Det er haust, det er snart ny veke og eg er i rute(iallfall om eg ikkje tenkjer for godt etter)!!
Årets tider
Nå er høsten her
og høsten er en liten gul mann
som kommer ut av skogen
med kofferten sin og plukker lauvet ned av
trærne og tar med seg blomsterstilkene og mange
av fuglene, og så maler han himmelen
grå og mørk, og lager triste søledammer i veiene.
Arild Nyquist
Heldigvis er det sol og fine dagar om hausten også! Men i kveld blir det vel tidleg mørkt etter at vi stilte klokka, sukk.
Eg har, som før nemnt på bloggen, ein indre hamster! Eg har også ei indre husmor som elskar å lage mat(men som lever eit litt stille liv i lengre periodar), og når du kombinerar desse blir det fullt i bod og frysar! I sommar spurte eg svigerinna mi, som er husmor både av utdanning og legning, i tillegg til å vere lærar, om korleis ein lagar pølser. Sidan mannen er jeger har vi mykje elgkjøt, og det jo hadde vore artig å bruke det til noko anna enn steik også. Istaden for berre å overlevere ei oppskrift, lova ho å kome og vere med på pølsemaking. Igår var den store dagen!
Eg bestilte tarm på butikken, det er ein slik ting som får ein til å kjenne kontakten med gamle dagars matauk og husmødre i generasjonar bakover og eg fekk rett og slett mentalt forkle og skaut! Ikkje berre bestilte eg, eg huska hente den også! (det er inga sjølvfølge når ein lever pendlarlivet og kjem heim seint heim på fredag kveld)
Vi tok opp kjøt frå frysaren, rydda kjøkkenet og handla inn allehånde, ingefær, salt og pepar og meir kjøt etter liste frå kurshaldaren for å spe på med. Så sette eg mannen igang med å lese bruksanvisninga til kjøtkverna, og eg rydda litt meir! Kursleiaren kom og vi var igang! Det var oppmaling av kjøt, blanding, krydring, steiking av prøvekake, smaking og det mest spennande av alt: pølsehorn og fylling av pølseskinn! Det er noko med å stikke hol for luft, fart på fylling, håndlag og kommunikasjon, armar og bein og tarm som sprekk...alt går betre med litt trening! Og det blir ikkje verre med godt humør heller! Latter lettar arbeidet!
Pølsemakarar |
(og den lampa heng berre heilt feil i forhold til pølsemaking og fotografering!) |
Det var fullt hus, med meg og mannen, ein junior som var fotograf og kommentator, kursleiaren, ein nevø som er kokk og ei niese som har mange års fartstid som pølsemakarassisten og som hadde ansvar for å putte kokepølsene i posar for frysing. Broren min hadde ansvar for avislesing og vart sendt på IKEA for å handle skoskap til kursleiaren og REMA for frukt og sjokolade. Undervegs fann vi ut at dette burde fleire få del i også, så via nettbrett kobla vi opp Skype og sendte live pølsemaking til mamma og pappa! Underhalding for heile familien!
Vi laga elgmør som no heng oppe på loftet til tørking, og grisemør, som er grov, krydra middagspølse som vart frosse og skal bli fine middagar framover!
Fine elgpølsene som skal bli mør! |
Tørking av mør |
Etterpå vart det pizza og Pavlovakake(takk til kurshaldaren) for å feire han som fylte 17 år denne veka, og RISK-speling med høgt lydnivå og sterkt engasjemnt! Finfin laurdag! Og idag er det godt å sitte i sofaen, lese laurdagsavisene, ete druer og kjenne på søndagen.
Hm, kva gjer den sjokoladen nede i høgre hjørne? |