mandag 27. mars 2017

Vekestart veke 13

Eg likar å prate. Eg likar å lese. Eg likar å lytte. Eg likar mykje som omfattar ord, i ei eller anna form. Av og til vil eg ha alvorsprat, ned i djupet, tungt, seriøst, tankevekkande. Ein kveld med tekopp og grovbrød, i ein sofa.
Andre gonger vil eg ha lett stemning, ordspel og ordleik. Gjerne på kafe, med latter og kake til!
Av og til lett prat om ingenting, berre nokre ord ved postkassa eller i forbifarten. Medan vi ventar på kaffemaskina eller tekokaren på jobb. Kanskje enkle kvardagsord, men som kan bety at nokon kjenner seg sett og viktige, tross alt?

Gro Dahle skriv så fint om ord! Les her, frå meg til deg på den siste måndagen i mars.

Jeg tror på ordene

Ja, jeg tror på ordene,
og jeg tror på ordenes evne til å formidle,
beskrivelser, refleksjoner, meninger,
alle disse ordene
som bærer sekker på ryggen,
vesker over skuldrene, under armene.
De viktige ordene, de store ordene
som står der på arket
som søyler i setningen, holder taket oppe,
løfter himlingen helt opp i skyene,
vegger av ord og bærebjelker,
ord hugget i marmor, støpt i bronse.

Men også de små ordene tror jeg på,
de enkle, hverdagslige ordene
som ingen ser,
som hjelper til, som støtter opp,
som holder verden i gang,
lar setningene folde seg ut
i all sin prakt.

Gro Dahle

Eg skal på kurs nokre dagar. Eg reknar med det bli alvorlege ord, klar tale. Viktige ord om viktige tema i foredrag etter foredrag. Men eg reknar også med at det blir lette ord, ord med latter og leik under festmiddagen og i enkelte foredrag(eg håpar iallfall det!)
Ha ei fin veke!

Måndag

Korleis gjekk det med fredagsmottoet? Vart det sko og kaker?
Nei.... Men det vart ny regnjakke. Oransje! Knæsj! Noko ein treng i ein grå mars, med regn frå alle kantar.



Kake? Nei, men mørk sjokolade er ganske veldig godt, og kan gjerne erstatte kake!



Og i morgon reiser eg ein tur til Tromsø på kurs, eg skal på reise også! I Tromsø snør det visst, så eg får finne fram noko anna enn regnjakke til turen.

fredag 24. mars 2017

Fredagsmotto!

Det er greit med eit motto eller slagord, slik i inngangen til helga! Kva med dette?




Reis på drømmeturen! Kjøp dei skoa du fortener. Et kaka du får, det kan fort vere det er fredagskake også på din jobb?

Eg oppfyller nok ikkje alt idag, eller i helga, men kanskje på sikt?

torsdag 23. mars 2017

Ein slik ettermiddag

Ein slik ettermiddag, som inneheld ro og familietid og tid til prat og kos. Etter middag fann eg ei kjekspakke som var gjemt bakerst i skapet, junior kokte seg ei kanne kaffe, eg brygga ei kanne te, mannen fann eit glas mjølk. Vi sette oss i sofaen, prata litt, nokon sov litt, vi las nytt på nettet, snakka om dagen, om planene for helga. Ingen velta kaffekoppar eller sneik seg til meir kjeks enn andre, slik at katastrofen var eit faktum(akkurat det har vel med å gjere at berre den eine juniore er heime, kanskje?) Eg kunne lese avisa utan at nokon hoppa på den, eller kasta ei bok etter meg for at eg skulle lese. Vi åt ikkje opp alle kjeksane ein gong!

Ein slik ettermiddag som var som ein utopi og noko som verka som uverkeleg for 17-18 år sidan. Den gongen golvet flaut av legoklossar, som ein trakka skeivt på når ein måtte springe fort for å hente sin klut for å tørke opp mjølk frå det velta mjølkeglaset med. Den gongen ein junior berre ville ha kjeksen den andre junioren hadde tatt, og bytting var uaktuelt - for begge. Då barnetv var redninga for mor, som ein liten time-out. Den gongen barnetv var kl 18 og berre då, det var viktig å få det med seg! Når det virka som ei eve til kl sju, kveldsmat og legging. Det å bygge legotårn var rutine, å prate med dukker og bamsar var ein vanleg ting å gjere. Megling og avledningsmanøvrar ei rutienøving! Då kunne eg ikkje ha duk på bordet, no kan koppane godt stå til neste ettermiddag utan at nokon prøver å knuse dei. Den gongen vart kvelden avslutta med ein runde med langkosten for å samle saman leikene når ungane var i seng. Då det vart stille kl halv åtte, ikkje som no, når eg sender melding til ungdommen når eg legg meg og lurer på når dei kjem heim...

Ein slik ettermiddag eg ikkje trudde fanst for 17-18 år sidan er no vanen. Så rart! No kan eg ikkje forstå korleis eg klarte det då, då ville eg syntest 2017-utgåva var litt satt og kjedeleg!
Kvar fase sin sjarm!

Ein slik ettermiddag har vi hatt, og den sette igang litt mimring.

onsdag 22. mars 2017

Vekestart veke 12

Eg har fridag. Ute har våren ei bittelita pause, det snør. Eg går i silkebukse(eller eiegentleg sitt eg i ro i sofaen), drikk te og har lese avisa, lenge. Eg har ein stor bukett tulipanar på bordet.



Planen for dagen er innhaldsrik! Eg skal snakke med ein oppvaskmaskinreparatør. Mannen brukte masse tid på maskina i går, og vi har ikkje flerie idear om kva vi skal gjere! Den vaskar ikkje øverste skuff, og juksar elles og... Etterpå skal eg prøve ny trening for ryggen, eg skal kanskje fortelje meir om det seinare, vi får sjå kor vellukka det blir. Eg skal på konsert med eit jazzband junior spelar i, trur vi kan kalle det improvisert jazz, mellom anna.

Eg rekk nok ikkje skitur, men eg har vore på mange fine turar i det siste.
Eg er delt om våren. Eg kjenner intenst på gleda over våren som kjem, med varme i solveggen, fuglesang tidleg på morgonen, endeleg tid til å finne fram småsko og lettare klær.
Samtidig er skogen så fin no, det er skiløyper og fint føre. Der kan du også høre fuglesangen, eg høyrer det tiner i grøftene, det klukkar her og der. Det er spor etter hare og elg, sola varmar godt i ansiktet og eg syns eg har fått litt farge! (Ein ting forresten, kvifor går folk i skogen med store øretelefonar og høyrer musikk? Er dei klar over alle lydane dei mistar? Og er dei klar over at ørene også treng pauser? Det er forsking som tyder på at ørene våre treng kvile, at dei ikkje bør få konstant påfyll med musikk etc, og skogens stille sus er veldig bra kvile!!! Ein annan ting er at dei eer farlege, dei får jo ikkje med seg det som skjer rundt. Sa den gamle damen... )

Men om ikkje lenge, då vil eg ha vår! Snart vil eg helst ikkje vakne til kvit plen, som var nesten bar dagen før. Snart vil eg ha meir varme! Eg vil sitte ute, eg vil sjå at det blir grønt og at blomstrane kjem. Eg vil ha VÅREN!


Hermed hylder jeg uten forbehold
VÅREN som det eneste effektive
middel mot sne!
Andre Bjerke

Men altså, enno taklar eg nokre dagar til med snø og sol i marka! 



torsdag 16. mars 2017

Ein kjolemonolog. Vedkjenning frå eit klesskap

Eg likar sko. Det er ikkje hemmeleg.
Men eg er svak for kjolar også! Veldig svak... Eg kikka litt etter idag, og nei, du får ikkje noko tal, men det er kjolar for fleire anledningar på stativet mitt! Og eg meiner, ein veit aldri kva ein treng! Eller når...


Stativet er fullt, men mannen  har skjortene sine der også. (sa ho, for å unnskylde seg litt...)
Kjole er eit kjekt plagg, det passar godt på fest, i selskap eller i sofaen ein laurdagskveld. Det er behageleg å ha på ein varm sommardag, og det er varmt og lunt med ein ullkjole på vinteren. Eg kjenner meg fin med kjole på, og det er jo fint! Det kan vere kjolen som reddar ein trist marsdag eller ein kald junidag.
(Skjørt gjer same nytte, men dei får du ikkje sjå idag) Når eg ser bildet, lurer eg litt på om eg ikkje manglar noko i grønt og/eller gult? Eg har heller ingen lange kjolar. Det var jo den absolutte toppen av lukke som barn: sidkjole! Eg har hatt "huset-på-prærien"-inspirert, eg har hatt blomstra og einsfarga. Men no? Ingen!

Her kjem nokre nærglimt av ulike skattar:

Raude kjolar av ulik type.

Denne kjolen er indisk.

 Grønn fløyel. Er alltid litt usikker på denne, er den fin eller ser eg ut som ein sofa frå 70-talet?

 Perlebroderi for dei store anledningar!

 Maritime striper for båtlivet!

 Eg har sko som passar til alt!

 Eg har visst ei eiga avdeling for blå linkjolar... Verdt å huske, eg treng linkjolar i andre farger!

"Den lille sorte" med variasjoner og vener!

Ein i rosa fløyel med glamourfaktor og ein for varme somardagar.

Og det er alltid plass til ein til, eller la oss seie to?

onsdag 15. mars 2017

Mars-kvardag #4

Mars er mars og då er det godt med vedomn!



Idag er det vind, snø, sludd og regn, i ymse blanding. Fint å sitte inne ved omnen etter ein tur ut!

tirsdag 14. mars 2017

Den siste barnebursdagen

Idag feirar vi at minstemann er 19 år. Vi har hatt nystekte rundstykker til fellesfrukost. Eg rakk til og med ein tekopp før jobb, o lukke!
Vi har ete oss gode og mette til middag, på pulled pork med potetbåtar, bakte søtpotetstavar og cole slaw. Vi har ete kake til dessert! Enno sitt til og med jubilanten i ro i sofaen, vi høyrer musikk og slappar av. Det gjer godt!



Vi har i alle år feira bursdag med dei av familie som er i nærleiken, også i år. Vi hadde faddertante med familie på taco og blåbærpai på laurdag, og det var ho so sa det, "dette er jo den siste barnebursdagen min som tante, det er vemodig".

Dårleg bilde, litt over 19 pr sidan, men du ser kanskje storleiken på magen....?

Og då slo det meg, dette er det siste året han bur heime, han flytter i august...neste år feirar han ein annan stad, mest sannsynleg. Og det er jo vemodig. Han ertar meg litt, når han får spørsmål om korleis det blir å flytte: "det blir nok verst for mamma".

Og kanskje blir det størst endring for meg? Han skal jo ut og prøve noko nytt, ta valg og lage sitt liv endå meir til sitt. Og eg? Eg skal fortsette, på same stad, men utan det som har vore ei viktig oppgåve i mange år, mammajobben. Eg må finne andre oppgåver, gjere ting på ein anna måte. På same tid blir det fint, trur eg! Det er masse som ikkje har vore i fokus dei siste åra, som no kan bli :)

(For ikkje så snakke om at eg ikkje treng ligge "på lett" i helgene og vente på nokon som er ute. Eg vil vite kor mange som kjem til middag idag, og når, og ikkje minst vite kva eg har i kjøleskapet)

Men enno gler eg meg over å ha junior heime! Nattevåk, matmangel og klesvask til tross, det er mest gleder og moro. Eg får input på jazzmusikk, eg blir dratt med i endelause dilemmadiskusjonar og elleville tankeeksperiment. Eg lagar mat, og får nesten alltid godord til takk! Huset fylles stadig av vener, og det er tilgang på levande musikk til nesten alle døgnets timer. Akkurat slik eg vil ha det! (sjølv om eg av og til syns det er bittelitt slitsomt... Det er noko med å aldri vite kven som er i huset, kva som skjer og når det skjer. Kom dei eller gjekk dei no?) Men når eg tenkjer på at det neste år ikkje er slik, då tek eg gjerne endå meir liv i huset no! (og tom brødboks, ikkje meir Pepsi max igjen i kjellaren, tom fruktskål og at den fine, dyre sjokoladen min er vekk. Eller, det siste er ikke sant! Den er min!)

Fine minstemann! For lenge sidan....
Eg kan nesten kjenne den mjuke babyhuda og den
gode lukta enno!



Vekestart veke 11

Vår, folkens, den pågår iallfall rundt meg.

Sol, kuldegrader og skuyfri himmel den eine dagen. Søle, mildvær og regn den neste. Vind den tredje. Sludd den fjerde. Og slik varierar det. Dagane blir lengre og lysare, fuglane har byrja å synge om morgonen.
På laurdag var det så fint at eg vurderte å sette meg i solveggen og ete lunsj, men timeplana tillet ikkje det dessverre. Med ull over og under og ein varm tekopp ville det vore heilt supert!

Slike dagar har eg berre lyst til å gå og gå!

Is er også ein del av våren...


Etter ferd på vinterslette
vi ved grensen atter står.
Og på tidens grensegrind
står med solskrift prentet inn
at landet vi forgjetter
så vakkert heter: VÅR!

Hans Børli


No gjeld det berre å huske at det er mars, og at det alltid finns ein vinter til... Her er det meldt storm til natta, og eg er glad at båten enno står på land. Ha ei fin veke!

torsdag 9. mars 2017

Marsglede

Trur eg må omdøpe temaet til marsglede!
Det er vår ute! Det er glede i seg sjølv. Og så har besøket mitt hjelpt meg å bake sitronkjeks.


Dei passa veldig godt på dette fatet eg har fått av mamma. Og til drakk vi sitronte i flortynne tekoppar. Det var nesten som Te-plis! (eit innlegg om gode barndomsminner)Veldig gode! Stort sett fulgte vi denne oppskrifta fra Jamie Oliver.

(Når eg i tilleg har fått ein lang tur i skogen med sol i ansiktet og svette på ryggen, kan ikkje dagen bli betre)



onsdag 8. mars 2017

Mars-kvardag #3

Eg har fått gåvekort på blomster, heldige meg! Eg deler det opp og kan glede meg over gåve i lang tid. Idag ranuklar.


Kvardagar blir heilt klart betre med blomster på bordet!

tirsdag 7. mars 2017

Vekestart veke 10

Ny veke er igang. Eg har besøk av niese som har arbeidsveke på jobben min. Eg prøver meg som jente(reserve)mamma denne veka, det er ei fin oppleving!

Ute er dagane lenger og lenger, sola skin og det er rett og slett vårstemning! Sola varmar i solveggen og det er påskestemning i skogen. Eg får lyst til å vere masse ute(og inne vises det godt at det er lenge sidan vindua var vaska...)


Det er nok litt igjen til det er gåsungar, men det blir!

etter det 
kalde mørkret:
gåseungemjuk
vårvarme

Helge Torvund

Ha ei fin vårveke!

torsdag 2. mars 2017

Mars-kvardag #2

Vi fortsett jukse-kvardagsglimt frå mars.
Idag har det vore påskestemning, med snø og sol og blå himmel. Eg og mamma har vore i Molde,  og den som ikkje blir akutt nasjonalromantisk og nesten stum av fjellpanoramaet som vi såg der, forstår eg meg ikkje på. Det var kvite fjelltoppar og blank fjord og sol kvar du snudde deg.



Og no i kveld har solnedgangen truleg vore til ære for meg som er her på besøk. Det er så fint!
Kvardag? Nei. Men det fyller minnebok og ladar batteri.

onsdag 1. mars 2017

Mars-kvardag #1

Kvardag og kvardag,  fru Blom. Eg starta like godt mars med ein feriedag, eg har ete stekt egg til frokost,  vaska og rydda litt, lunsj på kafé og så tatt toget heim til Romsdalen. Slett ikkje kvardag, men du så kjekt!

Dovrefjell reiser forbi togvinduet


Tog er fint. Eg har lese masse, lytta til andre sine samtaler(ikkje fint, men veldig interessant),  ete frukt- og nøtteblanding. Sett ut, sett fjell og himmel,  solnedgang og flotte skyer. Bytta frå Dovrebanen til Raumabanen.  Lese meir bok og oppdaga at det hadde vorte mørkt ute.  Bytta til buss og kome heim til mamma og pappa.

Ikkje kvardag, rutiner og sedvane idet heile,  men veldig fint!