Det er advent, folkens, mitt "vere til stades i november"-prosjekt er til ende, og det har gått bra! Eg har rett nok kjøpt ein del julegåver, bakt dei første julekakene(som omtrent er oppetne allereie)men eg starta ikkje advent og jul for tidleg, og det er godt!
No, derimot, er eg klar for julemusikk, adventspynt og lys, masse lys! Ei mørk tid treng lys, og det er deileg med stjerne, lyskule, lyslenker etc. Og levande lys i kvar ein krok!
I går hadde vi adventsbesøk, på graut og den første smaken på julekaker. Eg vart gripen av akutt lyst til å bake tjukklefse på laurdag, det har eg gjort to gonger før i mit liv... det gjekk bra, og eg har eit par nyttige tips til meg sjølv til neste gong eg sett igang :)
Men mitt innsalg av lefser og brune pinnar på gårsdagens kakebord var ikkje det einaste, gjestane hadde med mykje spennande som indisk kokoskonfekt og indisk snacks med spinat og chili. Thailandsk snacks med kylling og brød. Tyske romkuler og berlinerbrød! Ingen fare for å gå svoltne frå bordet!! Og vi utveksa litt tradisjonar og undring over ulike skikkar!
Vi tøysar ikkje kakebord! |
I dag har eg fått unna dei første posane til adventskalenderen(jada, ungane er store, men det er kjekt med tradisjonar og det er ikkje store ting, men litt å gle seg over) Eg har sett på snøen som av og til har vore regn, av og til sludd og så vorte snø igjen... Eg håpar vel på skikkeleg vinter, ein slik som ligg i ro. Og eg håpar på gode resultat på klimamøtet i Paris! Og kanskje eg håpar litt på at vi alle er villege til å hjelpe ved til å endre oss?
Listene over ting som skal gjerast til jul er meir og meir detaljerte, og blir det fram til laurdag, då skal eg byrje å gjere noko med dei! Men først skal eg på kurs 3 dagar om å vere hørselshemma og i jobb. Det både gler og gruar eg meg til. Når eg har meldt med på, har eg erkjent endå ein gong at eg høyrer dårleg, og at eg vil lære meir! Men mest trur eg at det blir bra!!!
Eg brukar BAHA kvar dag, lærer litt etter litt, og blir meir fortruleg med bruken. Det er berre å fortsette altså!
Det var 1.søndag i advent i går. Vi tente det første lyset og sang, som vi brukar. Vi vekslar litt på kva vi syng, men dette verset likar eg godt:
Et lys skal brenne for denne lille jord.
Den blanke himmelstjerne, der vi og alle bor.
Må alle dele håpet så gode ting kan skje.
Må jord og himmel møtes. Et lys er tent for det.Eivind Skeie
God veke til deg!