Viser innlegg med etiketten julekaker. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten julekaker. Vis alle innlegg

torsdag 12. desember 2019

Snø på mi rute

Tirsdagskvelden var det snøvær, vind og aller bestå vere inne.


Eg bakte berlinerkransar, kokte lammerull og vaska!

torsdag 5. desember 2019

Brune pinner

Det blir ikkje jul utan julekaker, og brune pinner er ein av mine favorittar. Det blir i grunnen ikkje advent utan julekaker heller....



...kanskje blir det igjen av desse til jul også?

tirsdag 1. januar 2019

Breddejul!

Eg veit ikkje om "breddejul" er eit uttrykk som er definert, men eg tek det i bruk og definerer at det passar for årets jul for oss!
Før jul las eg ein artikkel ein eller annan stad om folk som alltid hadde feira jul på same måte, og som fekk store problem når det ikkje vart slik. Eg syns eg har lagt eit godt grunnlag for at mine soner skal kunne feire jul nesten kvar som helst, og lell kjenne det er jul...

4.søndag i advent i barndomsheimen

For ein månads tid sidan bestemte vi oss for å feire jul i Romsdalen, fordi vi såg at det kunne vere både fint og nødvendig. Plana var å feire saman med mamma og pappa. I tillegg ville vi treffe svigers og søster til mannen, og kanskje fleire av mine søsken. Eg kom på at vi kunne ha juleselskap 2.juledag. Og plutseleg fann lillesøster ut at dei ville kome i selskap også. 30 mil er ingen avstand for eit skikkeleg juleselskap! Eg pakka med meg julekaker, julemat og anna julerelatert!

Etterkvart som jula nærma seg, endra ein del ting seg. Mamma og pappa trong å vere på helsehuset, og eg tenkte først at dei kunne kome heim på julaften.
Istaden besøkte vi dei på dagen og feira med storebror og familie på kvelden. 10 stykk, med pinnekjøt og dronning Maud-fromasj, mange gåver, muntre kommentarar og kaffe og kaker. Og ikkje minst slektsprat til langt på natt, initiert av den yngre garde. Og ja, eg gløymte ein Albert, men vi var innom mange Anders og Knut med T og Knud med D. Og oppdaga at oldemor mi Amalie eigentleg heitte Petra Amalie, og at før den store utskiftinga i 1859 låg garden ein annan stad i bygda.


Vi klarte få litt friskluft og trim også, det er
berre å stå opp og gå ut medan det enno er mørkt.
Då får ein med starten på dagen og lyset som kjem, og frukosten smakar ekstra godt.
(og at det regne og var glatt gjer det ekstra fint å kome inn att)

1.juledag var vi invitert på full pakke til mannen sin barndomsheim, der søstra hans var. Frukost, gudsteneste, kalkun med alt mogeleg tilbehør til middag og eit raust kaffebord, saman med svigers og bror til mannen. 16 stykker er akkurat passe. Prat, spel, og igrunnen alt som høyrer til eit ekte juleselskap.
Gamal julepynt

2.juledag hadde eg invitert alle i min næraste familie til lunsj. Alle kunne ikkje, vi vart 23 stykker, det mangla 6 personar, men dei hadde gyldig forfall. Det gjekk unna på maten, lydnivået var ikkje for pyser, men det var så kjekt å treffast! Hjelpande hender i fleng, bord vart flytta av "seg sjøl" når eg tenkte høgt og funderte på om vi ikkje skulle hatt bordet frå kjellaren til å ete lunsj ved. Oppvaskmaskina jobba minst trippelt skift, kakebordet var fyllt med mykje godt og jammen stilte ikkje slektsgranskarane frå julaften med slektskahoot! Der scora dei poeng med både den eine og den andre. Slektsforskninga som storesøster dreiv med på tidleg 90-tal, og som endte som bok, var utgangspunkt og fasit. Og det vart etterlyst oppdatering av boka og det vart lagt planer om å lese seg opp på andre greiner av slekta neste jul. Store og små søskenbarn, kinasjakk og sjakk på tv. Det var godt å vere saman! Sjølv om helse og hukommelse og slikt ikkje spela på lag heile tida, hadde vi ein fin dag saman. Ein dag å huske!

Minst sju slag!

Eg likar godt å ha jul i eigen heim, men i år var det rett å reise bort. Det vart ei god jul! Med familie, på begge sider, med gode minner og litt såre tankar om at livet endrar seg.
Eg ser verdien i å kunne snu fort om på planer, lage det beste ut av dei dagane vi har, utan at det blir feil. Jul er mange ting, men å vere saman er ein viktig del!

Romjulsfrukost

Og så er det fint å kome heim, til sitt eige, til klesvask, romjulsjobbing og vener. Litt slakkare tempo, tross jobbing, og mykje mat. Ein draum om snø og skiturar, som aldri vart noko av, på grunn av regn og is. Nyttårsaften med gode vener. Ungane heime, natterangling og snart kvardag.
Eg har lese ut boka eg fekk til jul, "Jordmor på jorda" av Edvart Hoem. Den foregår i mine heimtrakter, og eg fann linkar til slektspraten vi hadde i jula.

Lyset gjer godt. Også i januar 2019.

Godt nytt år!

mandag 17. desember 2018

17.desember

Idag har eg sprunge rundt, med tunga på slep og høge skuldre, og kom nesten i mål med julegåvene. Var så fornøgd, til eg kom på at lista ikkje var fullstendig...men pytt, dagevis igjen, og eg har ei klar  vag plan for det som gjenstår.
Senking av skuldre

Då eg kom heim, hadde fått sitte i ro ei lang stund, løst eit par sudoku, ete litt og høyrt julemusikk, fann eg ei anna liste eg kunne jobbe etter. Vaskemaskina har vaska treningsklær, ullklær og 60gr-vask. Oppvaskmaskina har vorte full, vaska frå seg og nesten vorte full igjen. Eg har laga fikenmarmelade, som vi skal ha til ost i jula. Og eg har lag krumkaker. Då seier eg med ferdig med baking til jul (trur eg), dersom ikkje noko viktig skulle bli etterlyst i siste sekund.

Fettfri bakst

Men krumkaker. Eg trur dei må vere veldig fettfattig? Rett nok er det mykje smør i røra, men når eg ser kva som ligg igjen i jernet og på benken etter steiking, trur eg det meste av smøret har rent bort!


onsdag 12. desember 2018

12.desember

Det nærmar seg jul, halve advent har gått. Eg er godt stressa for det eg ikkje har gjort, og fornøgd med ein del av det eg har gjort.

Ho som har kuppa jula på jobb!
Og alltid hårpynt når det er trekning av adventskalender.

Julegåvene stressar meg, sjølv om det byrjar falle på plass (manglar lell ein del, det blir innspurt i helga!)

Når ungane er ute av huset, må ein bake sjøl...

Kakene er i boks, så og seie, 2 slag til skal lagast, men det bør eg rekke. Sidan vi skal bort, men eg har innkjøpsansvar, skriv eg liste på liste, over det som skal pakkast med herifrå og det som skal kjøpast når vi kjem fram. Eg likar å skrive liste på papir, og stryke ut punkt for punkt.

Når det gjeld adventskalender er vi heilt ute å kjøre, trur vi tok luke nr 11 idag, og nokre luker er opna berre for å sjå kva som er der...kven veit, kanskje det er kjekt å finne noko i kalenderen i romjula også?

Min skog! Heilt nykjørt skiløype, eg var førstemann.
#mykindommindfullness
(og her er det nesten ikkje motbakkar eingong)

Ute er det snø og kaldt, i helga fekk eg lufta skia mine fleire gonger, og det er lite som gjer meg meir glad enn ein skitur! Rett nok mislikar eg ofte motbakkane, eg pustar og peser og mumlar lavt, men så kjem eg opp og det meste er glemt. Eg er rusten i nedoverbakkane enno, redd for å falle er berre første del av redselen, men sesongen er enno ung, og eg blir vel meir stødig etterkvart?

I morgon er det Luciadagen, og kven veit kva som kan skje... Luciatog er iallfall framme både på pianoet og på kjøkkenet. Dei må vere mellom mine mest vellukka kjøp, eg blir i så godt humør når eg finn dei fram!
Skulle det dukke opp fleire Luciatog, blir dei nok med meg heim!


Og dagens impulskjøp var ikkje julegåver, men nye briller. Det var eit dyrt impulskjøp det! Men truleg vel verdt det! For det har vore veldig vanskeleg med det som skjer på nært hald i det siste... bakteriar, lita skrift og dårleg lys og slikt. Det kostar å vere progressiv!

Lukta av jul møter meg i gangen når eg kjem frå jobb

Blåtimen sett frå kontorplassen på jobb


fredag 7. desember 2018

7.desember

Desember er eksamenstid. Ingeniørstudenten skal ha fem før jul, heldigvis er det berre tre igjen. Det viser seg at desember er tid for studietur også, musikkjunior er på veg tilbake til Norge etter togtur, med jam og konsert og opplevingar i både Danmark, Tyskland, Polen og Sverige.
Eg sitt ikkje heime og bit naglar lenger, men litt prega av eksamen og studietur blir eg. Eg må nok berre stole på at dei klarer seg sjølv og har lært det eg har prøvd å få inn! Sove nok, ete regelmessig, huske pass og billettar(gjeld han på studietur), passe klokka(gjeld begge) og ringe til mor innimellom. Ting tydar på at det har gått inn ein god del kunnskap!

Så kva gjer mor? Mor bakar! Eg syns det skal vere ein del kaker til jul. Iår skal vi bort i jula, men eg skal ha med litt av kvart, så eg bakar lell. Det er noko med lukta av krydder, kanel og kardemomme og ingefær . Lukta av hjortetakksalt når ein tek kjeks ut av omnen. Lukta av barndommens jul!
Til no har det vorte berlinerkranser, biscotti, julebrød, brune pinner og havrekjeks. Alt smakt og godkjent!




Eg trur eg treng krumkaker, kransekakestenger, delfiakake, lefser og noko ala pepparkaker(men helst noko som ikkje krever kjevling, for ryggen syns at ein halv porsjon havrekjeks var rikeleg nok å kjevle ut)! Eller treng...eg har lyst på! Dessutan planlegg eg lussekattbaking saman med nokre andre.

Så slik går dagane! Vasking er utsett på ubestemt tid!