søndag 23. februar 2014

Vekestart veke 9

Nye veker er fine, det er nye sjanser, ny start, nye oppgåver, nye møter med folk! Og trøytte morgonar, tomt for reine sokkar og fullt av skitne håndkle, ingen planer for middag og kvardagar på rekkje. Men kvardagar er fint, det er flest av dei, dei er rutine og kjente gjeremål, og oftast med plass til litt sprell :)

Stein på stein

stein på stein
og sjø på sjø
og ein himmel
veldig som havet
ein der ute kan sjå

nokre fåe hus
nokre båtar

og ei stille
heilt stille

Jon Fosse

Ønskjer deg ei fin veke, med og utan rutiner! Eg kan springe frå møte til møte, både på jobb og i fritida, så eg skal legge ein plan for å rekke å strikke litt, lese litt og sove middag!
Denne har eg strikka i helga!!


(og for den som måtte lure, eg og mannen har hatt ei fin helg, utan tenåringane, når vi berre vart vant til det! Vi har vore på mammutsalg, i fødslesdagslag og ete middag på kafe! No er juniorane heime igjen, det er meir liv i huset, det er fint!) 

3 kommentarer:

  1. God uke til deg. Det at det er vinterferie har helt gått oss hus forbi slik at vi jobber begge to. Så her blir det SFO på eldstemann og barnehage på de minste. Vi får ta det igjen til påske.

    SvarSlett
    Svar
    1. Ferie, og planleggingsdagar, kjem brått på! Men det er ofte stas å vere på SFO, det får vere trøysta! God veke til deg og dine. Og kanskje det blir litt roligare ettermiddagar når det er ferie?

      Slett
  2. Treng ha slike dagar for å tenkje på at det vert stillare om nokre år.
    Sist år var berre 1 heime.. No er det 2 igjen.. Men kva som skjer til hausten er ikkje godt å vite ;-)
    Ha fin ny veke og hugs å puste!

    SvarSlett