Viser innlegg med etiketten ut av komfortsona. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten ut av komfortsona. Vis alle innlegg

tirsdag 21. mai 2019

Årets første

Livet på bøljan blå. Seiltur. Livet med båt +++masse andre klisjar.

Kva treng ein på tur når ein skal vere borte eit døgn...


Fakta er at sjølv om eg grua meg, såg litt svart på å handle og pakke og komme oss avgarde 18.mai, rydde inn i båten og ein del anna, så vart det bra. Sjølv om det bles ganske mykje meir enn varsla. Sjølv om det var dønningar. Eg fekk båt, eg fekk sol og eg fekk tur!

Blå himmel og hav
Fruen fra havet med vind i håret

Mannen er tålmodig og pedagog, så vi sette ikkje opp segl før eg hadde fått passe kursen og rokult og fart ei god stund. Med segl gjekk det fort, vi kryssa oss ut fjorden (ikkje spør, men det er det det heiter)og fann hamna vi skulle til.

Naboar på sjø og land.
Ny standard på båtturmiddag
Tradisjonell båtfrukost! 
Vel framme ved hamn, hadde vi selskap av naboane i byen, vi fyra grill og prata og åt potetgull medan vi venta på at lammelåret var ferdig på grillen. Lammesteik, tzatziki og potetsalat i solnedgang ved kysten er fint! (og det finns ikkje eit bilde som beviser eller motbeviser dette)














Eg sov slik passe godt, vakna og såg at sola var på veg opp. La meg igjen og vakna til duskregn. Frukost med egg og bacon, gåtur (og flått) og båttur heim igjen. Fortsatt dønningar. Men no, nokre dagar etter er det sol og vennskap eg huskar!

mandag 29. april 2019

Ny sesong

Båten er på fjorden!

Det er så godt når akkurat båtutsettet er over. Det er ein skummel dag, syns eg. Er alt i orden? Vil den flyte? Er båten tett etter vinteren? Vil motoren starte? Eit utall spørsmål! Og eg kan ikkje gjere noko med noko!

Totalt ubrukeleg admiral, men veldig
dekorativ da!

Lekk båt? Tja, den ville gått rett ned om eg hadde ansvaret. Motor som ikkje starter? Vi ville blitt liggande ved kai... Etc!



Hurra for mannen som held hodet kaldt og som kan fikse evt feil. Det var ingen feil! Båten var tett, motoren starta på første forsøk og vi fekk opp segla. Og vi var vener gjennom heile prosessen! (eg eg seier ingenting om korleis andre par oppførte seg)
Båten har funne plassen sin!

No ligg båten på plassen sin, og med litt tilvenning, er eg nok klar for segling igjen eg og. Først skal det vaskast og ryddast og flyttast inn!

lørdag 16. mars 2019

Laurdagsfrukost

Det er noko med å vakne opp laurdag morgon, med det meste av helga framfor seg. Eg vakna før eg måtte idag, sto opp, fyra opp, sette på NRK Klassisk, laga meg te og las avisa til mannen sto opp.

Så vart det frukost for to. Med egg og laks og dill og paprika, kjeks med blåmuggost, quiz frå avisa. God tid! Godt selskap. Tid til å planlegge dagen.

Det blir nok bittesmå påskeliljer etterkvart.


Frukost for to.  I morgonsol!



Etterpå vart det bytur, for å bruke gåvekort vi fekk til 50årsdagene. Veldig artig å gå på Mammutsalg med gavekort når det var 50% ekstra avslag! Jada, vi har mange bøker frå før, men alltid plass til nokre til...trur eg.
Og etter det har vi vore på skitur, det var påskestemning og god glid ned bakken, både når vi gjekk opp og ned ...om du forstår?

Ein slik dag, det er akkurat kva eg treng etter denne veka! Det har vore spenning og mykje fundering denne veke. Eg har søkt fleire jobbar, og det er jo ganske spennande i seg sjøl. Eg har knapt skrive ein jobbsøknad sidan det var vanleg å skrive dei for hand! Sett opp CV? tja... Takk og pris for Google og andre gode hjelparar. Eg kom i mål før søknadsfristen. Men spenninga er jo ikkje over når søknaden er sendt, for korleis blir den mottatt!?
Heldigvis gjekk det berre ei veke, og så fekk eg innkalling til intervju. Oh du milde, skrekkblanda fryd frå morgon til kveld og litt når eg vakna på natta. Det var hurra for at eg faktisk er aktuell og hjelp fordi eg aldri, nokonsinne, har vore på jobbintervju. Så hei igjen til Google og til alle gode hjelparar som kunne svare og gje gode råd.  Men eg hadde høg puls i går, for dette var ut av komfortsona så det heldt. Ytre ting blir også ein ting, kva har ein på seg!? Det vart fin bukse og skjprte, og kloke sko. Eg hadde ein del planer utover dagen, for å avlede meg sjøl...frisørtimen vart riktig lang, for frisøren serverte te og sjokolade og sa at eg berre skulle ta meg god tid medan håret tørka!
Korleis intervjuet gjekk får vi ta når eg veit svaret, men eg trur eg kom greit frå det. Det er faktisk mange måtar å stille spørsmål på som er vanskeleg å førebu seg på, det er mange måtar å svare på også. Eg har brukt deler av natta til å tenkje på om eg vektla samarbeid for mykje og om eg sa litt for lite om andre ting.
Men uansett, helg akkurat no er veldig godt!

mandag 7. august 2017

Kirsti gjer ting ho eigentleg ikkje tør!

Eg har som tidlegare nemnt hatt overskrifta "ut av komfortsona" på ferien iår. Og det gjeld ikkje berre å reise på langtur med båt, over eit av dei mest kjente havstykka i Noreg. Det finns fleire utfordringar å prøve seg på!

Eg har vokse opp i kommunen som har slagordet "Verdens beste kommune for naturglade mennesker". Der ligg Romsdalseggen. Ein tur som blir omtala som "den nye" Besseggen. Noregs flottaste fjelltur, seier reklamen. Mange har gått der, og skryt uhemma over fantastisk natur og fin tur. Mange har gått der, og gått seg fast, meir eller mindre, både av høgdeskrekk og dårleg vær eller feil utstyr.
Eg kjenner dei som har gått der, og syns det har vore i overkant luftig. Eg kjenner dei som syns det har vore fint, men på langt nær så bratt som reklamen seier. Det blir diskutert i media korleis turen skal reklamerast for, og det har vorte meir aksept for å seie at dette ikkje er ein tur for alle. Det er langt, bratt og luftig.
Turfølget mitt. Svoger, mann og son.
Eg har hatt lyst å gå! Men i fleire år har ryggen vore eit hinder. Iår har den vorte betre. Eg har  eit snev av høgdeskrekk, og har måtte gje meg på andre turar fordi det har vorte for luftig. Men mann og soner har gått der før, og meinte eg kunne klare turen. Dei lova å passe på meg om eg ville gå. Storesøster har klart det. Nieser har gått den fleire gonger. Altså, kunne eg vere dårlegare?

Bittelitt spent. Du ser eggen bak meg.

Plutseleg ein kveld hadde vi bestemt at i morgon går vi! Det var gode værmeldingar og det var berre å hoppe i det (eller ikkje hoppe då, eg ville helst ikkje hoppe i dette fjellområdet...) Tidleg opp, matpakke og gode sko. Buss inn i Vengedalen, og så var det berre å gå.
Først er det mange motbakkar. Det er ikkje noko problem for meg. Det er berre å gå, og finne rytmen. Vi tok ein avstikkar til Blånebba, det var enno heilt greit med høgder og eggar, her går stien eit stykke frå kanten. Avstikkaren tek ca ein time.
Etter mat og drikke gjekk vi vidare. No vart det brattare, og eg byrja forstå kvifor det heiter egg. Det vart smalare, og eg tok eit val om å gå, ikkje sjå meg rundt. Eg fekk innimellom ei hand frå junior å halde meg i. Han forklarte også kva rute som var lurt å ta rundt store steinar og slikt ("ikkje gå der, mamma, der må du slenge deg rundt ein stor stein. Eg trur ikkje du vil det"). Mannen gjekk bak og passa på. Det er stader der ein må klatre. dei andre i turfølget kallar det kliving, sidan det ikkje trengs tau, men eg kallar det klatring! Kor lang tid det tok å gå det brattaste prtiet veit eg ikkje. Men etterkvart blir det vidare og opnare, og vi fekk sol. Alt blir betre i sol! Det vart lett å gå, eg nytte utsikta og godværet og mestringskjensla!

Dette er omtrent på det høgste punktet.
Her er det "runde" fjell, og eg klarer sjå meg litt rundt.
Heilt grei utsikt!

Godt inne på kanten, men du ser ned mot Rauma elv
og Romsdalsfjorden.

Det er fleire parti med egg igjen etter det smalaste også, men her er det ikkje så bratt. Eg vart litt svett då dei dukka opp, men eg kom meg vidare. Nesaksla ligg 715 meter over havet, og derifrå er det berre nedoverbakke til mål (som ligg berre litt over havnivå).  Det er eit tungt stykke! Knea får det hardt, og for mange er dette den tyngste delen av turen (så er du førebudd!) Her er det trapper laga av sherpaer frå Nepal (dei er kåra til årets fjellgeiter 2017 av Norsk fjellfestival) det første stykket, det gjer det litt enklare å gå, men også veldig luftig! Trappene ligg på utsida av fjellet, med veldig utsikt over Romsdalen og Åndalsnes.

Eg gjennomførte! Eg har framleis litt vondt i knea, 2 veker seinare, når eg går nedoverbakke. Ryggen heldt godt, den likar seg faktisk betre på fjelltur enn i sofaen. Kondisen var god nok. Eg har ikkje sett mykje av utsikta dei brattaste plassane, for eg fokuserte på å kome forbi. Men eg klarte det! Og den mestringskjensla kan ingen ta frå meg. (og kanskje kan eg gå den ein gong til om nokre år, då er eg litt førebudd)

Desse beina fekk meg over Romsdalseggen!

Og så glad blir ein når ein har gjennomført noko som ligg
langt utan for komfortsona!

Om eg anbefalar turen? Ja. Med enkelte forbehold. Du må ha brukbar kondis. Vere turvant. ha gått i ur og fjell før. Tåle høgder. Ta med nok mat og drikke. Kunne klatre/klive litt. Vere forsiktig og ta tida til hjelp!

Dette viser omtrent eggen(sett frå båten!)
Blånebba er det høgste punktet til høgre. Målet
(Åndalsnes) er nede til venstre.

Fakta:

  • Lengde 10,3 km
  • 5-8 timar (vi brukte 7, inkludert ein "avstikkar" opp på Blånebba)
  • 970 m oppover
  • høgaste punkt 1222 moh(Mjølvafjellet) Og det betyr at du har nesten 1200 meter nedover før du er i mål! Det første stykket er ikkje så bratt, men det blir brattare og det er tungt for knea!
  • du kan lese meir her Romsdalseggen og her romsdal.com

fredag 4. august 2017

Båt og hår!

Krølla hår er ofte artig. Det er lett å få volum idet. Krølla hår er litt eigenrådig, iallfall det eg har. Kombiner det med båt, vind, regn, saltvatn... Yepp, det blir mykje artig av slikt!


Sidesleik!

Kombinasjon vind og regn....




Hanekam...

Fruen fra havet er i vinden!

Heime igjen

I går kveld kom vi heim. Etter nesten 400 nm i båt, 25 dagar i båt(eg juksa litt og var heime og jobba, så eg manglar 5 dagar...) og alt frå regn og sterk vind til vindstille og sol. Solnedgangar og frukost ute, små og store båthamner. Nattseglas og morgonsegling.

Solnedgang. Hurtigruta går forbi oss ut Julsundet ved Molde.

Eg har hatt det fint på tur, det har vore "compact living" og nært og tett, på godt og vondt. Eg skal skrive meir om pluss og minus med båtlivet i eit eige innlegg! Men eg har gledd meg til å kome heim, større plass, oppvaskmaskin og vaskemaskin lett tilgjengeleg. Kjøleskap, bad med (nesten) ubegrensa tilgang på dusj og varmt vatn, osv.

Seng, stove, lager, spisebord... 

Så viser det seg, iallfall det første døgnet, at det meste er kaos. Båten er tømt, stort sett, men enkelte ting ligg altså igjen, men mannen er der for å ordne ting idag, og tek dei nok med heim. Det er delvis utpakka koffert og bag og toalettmapper og kjølebag, det er haugar med klær som skal ryddast på plass, klær som kanskje skal vaskast. Og vaskerommet må ha krympa, det er iallfall fullt! Sengetøy og soveposar, turklær, lys og mørk ull, penklær, det blir sortert og prioritert. Spisebordet er fullt av dei klea som allereie er gjennom vaskedansen og er eller skal brettast og bli lagt på plass... Kjøkkenhagen er overgrodd, og eg skal ut i morgon og kjøpe nye blomster til krykkene mine. Det har vore varmt og sol her, og ingen har vatna... Det er altså ikkje berre idyll heime heller! Oppi dette har eg likegodt kjøpt 12 kg jordbær og 2 kg bringebær, som no er renska og sylta og på plass i frysaren, minus ei stor skål jordbær som skal nytast til dessert!

Utsikt når ein lagar mat, eller vaskar opp, eller kler på seg, eller rett og slett er nede i lugaren.

Men konklusjonen er at vi har hatt ein fin ferie, og at det er godt å kome heim! Etterkvart blir det vel ryddig igjen?! Og igår kveld var det ein fin solnedgang, og eg tenkte at "åh, den hadde sett fin ut frå båten!" så heilt lei båt er eg ikkje. No skal eg bruke ei veke til å finne igjen rutinene i livet, så er det slutt på ferien og det er tilbake til jobb.


onsdag 19. juli 2017

Mat i båt

Mat må ein ha! Og særleg i båt, vi hadde eit par lange dagar, og då er det viktig med mat. Det er ikkje noko særleg å skulle mestre dårleg vær eller tillegging ved brygge med lavt blodsukker, eller endå verre, ein kombinasjon av desse to...

Vi har fint kjøkken ombord, med gasskomfyr med to bluss og steikeomn. Men vi har ikkje kjøleskåp, berre ein innbygd kjøleboks som må ha isbitar eller kjøleelement. Før vi starta på tur, viste eg ikkje om vi ville få tak i nye kjøleelement eller isbitar undervegs*, og eg viste ikkje om vi kom til hamner med butikk lett tilgjengleg, så eg laga ei slags "verste fall-plan" (men rekna med at eg ikkje trong følge den til punkt og prikke, det viste seg å stemme)

Eg likar best å lage mat uten så mykje halvfabrikata, men på ein slik tur er det praktisk med lettvinte løsningar, så eg kjøpte inn potetmospulver(som ikkje trong mjølk), hurtigris, pasta, pastasaus på glas, bogskinke, kokosmjølk, currypasta og anna hermetikk. Eg kjøpte også inn egg, fersk pasta, parmesan og bacon, det tåler litt tid utan iskaldt kjøleskap.
Til pålegg kjøpte vi med kvitost i skiver, spekepølse, syltetøy, hermetisk tunfisk, nugatti og peanøttsmør, ting som fint tåler litt romtemperatur. Kokt skinke og slikt er ikkje like egna!

Til middag har vi hatt litt forskjellig,
måndag, første dag på sjøen var det pasta carbonara, laga ved kai. Fersk pasta kokar i ein fei, så røre inn stekt bacon, revet ost og egg (osten var finhakka, for vi har ikkje rivjern i båten, gitt)


tirsdag åt vi bogskinke med grønskaker og saus av curry og kokosmjølk, med hurtigris til.



onsdag låg vi til kai i Kristiansund sentrum, og gjekk på restaurant og åt dampa klippfisk med potet og grønsaker til. Og smørsaus.... :)

torsdag var ein kald og våt dag på sjøen, og ved kai vart det tomatsuppe med pasta, bogskinke og eggebåtar. Baguettar som var kjøpt halvstekte, vart stekt i steikeomnen og ete med eit raust lag smør på! Hadde eg huska det, skulle eg hatt litt currypasta i suppa, for å få den litt hot! Neste gong.

fredag laga eg mat i open sjø! Torsdag kveld fann vi ein matbutikk, og kjøpte frosne karbonader, det er ein fin ting å putte i kjølebagskåpet! Servert med løk, paprika og gulrotstaver stekt saman med karbonadene og potetmos til.



Ein dag eg var innom ein butikk, fann eg foccacia-brød. Det var super lunsj på sjøen, servert ferdig påsmurt med spekeskinke og parmesan (det hadde vore godt med litt aioli...) Det har vorte ein del brødskive med peanøttsmør eller nugatti slik midtfjords, lett å lage og lett å ete i fart.
Egg og bacon til frukost ved kai er ein fin ting! Omelett til lunsj når fjorden er roleg er godt!

Eg har jo ikkje vore i tvil om at vi skulle få i oss mat, på eit eller anna vis. Men eg likar å lage mat, og hadde ikkje lyst til å ete kjedeleg berre fordi vi var i båt! No har eg testa ut litt, og eg har fått nye idear til kva vi kan lage på heimturen. Og eg har veldig lyst til å prøve med på litt baking :)

*ang kjøleelement: den første butikken hadde ikkje frosne element, men eg fekk dei til å fryse dei ned og så kunne eg hente dei neste dag. Butikk to hadde frosne element, og det passa bra, sidan den var stengt då vi kom dit på kvelden.
Men det er jo begrensa kom mange element vi treng! Så det å kjøpe frosne matvarer og bruke dei som kjøling medan dei tiner, er ein ide (då må ein berre passe på, slik at den ikkje tinar for lenge, dårleg mage vil ingen ha på båt!)

tirsdag 18. juli 2017

Kva gjer ein på i båt?

Etter ei veke i båt, skal eg prøve å oppsummere kva vi har gjort på. For som ein kollega av meg sa då eg sa vi skulle på båtferie med seglbåt: "då må de ha god tid". Og det må ein, det går sakte, enten det er for segl eller motor.

Sjøsprøyt og segling

Så kva har vi gjort på?

På førehand hadde eg lasta ned fleire bøker på Kindle, eg hadde kjøpt eit par bøker, eg hadde med kryssordblad og aviser, eg hadde til og med håndarbeid med meg! Vi skulle jo forflytte oss i timesvis kvar dag. Korleis skulle eg få tida til å gå?
Eg har lese ei bok, fordelt på ei veke...det er lite til å vere meg! Eg har ikkje løst kryssord, eg har bladd fort gjennom avisene. Håndarbeidet ligg fint nedpakka enno.
Men på søndag, ved kai, og utan at vi skulle ut med båten, spela vi kort, og høyrte musikk, det skal vi ha! På søndag var forresten vi alle fire i båten, det var trangt og triveleg!


Det vi har gjort er å sjå på utsikta, både for å nyte og for å følgje med. (Og eg har sett på kart i ettertid, for å prøve å forstå omtrent kvar vi har vore og samanhengen mellom stadene) Vi har gått inn fjordar eg aldri har høyrt om før, der det knapt nok er bilveg. Eg har sett stader som kunne vore brukt som postkort og Norgesreklame, utan å gjere noko meir enn å ta bilder og sende ut. Vi har studert kart, for å finne djubde på fjordar, høgde på bruer og vi har dobbeltsjekka samme ting ein gong eller to. Vi har lell hatt litt hjarte i halsen når vi gjekk under bruene, iallfall dei første, for det såg ikkje ut til å gå bra. Det gjorde det! Ein kan stole på Kartverket! Eg har hatt ei veldig bratt læringskurve på sjømerker og fått repetert styrbord og babord og kva som er raudt og grønt av dei. Eg har lært at skipsleia går nordover langs norskekysten, så vi som har gått sørover har hatt motsatt farger enn dei som går nordover.
Båt i solnedgang på Nordmøre.
Og her hadde vi ein marina heilt for oss sjøl.

Her var det fleire båtar

Vi har sett på været, og vore flittige brukarar av yr.no. Vi har snakka med andre i hamner vi har ligge i, og fått vite om andre nyttige appar for vind og vær og bølger ("Windy" er installert på telefonen min). Vi(les mannen) har vore orientert om gjesthamner, og vi har prata om kor langt vi skal gå kvar dag. Kvar skal vi sove? Vi har sove i store hamner og bittebittesmå vi har hatt heilt for oss sjøl. Vi har lagt til kai i fulle hamner, med sterk vind og trange plassar. Vi har fått god hjelp, og ein båtmann på land klarte irritere meg med å anta(dessverre med rette) at eg ikkje er så god på knutar. Men han kunne latt vere å prøve så høglytt å forklare meg!? Med pipe i munnen og pedagogisk tonefall fekk han blodtrykket mitt til nye høgder!

Akkurat her var det vått! Det draup ikkje av skoa mine, det rann vatn...
Her er vi på veg under ei bru. Like spennande kvar gong!

Bamsemums og eg nyt finveret over Hustadvika.

Så skal det lagast mat, både i rom sjø og ved kai. Ein må ha mat! Og kva skal ein ete? Og kva kan ein ha med seg som tåler å ligge i ein kjølebag? Det kjem meir om mat i eit seinare innlegg. Men det krever iallfall sjøbein midtfjords! Og på liten plass krever matlaging meir planlegging, og det tek litt meir tid. Sjølv om det er utruleg kva ein kan lage på bitteliten plass!

Frukost servert undervegs

Middagskokken

Etterpå skal det vaskast opp, det krev også sjøbein. Og varmt vatn kjem ikkje frå kranen, det må kokast først. Og det må vaskast omtrent etter kvart måltid, for båten er liten og det er ikkje så mykje utstyr, og det er liten plass til å lagre oppvask. Altså, ting tar tid, ting som går fortare heime. Der iallfall vi har meir enn 4 knivar og det er lettvint å stue inn i oppvaskmaskina!
Så må det ryddast litt sånn generelt, og golvet treng kost og støvbrett og sengetøy må luftast. Vips er det sengetid!
Undervegs har vi fotograft litt også, eller litt og litt, fru Blom. Det har vore så mykje fint å sjå! Stadig nye, gode motiv!

Slik gjekk dagane! Vi prata mykje, kanskje ikkje så djupt, men vi var saman! Det var tid til å fundere litt, eg fekk høyre historier frå militære av junior, mannen kunne lese om sjømerker og eg kunne kikke på fuglane. Muleg vi treng ei fuglebok i båten.
Og ei veke gjekk fort, sjølv om kryssordet ikkje er løst og eg ikkje har hekla ei einaste maske!

Agdenes
Gamalt fyr på land og nytt fyr på skjær.