søndag 25. mars 2018

Veke 12

Det nærmar seg påske!

Denne veka har vore prega av jobb, litt førebuing til påske og litt husarbeid.


På måndag tok eg fram symaskina og reparerte litt klær! 
På tide og altfor lenge sidan sist og det tok kortare tid enn eg trudde...


Tirsdag testa eg ei ny oppskrift på rundstykker. Nam!



På onsdag fekk eg endeleg ein ekstra PC-skjerm på jobb. Det gledes!

Til rundstykka passa det godt med suppe, og i kjøleskapet hadde vi grønkål =grønkålsuppe. Mannen var litt skeptisk, men det smakte godt!


Torsdag pynta eg litt til påske, slik at det skulle vere klart til sonene kom heim på fredag. Det vart berre litt den dagen (og ja, eg veit at det eigentleg ikkje skal pyntast så tidleg, men det er no vi er heime) og det har ikkje vorte noko meir etterpå heller.


 Fredag rakk vi felles middag alle fire før folk skulle vidare på andre avtaler. Enchiladas etter denne oppskrifta blir nok laga fleire gonger.


 Laurdag vart det lang skitur! Litt lenger enn planlagt, som det ofte blir, for kvifor ikkje ta med den sløyfa der også?! Og eg hadde vinterens første fall. Det gjekk bra, det gjekk verst utover verdigheita og humøret.



Idag, søndag, har vi vore på middag hos ein indisk familie. Eg bakte suksessterte som gåve. Og laga påskekylling og påskeegg i marsipan som pynt. Det vart godt, og riktig så mektig! Kyllingane laga eg etter ide herifrå. Og vi fekk chili med sitron, indisk ost (panir) i spinatsaus, egg i curry, ris og yoghurt. Ein slags pudding til dessert. Vi er gode og mette!

Då er det straks klart for ny veke. To og ein halv dag på jobb. Båtpuss for dei andre. Frisørtime. Mat og pakking og avslapping før vi reiser, trur eg. Får sjå kva eg rekk!

Sommartider, hej hej!

Du veit når du vaknar på natta, ser på klokka og tenkjer det er lurt å gå ein tur på do, sidan det er så lenge igjen til du skal opp?

Slik var det i natt. Eg vakna kl 4.50. Det såg eg klart og tydeleg på klokka på armen. Natt til søndag. Igår åt vi lammelår, med alt av tilbehør. Vi år kake og is til dessert. Vi var så mette då vi skulle sjå film etterpå, at vi ikkje orka ete snop. Ei slik natt søv du tungt!
Vi avtala med junior at han skulle vekke oss idag, slik at ein av oss kunne kjøre han -og to ryggsekkar og ski og ein del anna- på toget kl 08.18.

Illustrasjonsfoto av klokka som ikkje har verken sommartid eller vintertid.
Den har vore utan batteri i fleire år.

På veg tilbake til senga, såg eg på mobilen. Då var klokka plutseleg 05.54- Hæ?!

Langt bak i hovudet sviva ein tanke om sommartid. Eg vekte mannen for å stdfeste mistanken om sommartid. Vi  Han vekte junior, skrudde på vekkerklokker og vi  mannen kom oss seg opp i rett tid. Heldigvis er mobilen sjølstillande på sommartid, men det var greit å vere litt førebudd... Junior rakk toget, og eg sov lenge!

tirsdag 20. mars 2018

Tirsdagstulipan

Idag har det skjedd mykje i Norge. Eg skal ikkje dele ut blomster verken hit eller dit, eg håpar berre vi kan få det litt rolegare og saklegare framover. Meir politikk, og mindre polarisering og personangrep.

På kjøkkenøya mi syng dese tulipanane på siste vers. Men jammen er dei fine lell! Det spørs likevel om dei må ut snart, slik at eg ikkje får tulipankrydder i maten...




Og ute snør det.

mandag 19. mars 2018

måndagar, altså

Måndagar altså. Tungt å stå opp, rett tilbake til rutine og kvardag frå ei slapp helg.

Eller...idag har eg hatt fri! Eg har ikkje gjort noko av må-ting. I natt snødde det, og eg veit eg teppebombar nettet med bilder frå skiturar og andre turar. Trøst deg med at snart er vinteren over,  og det blir slutt på skitur-bilda mine (eg skal nok finne andre turar!) Men idag slepp du ikkje unna!

Det var latterleg vakkert i skogen! Nysnø, nykjørte løyper, vakkert, vakkert, vakkert. Og eg var nesten åleine om alt det fine. (Unntatt han stakkars unge faren på skitur, med pulk, som oppdaga at eg var i ferd med å gå frå han. Gammal dame! Nånei, han fekk opp farta og var tøffare enn meg i nedoverbakkane, så han kom først tilbake til parkeringsplassen)







Og innimellom all denne idyllen, kom det nokre snøbyger så ille at eg nesten ikkje såg gjennom brillene... Pyttsann, når det kjem sol igjen etterpå!
Ikveld er eg godsliten i kroppen og har litt vondt i armane.

Etterpå traff eg ei venninne, før vi hadde fiskekaker på brødskiva til middag (vi et framleis av det vi finn i frysaren) Og i kveld har eg reparert ei bukse (som hadde ligge på vent sidan september), lagt opp ei bukse og sydd hemper i ein haug handklær. Det veg litt opp for andre ting som ikkje blir gjort.
Symaskina mi er ein trufast slitar frå tidleg 90tal.
Ikkje så ofte i bruk, men gjer det eg treng den til.

No skal handklea henge godt på kroken på badet!

søndag 18. mars 2018

Ut av komfortsona (eller komfortsporet om du vil)

I haust, den første dagen det var antydning til snø i lufta, kjøpte eg nye ski! Vi snakkar seriøst impulskjøp!
I fjor hadde eg gnagsår heile vinteren, kvar gong eg gjekk på ski, fekk eg såre hælar, enten eg hadde plastra eller ikkje, så iår ville eg ha nye skisko. Og sidan skoa var gamle, måtte eg ha nye bindingar til nye sko (for bindingar til dei gamle skoa er det visst ingen som sel lenger), og då vart det full pakke! Ski, sko, bindingar. Impulskjøpt ein heilt vanleg kvardag.
Eg gjekk på spesialbutikk, og sa at "eg skal ha ski!" Eg vart intervjua og målt og vegd (For tyngde er viktig for spenn og glid og feste, har eg lært. Ikkje lurt å lyge der altså) og eg fekk eit pakketilbod. Ikkje så på tilbod heller... Men altså felleski. Det nye, hippe, som alle har. Og eg var tidleg ute! Eg er SÅ fornøgd! Eg har gått og gått heile vinteren. Eg har kosa meg timevis på tur! Eg har ikkje angra ein gong. Ikkje har eg hatt gnagsår heller, det hjelper på humøret.


Og for ein vinter å kjøpe nye ski! Det har jo kome jamnt påfyll med snø. Løypene har vore preparert og klare nesten kvar dag. Det har vore sol stadig vekk i helgene, og mannen har vore tålmodig og fulgt med på tur.
Det er jo klart artigare å gå på ski med godt utstyr, men det blir endå betre av gode løyper og bra med snø. Is i løypa, særleg i nedoverbakkar, er ikkje noko for meg!









Men å gå inn på ein slik butikk... Eg syns det er litt skummelt! Eg kjenner meg vurdert. "Skal den dama der ha ski? Kvifor trur ho at ho treng slike ski? Kanskje vi skal prøve å finne noko heilt anna til henne? Ho ser ut til å vere ei slik sakte-dame". Og det er eg jo, i forhald til mange, men eg er ofte på tur (og har pengar til brukbart utstyr) og vil ha noko som virkar!

Mykje vil ha meir. Så no er eg der igjen. For eg har lyst på fjellski.


I 1993 kjøpte eg fjellski, med stålkanter. Og sko til, naturlegvis. Trur dei kosta omtrent 3000 kroner. Noko har skjedd i åra etterpå. Ski skal ikkje vere så lange lenger, mine er nesten 2 meter. Fotblada mine har endra seg, så skoa passar ikkje så godt heller. Og det er feller som gjeld her også. Eg har lese om det, kortfell til å legge på og ta av. Og langfell til å gå topptur med. Trur eg kan spare dei pengane inntil vidare. Og breie ski og smale ski, alt etter om du skal kjøre mykje i pudder ned frå dei toppturane. Trur ikkje eg treng så breie ski, enno. 
Så no har eg lyst på nye fjellski. Passe lange, med stålkant, nye sko. Dei skal passe til meg! Eg skal ha ski som passar til mitt bruk. Eg trur ikkje eg kjem til å gå på mange toppturar, men eg vil kunne gå utanfor oppkjørt løype. Og eg må ha noko stødig på tur ned igjen.

Eg må altså på ein slik butikk igjen. Vi prøvde denne veka, men eg er usikker på om dei tok meg på alvor. Då mannen også kom, snakka dei brått berre til han. Forsåvidt greit, for han kan litt meir, men dei kunne vel spurt litt meir kva eg skulle bruke dei til?

Eg må lese litt meir, lære meg nokre proffe ord og ta ein ny tur på skibutikk. For når påska kjem, snøen ligg der og eg har tid, då skal eg på ski!


Veke 11

Ei heilt vanleg veke er over. Om ein ser vekk frå at eg ikkje er tenåringsmor lenger. Skal vi sjå, kva anna har skjedd?


 Eg kikkar ut vinduet på jobb og ser om eg kan sjå våren komme forbi. Den kom ikkje på måndag!


Tirsdag morgon på veg på jobb. Der borte kjem iallfall meir lys! Det har vore så mange fine soldagar i det siste! Sjølv om det her ser mest overskya ut.


På onsdag fyllte denne karen 20 år. Rare greier! Dette bildet er frå då han klipte seg hos far, og sommarklippen brukte vere ganske kort! 

På onsdag hadde vi meir som ein merkedag på middagsfronten også: spekesild! Trur aldri eg har servert det til middag før. Mannen vart lukkeleg, og mett! (og det smakte akkurat så godt som han huska! Det er ikkje verst!) Vi hadde løk, rødbeter, potet og rømme til. Og ein salat av løk, eple og rødbeter i rømme. Må vel melde at eg åt mykje salat... Og vakna natta etter og var tørst!


På torsdag tok eg eit bilde. Truleg ved ein glipp då eg skulle ringe mannen for å bli henta etter eit årsmøte. Mørkt og kaldt og glatt.


 Fredag ettermiddag. Sol inn i stova. Gule blomster. Sol ute. Og snø. Det er meir vår, det er meir dagslys, fuglane syng. Men det tek si tid før snøen er borte, trur eg.


Sakte start på dagen på laurdag. Påskete, fyr i omnen, radio, kryssord. 
Heilt ok start på helga!


Søndag, og det snør litt. Og no er det litt regn også. Og vind, meir enn litt. Perfekt til å sitte inne og fyre, lese, sjå TV (men først var vi på tur!) Det kan vere at våren kjem saman med dette været?!

Vips! No er det snart leggetid. Snart er helga over, ny veke står klar. Jobb, avtalar på kveldane, snart påske. Men eg skal jobbe i "den stille uke" og, så noko ferie står ikkje klar enno. 

Ha ei god veke!

onsdag 14. mars 2018

Ingen ting varer evig!

Idag har eg gjort noko eg har grua meg til! På ein heilt vanleg onsdag, midt i mars, har eg endra teksten i profilen min på bloggen. Eg har endra eit ord. No står det mor, ikkje tenåringsmor.

Fotograf: tante Margrethe

Det fordi begge desse muntre, unge mennene har vorte over 20 år! Eg har ikkje tenåringar lenger. Det er SÅ rart. Eg var førebudd. Dei har jo flytta ut også. Men iår er første gongen minstemann ikkje feirar heime og det samtidig som han fyller 20.

Jaja, livet. Det er slikt som skjer! For 20 år sidan hadde eg ein sint, liten kar som var svolten. Han kom litt etter planlagt tid, heime hadde vi ein liten storebror. Det gjekk i full fart i fleire år. Eg har vore spebarnsmor, småbarnsmor, skulebarnsmor, storbarnsmor og tenåringsmor.

No står det mor i profilen min, og sjølv om eg no slepp både klesvask og matlaging til desse to, slik til dagleg iallfall, heng nok bekymringane i mammahjertet igjen i mange år enno! Eg skal framleis lure på korleis dei har det, slik inni seg. På om dei søv nok, har huska den fristen, om dei trivst, treng nye sko eller et nok fisk. Eg har ingen som ropar på eit glas vatn etter at han har lagt seg. Men kva dei har tenkt å gjere i helga og kven dei er saman med? Kjenner eg venene deira? Kjenner eg foreldra til venene? Eg treng ikkje plukke legoklossar, men har dei søkt sommarjobb og kva skal dei til hausten? Erfaring frå eigen oppvekst, viser at denne fasen vil vare lenge (for meg altså)!

Gratulerer med dagen, junior!
Og så får eg stole på at det meste av lærdom er på plass, og at dei har strøm på mobilen, slik at dei ringer heim om det er noko.

mandag 12. mars 2018

Veke 10

Måndag igjen, på godt og vondt. Mest godt, da. Eg fekk ein liten "oisann" på jobb då eg plutseleg oppdaga at eg hadde kalla inn til eit møte idag, men eg rakk førebu meg, så vi kom i mål :)
Og eg har vore hos fysioterapeut, handla mat, laga kjøttkaker og sove middag. Fordi eg trong det!

Eg prøvar jobbe meg gjennom frysaren med mål om å ete unna ein del! Det er lettare å kjøpe nytt, enn å huske å ta opp mat. Men eg kjem meg! Idag kjøttkaker, fordi eg fann kjøttdeig. Igår kylling med indisk saus, fordi eg fann kylling. Laurdag hadde vi biff, gjett kvifor! Og på fredag åt vi bacalao, av same grunn. Enno er det mange gode middagar, og eg treng berre kjøpe tilbehør. I morgon blir det truleg fiskekaker, ein dag blir det elggryte, eg har meir biff, kylling og ei lammesteik. Den sparer eg til palmehelga, tenkjer eg!

Men sist veke, kva skjedde då, bortsett frå at eg tømmer frysaren?


 Eg har aldri, nokonsinne, gått så mykje på ski som i vinter! Fleire turar kvar veke. Veit forresten ikkje når sist det var så stabil vinter heller. På måndag gjekk vi tur før middag(vi hadde torsk, frå frysaren!), mannen vart med og tok bilde av meg på toppen. 
Det fine med å gå mykje på ski, er at eg har vorte mykje betre kjent i marka, eg har vorte kjappare i oppoverbakkane og mykje tøffare i nedoverbakkane (men framleis livredd for å dette)
Ikkje fullt så sjarmerande er at eg har fått spissa konkurranseinstinktet og blir sur om nokon tar meg igjen! Eg prøvar etter beste evne å halde følge, men det går ikkje så ofte.


 Pausemat på kontoret på tirsdag. Ganske fin å sjå på også!


Litt usikker på om denne bobla er klar for jul(det er juletre på taket) eller påsketur, pga av skia? Sjarmerande er ho iallfall, eg passerer den kvar dag på veg til jobb.


Påskeliljer i krukke er eit must på våren. Og særleg iår, når det er lenge til det blir grønt ute!


 Fredag og sanninga om kontorpausemat må modifiserast litt...Det hender det finns sjokolade også, ikkje berre frukt. Mørk Kvikk-lunsj er for tida min favorittsjokolade!


På laurdag var det skitur. Eg satt på med mannen til Sim, som ligg på motsatt side av marka for oss, og gjekk heilt heim. Tok av skia utanfor huset. Litt grått vær, litt tidleg på dag og eg hadde løypene nesten for meg sjølv det meste av turen.  Ære være dei som er tidleg oppe og kjører nye løyper nesten kvar dag!


På søndag var det sol! Påskestemning! Og vi var på ingen måte åleine i løypene, men det var jammen bra. Sola varma slik at det var heilt innafor å sitte i ei solside og ete kjeks og drikke varm saft. Noko vi heller ikkje var åleine om. Ja til fleire slike dagar!


Måndag

Idag kjente eg brått på ein voldsom lengsel etter sol, varme, å kunne gå i småsko og utan ull. Det ser ikkje ut til å bli med det første. Eg fyrar opp i omnen med ein gong eg står opp. Det er på med vintersko og vinterjakke og ullskjerf før eg skal ut om morgonen.
Til helga kjøpte eg meg påskete og påskeliljer i krukke. Det er snart påske? Igår hadde vi rast i ei solside då vi var på skitur, det er varme i sola! Det går den rette vegen!


 Søndagsfrukost. Med påskeliljer og te.



På veg heim frå jobb idag kjøpte eg ein liten bukett tulipaner. Eg trøystar meg med blomster, og at været iallfall er stabilt, det er ikkje regn og glattis. Det er lenge lyst, sjølv om det snør. Idag igjen.


Og eg trur at når våren først kjem, kjem den brått! Men det er vel lov å drømme om varme, sjøl om ein likar ein stabil vinter!?
Kanskje eg skal finne fram påskedukane mine allereie?

mandag 5. mars 2018

Veke 9

Sist veke var ganske travel, slik eg huskar den. Det var musikarar og studentar innom, og ut igjen. Utlån av bil. Glede og ødelagte håp i samme rom. Fullt hus. Liv til langt på natt, og frå tidleg morgon. Eg var på jobb. Iskaldt ute. Vinter. Helgetur. Vises noko av dette i bilda eg tok?

På måndag laga eg ei stor gryte chili con carne, og etterkvart som huset fyltes av gjestar, hadde eg i meir bønner! Utmerka måte å drøye maten på #husmortriks Studentane sette pris på maten, det var fullt rundt spisebordet og eg gledde meg over livet i heimen (og syns det er godt når det roar seg igjen)

Tirsdag morgon på jobb. Petriskålene er klare til avlesning. Av og til kjennes jobben ut som ein rebus utan kjent svar, andre gonger er det meir rett fram. Uansett ei oppgåve som krever at ein er vak frå morgonen av! Og ordtaket "bedre og bedre dag for dag" gjeld absolutt her. Dette er livslang læring.

Onsdag og venteselfie på jobb.  3 minutt er ikkje lenge, iallfall ikkje lenge nok til å gå og gjere noko anna, men lenge nok til at ein kan leike seg med mobilkamera! (eg har tatt menge selfiar i det siste,  kanskje det må delast?)

Kontorutsikt. Gnistrande kaldt, iallfall til Trondheim å vere. På det meste nesten minus 17. Men når ein sitt inne og ser på sola, så kjem vårkjensla!

På fredag var vi komne til Romsdalen. Her er mitt favorittfjell i kveldsol, men sett frå ein litt annan vinkel enn vanleg. Blir litt poetisk av slike fjell, og byrjar sitere dikt inni meg, "Dei gamle fjell i syningom" , "No ser  eg atter slike fjell" etc.

Laurdag bakte eg ei slags Mor Monsen-kake. Eg bakar skuffekaker så sjeldan at det avgjort bør visast fram på bloggen! Og bakaren har førsteretten til smaksprøve, som du ser... Det vart såpass vellukka at eg vurderer ei reprise på eige kjøkken! (Eg laga kjøttkaker også, dei vart godkjent av pappa, og eg tek i mot husmorpoeng om du deler ut!)

På søndag og på heimveg igjen. Eg har mobiltelefonen full av bilder av fjell etter denne helga. Eg gjekk ikkje ein einaste tur på fjell, men eg såg dei rundt meg på alle kantar, og dei var så fine! Det kan bli ein bloggpost med berre fjellbilder etterkvart!


Grunnen til at vi var heime, var begravelsen til ein onkel. Det var ein fin dag, midt oppi alt. Han var glad i fjell, turar og særleg å fiske. Ein av sangane var "Har du fyr", og den er så fin at eg må dele den med deg her og no.  Lytt og nyt!