Dei siste tre helgene har vi kjørt til sammen 3000 km. I vekene mellom har vi vore på jobb...
3000 km er ca Trondheim-Nordkapp-Trondheim.
Vi har feire 50 års dag og besøkt svigerinne. Vi har feira St.hans, besøkt svigers og foreldre og feira 60årsdag. Vi har feira 50årsdag, besøkt svigerinne, møtt studiekompis av mannen og vore i begravelse. Det har vore verdt kvar time i bil og kvar kilometer.
50, 60, 70, 80 til og med 110 sone har vi køyrt! Smale vegar, nye vegar, gamle vegar. Det har gått bra. Men yrkessjåfør blir eg aldri! Vi har sett fjell og fjord og skog og skog og skog og møtt så mange bra folk. Vi har gått tur, bada og nytt sola. Elg. Solnedgang (men ikkje med elg) Ete is.
Men no skal det bli godt med nokre bilfrie dagar!
Viser innlegg med etiketten #365. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten #365. Vis alle innlegg
tirsdag 3. juli 2018
mandag 11. juni 2018
Veke 23
Eg slit litt med denne veke-bilde-dag-for-dag-blogginga, for det er ikkje til å kome frå at dei fleste dagar er til forveksling lik dei andre dagane, og eg tek ikkje bilder kvar dag, iallfall ikkje av ting som egnar seg til blogging. Så no vurderar eg å endre denne posten til vekas høgdepunkt. Men denne vekerapporten blir litt begge deler, trur eg.
Måndag. Tur. Og tid til å sjå på blomster. Det blir markjordbær iår.
Pausemat på jobb. Smart når ein har lyst på noko, og sunnare enn sjokolade og smågodt
(men altså, eg skal ikkje seie at eg ikkje ville tatt det om eg fann det i ein boks...Det
gjeld berre å ikkje ha det tilgjengeleg!)
Onsdag og blomster: Mannen har fyllt 50 år, og fekk blomster på jobb.
Torsdag og blomster: eg har jobba i 25 år, og fekk blomster!
Fredag? Truleg jobb!
Laurdag og båtliv, og eg tok i bruk forkleet mitt! Med redningsskøyte på.
Eg har fått det frå mamma, og det er frå den tida då Redningsselskapet heitte
"Norsk selskap for skibbrudnes redning"!
Bestemor var med i forening som samla inn pengar til dei, og eg var med på foreningsmøter då
eg var rett ung og syns eg har eit forhald til dei. Og eg fekk omvisning i den nye redningsskøyta i
Trondheim også på lausdag, så det passa godt med eige båtforkle! (og så satsar eg på at eg ikkje treng hjelp av dei på båttur i sommar!)
Søndag,
og peonane blir berre finare og finare! #silke
Vekas høgdepunkt?
Å sjå ut over eit skogsvatn, lukte på skogen og blomstrane, fylle hodet med fuglesang og bekkelåt. Det er rett og slett godt for kropp og sjel!
torsdag 7. juni 2018
Veke 22
Ny veke er over, ny veke er godt i gang. Eg har fleire ballar i lufta, og bloggen seglar avgarde utan så mykje stell... Men her kjem nokre glimt.
På måndag var eg ein tur i byen, og utpå kveden gjekk eg over gamle bybro. Vakkert lys
og fin spegling av bryggerekka.
Tirsdag lærte eg junior ein kjapp rabarbrapai. Nam... Satsar på at han skal teste denne
oppskrifta fleire gonger!
Onsdag var det VARMT! Vi tok middag i båten. Vår båt ligg til venstre. Ikkje den største,
men bra til oss!
Det var varmt torsdag også. Vi grilla pizza!
Fredag starta med mange skåler...
Laurdag traff eg ei likesinna når det kjem til sko...
Det er gult som gjeld!
søndag 27. mai 2018
Veke 21
Søndag kveld, eg kjenner meg ganske i rute med ei vekeoppdatering igjen!
Båttur på måndag, 2.pinsedag. Mannen fylte 50 år og vi nytte godværet på fjorden!
(og dagen etter vart det visst ingen bilder)
Onsdag åt eg heilt nystekte croissanter til frukost! Slik er det med ein junior som har lang ferie og god tid, og som nesten ikkje har vore på eit kjøkken dette skuleåret!
Torsdag fann eg årets første liljekonvall! For ei lukt! Det er sommar, i mai faktisk. Eg er solbrent og det er full blomstring og ein kunne nesten trudd det var høgsommar!
Fredag var fri, og treningsdag. Lang tur i skogen! Aleinetid med lukta av lauv og skog(og svette) og lyden av fuglesang og bekkar og suset i trea! Treng ikkje meir!
På laurdag vart det litt husarbeid, vaskemaskina gjekk heile dagen og eg fekk bakt brød, på lang tid. Men aller mest var eg ute i maisommaren!
![]() |
Idag har eg budd ute, ete ute, lese ute, sola meg, gått tur. Sanka D-vitamin og kosa meg. Til slutt måtte eg sette meg i skuggen, og såg rett opp på desse grøne blada med verdast blåaste himmel!
tirsdag 1. mai 2018
Veke 18
Eg trur eg har klart å finne få bilder over til Dropbox no, iallfall bilder frå sist veke. Så her kjem eit lite tilbakeblikk. Ikkje berre det, eg har funne ut korleis eg kan vise bilder på tv-skjermen, direkte frå telefonen, og kjenner meg som eit teknisk vidunder!
Tirsdag måtte eg klappe meg sjølv litt på skuldra. Denne fekk eg av svigermor i fjor. Den har overlevd vinteren, og den har overlevd at eg har potta om og delt den i to og den blomstrar! Bill.merk. #grønnefingre!
Onsdag var eg innom sjukehuset for eit lite inngrep. Eg fekk heldigvis seng og masse smertestillande. Det vart ein del venting, som forventa, eg las bok før inngrepet og syns synd på meg sjølv etterpå! No er eg mykje betre. #venting
Pga onsdag, brukte eg mykje av torsdagen på sofaen. Det blir litt hang-over... #sofadag
Fredag og eg prøvde ut ei ny oppskrift. Thai-inspirert laks med paprika og kinakål, med kokte byggryn til. Trur eg må teste ut byggryn fleire gonger, eg er ikkje heilt overbevist. #byggryn
På laurdag kom eg meg på ein liten tur. Ein eller annan gong i april har det vore gåsungar, men no er dei heilt klart ikkje ungar lenger... #vår
På søndag besøkte vi denne damen, og lange fleire, og kanskje særleg bonden! #mohairgeit
På måndag fekk eg ny telefon. Her er litt av utstyret. #tekniskinnsikt
Tirsdag måtte eg klappe meg sjølv litt på skuldra. Denne fekk eg av svigermor i fjor. Den har overlevd vinteren, og den har overlevd at eg har potta om og delt den i to og den blomstrar! Bill.merk. #grønnefingre!
Onsdag var eg innom sjukehuset for eit lite inngrep. Eg fekk heldigvis seng og masse smertestillande. Det vart ein del venting, som forventa, eg las bok før inngrepet og syns synd på meg sjølv etterpå! No er eg mykje betre. #venting
Pga onsdag, brukte eg mykje av torsdagen på sofaen. Det blir litt hang-over... #sofadag
Fredag og eg prøvde ut ei ny oppskrift. Thai-inspirert laks med paprika og kinakål, med kokte byggryn til. Trur eg må teste ut byggryn fleire gonger, eg er ikkje heilt overbevist. #byggryn
På laurdag kom eg meg på ein liten tur. Ein eller annan gong i april har det vore gåsungar, men no er dei heilt klart ikkje ungar lenger... #vår
På søndag besøkte vi denne damen, og lange fleire, og kanskje særleg bonden! #mohairgeit
søndag 18. mars 2018
Veke 11
Ei heilt vanleg veke er over. Om ein ser vekk frå at eg ikkje er tenåringsmor lenger. Skal vi sjå, kva anna har skjedd?
Eg kikkar ut vinduet på jobb og ser om eg kan sjå våren komme forbi. Den kom ikkje på måndag!
Tirsdag morgon på veg på jobb. Der borte kjem iallfall meir lys! Det har vore så mange fine soldagar i det siste! Sjølv om det her ser mest overskya ut.
På onsdag fyllte denne karen 20 år. Rare greier! Dette bildet er frå då han klipte seg hos far, og sommarklippen brukte vere ganske kort!
På onsdag hadde vi meir som ein merkedag på middagsfronten også: spekesild! Trur aldri eg har servert det til middag før. Mannen vart lukkeleg, og mett! (og det smakte akkurat så godt som han huska! Det er ikkje verst!) Vi hadde løk, rødbeter, potet og rømme til. Og ein salat av løk, eple og rødbeter i rømme. Må vel melde at eg åt mykje salat... Og vakna natta etter og var tørst!
På torsdag tok eg eit bilde. Truleg ved ein glipp då eg skulle ringe mannen for å bli henta etter eit årsmøte. Mørkt og kaldt og glatt.
Fredag ettermiddag. Sol inn i stova. Gule blomster. Sol ute. Og snø. Det er meir vår, det er meir dagslys, fuglane syng. Men det tek si tid før snøen er borte, trur eg.
Sakte start på dagen på laurdag. Påskete, fyr i omnen, radio, kryssord.
Heilt ok start på helga!
Søndag, og det snør litt. Og no er det litt regn også. Og vind, meir enn litt. Perfekt til å sitte inne og fyre, lese, sjå TV (men først var vi på tur!) Det kan vere at våren kjem saman med dette været?!
Vips! No er det snart leggetid. Snart er helga over, ny veke står klar. Jobb, avtalar på kveldane, snart påske. Men eg skal jobbe i "den stille uke" og, så noko ferie står ikkje klar enno.
Ha ei god veke!
mandag 12. mars 2018
Veke 10
Måndag igjen, på godt og vondt. Mest godt, da. Eg fekk ein liten "oisann" på jobb då eg plutseleg oppdaga at eg hadde kalla inn til eit møte idag, men eg rakk førebu meg, så vi kom i mål :)
Og eg har vore hos fysioterapeut, handla mat, laga kjøttkaker og sove middag. Fordi eg trong det!
Eg prøvar jobbe meg gjennom frysaren med mål om å ete unna ein del! Det er lettare å kjøpe nytt, enn å huske å ta opp mat. Men eg kjem meg! Idag kjøttkaker, fordi eg fann kjøttdeig. Igår kylling med indisk saus, fordi eg fann kylling. Laurdag hadde vi biff, gjett kvifor! Og på fredag åt vi bacalao, av same grunn. Enno er det mange gode middagar, og eg treng berre kjøpe tilbehør. I morgon blir det truleg fiskekaker, ein dag blir det elggryte, eg har meir biff, kylling og ei lammesteik. Den sparer eg til palmehelga, tenkjer eg!
Men sist veke, kva skjedde då, bortsett frå at eg tømmer frysaren?
Og eg har vore hos fysioterapeut, handla mat, laga kjøttkaker og sove middag. Fordi eg trong det!
Eg prøvar jobbe meg gjennom frysaren med mål om å ete unna ein del! Det er lettare å kjøpe nytt, enn å huske å ta opp mat. Men eg kjem meg! Idag kjøttkaker, fordi eg fann kjøttdeig. Igår kylling med indisk saus, fordi eg fann kylling. Laurdag hadde vi biff, gjett kvifor! Og på fredag åt vi bacalao, av same grunn. Enno er det mange gode middagar, og eg treng berre kjøpe tilbehør. I morgon blir det truleg fiskekaker, ein dag blir det elggryte, eg har meir biff, kylling og ei lammesteik. Den sparer eg til palmehelga, tenkjer eg!
Men sist veke, kva skjedde då, bortsett frå at eg tømmer frysaren?
Eg har aldri, nokonsinne, gått så mykje på ski som i vinter! Fleire turar kvar veke. Veit forresten ikkje når sist det var så stabil vinter heller. På måndag gjekk vi tur før middag(vi hadde torsk, frå frysaren!), mannen vart med og tok bilde av meg på toppen.
Det fine med å gå mykje på ski, er at eg har vorte mykje betre kjent i marka, eg har vorte kjappare i oppoverbakkane og mykje tøffare i nedoverbakkane (men framleis livredd for å dette)
Ikkje fullt så sjarmerande er at eg har fått spissa konkurranseinstinktet og blir sur om nokon tar meg igjen! Eg prøvar etter beste evne å halde følge, men det går ikkje så ofte.
Pausemat på kontoret på tirsdag. Ganske fin å sjå på også!
Litt usikker på om denne bobla er klar for jul(det er juletre på taket) eller påsketur, pga av skia? Sjarmerande er ho iallfall, eg passerer den kvar dag på veg til jobb.
Påskeliljer i krukke er eit must på våren. Og særleg iår, når det er lenge til det blir grønt ute!
Fredag og sanninga om kontorpausemat må modifiserast litt...Det hender det finns sjokolade også, ikkje berre frukt. Mørk Kvikk-lunsj er for tida min favorittsjokolade!
På laurdag var det skitur. Eg satt på med mannen til Sim, som ligg på motsatt side av marka for oss, og gjekk heilt heim. Tok av skia utanfor huset. Litt grått vær, litt tidleg på dag og eg hadde løypene nesten for meg sjølv det meste av turen. Ære være dei som er tidleg oppe og kjører nye løyper nesten kvar dag!
På søndag var det sol! Påskestemning! Og vi var på ingen måte åleine i løypene, men det var jammen bra. Sola varma slik at det var heilt innafor å sitte i ei solside og ete kjeks og drikke varm saft. Noko vi heller ikkje var åleine om. Ja til fleire slike dagar!
mandag 5. mars 2018
Veke 9
Sist veke var ganske travel, slik eg huskar den. Det var musikarar og studentar innom, og ut igjen. Utlån av bil. Glede og ødelagte håp i samme rom. Fullt hus. Liv til langt på natt, og frå tidleg morgon. Eg var på jobb. Iskaldt ute. Vinter. Helgetur. Vises noko av dette i bilda eg tok?
Tirsdag morgon på jobb. Petriskålene er klare til avlesning. Av og til kjennes jobben ut som ein rebus utan kjent svar, andre gonger er det meir rett fram. Uansett ei oppgåve som krever at ein er vak frå morgonen av! Og ordtaket "bedre og bedre dag for dag" gjeld absolutt her. Dette er livslang læring.
Onsdag og venteselfie på jobb. 3 minutt er ikkje lenge, iallfall ikkje lenge nok til å gå og gjere noko anna, men lenge nok til at ein kan leike seg med mobilkamera! (eg har tatt menge selfiar i det siste, kanskje det må delast?)
Kontorutsikt. Gnistrande kaldt, iallfall til Trondheim å vere. På det meste nesten minus 17. Men når ein sitt inne og ser på sola, så kjem vårkjensla!
På fredag var vi komne til Romsdalen. Her er mitt favorittfjell i kveldsol, men sett frå ein litt annan vinkel enn vanleg. Blir litt poetisk av slike fjell, og byrjar sitere dikt inni meg, "Dei gamle fjell i syningom" , "No ser eg atter slike fjell" etc.
Laurdag bakte eg ei slags Mor Monsen-kake. Eg bakar skuffekaker så sjeldan at det avgjort bør visast fram på bloggen! Og bakaren har førsteretten til smaksprøve, som du ser... Det vart såpass vellukka at eg vurderer ei reprise på eige kjøkken! (Eg laga kjøttkaker også, dei vart godkjent av pappa, og eg tek i mot husmorpoeng om du deler ut!)
På søndag og på heimveg igjen. Eg har mobiltelefonen full av bilder av fjell etter denne helga. Eg gjekk ikkje ein einaste tur på fjell, men eg såg dei rundt meg på alle kantar, og dei var så fine! Det kan bli ein bloggpost med berre fjellbilder etterkvart!
Grunnen til at vi var heime, var begravelsen til ein onkel. Det var ein fin dag, midt oppi alt. Han var glad i fjell, turar og særleg å fiske. Ein av sangane var "Har du fyr", og den er så fin at eg må dele den med deg her og no. Lytt og nyt!
Abonner på:
Innlegg (Atom)




















































