mandag 29. oktober 2012

Vekestart (veke 44)

I helga har vi vore i Romsdalen hos slekt og vener.
Det var litt av ein tur på vinterens første snø, kø etter trailer med feil dekk, snøfokk og glatt... Eg likar ikkje vintervegar og er alltid glad når turen er over. Men vi hadde det kjekt, vi var med og feira ein 70årsdag, der vi trefte mykje slekt og vener, vi besøkte mamma og pappa og såg fager Romsdalsnatur i det finaste haustvintervær! Det var gnistrande fint på søndag! (nesten så ein gløymer det dårlege veret rett før)
Utsikt over Rødvenfjorden og Rødven

Farfarhuset faktisk (eller far som eg sa)
I 70årsdagen var det biletkavalkade over jubilanten sitt liv, og då bileta av han og barnabarna kom, spela dei denne sangen til:


Ein farfar i livet skull alle ha
Ein goffa å springe ned til
som alltid har lyst på ein kaffikopp
og til å kaste bort tid på ein liten kropp Ja, ein farfar i livet skull alle ha
Ein farfar i livet skull alle ha


Ein bessfar å vende seg til
med alt som ein går rundt og lurar på
I Farfar sitt naust er det alltid råd
Ja, ein farfar i livet skull alle ha


Ein farfar i kjeledress skull alle ha
som luktar av olje og sjø
Og med lommene fulle av gamalt skrot Det er mykje få bruk for i Goffas rot Ja, ein farfar i livet skull alle ha
Ein farfar sitt fang det er godt å ha For Farfar har vore her før
Med heile sitt liv ligg han framom deg Og spør du, ja, Bessfar han viser veg Ja, ein farfar i livet skull alle ha

Odd Norstoga

Det kome ein tåre i augekroken då! Eg syns denne sangen er så fin, og den passa så godt på jubilanten.

Samtidig minner den om min "far" Ole(farfar, men alle barnebarna kalla han far) som eg hadde i nabohuset då eg var lita. Han gjekk ikkje så ofte i kjeledress, han brukte dongeri-bukse og -jakke, som var noko anna enn dagens dongeri. Han mangla nokre fingertuppar etter arbeid på saga og heldt stadig på med noko. Eg fekk vere med å køyre traktor, på hobbyrommet og samle fine spon når han dreia, på fjelltur og merke veg, eg fekk vassgraut og brødskive med sukker på! Då eg vart større gjekk eg til han og "mor"  og såg dektektimen(det heitte då det?) og var veldig mørkeredd når eg sprang heim att! Han fortalde om gamle dagar, og viste meg gamle bøker og sang sangar frå ungdommen sin.
Far og eg, eg må finne eit betre bilde ein gong
I helga fekk eg og gjort noko anna eg har tenkt lenge: eg fekk mamma til å fortelje om bestefar(alstå morfar). Det er mogeleg alderen gjer meg litt sentimental og bakovervendt, men det er interessant å lærerikt å lære om forfedrene sine!

Men sangen treng ikkje vere om ein farfar/bestefar, det kan vere ein trygg vaksen som er der! Og det kan vi alle vere!
Fagre fjell!

søndag 21. oktober 2012

Vekestart (veke 43)

Det er klart for ny veke, og det er klart for nokre kloke ord å starte veka med. Eg legg dei ut i kveld, så treng eg ikkje tenkje på det i morgen :)
Dette diktet las eg først på eit kort nokon hadde skrive på eit fødselsdagskort, og eg kjente kor sanne dei var! Som åra går, kjenner eg meir og meir kor viktig vener, gode, trygge vener, er i kvardagen. Nokon som kjenner meg, som eg kjenner tilbake, som veit korleis livet mitt er, som veit korleis livet mitt har vore. Dei kjenner meg som eg er, og vil framleis vere venene mine! Fantastisk!
Vekas dikt er av Kolbjørn Falkeid:

DET ER LANGT MELLOM VENNER

Det er langt mellom venner.
Mellom venner står bekjentskaper
og mye snakk.
Venner ligger som små lysende stuer
langt borte i fjellmørket.
Du kan ikke ta feil av dem.

Kolbjørn Falkeid


Ha ei god veke!

Kakefest!

Idag har vi feira husets eldste junior, det har vore fullt hus og god stemning! Lego til dei minste, og litt etter litt hamna dei litt større der også, full baluba! Herleg :)

Mat må ein ha ein slik dag. Vi starta med elgburger på heimelaga hamburgerbrød, og eit utal av sausar og tomat og agurk og salat og diverse.
Så var vi klare for dessert; coocies med sjokolade og valnøtter fall i smak, set samme gjorde sjokolade og frukt. Men vi måtte jo ha kake!
I sommar var vi i Key West og der åt vi Key lime pai, alle har vore einige i at vi måtte lage slik heime ein dag, men vi måtte ha ei anledning. Det hadde vi idag! Oppskrifta er som så:
Botn:
500 gr digestivekjeks(eg brukte 1 pakke kjeks på 400 gr)
200 gr smelta smør(eg brukte litt mindre)
Knus kjeksen fint og rør inn smøret. Trykk ut i form med diameter ca 24 cm og steik ved 170 gr ca 20 min. Skal bli fast og brun. Avkjøl heilt.
Fyll:
8 eggeplommer
8 dl hermetisk, kondensert mjølk
saft og revet skal av 5 lime
Bland ingrediensene saman og rør til dei er godt blanda. Ha fyllet oppi paiskalet og steik ved 150 gr ca 30 min (eg syns ikkje den var skikkeleg stekt då, og let den nok stå nærare 50 min) Den skal vere litt dissande, men ikkje flytande i midten. Avkjøl kaka heilt og sett den i kjøleskap til neste dag. Det er ikkje sukker i fyllet, og det er veldig friskt(!), så eg piska krem(1 boks med 1 ss sukker) og la oppå og pynta med reve skal av 1 lime. Den smakte omtrent som på ferie!

Sidan eg satt att med mange eggekviter, måtte eg finne på noko meir. Det vart sjokolademarengs med krem og jordbær (oppskrifta finn du her (oppskrifta finn du her http://www.nigella.com/recipes/view/chocolate-raspberry-pavlova-200 ) Grei å lage og kjempegod!

mandag 15. oktober 2012

Vekestart

Då ungane gjekk på barneskulen, hadde dei "ukeslutt". Det var ei slag prøve om det dei hadde lært sist veka, det var slutten på skuleveka.
No har eg tenkt å lage ein vekestart, som ikkje på nokon måte er ei prøve, meir nokre ord til å starte veka med. I utgangspunktet ikkje mine eigne ord, men kloke ord eg har lese eller høyrt :) Dette er jo ein litt modig ide, det er store sjanser for å gjøyme seg eller velge feil, men det får eg ta som det kjem.

Eg har tenkt å starte med eit dikt:

Minutter 

Minutter, kanskje timer
av din egen eksistens
som du har glemt,
men som jeg

husker. Du lever
et hemmelig liv

i en annens minne.
Tor Ulven

Ha ei strålande veke!!


søndag 14. oktober 2012

Burde-burde?

Livet er i følge ei eller anna reklame ikkje berre burde-burde(eg er ikkje så god på reklamer, så eg huskar ikkje kva det er reklame for, men det har vorte eit uttrykk som mange brukar, legg eg merke til)

Det er naturlegvis ikkje berre burde-burde, men eg er litt sånn burde-burde når det kjem til tur og fint vær. Eg burde vore på tur, det er jo sol og greier...ikkje alltid eg kjem meg ut, det er så mykje eg skal gjere først. Men idag kom eg meg ut!

Byen låg rett og slett for mine føtter! Kjempefin utsikt er flott premie når ein slit i skuggen og lange motbakker, eg vart varm i kroppen!

Det var kaldt i natt, men eg var ikkje førstemann ut, så isen var delvis knust. Tenk å knuse naturens finaste krystall... Vakkert lell! Myrene var også frosne i skuggen, så eg tenkte eg kunne ta ein snarveg, men eg fann ut at dei ikkje heldt meg! Våte bein var resultatet, men det hjelp med ull.
Det går oppover og oppover. Stien ligg i skuggen og er frosen, haustens første for meg. Det var eigenleg mykje folk ute, eg har berre ikkje fotografert dei.

"Tytebæret oppå tuva, har så mang ein raudlett son"
Eg kom til sola etterkvart.  Masse bær igjen i skogen, men eg hadde ikkje med meg noko å plukke i, så det er igjen til nestemann også. Eg plukka berre rett i munnen!

 Denne stubben kan like gjerne vere eit troll...

Så går stien nedover mot parkeringsplassen. Godt å kome seg ut!

Å gå tur er litt som meditasjon, trur eg. Eg går på tur, og det er i hovudsak det eg gjer, kanskje tenkjer eg litt og diskuterer med meg sjølv. Kroppen jobbar mest, eg må sjå kvar eg sett føtene ned, kvar det er tørt og vått, helse på dei eg møter...  Den vanlege tralten er ikkje det eg tenkjer mest på, heldigvis!

No er eg inne igjen, varm dusj, tørre klær, eg har fått skolebolle og varm te. No er det Krimtimen på radioen og fyr i omnen! Snakk om, eg burde kose meg!  

torsdag 11. oktober 2012

Sunn salat til kjapp middag

Der er haustferie for husets yngste(men ikkje spesielt små) beboarar. Mor og far derimot er på jobb. Det betyr at "søte, små" søv lenge og sikkert lever usunt i smug, medan vi andre tener til livets brød og bankens krav.
Altså må mor prøve å diske opp med sunn middag, iallfall av og til. Men med kjøpte fiskekaker, som i følge alle mogelege undersøkelsar inneheld mest anna enn fisk, og makaroni, som bor i den utskjelte gruppa "pasta" måtte det endå meir drastiske middel til!
Eg hadde i tillegg oppi ein rest kokte poteter. Har du smak godt stekte potetskiver med grillkrydder :) nam! (stekt potet var det næraste eg kom pommes frittes i barndommen)

Men kva skal ein bruke for å gjere dette meir fargerikt og sunt?!
Gulrot, appelsin og rosiner!! Det er godt, det:)

Eg brukte råkostjernet på gulrøttene, appelsinen vart reinska og delt i bitar og alt vart blanda saman med rosiner.
Trommevirvel: Deilig råkost, med saftige appelsinbitar, sprø gulrot og søt rosin!
(så får det vere at dei "søte små" tenåringane ikkje åt så mykje)

onsdag 10. oktober 2012

Den vanskelege nesteblogg-posten...

Dette er jo ikkje den vanskelege 2.bloggposten, for eg har kome mykje lengre enn det! Men etter sist innlegg fekk eg kjempe-mega-super respons og får nesten bloggeskrekk! Det er superartig at så mange les bloggen, (og bitte litt superskummelt) og kva iall verda skal eg skrive om no? Sjøl eg har ikkje så mange tabber å by på, at eg med det første kan toppe fårikålhistoria :)
Det får bli ei kvardagsoppdatering!



Det er haust ute! Vakkert, vakkert og vedmodig! Det er haustferie og litt tid til å sjå seg rundt. Desse to bileta er teke i litt ulik retning fra huset vårt, eg bor ikkje heilt i skogen, sjølv om det ser slik ut på det eine biletet :) Men jammen er det fint å ha så fine tre rett ved huset, med slike farger (og rett bak "skogen" går det ein trafikert veg)
Det andre biletet er tatt idag, ikkje verdas beste med mobilen, men ser de regnbogen? Er den ikkje flott? Det kome ei saftig regnbyge fra dei svarte skyene etterkvart... men først var det sol og lys og farger!

Idag har eg hatt "haustferie", i litt konsentrert form! Igår feira vi 19års bryllaupsdag, vi var ute og åt god mat of feira oss sjøl! Idag har vi berre latt humla suse, ete lang frukost med omelett og nypressa grapefruktjuice, vore innom det nye kjøpesenteret(korleis kan det ha seg at det er eg som brukar mest pengar ein slik stad?!) og gjort småting heime. Skikkeleg feriekjensle, skuldrene senka seg, men i morgon er det tilbake til normalen igjen.

 Eg får prøve å halde fast på mottoet mitt:



fredag 5. oktober 2012

Fårikålen som vaska seg

Her ein dag laga eg ertesuppe, det er langsom mat som det tek tid å lage. Det er tradisjonsmat som vekkjer gode bandomsminner! Og ikkje minst er det matprodusjon som utløser mengder av husmorpoeng! Først kokte eg svineknoke i flerie timar, så tilsette eg ertene som hadde ligge i vatn sidan dagen før og tilslutt hadde eg oppi gulrot, potet og sellerirot. Eg hadde ikkje timian, det var ein skuffelse, men det gjekk bra lell.
Då suppa var ferdig seint på kvelden, avkjølte eg den og sette den  vaskekummen på vaskerommet til neste dag. Dei fleste likte den, særleg eg, og særleg likte eg at eg hadde ferdig middag som berre skulle varmast opp då eg kom heim frå jobb!

Samtidig fekk eg flashback til fjorårets fårikålmiddag, eg rødmar enno....

I fjor haust skulle vi ha fårikål ein dag, det er ekte haustmat, men det tek litt lang tid å lage. Men eg hadde naturlegvis høyrt at fårikål er minst like god dagen etter, så då kunne eg like gjerne lage den dagen før og ha maten raskt klar dagen etter. Eg handla inn, fann fram den store kjelen, la kjøt og kål lagvis, hadde peppar i pepparfårikålboksen, salta og slo på vatn. Gryta vart sett plata, den putra og kokte lenge, fårikållukta spreidde seg i huset(den lukta er eigentleg ikkje god, men....) Eg gledde meg til middagen neste dag!!
For å ta best mogeleg vare på maten, avkjølte eg gryta i kaldt vatn på kjøkkenkummen, og så bar eg den ned på vaskerommet og sette den i vaskekummen som eg fyllte med kaldt vatn. Snakk om å vere ei god husmor og kjenne slektskap med alle fårikålkokkar i slekters gang! Neste dag skulle eg berre koke potet og varme fårikålen.

Neste dag gjekk eg innom vaskerommet og sette på vaskemaskina, mørk 60gr-vask, og såg glad og lukkeleg på kjelen med mat.
Då eg skulle henge opp klesvvasken var det merkeleg vått på golvet å vaskerommet, og forresten, kvifor seglar fårikålkjelen rundt i vaskekummen?!
Jo...det var fordi vatnet frå vaskemaskina blei tappa opp i vaskekummen, den eg hadde korka godt igjen for at fårikålen skulle stå kaldt...Gryta var no full av såpe-og skyllevatn i tillegg til resten av maten, golvet var fullt av sauefett... Humøret sakk, husmorstoltheita fekk seg ein alvorleg knekk og det var godt eg var åleine i rommet!
Kva gjer ein når slikt skjer? Sjølv om ein har laga mat i årevis, er over 40 år og i det meste taklar livet? Jo, ein ringer mamma! "Mamma, fårikålen er full av såpe! Kan den reddast?" Svaret frå mamma var enkelt og greit: "Start på nytt!"
Eg gjekk til butikken med ei tordensky over hovudet, kjøpte inn alt eg trong, det vart sein middag den dagen, men det vart fårikål!

Nyvaska fårikål er ikkje å anbefale, såpe er ikkje godt og smaken var vaska bort... Ikkje hadde eg brukt MILO heller....