onsdag 29. november 2017

Julegardiner er oppe!

No er julegardinene oppe! På kjøkkenet.
Rett nok på kjøkkenet til mamma,  men dei er iallfall oppe. 

Og mamma er ei dame med orden i sysakene, det var berre å gå i den hylla i skapet som ho sa, der låg dei. Reine, nystrøkne, og fint pakka i eske. Berre å henge opp, etter å ha vaska vindu.

Slik ville det ikkje vore hos meg. Eg ville først lurt på om dei var vaska, så kvar dei låg, og etterpå ville eg måtte leite etter strykejernet.   Eg har løyst det ved å ikkje ha gardiner...

søndag 26. november 2017

Søndag kveld

Kaldt ute, varmt inne. Fine ting!
Idag har vi verkeleg latt humla suse,  det gjer godt! Sein middag,  fordi 'nokon' ikkje hadde lese oppskrifta så nøye. Tur i skogen for å gå varme ryggmusklar som ikkje  er så glad i rolege dagar. Rydding i spel, slik at vi fekk tatt i bruk dei nye hyllene. 

I morgon er det måndag,  ei veke med litt uklare planer framfor meg.  Litt jul blir det nok😀 og jobb.



Frukost med ferskpressa appelsinjuice

Prøvesmaking av frukt- og nøttekake

Ettermiddagen utanfor stoveglaset


lørdag 25. november 2017

Julekakemonsteret slår til!

Idag hadde eg ein del skumle juleplaner.  Dei fleste har ikkje vorte gjort. For eksempel fordi eg sov litt lenge,  før eg åt frukost litt lenge i sofaen. Det var fyr på omnen, aviser,  te, pepparkaker til dessert. Ein klementin, meir te ++

Men eg har gjort litt haustting,  som å rydde vekk døde planter ute, tømme kompostbingen, bake eplekake. Mannen har snekra hyller på tv-stova! No skal det bli orden på spel og kanskje litt album.

Men i kveld, då har julemonsteret fått unna din viktig ting. Eg har bakt frukt- og nøttekake.  Den treng eg for å få julestemning. Den blir best om den får modne,  og det rekk vi no.

Hasselnøtter,  mandler,  valnøtter og pecannøtter.  Rosiner,  tranebær, fiken, dadler,  cocktailbær. Mykje godt!

(No er det berre ei veke til 1.søndag i advent. Og litt mindre til 1 desember,  og eg ligg alvorleg på etterskot med tanke på evt kalender... pyttsann! Den kan gjerast ferdig litt etter litt?! Lysten til å henge opp meir lys er sterk, men eg skal greie å styre meg,  trur eg)

torsdag 23. november 2017

Det er visst november enno

Sjølv om eg gler meg til advanr, den katten er ute av sekken no, så er det fint med novemeber også.
Idag gjekk eg tidleg frå jobb, fekk med mannen på tur i skogen og fekk sett solnedgangen frå skogen. På tur heim kjøpte vi med oss pizza, slik er livet utan barn som bur heime!
(unntatt dei dagane vi et restar til middag fordi vi beregna feil mengde dagen før, pga av dei før nemnte ungane som har flytta ut og sovnar i kvar vår  sofa etterpå)



Eg må utvide julelista mi litt meir:

  • i kjellaren heng pinnekjøt og fenalår til tørk, så vi har både pålegg og julemiddag nesten heimeprodusert (til jula skal det vere fenalår og pinnekjøt, sjøl om eg ofte syns at lam smakar ull)
  • eg har kjøpt amaryllis, den er smugla ned i kjellaren, og i løpet av helga kjem den nok opp, i fin krukke og med mose og kanskje nokre kongler. Tada! Kvar den kom frå? Nei, sei det!
  • eg har dratt i gang den fleirårige tradisjonen med adventskalender på jobb. Før eg rakk tenke på det, kom folk og spurte om det vart. Ei ganske overkommeleg oppgåve, då den som vil delta kjøper gåve og leverer til meg, og så sørger eg for å trekke kvar dag i lunsjen. Det brukar å vere få gåver i starten, men så syns folk det er trist å sitte der utan sjanse til å vinne, og det strøymer på med gåver! (og det fell litt heder og ære på meg)
  • eg fyller på med kaker på bakelista mi, aniskringler, lauper, tjukklefse. Og idag prøvar eg ut ei oppskrift på salte mandlar, nam! 
  • og det har dukka opp lys, her og der, i huset. 
  • eg kjøper julegodteri og gøymer unna, og når jula kjem, har vi rause mengder! 

Lista blir nok utvida, fleire gonger, før jul!

Og ein flott ting med november er thanks-giving! I morgon er vi invitert på kalkun til nokre naboar, og det er ein fin tradisjon! Eg gler meg! 

tirsdag 21. november 2017

Er det advent snart?!

Eg har vore på Plantasjen idag. Det slår meg ar det snart er jul! Og at eg gler meg.

På Plantasjen har dei juletre (muleg dei berre har kunstige enno?) Juleblomster, julepynt, julelys+++ Og det er adventspynt, amaryllis og sviblar (og dersom du ikkje fortel det vidare, så kan eg fortelje at eg har kjøpt sviblar og mose og ekstra lys til juletreet) Eg har kjøpt snop til adventskalenderen på jobb. Eg måtte nesten ta meg saman, for å ikkje gå heilt i julefella!

Så no må eg ta litt grep, for det er tross alt over ei veke igjen til 1.søndag i advent, og såpass bør eg greie å vente. Eg skriv difor lister. Det ligg ei liste på jobb, ei på kjøkkenbordet, ei i veska, ei ved     pc´n... Kva som står der? Litt ymse, men no kan eg jo prøve meg på ei liste her og!


  • julemusikk! Eg skal kose meg med julemusikk i heile desember. NRK klassisk, Spotyfy og jule-cdane mine. Jada! (noko seier meg at andre i heimen kan få overdose)
  • julebakst, eg MÅ ha berlinerkransar, krumkaker og bruke pinner. Av erfaring blir det alltid meir. Rundstykker, knekkebrød og julebrød. Nam!
  • juleblomster, eg er som sagt igang med sviblar. Det er berre så vidt lov, kjenner eg. Kanskje eg skal ha ein ny azalea? Den forrige blomstrar no, tredje sesong. Amaryllis, krans på døra, nokre greiner med lys og pynt i trappa. Uendeleg mange muligheiter!
  • adventskalender. Eg har ein tekalender, den skal eg kose meg med kvar dag etter middag, gjerne saman med kalenderen på tv. Men ein liten felleskalender med mannen, det er kjekt (og av ting som ikkje kan snakkast høgt om, kjøpte eg ein på salg i mars eller noko slikt, den er passe for oss to i heimen) Ungane er jo altfor store til kalender, NOT! Men dei får ikkje før dei kjem heim på juleferie, då blir det mindre å pakke inn også.
  • julekrybba kjem fram 1.desember, og så prøvar eg å huske å sette inn ein figur kvar dag fram til julaften. Trur kanskje eg har nokre nye englar som skal inn i englekoret i år. Eg har iallfall ein ny juleflamingo, den skal på juletreet i selskap med julealligatoren.
  • LYS! Det er så mørkt ute, og kaldt, det er meir enn -10 grader i kveld. Så eg har starta så smått med litt ekstra lys, både levande, på batteri og elektrisk. Eg gler meg til eg kan tenne adventslys kvar dag, eg gler meg til å henge opp stjerne, og sette fram lysstake og anna lys!
  • lammerull og sylteflesk. Eg har kjøpt slagside av lam, og treng berre ein kveld (og motivasjon) til å krydre og sy. Heilt tett innpå jula skal eg lage tomatsild, og kanskje rømmesild?
  • pepparkaker med blåmuggost og store skåler med klementin, det er advent altså! 
  • Ta fram julepynten lille julaften, og pynte huset. Finne igjen kjent og kjær julepynt, henge den på riktig stad. Og gleda ved å rydde den vekk igjen i januar.
  • julegåver er vel også ein del av advent. Ligg godt an, på ein måte, dårleg på andre. Nokre spør kva eg ønskjer meg, det er alltid vanskeleg! Eg har jo eigentleg alt, og samtidig blir eg så glad for gåver! Men når det kjem til julegåver, då er eg avhengig av lister! Og utkryssing etterkvart. 
Dette er jo gleder! Så kjem vasking og rydding, det er kjedeleg, men etterkvart innser eg at det høyrer med (og vaskegeneralen=mannen tillet ikkje slurv) 
No må eg berre halde ut november, men så bryt det laust! Hurra! 


Om eg er ein slag juleelskar? tja. 


mandag 13. november 2017

Vekestart veke 46

Ny veke. Ny måndag. Nye oppgåver. Nye utfordringar. Heldigvis same jobb, same by, same familie.

Helga har vore full. Av biltur på snøføre, familie og feiring av både bursdag og farsdag, ein tur innom sjukehus og tur i skogen. Tid til prat. Bilturar er fine slik! Eg bekymrar meg alltid på den første turen på snø. Kjøre på snø og slaps er ikkje artig, men det gjekk bra. Å feire fødselsdag og farsdag er også bra, ein treffest og over god mat og rikeleg med kaker går praten ofte lett.
Gleda over å kome heim att til eige hus, kjøleskap og seng skal ein heller ikkje kime av! Nokon seier at det beste med å reise bort, er å kome heim att. Eg er ikkje heilt einig, for det å reise bort gir gode treff og opplevingar, men det er godt å kome heim (eg er redd det er alderen som bankar på kroppen min...)

I ettermiddag har eg fyra i vedomnen og sett på snøen dale, då er det stas! Det er så eg kjenner smaken av pepparkaker og eg får lyst å sette på julemusikk. Eg får vel vente litt til? Snøen er finare når ein ikkje skal kjøre 25 mil!



Naturen var i svart-kvitt

Haustlauv og tur i øspøs regn


Her kjennes det som å stå i hausten og sjå vinteren kome



November  

Som rennande vatn kan opne seg
midt i den isande snøflata
kan også vi stundom opne oss
for einannan:
Kaldt.
Livs-reddande.

Arne Ruset

lørdag 11. november 2017

Ei utsikt å kvile i

Sist veke var eg på kurs. Der lærte eg om ulike ting. Som verdien i å kvile i ei utsikt. Akkurat no er eg i barndomsriket ein tur. Her er mykje å kvile augene på.



Ute er det sludd/snø /regn=november. Inne er det varmt.  Eg kviler augene på utsikta.

tirsdag 7. november 2017

November

Eg syns ofte november handlar om å ikkje ta jula på forskot for min del. Iår kom novemeber som julekvelden på kjerringa, eg seier litt "allereie no!?" Men det er visst allereie 7.november. Eg syns nesten det er litt kjekt at det er julepynt i butikkane... hjelp, kva har skjedd med meg? (Eg har prøvesmakt ein skumnisse også, rødme. Eg har unngått peparkaker og julebrus, det hjelp litt.) Eg har kjøpt ein faberaktig rar julepynt, og dei første julegåvene er delt ut til mottakarane.

Høg reiseaktivitet gjer vel sitt til at tida går fort? Og generelt høgt tempo. Blogging blir det iallfall ikkje av dette livet!
Idag gjekk vi tur rett etter jobb, mens det vart mørkare og mørkare. Vi fekk med oss ein nydeleg solnedgang! Slike dagar er november alright! Det er snø i marka, og eg ønskjer med kulde, slik at det frys på. Det er slitsomt med snø på gjørme, både skittent og glatt for gamle damer :)