tirsdag 14. januar 2014

Vekestart veke 3

Oi, ny veke no igjen. Det nye året er ikkje så nytt lenger, kvardagane kjem på rekkje og rad, alt startar opp igjen, eg kan gå på møter kvar kveld, både det eine og det andre skal drøftast, bestemmast og utførast. Juletreet er ute, juledukane lagt bort, stova kjennes ny og tom. Junior#2 er på skuletur, junior#1 les til prøve. Det kom då veldig fort dette nye året? Burde det ikkje vore ein overgangsfase?

Roser og restar av julesnopet.

Samtidig er det godt! Kvardagen er det vante, det er rutine på rutine, fisk til middag, eller kjøtsuppe med masse grønsaker. Klesvask og ein liten ekstra innsats for å få sydd knapp i buksa som berre låg der. Snø ute, kulde og fyr i vedomnen.
Og langt der borte kjem lyset
Og nytt ord ved vekestart(bittelitt forsinka)

STØV

At tiden leger alle sår
er tøv.

Tiden plastrer sår med år
og støv.

Kolbein Falkeid



Eg ønskjer deg ei super veke!

5 kommentarer:

  1. Vakre ord av Kolbein'en - takk for at du deler!

    Ja, ikke sant at alt kommer så brått? Kjenner meg godt igjen i formuleringa "eg kan gå på møter kvar kveld". Sånn er det sannelig her også! I forrige uke var jeg innkalt på møte mandag-tirsdag-onsdag-torsdag og til bursdagsfeiring av ei venninne på fredag. Jeg sneik meg til fri onsdag kveld, og da tok jeg ned julepynten.
    Jeg tenker på dette med inkluderende arbeidsliv, som er så populært. Jeg er vel mer for å inkludere arbeidslivet, litt gradvis, nå på nyåret ;-) Men jeg driver for egen regning og risiko og kan tillate meg det uten innblanding, altså.

    Pludrehanneklem

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg kan gå på möter kvar kveld denne veka, og faktisk fleeire kvar dag… Så i morgon har eg sagt nei, og skal vere heime, ta i mot minstemann som kjem heim og ha litt kvalitetstid for emg sjølv(om eg rekk det) For eg kan ikkje inkludere arbeisdlivet gradvis… :)

      Slett
  2. Har sansen for Falkeid du også ja..
    Ja, vi har straks brukt opp 1/24 del av året.. ;-)
    Viktig å stoppe opp og ikkje berre henge i stroppa..

    Ha fin kveld!!

    SvarSlett
    Svar
    1. Falkeid er fin :)
      Skal eg henge med, treng eg pauser, ikkje springe frå ting til ting, i tillegg til jobb. Og vil jo gjerne sjå familien og ;)

      Slett
  3. Så fint innlegg! Det diktet likte jeg :)

    SvarSlett