Eg syns ikkje eg har så mykje å skrive om akkurat no.
Det er ikkje det at det ikkje skjer noko, det skjer masse. Men det er mykje det samme kvar dag.
Tidleg opp, eg er b-menneske og gruar meg til det blir mørke morgonar. Ete frukost og gå til jobb (eg går til jobb, KVAR dag. 22 minutt til jobb, 24 minutt heim) Vere på jobb, lærer stadig noko nytt, flytter grensene for komfortsona, prøver og feiler. Prøve å ikkje tenke på alt som kan gå galt... Ete lunsj med kollegaer, litt etter litt bli meir kjent. Gå heim, kanskje sove middag (ref at eg står tidleg opp) og så har det skjedd noko nesten kvar kveld i det siste. Prøve å komme i seng i rett tid (kva er eigentleg rett tid? Det må naturlegvis vere slik at ein får nok søvn, samtidig er rett tid av og til altfor seint, fordi det skjer noko artig!)
Slik går dagane.
Men eg har hatt fødselsdag denne veka! Og ingen fødselsdag utan tiara!
Viser innlegg med etiketten fødselsdag. Vis alle innlegg

fredag 30. august 2019
mandag 26. august 2019
Å få mest mogeleg ut av ei helg!
Eg syns på mange måtar at eg har "maxa" denne helga, eg har verkeleg brukt den godt, fått med meg mykje og samtidig slappa av!
Fredag var eg i 59 år og 364dagars -dag (eller 60årsfeiring ein dag for tidleg). Kjempefin fest! Strålande jubilant, bra gjester og god mat. Eg skulle gå tidleg heim, men endte vel med å vere sistemann ut døra.
Laurdag pakka vi bilen men dyner, kaker og turklær (og junior) og sette kursen mot Romsdalen. Eg likar godt å feire fødselsdag, og av og til må ein oppsøke gjestene og lage selskap andre stader enn heime. Aldri for gamal til å feire! Blåbærkake og havrekjeks er godt, og svigerinna mi hadde med nyplukka plommer. Alle vart mette, og det var kake igjen!
På søndag rakk vi ein liten fjelltur, i bratt terreng, eller det junior kallar effektive høgdemeter. Det betyr brattare enn komfortsona mi. Men fabelaktig utsikt!
Litt meir familietreff, og så heim med bilen full av skitne turklær og nyplukka plommer.
Men det var litt vanskeleg å reise, for været var bra, det var varmt og det var mykje fint å sjå på! Smake på og plukke.
Tross mykje program, ei bra helg! Det er godt for hodet å ikkje ha tid til å tenke på jobb, for eg tenkjer mykje på den resten av veka. Det går betre, men det er mykje nytt enno.
Så med ei slik bra helg bak seg, får det heller vere at eg starta måndagen med å miste ei halv tann og må til tannlegen på fødeselsdagen min...

![]() |
| Jubilanten dansar flamenco, her illustrert av ei dukke! |
Laurdag pakka vi bilen men dyner, kaker og turklær (og junior) og sette kursen mot Romsdalen. Eg likar godt å feire fødselsdag, og av og til må ein oppsøke gjestene og lage selskap andre stader enn heime. Aldri for gamal til å feire! Blåbærkake og havrekjeks er godt, og svigerinna mi hadde med nyplukka plommer. Alle vart mette, og det var kake igjen!
![]() |
| Blåbærkake |
På søndag rakk vi ein liten fjelltur, i bratt terreng, eller det junior kallar effektive høgdemeter. Det betyr brattare enn komfortsona mi. Men fabelaktig utsikt!
Litt meir familietreff, og så heim med bilen full av skitne turklær og nyplukka plommer.
![]() |
| Junior har fotografert mor som fotograferer seg sjøl! #metafoto (heiter det visst) |
![]() |
| Heilt grei utsikt! |
![]() |
| Vi starta nede ved husa. |
Men det var litt vanskeleg å reise, for været var bra, det var varmt og det var mykje fint å sjå på! Smake på og plukke.
"Epler og pærer plommer, de vokser på trærne
når de blir modne, så faller de
NED!"
Men vi får tru vi rekk å plukke mesteparten før det!
Tross mykje program, ei bra helg! Det er godt for hodet å ikkje ha tid til å tenke på jobb, for eg tenkjer mykje på den resten av veka. Det går betre, men det er mykje nytt enno.
Så med ei slik bra helg bak seg, får det heller vere at eg starta måndagen med å miste ei halv tann og må til tannlegen på fødeselsdagen min...
onsdag 15. august 2018
Mindfullness i august (not)
Du veit ho dama på butikken, ho med 3 lange lister i hånda med alt ho skal handle, mord i blikket og ein stakkars mann som kjem etter med full handlevogn?
Der har du snart meg!
Eg har liste på liste, vaknar og tenkjer på blomster og bordkort, "vi skulle jo hatt ein seglbåt på bordkorta"!, plagar mannen med spørsmål om kaker og meny og lurer stadig på kva eg har gløymt. Noko må det vere?
Det er berre litt over ei veke igjen, så feirar vi dag!
Det roar seg litt, men eg blir forundra over kor engasjert og forvirra eg blir over alle val og problemstillingar... Eg er ikkje den coole dama som tek alt på strak hand! Same kor mykje eg ville likt å late som om eg er det. Eg får øve, slik at til neste runddag eller anna storselskap skal eg framstå som Mindfulnessens dronning! (kanskje)
Men eg har kjole klar, og sko og eg har klipt meg. Og snille frisøren slo til med massajestol og hodebotnsmassasje og god, god tid. Ho har nok sett stress før!

onsdag 14. mars 2018
Ingen ting varer evig!
Idag har eg gjort noko eg har grua meg til! På ein heilt vanleg onsdag, midt i mars, har eg endra teksten i profilen min på bloggen. Eg har endra eit ord. No står det mor, ikkje tenåringsmor.
Det fordi begge desse muntre, unge mennene har vorte over 20 år! Eg har ikkje tenåringar lenger. Det er SÅ rart. Eg var førebudd. Dei har jo flytta ut også. Men iår er første gongen minstemann ikkje feirar heime og det samtidig som han fyller 20.
Jaja, livet. Det er slikt som skjer! For 20 år sidan hadde eg ein sint, liten kar som var svolten. Han kom litt etter planlagt tid, heime hadde vi ein liten storebror. Det gjekk i full fart i fleire år. Eg har vore spebarnsmor, småbarnsmor, skulebarnsmor, storbarnsmor og tenåringsmor.
No står det mor i profilen min, og sjølv om eg no slepp både klesvask og matlaging til desse to, slik til dagleg iallfall, heng nok bekymringane i mammahjertet igjen i mange år enno! Eg skal framleis lure på korleis dei har det, slik inni seg. På om dei søv nok, har huska den fristen, om dei trivst, treng nye sko eller et nok fisk. Eg har ingen som ropar på eit glas vatn etter at han har lagt seg. Men kva dei har tenkt å gjere i helga og kven dei er saman med? Kjenner eg venene deira? Kjenner eg foreldra til venene? Eg treng ikkje plukke legoklossar, men har dei søkt sommarjobb og kva skal dei til hausten? Erfaring frå eigen oppvekst, viser at denne fasen vil vare lenge (for meg altså)!
Gratulerer med dagen, junior!
Og så får eg stole på at det meste av lærdom er på plass, og at dei har strøm på mobilen, slik at dei ringer heim om det er noko.
![]() |
| Fotograf: tante Margrethe |

søndag 30. august 2015
Vekestart veke 36, om feiring, venskap og familie
Ei helg med feiring er over! I går var det kveldsmat med gode vener, det var gulasjsuppe, kake og god tid til prat. Vi har nesten ikkje sett kvarandre i sommar, så det var så fint å treffes igjen og ha tid til litt meir enn å seie hei!
Idag har vi hatt familieselskap, det har vore god stemning og god tid. No er det stille i stova og heilt tomme kakefat!
Eg har prøvd meg på nye oppskrifter, men eg har vel igrunnen berre brukt dei som inspisrasjon, for eg kombinerte litt forskjelleg… Det vart iallfall blåbærbollar med inspirasjon av Fru Timian og kardemommesnurrar med inspirasjon frå Trines matblogg. Eg brukte mi eiga oppskrift på gjærdeig, og hadde ikkje blåbær, men brukte blåbærsyltetøy. Men eg fekk iallfall brukt kardemommekapslane eg hadde i krydderskapet! Sitronfromasj har eg laga før, den er knallgod! Litt arbeid, og litt omstendeleg, men kan anbefale denne oppskrifta. (og her fulgte eg oppskrifta nøye!)
Det er fantastisk å ha gode vener og fin familie som kjem på besøk, som vil vere med og feire meg og som hadde med så fine gåver!(eg har fått notisbok, blomster, olivenolje, fin edikk +++) Eg er rik!
No er eg nesten klar for ny veke. Eg skal ha eit par feriedagar, det blir godt! Det er mykje program på kveldstid, men greit å få det unna, for neste veke blir det operasjon for øret, og då må eg vel skru ned tempoet endå meir. Det er straks september, og det kjennest rart. Kvar vart sommaren av? Er det haust allereie?! Eg er nok litt lurt av det fine været som har vore i det siste.
Eg fann dette fine augustdiktet på Facebook og det får vere eit slags farvel til august og velkommen til september!
![]() |
| Og når ein får slike fine kort! |

AUGUST
Slutten
er vakrest
hvisker
svaberget og
løfter
den brune kroppen
din
litt nærmere solen
vakrest
er slutten og
august
presangen til
dem
med hjerte
for
sirisser
rognebær
og
solnedganger
-
Arne Ruste -
![]() |
| Augusthimmel |
Då ønskjer eg deg ei god veke! Kanskje klarer eg skrive litt i løpet av veka også?
søndag 17. november 2013
Saktesøndag (vekestart veke 47)
Igår høyrte eg Odd Nordstoga på radioen, November-sangen hans passa særleg godt når "Hilde" var innom på besøk!
Det
er eit troll på loftet, og draugen er på dass
I
kjellaren bråkar ein skummel ein
Og
ute er eit skrømt frå den tid slike fanst
Han
dansar utpå marka ein skummel dans
Og
veden vil ’kje brenne, og livet det er stutt
(så
alle dei ringer og gjer det slutt)
Og
koppane dei skranglar når toget fér forbi
Det
skingrar gjennom byen, men det er ingen i
Ååå,
d'er noko som fer
Ååå,
d'er noko som skjer
Åååå,
d'er noko som hender
og
d'er ein som eg kjenner:
Det
er November
Og
katten er så rar av det vonde han ser
på
sin blodige tur der ute
iblant
halvetne fuglar og livredde mus
som
nok aldri kjem heim til sitt musehus
Ååå,
d'er noko som fer
Ååå,
d'er noko som skjer
Åååå,
d'er noko som hender
og
d'er ein som eg kjenner:
Det
er November
Det
er eit troll på loftet og draugen er på dass
I
kjellaren bråkar ein skummel ein
Og
eg er ikkje heime, så alt det eg fortel
ja,
det høyrde eg i lufta av ei daud og plaga sjel
Ååå,
d'er noko som fer
Ååå,
d'er noko som skjer
Åååå,
d'er noko som hender
og
d'er ein som eg kjenner:
Det
er NovemberOdd Norstoga
![]() |
| "Hilde" har vore på ferde bak huset, og tatt toppen av ei furu. |
Idag er ein skikkeleg sakte-søndag!
Vi sov, LENGE, det gjorde godt for kropp og sjel, sjølv om eg vart litt forvirra då eg såg på klokka... nei, eg seier ikkje kva den var! Eg har nok vore vak i natt, for "Hilde" sa skikkeleg takk-for-seg før ho forlet bartebyen, og det ruska godt i trekronene ute.
Vi har ete frukost med ferskpressa appelsinjuice og varme croissanter. Vi snakka om å sitte på ein fortausresteurant i Nice og ete det samme. Men det var ikkje så verst å ete heime heller!
![]() |
| Ferieminner |
Det skal bli saltkjøt med rotmos og vi skal ha grove, heimelaga pølser til. Sa du luksus!?
![]() |
| Sjølvgjort er velgjort! |
Innimellom sitt eg i sofaen og gjer nesten ingenting. Surfar litt på nettet, tenkjer at eg skulle ha lese litt i avisene frå i går, rydda bort leikene eg tok fram til familieselskap for to veker sidan, skrella potet, tømt oppvaskmaskina. Vi har ny tørketrommel, den tørkar idag også, på ein søndag. Eg frydar eg over ein trommel som tørkar, ikkje berre bråkar. Eg er enkel slik, eg er lett, men ikkje spesielt billeg, å glede. (eg betalte den vel sjølv, forresten) Men ingen ting av alt eg tenkjer på går sin veg, så eg sitt her og sløvar. Det trur eg kroppen og hovudet har godt av! (eg likar iallfall å tru det :) ) Og no auser det ned att ute, så eg orkar ikkje gå tur heller!
Igår var ein dag i venskaps- og selskapstegn. Tenåringane var med og arrangerte LANparty natt til igår. Dei var stille utpå dagen igår... Mannen var saman med vener frå mange år tilbake, på omvisning i Nidarosdomen, lunsj og til slutt jubileumsmiddag(her feirar vi alt, iår var det vel 22 års jubileum!) Eg var på 111årsdag hos ein venefamilie, med mat og prat og mange nye, trivelege folk å bli kjent med. Ein slik gårdag gjer det igrunnen nødvendig med ein sakte søndag!
I morgon er det måndag igjen, det er sikkert nok av oppgåver i kø, det er jobb, tentamenstid for tenåringane, livet som går sin gang, slik dei fleste vekene er.
![]() |
| Utsikt frå jobb ein novembermorgon! |
(November-forsettet sa du? Det går sin gang!Eg har nokre tankar om at å gle seg til noko er ein gløymt ting, det er så lett å berre ordne det med ein gong, iallfall for meg. Eg treng ein ny kjele på kjøkkenet, eg kjøper den og manglar noko å ønskje meg til jul. Eg finn ein fin genser, kjøper den og har ikkje behov for den... Eg gler meg veldig til jul, dette er ikkje ein eg-likar-ikkje-jula-aksjon, men eit vent-med-jul-forsøk. Samtidig har jo november så mange kvalitetar sjølv, som er gode. Eg kan ete haustmat, ikkje julemat, eg har bakt sitronkjeks, ikkje pepparkaker, eg drikk PepsiMax som er mykje betre enn julebrus og eg et nøttesjokolade istadenfor marsipan. Eg har byrja på julegåvelister, kjøpt eit par allereie, eg har funne dei finaste englane og det søtaste luciatoget som nok blir med heim, sånn ca 1.desember! Eg gler meg til å finne fram julemusikken, inntil vidare høyrer eg radio. Eg har bestemt og informert familien om at det blir sjokoladekalender iår, og at eg heller skal legge litt meir innsats i juelstrømpene. Slikt gir iallfall lavare skuldre i november! Men det er lenge igjen før advent, eg kan fort gå på ein smell...)
søndag 25. august 2013
"Hurra for meg!"
Eg har fødselsdag omtrent på denne tida, og må vedstå meg stor glede av å kalle inn til feiring! Ikkje så mykje for å feire meg, men for å samle troppane. Eg kjem ikkje frå Trondheim, men med åra har fleire frå familien min flytta hit; søster, fleire nevøar og nieser og jammen har eg vorte gammaltante og!
Igår var haustværet i Trondheim fantastisk, og etter å ha sjekka værmeldinga, tok eg sjansen på å invitere til hageselskap i dag. Det kan jo vere ein sjansespel, vips har været ha gått frå fint til litt meir frykteleg, men i dag var det sol og atter sol og god varme i solveggen. Eg leita rundt i hagen etter blomster, det var ikkje så enkelt, det slår meg at vi ikkje har blomster i hagen... Eg leita i skåp og skuffer etter ting å sette fram, eg laga cupcakes(mogeleg det er heilt ut no?) Eg fann duk, eg leita fram nok stolar, fann puter og pledd og måtte faktisk slå opp parasollen for at det skulel bli passande å sitte i solveggen. Tenåringane laga brownies og jammen kom ikkje søster med eplepai!
Så kom gjestane, nokon med hatt, alle med godt humør. Det var god stemning frå første stund, praten gjekk, vi oppdaterte kvarandre på stort og smått "hæ, har du skifta jobb?", "skal du reise så mykje i haust?", "så store ungane har vorte", "å, så godt det er i sola!" Etter ei stund må eg ta bilde, og sende til mamma og pappa, og då går det ikkje lenge før dei ringer tilbake for å høyre lyden av barn, barnabarn, oldebarn, svigerbarn etc!
Det var mat, og etterkvart vasskrig med både vasspistol og vassballongar. Frisbeekasting med for meg ukjente reglar og stor innsats. Store og små søskenbarn, tanter og onklar som er saman og har det kjekt. Både store og små blir kjent med kvarandre, vi blir trygge på kvarandre. Eg kjenner eg blir glad av slike dagar, eg kjenner meg rik som har ein slik familie rundt meg! Eg tenkjer på kor heldige vi er! Etterkvart som mine ungar har vorte teinåringar har ikkje kompisbursdag vore så viktig, men familieselskapet vil dei ha! Det er høgdepunktet.
Og så er det eigentleg ikkje hurra for meg, men hurra for alle gjestane og familielivet! At vi har noko saman som er verdt å ta vare på og føre vidare!
![]() |
| Førstemann får hengekøya! |

| Hageselskap krever hatt |
Så kom gjestane, nokon med hatt, alle med godt humør. Det var god stemning frå første stund, praten gjekk, vi oppdaterte kvarandre på stort og smått "hæ, har du skifta jobb?", "skal du reise så mykje i haust?", "så store ungane har vorte", "å, så godt det er i sola!" Etter ei stund må eg ta bilde, og sende til mamma og pappa, og då går det ikkje lenge før dei ringer tilbake for å høyre lyden av barn, barnabarn, oldebarn, svigerbarn etc!
![]() |
| "hagestove" |
Det var mat, og etterkvart vasskrig med både vasspistol og vassballongar. Frisbeekasting med for meg ukjente reglar og stor innsats. Store og små søskenbarn, tanter og onklar som er saman og har det kjekt. Både store og små blir kjent med kvarandre, vi blir trygge på kvarandre. Eg kjenner eg blir glad av slike dagar, eg kjenner meg rik som har ein slik familie rundt meg! Eg tenkjer på kor heldige vi er! Etterkvart som mine ungar har vorte teinåringar har ikkje kompisbursdag vore så viktig, men familieselskapet vil dei ha! Det er høgdepunktet.
Og så er det eigentleg ikkje hurra for meg, men hurra for alle gjestane og familielivet! At vi har noko saman som er verdt å ta vare på og føre vidare!
![]() |
| Dame, snart 45, funderar på livet |
tirsdag 21. mai 2013
Vekestart veke 21
På tide med eit vekestartinnlegg, vi er igang med ei ny veke, igjen. Slike maiveker med fridagar før og etter helg og midt i gjer ein litt forvirra :)
Eg skriv på eit innlegg om den eine foten min, men det er ikkje ferdig enno. Men det kjem! At sommaren plutseleg kom i helga, er også verdt nokre ord.
Dermed passar det godt å bruke dagens innlegg til å gratulere mannen min som har fødselsdag denne veka!! Eg har funne eit fint dikt som handlar om livet vi har saman:
Ekteskap er to om alt,
to om sukker, to om salt,
oppvaskbenk og lengt og håp,
fjernsyns-skjerm og kjøleskåp,
godlynt dryss og dumme tretter,
varme bein i kalde netter,
to om siger, to om tap -
først og fremst er ekteskap
ein å dela natt og dag med
og ein venn å le i lag med.
Ingvar Moe
Gratulerer!!!
Eg skriv på eit innlegg om den eine foten min, men det er ikkje ferdig enno. Men det kjem! At sommaren plutseleg kom i helga, er også verdt nokre ord.
Dermed passar det godt å bruke dagens innlegg til å gratulere mannen min som har fødselsdag denne veka!! Eg har funne eit fint dikt som handlar om livet vi har saman:
Ekteskap er to om alt,to om sukker, to om salt,
oppvaskbenk og lengt og håp,
fjernsyns-skjerm og kjøleskåp,
godlynt dryss og dumme tretter,
varme bein i kalde netter,
to om siger, to om tap -
først og fremst er ekteskap
ein å dela natt og dag med
og ein venn å le i lag med.
Ingvar Moe
Gratulerer!!!
søndag 17. mars 2013
Vekestart veke 12
Då er helga snart historie, igjen. Tida går fort i godt selskap....
Ein del av helga er tilbrakt på sofaen under det varmaste pledde, hutrade og hostande. Velger å tru eg er på bedringens veg no!
Heldigvis rakk eg å sitte i sola før eg byrja hoste(eg ser ingen samanheng her!) Å ete lunsj ute og drikke varm te medan ein les avisa er lise for den som lengtar etter vår og varme! Eg kjenner meg litt som lerka som trur på våren! Huskar vi sang denne på skulen om våren :)
Og vesle lerka, ho hev det so
at finn ho ein tuvetopp fri for snjo,
so kved ho i med sin finaste song,
so trur ho på våren med ein einaste gong.
"Å hei! Å hi! Å tiriliti! Å tirili, tirili-ti!"
Og vesle lerka, ho hev det slik
at finn ho ein solstråle, so vert ho rik.
Då stig ho i høgdi og trallar i lit
til sumar på jord, endå snjoen ligg kvit.

Og lyngtuva, det er lerka sitt fat.
Der set ho seg ned, og so fær ho seg mat.
Og når ho er mett, ho takkar so glad
vår herre for maten, med kvitter og kvad

Gud signe deg! Du er fuglen min, du!
Gud signe no deg med di glade tru!
Og møter eg kulde og snjo på min veg,
Gud gjev meg i soltru å kveda med deg:
"Å hei! Å hi! Å tiriliti! Å tirili-tirili-ti!"
Per Sivle
Eg har i tillegg baka massevis av kaker til feiring av femtenåringen, og med hjelp av resten av familien utført hurtigrydding av heimen slik at vi ikkje blir stengt av mattilsynet eller andre tilsyn som kan kome innom for ein sjekk. Vi har nye koppeklutar og reine handkle!! Mengda støv er også redusert!
Det var ønskjer om suksessterte til festen. OK, tenkte mor, det har eg nesten aldri laga før, så det må vel gå?
Å lage eggekrem er risikosport av høgste klasse: "varm opp til det tykner". Ja, når der et tjukt og kor sterk varme tør ein bruke? Eg sto ganske lenge ved komfyren, og rørte og rørte, skrudde varmen opp og ned....og plutseleg var det tjukt og alt gjekk bra. At kakefatet ikkje hadde kant rundt og ikkje sto heilt beint etter at eg hadde kremen på kaka, fann eg ut etterpå. På den litt irriterande måten...
Kakebordet var riktig bra! Trur det fall i smak, for etterpå såg det slik ut:
No skal det seieast at det var meir i boksane, men eg hadde ikkje fulgt med og det var plutseleg tomt!
Og i kombinsjon med prat og leik og latter, små og store samla, var det ein kjekk ettermiddag!!
Og sidan det snart er påske, har eg funne fram den finaste påskeduken

Abonner på:
Innlegg (Atom)