opp, for å få den igang. Det er heilt merkeleg kor spennande det er med varmkompost, og kor engasjert alle blir :)
Det har vore sommartemperaturar siste veka, varmt om natta og varmt på morgonen, varmt inne og eit sug etter å kome seg heim og fyre på grillen. All erfaring fra 20 år i Trøndelag seier at ein må nyte varmen når den er der, for den kan vere borte før du får sukk for deg!!!

Kompostdunken 

















Gler meg veldig til å kunne gå ut og plukke frå kjøkkenhagen!!!

Vekas dikt er skrive av Hans Børli og heiter Junikveld. Det er ikkje juni riktig enno, men det han beskriv kunne godt vore frå ein av dei fine maikveldane i har hatt siste veka.

Junikveld


Vi sitter i slørblå junikveld
og svaler oss ute på trammen.

Og alt vi ser har dobbelt liv,

fordi vi sanser det sammen.

Se - skogsjøen ligger og skinner rødt

av sunkne solefalls-riker.

Og blankt som en ting av gammelt sølv

er skriket som lommen skriker.

Og heggen ved grinda brenner så stilt

av nykveikte blomsterkvaster.

Nå skjelver de kvitt i et pust av vind,

- det er som om noe haster...

Å, flytt deg nærmere inn til meg

her på kjøkkentrammen!

Den er så svimlende kort den stund


vi mennesker er sammen

Hans Børli


Ønskjer deg ei strålande veke, og kanskje bloggar eg litt frå Oslo!!

søndag 18. mai 2014

Vekestart veke 21

Vel blåst med 17.mai, ein får ein fin dag om plena er langvokst, bunaden heng i skapet og mangel på eggesalat! Ein får ein strålande dag når ein har sol, kaker, tog, is og godt selskap.

No er eg klar for ny veke, idag har eg lada batteria med sol, grilling, vaflar ute i hagen hos søster og ein liten høneblund i solstolen.

Mannen abonnerar på "Dag og tid", som er ei nynorsk vekeavis. Der er det eiga diktspalte, det er stas for bloggarar med diktspalte nesten kvar veke. No sist sto følgande dikt av Andre Bjerke, omtala og anbefalt av Jan Erik Vold. Bjerke er sørgeleg lite representert på bloggen. Det tenkjer eg gjere noko med idag. Kjerringa mot strømmen er ofte brukt som skjellsord, men kanskje har ho noko å lære oss, kanskje bør ho vere eit forbilde? Det var dame som sto for det ho meinte, og ho snudde ikkje kappa etter vinden :) Og i desse grunnlovsjubileumsdagar er det vel slike som ho som har vore med å forma livet, landet og lovene. Hurra for kjerringa!!!

KJERRINGA MOT STRØMMEN


I denne tid da frihet aktes lite,
kan det for nordmenn være godt å vite

at vi har fostret her på hjemlig mark
en frihetshelgen, større enn Jeanne d'Arc.

Hun var av dem hvis nese det er ben i,
for hun var født prinsipielt uenig.

Hun har - fordi hun var så vrang og vrien -
fått evig plass i folkepoesien.

Og sjelden var en dame som fikk plass i
et eventyr, så eventyrlig trassig!

Hun lot seg ikke engang overmanne
da hun ble holdt med hodet under vannet.

Da var det bare stemmen vannet kvalte.
For hun stakk hånden opp. Og hånden talte!

To fingre dannet klippende en saks.
Så drev hun opp mot strømmen som en laks.

Og over fossen lå hun samme aften
i suveren protest mot tyngdekraften.

Hun holdt på sitt. Hun var den bedre del
av det vi kaller Norges folkesjel.

Hun er vår adel, hun er frihetsdrømmen
hvis norske navn er: Kjerringa mot strømmen.

Hun er av dem jeg gjerne skulle kjenne.

Det beste i oss er i slekt med henne.

Ha ei strålande veke, her er det meldt fint vær og varme, dagane skal nyttast mest mogeleg ute. Junior#2 som har eksamen i morgen planlegg å sløve i skyggen(og sola) resten av veka, det får vi tru er han vel undt! 
Eg slit litt med å finne illustrasjonsfoto idag, men her
er iallfall rennande vatn!

fredag 16. mai 2014

17.mai i gamle dagar(då eg var ung)

Eg var i ferd med å skrive eit innlegg om alt eg ikkje har gjort, men det er det så mange andre som har skrive, og dei har stort sett likevel gjort det eg ikkje har gjort. Vaska badet, rydda gangen, laga fint pynta kaker, stryke bunadsskjorter etc. Eg skal heller ikkje skrive om at bunaden ikkje passar(det ville blitt berre sure miner), at plena ikkje er slått, at flagga ikkje er nystrokne eller at bilen er skitten(det gjer ikkje så mykje, for vi skal gå til byen likevel)

Men eg skal skrive litt om 17.mai slik eg huskar den som lita. For det er rart kva som festar seg!
Min aller første 17.mai. Den huskar eg ikkje så mykje frå.

Noko av det første eg huskar, er å stå på verandaen når lastebilen(snutebilen til Einar) kom kjørande med korpset sittande på benkar på lasteplanet. Eg må vere frykteleg gamal, for noko slikt har då vel vore heilt forbudt i mange år? Korpset heime hadde medlemmar frå mange bygder, og dei køyrde rundt med lastebil frå bygd til bygd og gjekk i tog sikkert 5 stader før dei kom til skulen heime. Korpsliv er ikkje for pyser! Det var iallfall slik at når dei køyrde forbi oss, var feiringa snart i gong.
At korpset skulle så mange plassar, gjorde at feiringa starta ganske seint. Då rakk eg sjå masse på tv, som betyr NRK, for det var den einaste kanalen den gongen, og hadde full oversikt over Sonja sine hattar og kåper, samt været i det ganske land. Det var stas å sitte framfor tv´n og vente, men eg meiner å huske at mamma ikkje hadde tid til å sitte i ro! Det var alltid noko meir å gjere, ein flekk å fjerne, eit flagg som skulle glattast over med strykejernet og ei 17.mai-blåse som ikkje virka. Det var forresten ikkje lov å blåse med fløyter inne, for då vart det regn! Eg trur eg var veldig lovlydig, for det var ALLTID sol såvidt eg huskar.
Det var også stas å få på finkleda, enten det var bunad eller ny kjole. Huskar særleg eit flott kappeskjørt  i ca 1980, og gleda over nye sko(som naturlegvis var vonde å gå i tog med)

Eg minnes potetløp og eggeløp, men ikkje ein einaste premie. Eg huskar rebusløp der alle var med, og vi skulle gjette avstanden til Hestholmen, eller kor mange Twist som var i eit glas, den som vann fekk glaset. Huskar ingen premiar der heller…

Eg huskar opptreden under festen, pugging av tekst og problem med å få kostymet utanpå finstasen. Særleg huskar eg frå tredje klasse, då vi framførte eit eller anna om Henrik Wergeland, min tekst starta med: "Då Henrik kom til Oslo, eller Kristiania som byen heitte den gongen".
Sløyfer i håret og bunad! 1971?

Eg huskar alle som var der, vurderinga av talaren mellom dei vaksne, dei vaksne som satt ute i sola og drakk kaffe og åt is, samtidig som dei røkte, for det gjorde nesten alle den gongen, slik eg huskar det. At dei vaksne var med på sekkeløp og tautrekking. Eg huskar at alle gjekk i same tog, rett etter korpset kom skulen, men så gjekk alle andre saman bak der, det var ikkje så mange som sto og såg på.

Etter over 20 år i Trondheim, byrjar tradisjonane å sette seg her og, sjølv om det er ei stadig endring.Vi har hatt våre år med vennefrukost, før det var år med flaggheising på skulen før barnetoget, kaker og is, fiskedam og loddsalg på skulen, før vi no er tilbake til grilling på ettermiddag. Men alltid ned til byen, ete is, treffe kjente, fryse litt medan ein ser på toget, angre på skovalg og jakkevalg.
Det er stadig endring, i år er siste året med barn i grunnskulen, heldigvis vil han gå i tog, slik at eg har nokon å vinke til.

Kjenner eg gler meg til dagen! Det er spesielt med Grunnlovsfeiringa i år. Naturen er grøn, frisk og ung, vi er klare for ein ny start saman med dei gamle tradisjonane!
Hurra for dagen og landet og folket!





tirsdag 13. mai 2014

Når mor er pinleg!

Korleis går det eigentleg med utelivet? Altså eit anna uteliv enn når eg steller kjøkkenhage og kompostbinge. Hadde ikkje eg uttalte planer om minst eit kulturarrangement i månaden? (Du kan lese meir om dette her Kulturåret og utelivsdama , som er ei veldig misvisande overskrift, men som har gitt frykteleg mange besøk på bloggen!)

Vel… det er rart med det, enkelte ting glipp litt… Mars gjekk i ei fart utan at eg fekk fyllt på kulturkontoen. Men med eit nødskrik rakk eg det i april, eg vart invitert på konsert med koret ei venninne syng i. Det var riktig bra! Og kombinert med ut å gå ut og ete saman med finfine damer etterpå, var det jo veldig godt for både kropp og sinn!

I mai har eg allereie(allereie?! vi er snart halvvegs) vore på ein konsert, men det var vel knappast mi forteneste… Mannen bestilte billettar til seg og tenåringane på konsert med det eg forstår er ei gitarlegende av dei sjeldne. Denne gitarlegenda skulle kome på Jazzfesten i Trondheim, og eg tenkte at eg kunne jo få ein stille kveld i heimen(kjøpe det potetgullet eg likar best, ikkje dele med nokon, sjå det eg ville på tv etc). Men så viser det seg at junior#1 ikkje hadde planer om å gå på konsert, han hadde derimot eigne planer(note to self: guten er snart 18 år, det er normalt å ha eigne planer i helgene, foreldra må berre lære) Då hadde vi brått ein billett til overs, som eg fekk gleda av!


Og eg er ikkje ukjent med gitar, på det glade åttital lånte eg gitar og "Lillebjørns gitarbok" frå storesøster, og lærte meg "Lille,vakre Anna" heilt sjøl. Eg kan den enno, for eg prøvde stadig lære meir, men kom aldri lenger på grunn av manglande øving, så den er på sett og vis overlært, trur eg! (eg prøvde å lære meg å spele trompet også, men det stoppa heilt opp, før eg hadde lært meg ein einaste sang, eg fekk knapt lyd i den) Og eg deler jo hus med flerie gitaristar(og gitarar), så eg veit at det er mange finesser eg ikkje forstår meg på.

Gitarkoffert i motlys




Det var vel ikkje dagens høgdepunkt for junior#2, som sto saman med kompisen, då eg i køa inn til konsertlokalet spurte kven vi skulle høre…. "Mamma!!!(les med oppgitt stemme) "du burde vite kæm vi ska på konsert med!" Men tålmodig forklarte dei både kva artisten heitte, at han er gitarist, kva gruppa heitte, kvifor han er ei legende etc etc. Så då konserten byrja var eg meir på trygg grunn!

Det var slett ikkje ille, sjølv om eg forsto eg ikkje kunne konkurrere med blodfansen som sto rundt meg på alle kantar. Dei fleste andre kjente jo igjen stykka som vart spela, og jubla ekstra når det eg etterkvart tolka som høgdepunkt kom. Eg kjente kun igjen det stykket som mannen har spela på gitar, og eg vil nok seie at legenda var hakket betre, men han hadde jo eit band å støtte seg på, mannen har berre meg som støttande publikum.


Når eg er på slike konsertar, der eg ikkje kjenner artisten, eller musikken eller historiene, syns eg av og til det blir litt kjedeleg. Det hender jazzkonsertar blir litt vel frie, utan melodi eller gjenkjenning, og eg blir litt uroleg, byrjar lure på om eg skal gå og kjøpe litt drikke eller gå på do. Men dette var ein bra konsert på den måten, det var sitteplassar og eg likte musikken(ikkje var den så høg heller, for det likar ikkje damer med nedsett hørsel) Men det er fasinerande å lese anmelding i avisa dagen etter, for det journalisten meiner noko om, er ofte på ein annan planet enn meg! Javel, var starten litt trå? Eller ukonsentrert bassist? Journalistane stiller nok meir førebudd enn meg!





(Og sånn apropos at mor er pinleg; då eg vandra rundt i huset på jakt etter gitarar å ta bilete av, var eg innom junior#1 og prata i veg, før eg oppdaga at han var på skype med ein kompis… Like greit å fordele flauheita jamnt over avkommet!)

søndag 11. mai 2014

Vekestart veke 20

Dagar kjem og dagar går. Eg har stadige planer om ting eg skal gjere, men som blir litt borte i det som må gjerast for å få kvardagen til å gli, slikt som matlaging, klesvask, møter og dessverre ting som tv og data. Men ein ting har eg fått gjort i år, og det er å lage ein slags kjøkkenhage! Stjerne i margen!

Igår var mannen og eg på den nyåpna Felleskjøpsbutikken rett ved jobben min, og der fann vi mykje meir enn berre plantejord som eg skulle ha :)
Ekte trønderfe, med bart!

Og plutseleg måtte eg ha sko til hagearbeidet! Det forstår vel alle som kjenner mi skodille?


Vel heime igjen fylte eg jord og gjødsel i plantekassene, og fekk ut plantene eg har sådd inne, så no er det berre å krysse fingrane for at det ikkje kjem fleire frostnetter før dei har slått kraftig rot ute. Eg har eit klart bilete i mitt indre om korleis det skal bli, bugnande av salat og gulrot og krydderurter. Eg kjem til å ha lyst å luke ugras kvar ein dag og tenåringane vil elske heimdyrka grønsaker! Dette er inga sak, nei :) Vi får sjå…enno er eg optimist. Eg har ikkje sådd reddik iår, for kva brukar ein eigentleg reddik til? Bortsett frå at den gler eit gartnarhjerte med alltid å vokse fort og gi god avling?

Må kjøpe meir jord, vart ikkje nok til begge kassene.

Sukkerertene ventar på klatrestativ, det skal bli, snart

Men rødbeter skal eg så, og eg skal sette potet. Heilt sjølhushald blir det ikkje, men litt luksus må villabønder unne seg. Dei mest tandre plantene får stå inne enno, vel, basilikum må vel stå inne heile sommaren i Trøndelag, heilt middelhavsklima er det ikkje her.

Då eg var vel ferdig med å ordne alt dette igår, tråkka eg like godt saftig over med eine foten, så det var godt det regna idag, slik at eg slapp vatne. Eg går litt sakte med den eine foten, særleg i trapper, men eg er mykje betre enn i går, så eg får tru eg er klar når eg skal montere kompostbinge i løpet av veka! For villabonden må ha tilgang på god jord!

Etter alt dette grønne snakket, passar det godt med eit dikt av Inger Hagerup:

Lille persille

Lille Persille i hagen står

lysegrønn kjole og krusete hår.

Hvorfor så stille,

lille Persille?

Kanskje du ville

på ball i år?


Ha ei strålande vårveke, og hurra for 17.mai!!!
Eg ser fram mot ein roleg 17.mai; ingen som skal møte tidleg på skulen, ingen potetløp som skal organiserast, berre nokre skjorter som treng stryking og kanskje nokre flekkar som må fjernast frå dressen. Vi skal sjå på tog, ete is og kaker der vi alltid går, treffe kjentfolk, og kanskje vi iår er klar for grilling på kvelden? 

søndag 4. mai 2014

Vekestart veke 19

Vi har vore ein svipptur til Romsdalen igjen. Vi reiste frå Trondheim i snø/slaps/regn/sludd og eg såg på ingen måte fram til kjøreturen. Men på mystisk vis var vegane heilt fine, og yngste junior som var aleine med foreldra i helga, har øvelseskjørt mil etter mil som han har ført nøye opp på skjema for å bevitne kjøretrening. Eg har (nesten) ikkje bitt naglar eller ropt høgt.

Det sure været fortsette heilt til i dag, det har vore kald, vind og rikeleg med nedbør. Typisk innevær, og svigerfar har passa på at omnen har halde seg varm.

Men, og dette er merkeleg, når eg ser på bileta eg har tatt, er det stort sett fint vær! Dei fleste er naturlegvis tatt idag, med blikkstille fjord, snø på fjelltoppane og grøne lier. Det er så ein nesten byrjar synge "No livnar det i lundar, no lauvast det i li" og Ja, vi elsker"! Men nokre gråværsrealitetar har eg greid å fange, og presenterer litt av begge deler.

Vekas ord er av Jan-Magnus Bruheim, dei står på ei bærenett eg fekk av svigermor:
Gode ord for ei ny veke!








Og ein vestlandstur er ikkje fullkomen utan ein fergetur.


lørdag 3. mai 2014

Øvelseskjøring, vitnemål frå baksetet

Tittelen kunne og vore "Mitt liv som baksetesjåfør", sidan eg lenge har vore (lett?) pyse og overlete den ansvarlege plassen til mannen. Så eg har dei siste månadene sitte mykje i baksetet, for med to soner som øvelseskjører, blir det lite tid ved rattet for mor! Alltid ein villeg sjåfør å oppdrive! Og som minstemann, slik høgdemessig, er det vel rett og rimeleg at eg sitt bakerst?

Eg har kome meg, forresten, i starten ville eg slett ikkje ha ansvaret når dei søte små sette seg bak rattet. Helst ville eg ikkje sitte på heller(jada, bittelitt pysete mamma!) Men etter fleire turar som ansvarleg bisittar, klarer eg no framstå som relativt avslappa(det kan finnast ulike meiningar om dette i familien. Eldste junior peika på at det neppe hjalp at eg bremsa, når det var han som hadde pedalane…. Og det kan han jo meine, eg tenkjer at det skader ikkje å prøve, kanskje ein kan redusere farta på bilen med tankeoverføring?) Eg skrik ikkje lenger høgt om grøftekantar som nærmar seg, fotgjangarar som står i vegkanten eller møtande bil. Eg er ganske kontrollert i stemma når eg foreslår å bremse ned før sving, sjekke dødvinkel ved filskifte og velge riktig fart i tettbygde strøk.
Konsentrert baksetesjåfør
Forresten har lillebror endra strategi også, då broren byrja med øvelseskjøring, sette lillebror seg tungt inn i baksetet og sa med dyster rørt :"vi kommer til å dø!" Men etter at han sjølv fylte 16 år, har pipa fått ein annan lyd! Han vil gjerne kjøre, og då må han også godta passasjerar.
Eg fekk forresten eit spørsmål om det er lov med passasjerar, og fann dette svaret på Trafikalt grunnkurs:
"Det er ingen restriksjoner på hvor det er lov å øvelseskjøre. Det er likevel viktig at det taes hensyn til kandidatens nivå. Det er heller ingen begrensninger på antall passasjerer - likevel er det igjen viktig å ta hensyn til kandidatens nivå. Øvelseskjøring innebærer en viss risiko. Tilpass derfor antall passasjerer og kjøreruten etter nivået."
Men som det står her, tilpass etter erfaring og nivå(og det skadar ikkje at dei som sitt på veit å oppføre seg!)

Det blir snakka om at det er færre som tek "lappen" no, og det er det sikkert fleire grunnar til. Det er dyrt, det er ikkje miljøvenneg å kjøre bil etc. Når ein bur ein i by, som oss, går det mange bussar og det er relativt korte avstandar. Samtidig blir det ein del kjøring og henting, og som beskrive i #morstutogkjør har det ofte vore full ordrebok. Det kan bli fint for både mor og barn å sleppe taket litt(for mor altså). Vi foreldre er dessutan vakse opp i meir grisgrente strøk, og bussen gjekk omtrent like ofte som det var måneformørking, iallfall på kveldstid, og då var lappen eit must!

Når ungane først vil ha lappen, tenkjer eg at vi som foreldre har ansvar til å hjelpe dei, slik at dei får kjøretrening og blir tryggare sjåførar. Så eg øver pusteteknikk og stemmebruk, og tek oftare og oftare passasjersetet framme og seier "Kvar skal vi kjøre?"
Bilde lånt frå NAF-butikken

Konklusjon? Det er godt eg har mannen som har tatt grovarbeidet i opplæringa, gutta boys blir betre og betre på bilkjøring og mor er ikkje så tøff som ho gjerne vil vere!

Om eg har tid å bruke på blogging ein laurdag formiddag? Ja, ute snør og regnar det loddrett/vassrett/oppover/nedover og bles kald vind! Eg skal kanskje kle på meg og gå ein tur etterpå, kanskje, men no er det godt inne i varmen.





torsdag 1. mai 2014

No passar det ikkje så godt med snø lenger!

Eg hadde eit optimistisk innlegg i mars om Når passar det med snø?
Eg har, litt ufrivilleg, drive forskning dei siste dagane, og eg har konklusjonen klar: eg syns ikkje det passar med snø i april/mai.
30.april

Tidlegtidleg igår morgon hadde eg lova å kjøre junior til flyplassen. Han skulle på skuletur for å lære meir språk før eksamen. Som den gode mor eg er, ville eg uansett stå opp når guten skulle reise tidleg(og skulle han tatt flybussen, måtte eg ha stått opp enno tidlegare…) Mannen kommenterte at det låg noko kvitt på taket, men i morgonørske tenkte eg ikkje så hardt på det. Vi kom oss i bilen. Junior fekk ikkje sitte bak rattet, sjåføren bør vere vak og opplagt!
Ut på den store vegen, og vi møtte VEGGEN, snøværveggen. Godt vi hadde god tid, for vegen var slapsete og takk og pris har vi ikkje skifta til sommardekk! Først skal dei tøffe kjøre forbi, men etterkvart la folk seg fint i kø.
Vi nådde fram, i rett tid, junior ville helst ikkje følgast inn for å møte klassa, mor køyrde tilbake til byen.  Bilen før meg hadde sommardekk, og dansa litt hit og dit, så etterkvart tok vi det riktig roleg på sledeføret. Lell stempla eg inn på jobb klokka sju!

Men no er det nok snø for i år!
Og ute dalar snøen idag også, første mai…

God langhelg!!
(det var forresten likedan i fjor, då hadde vi konfirmasjon denne helga, og det snødde dagen før….Men den store dagen var det sol og kaldt)