Viser innlegg med etiketten skitur. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten skitur. Vis alle innlegg

lørdag 21. mars 2020

Skitur i coronaens tid

Eg har vore på skitur idag.
Det er altså det finaste været, sol, ny snø, fin temperatur, skyfri himmel idag.
Og corona og "hele Norge stenger" og dugnad og idet store og det heile har det vore ei veke heime og stort sett inne, slik vi alle skal vere. Med mannen og meg med heimekontor i kvar vår etasje. Inneliv på kveldstid. Eg har vore forkjøla og har hatt heimekontor av den grunn, dei kunne nok hatt nytte av meg på jobb. Det får bli neste veke.

Men altså idag. Ikkje heimekontor, god tid og vi planla skitur.



Det var det ikkje berre vi som gjorde. Alle trong sol og lys og aktivitet!
Eg syns dei fleste var flinke til å halde avstand, få som stoppa for å prate. Nokre få såg ut som dei helst ville ha løypene for seg sjølv, og gjekk lange omvegar rundt meg. Mest var det smil! Det var ungar som gjekk nye vegar over myrene, bål og pølser, små som sov i pulk, folk som stressa og folk som arbeidde med påskefargen.


Og eg, som fekk ein lang runde på ski, medan mannen fotograferte snøkrystallar i sol.




tirsdag 3. desember 2019

Desembersnø

Igår hadde eg sesongens første skitur! Det byrja å snø på fredag, men helga var full av program, så det var først idag eg rakk ut.


Det tok litt tid å finne fram ski, skistavar og skisko. Men altså: HURRA for ski med faste feller! Det var berre å legge avgarde. Lite løype enno, men det var lys i lysløypa.


Stemningsfullt med skitur i mørkret!


No håpar eg berre at værvarslet tek feil, så det ikkje blir regn og 8 grader i morgon....

onsdag 24. april 2019

Takk for turen!

Idag var eg i skogen, og såg etter skiløypene. Det kunne jo vere at det var nok snø til ski?! Men eg var såpass realistisk at eg hadde ikkje med meg ski.
Ei veke med 20 varmegrader og sol hadde virka. Det var stort sett bart, berre litt slush-aktig snø og tett med kvistar og barnåler...
Det var supert å gå, med terrengsko og gåstavar. Ingen fare for ikkje å bli svett i motbakkane på den måten heller.

Motbakkesliten. Uten ski.




Det er fint med ski i mørkret også 


Solskinn eller snøvær, fint på kvar sin måte 



Men det er litt vedmodig! Eg har hatt så mange, fine, gode skiturar i vinter. Eg har tenkt lange tankar, gått av meg frustrasjonar, gått av meg jobbutfordringar(det har vore mange skiturar med det som årsak i vinter) eg har sett naturen, høyrt på skogens ro og kjent den krype inn i meg. Eg har gått meg svett, angra på at eg valgte den lengste runden, jubla når eg har gjort unna dei verste motbakkane, gledd meg over nedoverbakkane(nesten kvar gong) Sendt gode tankar til dei som rydder løyper og køyrer spor, det er lite som er meir luksus enn å legge ut på tur i nye spor -særleg når eg er førstemann. Eg har gledd meg over at eg slo til og kjøpte felleski hausten 2017, det har gjort skilivet mykje lettare.
Her gjekk eg på ski for 8 dagar sidan...

No er vinteren over! Eg tenkjer at det kjem kanskje ein vinter til, med snø og kulde, også i år. Sjøl om det er vanskeleg å sjå for seg der eg gjekk i våt myr eller mellom kvitveistuene i skogen idag. Men uansett er nok skisesongen over. Så takk for turen! Vinteren er god å ha!

tirsdag 19. mars 2019

Ein gong til? Please!

Som mor har eg fått spørsmålet, "Berre ein gong til? Vær så snill??? Berre ein altså!" Gjerne med verdas største og søtaste Bambiauger som følge. Det kan vere ein tur til i sklia, ein tur til med karusellen (med 30 minutt ventetid...) berre eit kapittel til frå Harry Potter-boka før leggetid (eg har lese ALLE sju bøkene høgt til kveldsmaten, det er ikkje få sider)

Nesten berre mine spor!






Eg tenkte det i dag då eg var i skogen. "Ein skitur til? Det må vere lov å spørre om ein til?" Eg prøvar å bruke opp ein del fleksitid på jobb, for fleksitid kan ein ikkje ta med dersom ein skulle finne på å bytte jobb, og det fører til skitur i sol og dagslys. Idag var det berre SÅ fint! Eg fekk lyst å sende bilder og film i alle kanalar, til alle som satt inne og jobba, alle som går på skule, alle. Eg prøvde å begrense meg, men er redd nokre syns eg ikkje begrensa meg nok.
Eg har ein favoritt-app på telefonene, særleg på vinteren, det er skisporet.no. Der kan du følge løypemaskinene i sanntid, og sjå kvar det er køyrt løype og kvar maskina er. Eg satt og fulgte med og la ei plan før eg stakk til skogs. Eg skulle først gå dit, så over der, tvers over den myra, rundt ved skyttarhuset, opp dit osv.


Overskrifter på nettet og i papiraviser er at "NÅ kommer våren". Då eg var ute i dag, tenkte eg "Ein skitur til, please?" (eller mange, var det vel eg tenkte) Det var så fint! Sola varma, det var nye spor, innimellom så nye at eg var den første som gjekk der, sola blinka i snøen utover myrene. Det var lite folk, om ein ser vekk får desse godt vaksne som ser ut som dei går veldig sakte, men som er umuleg å halde følge med, dei som berre kjører rett ned bakkane, og som er tilbake frå det innerste, øverste punktet i marka når eg spenner på meg skiene på parkeringsplassen. "Nei, det vart no ein tur i dag også", seier dei når eg spør. Det er dei samme som ser på meg og seier det er fint at også vi unge bruker marka. Eg likar dei!

Eg hadde ein så fin tur, eg vil ha fleire!


(Eg kan strekke meg til å seie at det er greit med vår rundt huset, kanskje kunne finne fram ein stol og sitte litt ute i sola med ein tekopp, kanskje ta i bruk bålpanna eg fekk til jul. Men i marka? Der vil eg ha nokre fleire skiturar!)

fredag 1. mars 2019

Skiføre!

Det kom snø. Det vart snø i marka. Det vart køyrt løyper.

Oh lukke!!!
Etter jobb var eg kjapt heimom, skifta, tok med ski og stakk i marka.


Ei humpete veke på jobb. Det har vore møter, diskusjonar, forvirring, sinne, godt kollegaskap og vanleg jobb. Det er slitsomt, men snart fell dommen. Det krever si kvinne å stå i dette. Men det er ikkje noko val akkurat no. Nokon andre vel for meg at eg må endre jobbkurs, heilt utan at eg blir spurt. Eg må henge på...eg les stillingsannonser, skriv søknader, lurer på om jobben kan bli redda i 12.time og kva vil eg då?


Nettopp no og difor er det GULL og GLEDE  å kunne spenne på seg skia! Gå. Motbakkar (eg hatar motbakkar, men det er dei som er best) gode spor og friske nedoverbakkar. Få opp pulsen, kjenne at eg blir sliten og blir svett. Å gå er terapi! Berre prøv!


Nysnø på trea, kan det bli finare??

Og etterpå vart det fredagskveld saman med mannen, god middag, god tid og lave skuldre.


«Tap for all del ikke lysten til å gå: jeg går meg til det daglige velbefinnende hver dag og går fra enhver sykdom; jeg har gått meg til mine beste tanker og jeg kjenner ingen tanke så tung at man ikke kan gå fra den.» 
Søren Kierkegaard

onsdag 2. januar 2019

Årets første skitur

Det er mangt som kan vere årets første, lurer på om ikkje det må bli eit nytt tema på bloggen. Idag kunne det vore time hos fysioterapeuten, fiskemiddag eller handletur, men det som gjeld idag er skitur!

I fjor gjekk eg rekordmange skiturar, og med den "vinteren" vi har no, må ein verkeleg utnytte snøen når den er der. Inntil vidare trur eg det blir vanskeleg å få til like mange turar i år. Eg vakna til kvit bakke og snøvær, og etter nokre ærend hit og dit, fann eg ut at eg berre måtte ut på ski. Lurt, viste det seg, no regnar det.

Levering av forsinka julesnø utanfor kjøkkenglaset



Gjekk ut medan det enno var dagslys. Det var stille i skogen, lite folk og ikkje oppkøyrte løyper. Eg gjekk lysløypa, og medan eg var ute, forsvann dagslyset. Det var litt tungt å gå, med regntung snø, men det tel vel som ekstra god trening? Eit par plassar rann bekken på tvers av løypa...då var det greit eg ikkje hadde særleg fart. Vel tilbake i bilen, var det heilt mørkt.

Stemningsfyllt, stille, god tid, kvalitetstid for meg!

Mørkret kjem stille


(Og til middag hadde vi laks med sitronpeppar og laks med ingefær og chilisaus. Heilt innanfor med fisk til middag etter mange kjøtmiddagar i jula. Det er forresten mykje godt å finne på butikken no, etter langhelg. Eg kikkar bevisst i hyllene med mat som snart går ut på dato, og idag altså salmalaks.)