Viser innlegg med etiketten april. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten april. Vis alle innlegg

søndag 14. april 2019

April

April er her, kva har skjedd på bloggen i april tidlegare? Det er naturlegvis berre ein lite glimt, men eg har plukka ut eit aprilbilde frå kvart år eg har blogga.

2012

Eg sette rett og slett saman ein påskecollage dette året. Det var snø og egg og krokus, ser eg.


2013

Påskefjellet mitt!
Vi var på det som er det ekte påskefjellet og det var masse nysnø og nye spor. Den gongen var eg ikkje riktig like vill etter skitur som no, men alle vil vel gå på ski her?


2014

Eg var ein snartur i København i april dette året, og desse karane kom forbi då eg gjekk på jakt etter nye sko.
(som alltid i Køben)

2015

Det er ofte påske i april. Vi har ofte vore i Romsdalen. Også i 2015.
Her er mamma sine påskeblomter!

2016

Eg opererte ryggen, for 3.gong. Eg måtte ha litt hjelp første dagen.
Eg måtte ha rullator... Heldigvis vart det med den eine dagen.
No er det snart 3 år sidan. Eg held ryggen nokså i sjakk, med fysioterapi, trening, skitur, variasjon i arbeidet. Eg er litt spent på hausten...

2017

Sjølvaste hytta på påskefjellet!
Litt lite snø, men eg trur vi gjekk på ski. Berre på dagstur, fint lell.
Gode minner frå mange påsker!

2018

"Det kjem alltid ein vinter til", brukte ein kjenning å seie.
Det gjorde det i april i fjor også. Det kan vel skje i år også...

tirsdag 1. mai 2018

Veke 18

Eg trur eg har klart å finne få bilder over til Dropbox no, iallfall bilder frå sist veke. Så her kjem eit lite tilbakeblikk. Ikkje berre det, eg har funne ut korleis eg kan vise bilder på tv-skjermen, direkte frå telefonen, og kjenner meg som eit teknisk vidunder!


På måndag fekk eg ny telefon. Her er litt av utstyret. #tekniskinnsikt


Tirsdag måtte eg klappe meg sjølv litt på skuldra. Denne fekk eg av svigermor i fjor. Den har overlevd vinteren, og den har overlevd at eg har potta om og delt den i to og den blomstrar! Bill.merk. #grønnefingre!


Onsdag var eg innom sjukehuset for eit lite inngrep. Eg fekk heldigvis seng og masse smertestillande. Det vart ein del venting, som forventa, eg las bok før inngrepet og syns synd på meg sjølv etterpå! No er eg mykje betre. #venting


Pga onsdag, brukte eg mykje av torsdagen på sofaen. Det blir litt hang-over... #sofadag


Fredag og eg prøvde ut ei ny oppskrift. Thai-inspirert laks med paprika og kinakål, med kokte byggryn til. Trur eg må teste ut byggryn fleire gonger, eg er ikkje heilt overbevist. #byggryn


På laurdag kom eg meg på ein liten tur. Ein eller annan gong i april har det vore gåsungar, men no er dei heilt klart ikkje ungar lenger... #vår


På søndag besøkte vi denne damen, og lange fleire, og kanskje særleg bonden!  #mohairgeit



søndag 22. april 2018

Veke 17

Sa eg at eg møtte våren sist veke? Då hadde eg ein liten forsmak sommar denne veka, evt full "vår ala april på sitt beste"!!! (og i ein parantes, ikkje så artig april medan eg vanta på bussen i styrtregn!)


På måndag gjekk eg sesongens siste skitur, igjen. Eg håpar stadig det lurer ein skitur til rundt neste sving. Men det spørs... Denne hadde innslag av slush, is, fotbad etc, MEN samtidig var det SÅ fint! Sol, varmt, der det ikkje var is etc, var det snø og gode løyper. Det er ein viss fare at eg ættar direkte frå den første nordmann som Odd Børretzen skriv om, han/ho som istaden for å sjå på vårteikna følger etter snøgrensa...


Tirsdag bakte eg krydderkake. Ikkje berre fordi mamma fylte 82 år denne dagen, men for å kunne ha med på jobb onsdag. Krydderkake med osteglasur...fort gjort å måtte prøvesmake litt!


Onsdag hadde vi parasittkurs på jobb. Så interessant og lærerikt, og eg skal ikkje dele så mange detaljer her :) La oss berre slå fast at der har eg mykje å lære om midd og dens venner, og eg kan sikkert lære meir om tarmparasittar og, men der er eg ikkje på fullt så gyngande grunn.
Etter jobb pakka vi i bilen og sette bilsnuten mot Romsdalen.



På torsdag var eg på fergetur og fulgte mamma på eit sjukehusbesøk. Ære vere lokale drosjesjåførar som kjenner både folk og land, og sjukehusvertar som ser folk og passa på! Sjøl om vi ikkje trong hjelp, er det fint med nokon som kan systemet og som ser oss som sitt i kø!
Då vi kom heim, var det nesten 20 grader og sol. Eg gjekk tur, høyrte fuglesang og bekkebrus og såg hestehov, snøklokker og kvitveis i alle grøfter. For ikkje å snakke om at det vart grønare minutt for minutt. Eg gjekk meg varm i motbakkane og tenkte at eg tåler jammen sommar og varme i år også!


Fredag var eg ute på ærend og gjorde både det eine og andre, og jammen rakk eg ikkje møte mannen til ein kjapp date med lunsj på kafe. Snakkarane (80 og 88 år) måtte vente litt på justeringsskruane (eg kjenner meg litt på tynn grunn når eg går på slik snekkarbutikk og skal ha justeringsskru...) slik at dei fekk inn badeglaset, men dei brukte heldigvis pausen til å få seg litt mat!


På laurdag tok eg bussen. Dette er utsikta frå busshaldeplassen. Markane vart grønare for kvar dag. Og akkurat her regna det også...


Idag, på søndag, kom vi heim. All snøen har smelta! O lukke! Og krokusen hadde kome fram!

mandag 16. april 2018

Veke 15

Dette var veka då våren kom! Like rart kvart år. Det går frå kuldegrader på natta og snø over heile plena til varme og sol og krokus og den første lunsjen på terrassen! Jippi for årstidene. Eg syns vinteren har vore super, men eg elskar våren også.

På måndag kjøpte vi nye fjellski til meg! Hurra! Kanskje rekk eg bruke dei før snøen forsvinn?
Gler meg til å bruke dei, sjøl om det kanskje ikkje blir denne sesongen.

Tirsdag, sol og småsko. Sjøl om eg likar ki og snø, er dette eit høgdepunkt kvart år.
Det kjennes som å fly! Akkurat her var det ikkje is heller, hehe.

Onsdagen tok meg frå bar asfalt til skitur. Seint på ettermiddagen, med full sol!
Det var fint, og føret var varierande, frå is i sporet til slush
Torsdag var det sceneskifte igjen. Årets varmaste dag, til då, var perfekt til båtpuss,
skifte av sinkanode på propellen og anna forefallande arbeid. Vi rakk å bli ferdige
til felles båtutsett i år også.


Fredag bakte eg fylte horn til dei som skulle sette ut båt på laurdag, og
litt til middag på fredag kveld. 

Laurdag var eg på familiedag på Sund folkehøgskole.
Her er utsikta frå øverommet til junior. den er slett ikkje ille!
Det var musikk og sang og latter og talar og informasjon fra alle
dei ulike linjene. Og god mat.

Søndag kome med sol og varme, og litt tid innimellom til å nyte dagen på
terrassen. Te og lesestoff og snø som smelta slik at vi nesten kunne
sjå korleis den krympa!