På jobb har eg kontor i 4.etasje, men jobbar mykje av dagen i 1.etasje. Sist veke sette eg meg difor eit mål: Trappa kvar gong eg går mellom 1. og 4.etasje(så sant eg ikkje bær noko stort og tungt. Det viser seg å vere sjeldan) Det blir fort fem-seks turar opp og ned kvar dag! Og sist veke tok eg ikkje heisen. Stolt over meg sjølv? Ja! (og tileggsinformasjon som at eg syns heisar er trange og kan stoppe umotivert, mellom to etasjer, og difor ikkje er favorittstaden min, kan jo forklare kvifor eg er så ivrig) Det har nesten vorte sport på jobb å gå trappa for tida(ja ikkje med 3 tunge kasser og ei eske returpapir då, men…du forstår?) Her eine dagen oppdaga eg at eg allereie etter ei veke klarer å prate også mellom tredje og fjerde etasje når eg går opp saman med ein kollega. I motsetning til for nokre veker sidan då eg passa på å gå åleine og sneik meg fort inn på kontoret når eg kom opp, for å hive etter pusten før eg smilande(men litt raudlett) gjekk til lunsj. Men springe opp trappa? Det blir ikkje enno!
Det er berre å gå trappene! Opp og opp… |
Neste steg no er å motivere seg til å gå til og frå jobb enkelte dagar i veka. Det tek temmeleg nøyaktig 30 minutt, så eg greier dagskravet til aktivitet!! Og søv eg over til neste dag og går heim då, har eg tatt dagsdosen då også! (Eventuelt kan eg gå heim igjen same dag, og ta bilen neste dag, slik at eg rekk å handle mat på tur heim og kan kjøre junior på det han eventuelt skal på. Og går eg annakvar dag, har eg nesten dekt opp "minstekravet" for veka. For det er jo slike ting eg skuldar på, det tek så mykje tid, kanskje eg ikkje rekk det eg skal etterpå… Men tenåringssoner som knapt har tid til å sjå opp når eg kjem heim kan eg vel knappast bruke med god grunn.)
Men det er ein del hinder når ein skal ut og bruke kroppen….
Det har vore kaldt i bartebyen i det siste, det har i tillegg vore vind frå alle kantar, men det er jo berre å kle på seg. Og eg har klær!!! Eg har så mykje at eg truleg kan gå tur på ettemiddagen og ein ny tur på kvelden utan å bruke dei samme turkleda. Eg har nemleg ein tendens til å tru at eg er veldig sprek, eller at eg snart skal byrje å trene veldig aktivt, og det bær innkjøpa preg av… Heller ikkje det kan eg skulde på...
Skal eg gå 30 minutt og rekke jobb klokka 08:00, nyttar det ikkje ligge lenge. Eg er glad i senga mi, særleg om morgonen. Det krev kraftig motivasjon allereie kvelden før, alt må vere klart. Og mannen er grei, han ofrar gjerne førsteplassen i baderomskøa.
Så får vi sjå korleis dette blir utover vinteren og våren...
Og i morgon har eg sagt at eg skal gå til jobb, eg må sette vekkerklokka tidleg, kle godt på meg og slenge ryggsekken på ryggen, feste på ein refleks og tusle meg avgarde til jobb! Bonusen er frisk luft og flotte soloppgangar og sonedgangar.
Det er ikkje mørkt når eg skal gå heim! |
Hvordan det har skjedd har jeg ingen anelse om, men da noen på facebook delte min blogg i dag var det bildet DITT fra tappeoppgangen som kom fram, sammen med min bloggpost!!!! Har noen ganger sett at når jeg deler bloggen f.eks på Norske Kvinnelige Bloggere, så dukker bilder fra blogger jeg følger opp som et alternativ blant bildene jeg kan velge. Har du opplevd det? I alle fall, -beklager at bildet ditt dukket opp, jeg har ikke gjort noe for det.... :-( Klem fra Bibbi
SvarSlettMerkelig, men det går nok bra :) Jeg har opplevd å få opp egne bilder, som ikke har noe med bloggen å gjøre, opp når jeg legger ut link til bloggen, men ikke dette… Facebook som tuller?! Ha en fin kvled! Kirsti :)
SvarSlettÅ gå på jobb blir nok et litt for ambisiøst for mitt vedkommende da jeg må gjennom en 3,5 km lang undersjøisk tunnel, ikke er det helt lovlig å gå gjennom der heller men det er en annen sak;) På jobb har vi ikke heis, men jeg må bare opp tre trapper for å komme til kontoret. Så ikke mye bevegelse der. Og etter at jeg fikk "lappen" i fjor høst så har det blitt enda mindre bevegelse - huff, jeg må virkelig skjerpe meg! Takk for påminnelsen, her skal det bli kveldsturer fremover:)
SvarSlettGod ny uke til deg
klem:)
Sånne undersjøiske tunnelar er vel ikkje det beste å gå i :) Du får finne noko anna! Eg klarte målet om å gå 3 gonger sist veke og har sett meg same hårete mål denne veka!
Slett