Viser innlegg med etiketten Søndag. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Søndag. Vis alle innlegg

søndag 21. mars 2021

Søndag kveld

Søndag kveld er sånn bittersøt. Det er fri, enno, det er avslutning på helga, og inni hodet mitt starten på ei ny veke. Det er ein balansegang mellom å trekke helga lengst mogeleg og å tenkje på neste veke...

Helga som er over er fullt på høgde med kva ein kan ønskje seg av ei helg. 

Eg er av dei som har fast fridag på fredag, av ulike grunnar. Eg hadde time hos fysioterapeuten, som eg ofte har på fredag, for strekk og knekk og stell av ryggen. Eg går alltid lettare ut, eg får spurt om ting eg lurer på, ryggen er rusta for meir og det er triveleg småprat. Denne gongen om å bryte smittevernreglar ein sjølv har vore med og laga, ref erna sin 60årsdag.Etterpå kjøpte eg meg ny vårjakke på yndlingsbutikken, og kven blri ikkje i godt humør av slikt?! Eg kjøpte fleire frø, potta om nokre stiklingar og ommøblerte i spirebarnehagen på gjesterommet. Og eg gjekk på ski.




Laurdag  bakte eg loff, til påske. Vi får sjå om det blir igjen til påske. Eg bakte kjeks med earl grey-te, også til påske, tvilar på et die varer så lenge... Litt anna husarbeid vart utført i selskap med P2. Det var tid til te i tekanne. Påskete-sesongen er heilt klart i gang, og eg vekslar mellom 3 uliek typer. Kryssord og aviser og litt planlegging og tankar om korleis hagen bak huset kan bli. Og eg gjekk på ski. 



Søndag startar best med "Musikkrebus" på NRK Klassisk, saman med te i kanne, kokt egg og mannen. Slik også idag. Ute snødde det både oppoer, bortover og nedover... Men eg gjekk på ski! (eg har fått altfor få skiturar i år, og no prøvar eg få med meg flest mogeleg før snøen forsvinn. Og det er så fint i skogen, også i dag med snø, vind, vatn i løypa og særdeles klabbete ski...) Etterpå har vi hatt middagsgjester og i desse tider er det sjeldan og særdeles etterlengta. 



Og etter ei slik helg, er det tungt å starte på jobb tidleg ein måndag. Men når eg først er der, blir det nok bra. Og der er bette ei veke til påskeferie.


søndag 10. mai 2020

Søndag i mai

Sove lenge, ete god frukost med mannen. NRK Klassisk og laurdagsavisene.
Puslespel og NRK P2.


Gå tur i skogen.
Ligge litt til lading på sofaen.

Søndag altså!
(og ja, det er snø. Nysnø i mai!)

søndag 15. desember 2019

3.søndag i advent


Tenn  lys ! Tre  lys  skal  flamme
 
 for  alle  som  må  slåss,
 
 for  rettferd  og  for  frihet,
 
 de  trenger  hjelp  fra  oss.
 
 Må  ingen  miste  motet
 
 før  alle  folk  er  ett,
 
 tenn  lys  for  dem  som  kjemper
 
 for  frihet  og  for  rett.

søndag 10. november 2019

Farsdag

Søndag, god tid, farsdag.
Og tid til lang frukost.
Mannen har vore ei veke i Wien med jobb, og det var godt å starte dagen roleg, med god tid, mat og prat.


Det er liksom ikkje slik når eg spring i meg frukost på kvardagane...

tirsdag 29. oktober 2019

Det eine treet

Du veit dei beskjedane om at "på tirsdag stiller alle i svart eller grått"?



Trur nokon ikkje fekk med seg den beskjeden. Eller så er dette eit tre som har sin eigen stil!

Fint var det iallfall då vi såg det i skogen på søndagsturen vår!

søndag 9. september 2018

Tyttebærsøndag

Etter felles frukost med mannen og musikkjunior, og gudsteneste, var eg klar for tur.
Eg visste at skogen var full av tyttebær, og eg har ikkje har ikkje hatt tid til å plukke. Idag vart det tur. Og full bøtte med tyttebær! Åh, så godt for humøret! No har eg renska og sylta og bæra har kome i frysaren (og eg har ete tyttebær og yoghurt til kveldsmat)


Skogen har byrja å få haustfarge. Det luktar godt av bær og lyng og myr. Det var masse folk i skogen, det forstår eg godt. Eg prøvar få planlagt inn ein tur i skogen til veka også! Det står att masse bær. Å vere i skogen er mi beste oppskrift for lave skuldre og er ein slags mindfullness.




Mannen leita etter sopp. Han fann ikkje så mykje, dessverre. Men han fann ein elg, som skvatt då det viste seg at dei delte territorium ei lita stund.

søndag 22. april 2018

Søndag kveld

Søndagskveldane er sånn både og. Det er slutten på helga, og mentalt starten på neste veke. I morgon tidleg er det full rulle igjen, og hodet har byrja jobbe...

Glimt får helga. Eg møtte våren!

Eg har hatt langhelg, vore i Romsdalen, rekt både det eine og det andre. Då er det veldig godt å kome heim, tømme bagen, starte ei vaskemaskin, ta ei treningsøkt +++, men eg slappar ikkje heilt av lenger, måndag morgon lurer i bakhodet. Eg har betalt ein bunke regningar, avbestilt bokklubbøker, lese mail, prøvd å kome litt ajour. Bladd gjennom avisene, sortert innhaldet i postkassa, mest reklame, hatt kontakt med både musikaren og ingeniørstudenten.

No skal eg lese litt og vente på at tørketrommelen blir ferdig, så blir det plutseleg natt!

Har du det slik på søndag kveld?

søndag 29. oktober 2017

Vekestart, og straks november

Søndag kveld. Dei kjem oftare og oftare.
Denne veka har hatt mange fine punkt, og mykje normal kvardag. Kvardag er undervurdert!

Men jammen er det fint med dei punkta som skilelr seg ut også. Eg har vore på kurs, på danskebåten. Fine folk, masse kunnskap, Ny lærdom, viktige innspel og god samtale. Og god mat, litt shopping(jada, det vart nye sko...) Og kraftig vind over skagerak, så nattesøvnen vart litt begrensa!




Igår traff eg Anja, frå bloggen Avdeling holt. Det er litt spennande å treffe folk for første gong, som ein på ein måte likevel kjenner. Men det gjekk knakande godt! Vi åt lunsj, spaserte i haustsola på Akershus festning, vi var innom Kosekroken og til slutt var vi på Fetsund lenser. Undervegs gjekk skravla bortimot uavbrutt! Og eg fekk gåver med mykje omtanke bak. Anja var akkurat så hjertevarm og hyggelig som ho er på bloggen.  Ein super dag!



Og så kom eg heim, til kjæresten min! Som hadde ordna middag og dessert og då gjorde det ikkje så mykje at det regna ute.

Idag har det snødd... men vi har vore i skogen lell! Det berre krever litt omstilling å huske at det blir både vått og kaldt!
Fint på tur, men sofa, tekopp og frokostdessert i
eiga stove er ikkje så verst!


Ein må sette seg nokre mål. Her er mitt.


Det er faktisk grenser
for hvor voksen
man kan bli.
#natteravn 
(funne på Instagram)

Oktober er straks historie, november lurer rett rundt hjørnet. Det nærmar seg jul. Dei første julegåvene er kjøpt og levert. Eg skal på nuytt kurs veka som kjem, men så satsar eg på litt rolegare dagar heime.

søndag 22. oktober 2017

God morgon!

Eg har sove lenge (og knekt kroppen ut av senga og opp. Treninga igår var kanskje i meste laget, får ta det rolegare idag)

Ute er det sol og frost, eg har fyra i omnen. Eg har ete kvit geitost og tyttebærsyltetøy på heimebakte knekkebrød. Tekanne er ikkje full lenger. Eg høyrer på NRK klassisk og nyt at eg vaska stoveglasa igår.




Det ventar ei lang liste med litt kjedeleg ting, som å betale rekninga etc etterpå. Men først litt meir te og musikk, og ein tur i skogen.