fredag 18. oktober 2013

Hybelliv

På måndag flyttar eg på hybel. Det er ikkje noko dramatikk idet, eg skal berre jobbe i Oslo nokre veker før jul og då må eg bu der også.

Det er omtrent 20 år sidan sist eg budde på hybel, så eg kjenner eg er litt ute av det. No er eg vant til familielivet, med alt sitt av klesvask, innkjøp, matlaging, masing på lekser, masing på rydding, kos rundt middagsbordet, påfunn av tenåringane, "mors tut og kjør"-transport etc, så eg hugsar ikkje heilt korleis det var å berre ha seg sjølv. Eg lurer på om det blir veldig stille? Kjedeleg? Det blir iallfall fint å kome heim i helgene!

Men eg trur det kan ha sine fine sider og :) Eg treng ikkje vaske klær desse vekene, det blir lite oppvask av berre ein person(trur eg?) Rydding treng ikkje bli så ille, det er ikkje andre å skulde på same kva. Eg kan bestemme sjølv kva eg skal ha til middag, det blir nok mykje grønsaker og fisk tenkjer eg! (evt potetgull ein og annan dag. Det skal ein ikkje sjå vekk frå at resten av familien ville sett pris på, men husmoræra og husmorstoltheita nektar meg stort sett å gjere slikt) Eg treng iallfall ikkje bry meg om kva andre likar eller ikkje. Løksuppe, sushi, bakte grønsaker, omelett...
Viktig med farge på maten!
Eg håpar på eit rikt sosialt liv desse vekene, eg får tid til å treffe vener frå studietida som enno ikkje har kome seg ut av Oslo. Den første middagsavtalen har eg faktisk allereie på måndag. No gjeld det berre å avtale meir sosialt liv. Eg kan vere tante og treffe store og små nieser og nevøar i Osloområdet. Eg tenkjer på å bruke kulturtilboda i Oslo, kanskje eg kan få med meg nokre teaterstykke eller ein sisteliten billett på Operaen? For ikkje å snakke om at eg får god tid til å gå tur!! Eg kan lage årets julegåver! (vel, det spørs! Eg har kome 3 cm på babyjakka eg starta på i sommarferien) Det står ikkje på planene...
Eksempel på lettvint middag.

Så spørs det kor sliten eg blir av jobben, eg skal tross alt gjere ein jobb medan eg er der. Kanskje eg rett og slett kjem til å synke ned i sofaen med ei bok? Eller bruke fjernkontrollen bevistlaust medan eg sappar meg gjennom TVkanalane eg har tilgjengeleg? Eventuellt sove middag kvar dag? Men det treng ikkje vere så ille med roleg åleine tid, heller.

I kveld er eg åleine heime, og til no har eg vaska klær og hengt opp, rydda på kjøkkenet og til slutt vaska kjøkkenvifta! Vi snakkar høg partyfaktor ein fredagskveld...

Og skulle nokon ha forslag til kva eg bør få med meg eller gjere, så gje meg eit hint!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar