torsdag 18. mai 2023
Mat og smak og minner
Dette er eit slags reisebrev. Berre litt forsinka, sidan det fortel om ein tur til New York i februar 2007
Vi var i Bostonfor å besøke lillesøster med familie, for dei budde der då. Vi tok samtidig eit tur til New York. Særleg for å komme til Ellis Island, for å sjå kvar mine besteforledre kom i land i 1917 -nygifte og på veg til ein gard i Nord-Dakota, der dei budde nokre år før dei flytta tilbake til Norge.
Men altså, vi var i New Yprk. Litt stprøgde. Budde på eit billeg, skranglete hotell rett ved Broadway. 24.etasje. Mannen var kjapt ute med å finne nødutgangane. Fekk nesten ikkje sove fordi aircondition bråka, og var umuleg å slå av, samtidig som varmen sto på for fullt. Heller ikkje mogeleg å skru av. Ut vinduet såg vi til ei kvar tid uendeleg mange politibilar, truleg klare for ei biljakt av typen amerikansk film.
Men vi måtte ha mat! Ungane hadde jetlag, særleg han som no har levert mastergrad og har reist mykje meir enn han hadde i 2007. Altså måtte vi ha mat som var enkel å ete, og lett å kjenne.
Rett ved hotellet låg ein italiensk restaurant. Ein italiensk restaurant så italiensk at eg framleis er sikker på at dei karane som sat i svart dress ved bordet innerst inne, var ein del av mafiaen! Eg har sett «Sopranos», eg veit korleis mafiaen kan sjå ut!
Den raudhåra kelneren (sikkert irsk) hjalp oss gjennom menyen, og ungane bestilte pizza. Kva mannen bestilte, huskar eg ikkje.
Men eg bestilte kylling, med grønsaker. Og fekk stekt kyllingbryst med rødbeter! Rødbeter!? Alle rødbeter eg hadde fått servert til då, hadde vore sylta med eddik. Servert på leverpostei. Med majones. Eg kunne ikkje tru at det var så godt til kylling. Men desse rødbetskivene var bakt, med olje og krydder og smakte noko heilt anna! Dei var svært gode til kyllingen.
Og akkurat det ar eg laga i dag. Bakte rødbetskiver til stekt kyllingbryst. Og hatt ein liten tur inn i minnebanken. Tilbake til trøtte ungar, ein storby større enn alt anna eg hadde besøkt, (kanskje) mafia på nabobordet, ny mat og kald februarkveld utanfor.
(og litt artig, junior orka ikkje ete opp maten sin. Kelneren som på amerikansk vis fulgte kundane godt opp, tilbydde seg å gå ut på kjøkkenet og klage på pizzaen, sidan den ikkje hadde falle i smak. Han slapp det, og vi fekk vårt første møte med «doggy bag» og pizzaen var frukost neste dag.
Abonner på:
Innlegg (Atom)