Viser innlegg med etiketten outfit. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten outfit. Vis alle innlegg

fredag 4. august 2017

Båt og hår!

Krølla hår er ofte artig. Det er lett å få volum idet. Krølla hår er litt eigenrådig, iallfall det eg har. Kombiner det med båt, vind, regn, saltvatn... Yepp, det blir mykje artig av slikt!


Sidesleik!

Kombinasjon vind og regn....




Hanekam...

Fruen fra havet er i vinden!

tirsdag 28. januar 2014

Om å møte seg sjølv i heisdøra...

Ein dag sist veke høyrte eg på radioen at 4 av 5 nordmenn er i aktivitet mindre enn 30 minutt kvar dag, som er det absolutte lavmålet for tilrådd aktivitet. "Fysj, for latsabbar", tenkte eg! No sat eg uheldigvis i bilen, og hadde god tid til å tenkje vidare. Neste tanke var "oi, eg er av desse 4…" (eg har og lese at sitting er den "nye røykinga", å sitte i ro på baken time etter time er ikkje bra. Her tenkjer eg at eg har iallfall aldri røkt ein einaste sigarett, men sitting er eg god på)

På jobb har eg kontor i 4.etasje, men jobbar mykje av dagen i 1.etasje. Sist veke sette eg meg difor eit mål: Trappa kvar gong eg går mellom 1. og 4.etasje(så sant eg ikkje bær noko stort og tungt. Det viser seg å vere sjeldan) Det blir fort fem-seks turar opp og ned kvar dag! Og sist veke tok eg ikkje heisen. Stolt over meg sjølv? Ja! (og tileggsinformasjon som at eg syns heisar er trange og kan stoppe umotivert, mellom to etasjer, og difor ikkje er favorittstaden min, kan jo forklare kvifor eg er så ivrig) Det har nesten vorte sport på jobb å gå trappa for tida(ja ikkje med 3 tunge kasser og ei eske returpapir då, men…du forstår?) Her eine dagen oppdaga eg at eg allereie etter ei veke klarer å prate også mellom tredje og fjerde etasje når eg går opp saman med ein kollega. I motsetning til for nokre veker sidan då eg passa på å gå åleine og sneik meg fort inn på kontoret når eg kom opp, for å hive etter pusten før eg smilande(men litt raudlett) gjekk til lunsj. Men springe opp trappa? Det blir ikkje enno!
Det er berre å gå trappene! Opp og opp… 

Neste steg no er å motivere seg til å gå til og frå jobb enkelte dagar i veka. Det tek temmeleg nøyaktig 30 minutt, så eg greier dagskravet til aktivitet!! Og søv eg over til neste dag og går heim då, har eg tatt dagsdosen då også! (Eventuelt kan eg gå heim igjen same dag, og ta bilen neste dag, slik at eg rekk å handle mat på tur heim og kan kjøre junior på det han eventuelt skal på. Og går eg annakvar dag, har eg nesten dekt opp "minstekravet" for veka. For det er jo slike ting eg skuldar på, det tek så mykje tid, kanskje eg ikkje rekk det eg skal etterpå… Men tenåringssoner som knapt har tid til å sjå opp når eg kjem heim kan eg vel knappast bruke med god grunn.)

Men det er ein del hinder når ein skal ut og bruke kroppen….
Det har vore kaldt i bartebyen i det siste, det har i tillegg vore vind frå alle kantar, men det er jo berre å kle på seg. Og eg har klær!!! Eg har så mykje at eg truleg kan gå tur på ettemiddagen og ein ny tur på kvelden utan å bruke dei samme turkleda. Eg har nemleg ein tendens til å tru at eg er veldig sprek, eller at eg snart skal byrje å trene veldig aktivt, og det bær innkjøpa preg av…  Heller ikkje det kan eg skulde på...
Skal eg gå 30 minutt og rekke jobb klokka 08:00, nyttar det ikkje ligge lenge. Eg er glad i senga mi, særleg om morgonen. Det krev kraftig motivasjon allereie kvelden før, alt må vere klart. Og mannen er grei, han ofrar gjerne førsteplassen i baderomskøa.

Så får vi sjå korleis dette blir utover vinteren og våren...

Og i morgon har eg sagt at eg skal gå til jobb, eg må sette vekkerklokka tidleg, kle godt på meg og slenge ryggsekken på ryggen, feste på ein refleks og tusle meg avgarde til jobb! Bonusen er frisk luft og flotte soloppgangar og sonedgangar.
Det er ikkje mørkt når eg skal gå heim!



fredag 24. mai 2013

"Tålmod er ei dyd"

Jada, det vil eg tru!
Dersom alle var tålmodige, ville verda stått stille! Eg ser det difor som mi plikt å vere utålmodig no om dagane...
Har du ønska deg nokre rolege dagar? Ein liten draum om stille dagar, der du kan sitte i sofaen og berre sitte? Ikkje noko som burde gjerast, berre lese og sjå tv og høyre radio? Oh yeah! Det ønskar eg meg stadig vekk, ingen barn som skal fraktast, ingen oppvask som skal ryddast, ingen klær å brette. Eg har fått nokre slike dagar i sofaen, og tenkte dette skulle bli bra. La planer om slaraffenliv deluxe!

Det viser seg at ein ønskjer seg det ein ikkje har!

Eg gløymte å realitetssjekke... Kvardagen gjekk sin vante gang utan å ta hensyn til at eg sitt i ro. Krykker dei første dagane gjorde meg litt inmobil og upraktisk, har du prøvd å bære eit glass med vatn når du går med krykker? No er krykkene kasta, men eg er framleis ikkje spesielt kjapp og lett på foten når eg manglar noko som ligg på soverommet, ei trapp ned. Det er forresten ikkje allverda å sjå på tv på dagtid heller. Eg har brukt mange dagar på å roe meg ned og lande i sofaen og innsjå at grunnen til at eg sitt her er foten og at den skal ha ro. Gløymer eg det, hovnar foten opp og blir gretten!
Enkelte onde tunger i heimen har hevda at eg har framstått som utålmodig, nærast som ein kveks i ei fyrstikkeske...
Bilde lånt herifrå: http://sofiebj.blogg.no
Men dei siste dagane har eg klart å senke skulderene, eg har kome meir i balanse med mitt eige tålmod. Ikkje heilt tålmodig, ein skal ikkje overdrive heller :) Men eg legg ei plan for dagen; skifte bandasje på foten, ete frukost, lese aviser, sette på oppvaskmaskina, gå ein liten tur, lese aviser, og ha sofaen som base. Alle klarer leite i haugen(vi snakkar om ein stor haug) med reine klær for å finne to ganske like strømper, rein t-skjorte eller boxer. Er vi tom for pålegg og brød, viser det seg at ingen svelt ihjel!! (Men at nokon har ete opp sjokoladen eg trudde låg i kjøleskapet, det er alvorleg og går utover tålmodet!!!)

Ein ekte venn i nøden! Sofalivet krever aviser og radio, helst P2! 

Eg er på grensa til skoavhengig... Det er både ei ulempe og ein fordel no. Ulempa er at eg ikkje kan bruke kva som helst av sko. Fordelen er at eg har mykje å velje i! Crocs er store og gode og mjuke og passar til nyopererte føtter som ikkje vil ha det trangt, flaks eg har 4 par :) Dei brune med sløyfe har fordelen at dei er flate og ikkje trykker på såret. Eg har meir spennande i skoskapet, så no er det sjanse for å gjenoppdage gamle skattar.

tirsdag 14. mai 2013

Vekestart veke 20

Eg er av dei problemorienterte, er det ikkje eit problem, kan eg alltids lage eit. Bekymringsgenet mitt er godt utvikla og velfødd, passa godt og fora gjennom mange år.
Dessverre er det ikkje viktige og store ting eg bekymrar meg for(kanskje er det berre bra), eg ligg ikkje søvnlaus pga finanskrisa i Europa, klimautfordringane eller krig og fred og slikt.
Nei, det er meir dei nære ting! Eg lurer på om vi har nok mat, noko vi alltid har,  eller om bilen virkar(med god grunn, forsåvidt).Været 17.mai har eg tenkt på lenge, endå eg mest sannsynleg skal sitte inne med foten på ein stol. Og passar klærne til ungane? Været til jul tenkjer eg og på av og til, for skal vi ut og reise, er det ikkje artig med snøstorm ala det vi hadde sist jul: "Er det nokon som ser ei brøytestikke? Nei...jo, der, rett foran bilen..." Vel, vi kom fram då og, det tok berre lengre tid. Men dersom det blir fint vintervær i jula og eg ikkje bekymrar meg no, er det ikkje sikkert eg rekk beymre meg.  Godt med det som er unna gjort!

Før var det alltid fint vær 17.mai, iallfall slik eg huskar det, og iallfall på bilete. Kan det vere at det ikkje vart teke bilete i snøslaps og regn den gongen? (Ikkje alltid det blir gjort no heller når eg tenkjer meg om. At det snødde fredag før junior sin konfirmasjon er ikkje dokumentert, sjølv om eg bar planter inn og ut av carporten i håp om at dei skulle sjå friske og fine ut den store dagen, og vi hadde ullklær i beredskap i tilfelle vi måtte ha det under finstasen)

1971?, iallfall i bunad.
1970?, legg merker til skjørtelengda! Hekla kåpe frå tante og stråhatt!
Vekas vers må berre vere ein syttendemaisang!!!

Vi ere en nasjon vi med

Tekst: Henrik Wergeland

Vi ere en nasjon vi med,
vi små en alen lange,
et fedreland vi frydes ved,
og vi, vi ere mange.
Vårt hjerte vet, vårt øye ser
hvor godt og vakkert Norge er,
vår tunge kan en sang blant fler
av Norges æres-sange.

Mer grønt er gresset ingensteds,
mer fullt av blomster vevet
enn i det land hvor jeg tilfreds
med far og mor har levet.
Jeg vil det elske til min død,
ei bytte det hvor jeg er fødd,
om man et paradis meg bød
av palmer oversvevet.

Hvor er vel himlen mere blå?
Hvor springer vel så glade
de bekker som i engen gå
for blomstene å bade?
Selv vinteren jeg frydes ved,
så hvit og klar som strøet med
all stjernehimlens herlighet
og hvite liljeblade.


Denne huskar eg at vi lærte i tredje klasse, trur eg det var. Eg huskar at teksten var rar og litt uforståeleg...men noko fekk vi forklart og noko forsto eg og eg kan teksten enno! Når eg les den no, er eg raskt tilbake på Åfarnes skule, litt sliten etter toget og med gnagsår, litt spent på opptredenen eg skal vere med på og mett av is og kaker! Det var både potetløp og sekkeløp, ein kunne kjøpe lapskaus eller rømmegraut. Gymsalen er full av folk frå bygda, alle er der, snart blir det lese opp kven som har vunne rebusløpet og kor mange erter det var i norgesglaset. 

Alt eg har gløymt...

Ein annan ting eg har gløymt, vart eg minna på då eg las bloggen Livets små underfundigheter
Ho skriv om å organisere 17.mai! Eg har vore der, sitte i FAU med lange lister med oppgåver: kakelister som skal fyllast, nokon til å bære stolar inn og ut av gymsalen, nokon til å stå i fiskedammen og kven kan ta på seg å lage eit foreldreorkester?
Og all aktiviteten skjedde etter at ein først hadde pynta dei små, ete bittelitt frukost, vore på flaggheising på skulen, kome seg til byen, ropt høgt hurra til barnetoget! Kanskje rakk vi ete kaker og sjå starten av borgartoget, før vi sto i kø på tur heim igjen saman med nesten alle andre med barn på barneskulane rundt i byen og kasta i oss litt mat før vi møtte opp på skulen og leverte kake for 1.klassingen og sto vakt ved tombolahjulet for han i tredje. Ikkje rart det var godt å sige ned i sofaen etter å ha tatt av bunaden!!!
Men no er eg ferdig med den fasen i livet, snart er vi tilbake til å kunne ha 17.maifrukost og god tid, vi kan møtes etter borgartoget og ha koldtbord, kaker og god tid, og ingen masar heile dagen om å få ein gassballong som snart stig opp mot himmelen til lyden av sår barnegråt. Kvar fase sin sjarm!

mandag 8. april 2013

Snart 20 år i arbeidslivet!!

For litt sidan fekk eg invitasjon til 20årsjubileum , for det nærmar seg 20 år sidan eg var ferdig utdanna bioingniør! Hjelpes...då burde eg vere vaksen allereie? Nokre initiativrike sjeler inviterte til fest, men den fekk eg ikkje med meg sidan eg vart sjuk(ikkje fekk eg med meg 5årsjubileum heller, då var minstemann heilt nyfødt)
Ung og fager bioingeniørstudent skjær lever

Men slike jubileum skaper jo nokre tankar...
20 år er veldig lenge, iallfall når ein ser framover. Eg kan ikkje huske at eg såg for meg kvar eg skulle vere no for 20 år sidan. Og eg klarer ikkje sjå for meg korleis livet er om 20 år, då er eg kanskje pensjonist?!
Eg ville kanskje vorte overraska over at eg faktisk jobbar same stad enno? Men sjølve jobben er ganske endra, eg har heilt andre oppgåver enn for 20 år sidan, men gjer dei innanfor dei same veggane. Men slik livet er, har det vore godt med same arbeidsgivar og kvifor bytte når ein trives?

Eg ville kanskje vorte forundra over at eg jobbar med mikrobiologi? Det var noko som ikkje sto øverst på ønskjelista! Men det er eit modningsfag, ser eg no, og veldig interessant! Eg lærer stadig noko nytt, eg bygger stadig ny kunnskap på gamal kunnskap. Dyr og menneske har mykje av dei samme bakteriane, fisk er litt annaleis, men teamarbeid og litteratur hjelper.

Eg ville kanskje lurt på kvar bioingeniøridentiteten min hadde vorte av? Eg har aldri jobba som "bioingeniør", ikkje jobba på sjukehus anna enn i sommarferie som student, og ikkje før dei siste åra jobba saman med andre bioingeniørar. Eg er ingeniør, med ulike "forord" som avdelings- og over-, men det seier forsåvidt ikkje noko om kva eg jobbar med, nesten kven som helst kan vere overingniør. Skal eg seie kva eg er, brukar eg bioingeniør, det veit dei fleste kva er, og at vi ikkje berre er "vampyrar".

Glede av å vere bioingniør har eg jo, og ikkje berre på jobb.
Eg kan vere den mest nyskjerrige og plagsamme blodgivaren!! "Er det slik de gjer det no?!" "Då eg jobba på blodbank..."(note to self, ikkje sei noko om at det var sommaren 1992, då forstår dei at dette er ei gammal dame med lite oppdatert kunnskap!)
Frå sist tur på blodbanken
Men vi kan jo få ein hyggeleg prat også, om betydninga av å gje blod, litt fag og slikt! Og eg må tåle eit stikk, som eg aldri venner meg til! Eg hoppar til i stolen! (og då er det best om eg held yrket mitt hemmeleg, syns eg)


Hos legen stiller eg inngåande spørsmål om kvifor dei ikkje sender bakterieprøvene mine til dyrkning, eller endå verre: har med resistensprofil for infeksjonen min når eg kjem!
Ser du smilefjeset på bakterieskåla?


Eg kan kome til å fortelje feil go upassande historier under kafebesøk eller middagar, når eg har vore med på obdusjon eller undersøkt den mest hæslege avføringsprøve for parasittar. Slikt blir ofte ikkje tatt godt i mot i selskapslivet...
Strongyloides-egg
Ok, parasittar er litt ekkelt, men fasinerande og fine i mikroskopet! Og dei fleste eg finn er farlege for dyr, ikkje folk, dei fleste iallfall.

Og spør folk kva eit blodprøveresultat betyr, må eg oftast skuffe dei, det kan eg ikkje lenger. Eg kan derimot gjerne fortelje dei kva bakterie som oftast gir augekatarr. Eg ville hatt store problem med å lage eit histologisnitt, men er ganske flink til å pipettere. Eg ser at eg har ei god grunnutadanning, men at som alle andre ender ein opp med å spesialisere seg.

Slik kan ein bioingeniør sjå ut i 2013. Med kamera i garderoben, trangt og i farta:)

mandag 28. januar 2013

vekestart veke 5

Det går litt fort i svingane, så eg presenterar vekas ord med det samme:
Life is short. Break the rules. Forgive quickly. Kiss slowly. Love truly. laugh uncontrollably. And never regret anything that made you smile! 
Life may not be the party we hoped for, but while we´re here we should dance!

 Og for å gle dykk om mogeleg endå meir: dagens #outfit:
Alltid velkledd i laboratoriefrakk! Aldri i tvil om kva eg skal ta på meg :) Og eg er ikkje sur på biletet, men veldig konsentrert, sidan eg ikkje brukar ta bilete av meg sjølv så ofte.

Ha ei strålande veke, med dans og latter :)