fredag 28. februar 2014

Sofadag

Eg har sofadag idag, eg er sjuk. Ikkje frykteleg sjuk, men sånn passe smittefarleg med litt kjedeleg virus og er slapp og sliten. Det er nokre ting som går igjen når eg er sjuk, eg ser ting eg ikkje legg så godt merke til elles….

  • visne blomster. Tulipanar varer ikkje evig, 14 dagar er nok i overkant sjølv for dyre, fine, kjøpt på blomsterbutikk. Det viser seg og at primula treng vatn, oftare enn kvart jubelår.
  • sol avslører skitne vindu. Eg kunne dratt for gardinene, men vi har ikkje gardiner. Det er klimaendringane si skuld! Det har knapt vore nedbør i 2014, og støvet er overalt!
  • "nokon" burde vaska eller kosta rundt vedomnen, der ligg støv og ved. Ein annan dag, tenkjer eg og drikk meir Farris.
  • irritere meg over mangelen på mat som fristar i kjøleskapet. 
  • klesvask og oppvask lever sitt eige liv bak ryggen min, dei formerar seg på mystisk vis. Godt då med ein junior som seier, sånn i forbifarta, "æ sett på oppvaskmaskina, den va full".
Ingen blir friske av eit slikt negativt fokus! Eg må fokusera på noko lystigare!!
  • lese avisa, lenge og grundig. Løyse bokoppgåva i "Dag og tid", kven veit, kanskje eg sender inn svaret også?!
  • strikke ein omgang eller to på strømpene til mannen.
  • høyre radio; få lesetips, musikk-inputt, nyheiter frå inn og utland, kjenne at eg er heldig som bur her eg bur!
  • lese meg vekk i Blogglandia, oppdatere meg og lese, for meg, nye bloggar.
  • sove litt på sofaen under eit varmt pledd.
  • lese i bøkene eg kjøpte på Mammutsalg sist helg.  
Satsar på å jage viruset ut av kroppen i løpet av helga, heldigvis ei roleg helg som ligg framfor oss, så eg skal pleie meg sjølv!! No er eg ikkje forkjøla, men dette handlar vel om å vere sjuk… 


Forkølet


Jeg er så forkølet, forpint

og besværet,

og det er så synd og så trist,

og jeg er så syg, som ingen

har været -

siden jeg var det sidst.

Og jeg ligger i sengen
og
tænker kun på

at jeg har det så vederstyggeligt,

og er så elendig og mishandlet, åh!

Og det er i grunden så hyggeligt!
Piet Hein


søndag 23. februar 2014

Vekestart veke 9

Nye veker er fine, det er nye sjanser, ny start, nye oppgåver, nye møter med folk! Og trøytte morgonar, tomt for reine sokkar og fullt av skitne håndkle, ingen planer for middag og kvardagar på rekkje. Men kvardagar er fint, det er flest av dei, dei er rutine og kjente gjeremål, og oftast med plass til litt sprell :)

Stein på stein

stein på stein
og sjø på sjø
og ein himmel
veldig som havet
ein der ute kan sjå

nokre fåe hus
nokre båtar

og ei stille
heilt stille

Jon Fosse

Ønskjer deg ei fin veke, med og utan rutiner! Eg kan springe frå møte til møte, både på jobb og i fritida, så eg skal legge ein plan for å rekke å strikke litt, lese litt og sove middag!
Denne har eg strikka i helga!!


(og for den som måtte lure, eg og mannen har hatt ei fin helg, utan tenåringane, når vi berre vart vant til det! Vi har vore på mammutsalg, i fødslesdagslag og ete middag på kafe! No er juniorane heime igjen, det er meir liv i huset, det er fint!) 

lørdag 22. februar 2014

Tomt reir...

Dei søte små(les: lange slampane med sko i størrelse 44) er på vinterferie, og mor og far har tomt hus. Det er jo draumen enkelte kvardagar: stille, velge eigen musikk, eigne tv-program, eigen meny utan hensyn til anna enn eigne smaksløkar. Det er vel slik at ein alltid ønskjer seg det ein ikkje har!? Det er stille, vi har overraskande mykje brød igjen og juice og mjølk, og sjokolade(neida, mor er framleis heime) Og det er ingen som skal minnast på rydding, støvsuging, ingen som fortel tørre vitsar eller som leitar etter noko godt pålegg. Ingen som har sovna med tærne i friluft eller som hostar og treng trøyst… #morstutogkjør har frihelg og ingen oppdrag.

Gler meg til dei kjem heim att, eg…

Det blir vel slik på måndag...



(misforstå meg rett, vi har det bra vi to som er heime, om ein ser vekk frå mageviruset som angreip mannen, men det er er underleg stille. Og det er jo greit at vi øver oss litt, det skal jo vere slik at ungane vil ut og om nokre år er det slik kvar dag)

søndag 16. februar 2014

Vekestart veke 8

Klar for vekestart og vinterferie?! Eg skal iallfall ha litt fri, og vart ganske skuffa då eg vakna svimmel og med tett nase idag….det var ikkje plana(ikkje fordi eg ikkje får gått på ski, men eg hadde tenkt å gjere noko meir enn å slite sofa på fridagane mine)

Utsikt frå sofaen: Vinter på trøndersk… grågrønt og tørt

Søstra mi delte eit dikt på Facebook her ein dag, og eg tenkte å dele det samme med dykk i dag:
Diktaren Bruheim ville ha fylt 100 år oår, og det blir skrive litt om han rundt om, vel verdt å lese!

Den annsamme

Han har ikkje stund til å stogge

og ikkje tid til å sjå.

Menneske som han møter

dei ansar han aldri på.

Mangt har han å rekkje over.

Det gjeld um å fara fort.

Mykje var det å gjera.

Det auka dess meir han fekk gjort.

Så lid det til endes med dagen.

Han står der, studd over stav
og spør:
Kva har livet gjeve

og kvar har det vorte av?

Slik jaga han gjennom livet

utan å få det fatt.

Ei glede sprang etter på vegen

men nådde han aldri att.


Jan-Magnus Bruheim

Måtte du få ei veke der du går saman med gleda, så den slepp springe etter deg! Ei veke der du kan stoppe opp, med eller utan vinterferie, ei veke der du ser menneska rundt deg -og blir sett sjøl! 

Eg planlegg sakte frukost, litt rydding, lunsj på kafe, bok i sofaen og kanskje eit venninnetreff! Ein tur i skogen, for det er visst fint der, sjølv om det ikkje er snø, og eg har eit lite håp om å få fram symaskina. 
Dagens frukost var ikkje så verst! Eg treng C-vitamin for å jage forkjølelsen vekk!

onsdag 12. februar 2014

Vekestart veke 7

Skal vi sjå, kalenderen seier onsdag, så det er vel på høg tid med vekestartinnlegget!
Eg kunne valgt så mangt denne gongen, ei Queen-tekst, kanskje, eg som har vore på musical og er verdas stoltaste mor! Ein vårsang, sidan alt tydar på at vinteren ikkje kjem til Trøndelag iår, den var berre innom så vidt i desember. Eller noko frå ei av dei nye diktbøkene mine, for eg har utvida samlinga i det siste. Eg kunne og tatt ein bilsang eller eit bildikt, der har eg lite å velge i, men vi prøverkjører ny bil nesten kvar dag for tida, sidan ein trufast slitar er på siste linje av siste vers og slett ikkje er ei av samfunnets støtter lenger.

Men det blir denne sangen av Erik Bye, som eg høyrte på fjernsynet ein kveld. Vakker, vedmodig og til å nyte. (prøv å finne ei innspeling ein eller annan stad på nettet, melodien er fantastisk fin)


Blå salme
Jeg synger meg en blå, blå salme når dagen svinger hatten til farvel og ror med sakte åretak mot strender dit alle dager ror når det blir kveld. Da søker jeg min hvile ved treets trygge rot mens sankthansormer gløder grønt i gresset ved min fot. Da synger jeg min salme.
Jeg synger meg en blå, blå salme og takker for all grøde som ble min. For lyse døgn, for barneskritt i tunet og dine gode kjærtegn mot mitt kinn. Men òg for våkenetter som aldri unte ro men gav min dag et dunkelt drag jeg aldri helt forsto. Nå synger jeg min salme.
Jeg synger meg en blå, blå salme til deg, du Hånd som sanker og som sår og senker deg med signing over jorden med legedom for alle våre sår. Som byr oss rette ryggen stå opp og gå i strid. med løftet hode skal hver sjel gå inn i Herrens tid. Så synger vi vår salme.

Erik Bye

Blå time

tirsdag 11. februar 2014

Mødre, altså...

Eg skal skrive om meg sjøl, for i går var eg og såg musical, med junior i bandet. Eg var/er stolt!!! Meir om det seinare.

Men altså, mødre, sånne damer med hjartet på utsida, med smil eller tårer i augene, litt avhengig av kva som skjer. Eg er visst ei slik ei!
No, med tenåringar i hus, prøvar eg lese ansiktsuttrykk og tolke mumling, når eg vil vite korleis dagen har vore. Det vekslar jo mellom bra og BRA når eg spør, eller grei dag når dei svarar i heil setning. Eg tenkjer at kanskje må det ei mor til for å høyre nyansene? Eg vil jo dei skal ha det bra! (men det snev av hukommelse eg har frå den tida, minner meg på at eg heldt tett om mykje, og delte eg med nokon, var det vener heller enn mor og far eller anna familie. Men eg gløymer den biten og spør kvar dag:korleis har dagen vore? og tek i bruk mammaradar og tolkningsverktøy for å forstå svaret og sett evt mannen på saka for å spørje på ein annan måte)



Igår var eg stolt, slik mammastolt som smiler frå øre til øre, ser meir på han i bandet enn på dei på scenen, prøvar lytte ekstra til alle bassoloane, og tenkjer at alle må då høyre at dette er ein framifrå god bassist?! Eg angra på at eg ikkje hadde med plakaten der det sto "Eg er mamma til bassisten" (det er berre noko du truar med, sa bassisten sjøl, du tørr ikkje. Han var altså ikkje så redd for å ha mor i salen) Eg fryda meg over dei eg snakka med som forsto kva dei skulle seie til ei stolt mor, etc etc etc. Eg har klipt ut anmeldinga frå avisa og linka dit på Facebook… Å, eg er så stolt!
(sånn i parantes og for ordens skuld, eg var nok ikkje den einaste stolte mora i salen! Det var fullt av oss, og av stolte fedre! Og det med rette, fantastisk flinke ungdommar på scena, i bandet, bak scenen, teknikkarar med kontrolll etc, og hurra for lærarar med kunnskap og vilje og inspirajon! Det var ei fryd å sitte der!)


Eg frydar meg når andre snakkar fint om ungane mine, eg prøvar oppføre meg på utsida, men gliser på innsida!
Eg uffar meg og sukkar når dei syklar på heller uvegsomme stader, klatrar i fjell, hoppar frå store høgder og liknande, men på innsida heiar eg og er glad de er så tøffe!
Alt er ikkje rasjonelt å vere stolt over, men for mor er det jo spesielt med det første smilet, den første gongen junior snur seg frå mage til rygg, reiser seg, tek dei første skritta… Pyttsann at det er noko som blir rekna som vanleg! Det skjedde her, med mitt barn!

Og hjartet blør når dei er slitne, sjuke, har for mykje å gjere. Eg masar om nok søvn, rett mat i rett tid, varme klær og kor viktig det er å gjere lekser. På same måte som eg blir glad når dei har forstått av seg sjølv at dei treng ull under når det er vinter, grovt brød til niste eller legg seg fordi dei er trøtte. Eg kjenner meg litt tåpeleg innimellom, for dei er store og kan så mykje, men mamma er mamma!

Og eg huskar at bestemor var likedan. Ho var Mor heile livet, og bestemor og oldemor, og ga oss omsorg og omtanke, og bekymra seg for oss! Eg forsto at dette var visst ei oppgåve for heile livet….

Det vil altså ikkje gå over! Det er berre å stålsette seg(og førebu ungane)  Mødre, altså...


fredag 7. februar 2014

Kulturåret og utelivsdama

Må jo lage ei overskrift som fenger?!
Til jul fekk eg billettar til konsert med Stein Torleif Bjella frå gullgutane mine, konserten var denne veka. Så oppdaga eg at "Abrahams barn" gjekk på teateret i januar, og då eg kjøpte billettar til dette stykket, tenkte eg at dette var eit høve til å bruke kulturlivet litt meir aktivt enn eg oftast gjer i løpet av eit år. (eg er nemleg svært glad i sofaen, men etter å ha lese kor farleg det er, forsto eg at noko måtte gjerast)
Plana som vart lagt rett etter nytt år er som dette: Minst ei kulturoppleving pr månad!

Og denne siste veka her eg verkeleg brukt byen!! (det er så eg nesten har angra, for det vart litt travelt :) )
Sist fredag hadde vi nyttårsbord med kvinneforeninga! Det er ein lang tradisjon, etter at vi måtte gje opp å møtest i desember, det var alltid andre julebord, avslutningar på jobb, skule, barnehagar etc, og kaker som måtte bakast og hus som skulle vaskast. Fast tradisjon er det også å snakke om tidlegare treff, som det året vi åt ein stad der alle varmomnane hadde gått i stykker og det  var -17 ute…brrr! Året etter gjekk vi ein stad med peis, røyken slo inn og låg lavt over borda! Men på nyttårsbord hadde vi det fint!
Onsdag møtte eg ei som ikkje fekk med seg nyttårsbordet. Vi evaluerte jula, nyttåret og livet generelt. Nyttigt og artig!
Torsdag var det på tide å gå på konserten med Bjella. Mannen og eg fekk ein fin kveld, vi er ikkje så flinke til å gå ut saman, vi kjem ikkje på at ungane har vorte store og ikkje treng barnevakt lenger…
Jammen klarte eg finne ei glipe og ta bilde!

I morgon er det elgfest! Jaktlaget til mannen møtes for å ete opp indrefileet frå jakta i haust, mimre om jakta og danse gammaldans, for dette jaktlaget har eige gammaldansorkester! Her kunne eg skrive noko ironisk om både jakthistorier og gammaldans, men det brukar vere ein triveleg kveld.
Måndag kjem det eg er mest spent på; vi skal på musicalen "We will rock you" på Strinda videregåande. Eg kjem truleg til å glise skamlaust frå øyre til øyre  og gråte ein rørt liten mammatåre, for der er minstemann med i bandet(og han er eigentleg for ung) Dei siste vekene har han knapt vore heimom, det har vore skule på dagtid og øving på ettermiddag- og kveldstid, heime har han tømt brødboksen og sove litt. Men humøret har vore strålande, han gjer noko han verkeleg likar: spele bass!

Med slik start på året, er det spennande å sjå om eg klarer følgje opp… Eg må snart leite etter det som skjer i mars og april, for det er kjekt å kome seg ut og oppleve noko anna.

Men med eit slikt program, eg har jo vore på jobb også, er det noko som glipp… Kjøleskapet er hengsla om, men har ikkje fått funksjonen "fylle seg sjølv", men den funksjonen har skitneklekorga fått. No er det helg, tid til å handle, vaske klær, lese aviser, sove litt og vere saman med mannen(monstemann skal jo øve, og den andre junioren er borte) Gler meg!


mandag 3. februar 2014

Vekestart veke 6

Av og til, når eg kjem på at eg har lova meg sjølv å legge ut nokre ord kvar vekestart, lurer eg på kva eg skal dele. Andre gonger står det dikt i kø for å delast, og idag er det litt slik. Så no veit eg kva eg skal legge ut neste veke også, dersom ikkje noko anna skulle dukke opp!
Det blir forresten lysare dag for dag.

Av og til huskar ein veldig godt når ein høyrte ting første gong. Dette diktet vart lese opp på ei samling med studentar, på tidleg 90tal, av ein ung mann eg kjente(og nei, ikkje noko rødmande kinn og bankande hjerte, berre undring og eg var imponert over ein ung mann som las dikt!) Eg veit ikkje kvifor, men eg kom på dette diktet i dag då eg gjekk til jobb, huska naturlegvis ikkje alt, måtte leite det fram(på nettet, for boka det står i ligg i ei kasse på loftet. Note to self: kjøp bokhyller og leit fram bokskattar!)

Gutta

snøen som falt ifjor
er ikke lenger hva den var
juletrærne når ikke til taket
og alle pakkene er bløte
det er tredje dag
og alle kakene er allerede tørre
jeg rydder i korker og papir
og jeg spør meg selv
for det er ingen andre å spørre:
når var det det slutta
når var det egentlig det slutta
hvor er det blitt av alle gutta

hvor er Pål som stod i gål
            og redda på streken
hvor er Nils som drakk pils
            med sugerør og hadde teken
hvor er Jonny som sang money
            med hockeykølla som mikk
hvor er Joker som spilte poker
            og alltid tok siste stikk
hvor er Tobben som fikk jobben
            som sjokoladetrekk på Ringen
hvor er Kaj som sjekka Mai
og hoppa av i svingen
når var det egentlig at båndene ble kutta
hvor er det blitt av alle gutta

våren er akutt
og sommeren er en lengre lidelse
det er høl i bademadrassene
morellene er sure
vannet er for kaldt
og gatene for ensomme
det er ikke lenger gøy på landet
kleggen blir større og større
det er for mye sand på strendene
og filmene er gørre
snart er det første skoledag igjen
jeg har rydda i pennalet
og pakket ranselen
og jeg spør meg selv
for det er ingen andre å spørre:
hvor var det det butta
hvor var det egentlig det butta
hvor er det blitt av alle gutta

hvor er Jens som slo lens
            og tryna i hekken
hvor er Max som fiska laks
            i Gaustadbekken
hvor er Jo som hadde sko
            med femtiøring og jernbeslag
hvor er Lathans som sovna sankthans
            og våkna tredje juledag
hvor er Elling som tok telling
            da han stupte fra tiern
hvor er Finn som drakk gin
            og sneik seg inn på niern
når var det det slutta
            når var det egentlig det slutta
hvor er det blitt av alle gutta

gutta sover nå
gutta sover nå
med lyset på


Lars Saabye Christensen
Fra Hvor er det blitt av alle gutta. Dikt i utvalg, 1991
Og dette diktet skreiv Lars Saabye Christensen i samband med at han skreiv boka "Beatles" som lenge var ei av mine yndlingsbøker(les, les) . Eg huskar veldig godt at norsklæreraren på videregåande las det første kapittelet høgt for oss ein norsktime, eg satt heilt fenglsa og stakk rett på biblioteket og lånte boka, og las truleg i eitt, heilt betatt. Eg kjenner endå den gleda over å finne ei god bok, oppdage at det finns fleire bøker av same forfattar, eg måtte lese, lese, lese. Trur den boka opna opp veldig mykje litteratur for meg; eg fann meir i same sjanger, eg las og las og prøvde overbevise andre om at dei MÅTTE lese. (og har du forresten lese "Amatøren"? Eg huskar eg satt på Oslo S og venta på toget og las den og gapskratta, til stor undring for dei rundt… :) Og eg har lese "Herman" og "Gutten som ville være en av gutta", såre og fine og gode)
Og desse hjerta hadde noko laga i asfalten der eg gjekk heim frå jobb idag.
Var dei ikkje fine?

Og plutseleg hadde dette vorte mange bøker eg anbefalar deg å lese! Ha ei strålande veke med og utan bøker!