Viser innlegg med etiketten italia. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten italia. Vis alle innlegg

torsdag 31. januar 2019

Italienske sko!

Då vi var i Italia i haust hadde eg ei heilt klar plan om å kjøpe meg sko. Ei så klar plan at mannen innsåg at han berre måtte henge på den siste dagen når eg gjekk målbevist til verket og planen. Før eg fekk meg sko, ville det meste anna bli sett på venteliste.

Til slutt fann eg ein fin skobutikk. Mannen sette seg på ein ventestol. tok fram ei bok og eg fekk beskjed om å ta meg god tid. Dette var ein så fin butikk at du slett ikkje kunne finne ein sko i hylla og berre prøve.  Nei, her måtte eg peike på utstillinga og forklare kva sko eg ville prøve, så vart den rette storleiken henta på lageret og eg fekk prøve. Feil storleik? Dei henta ein anna storleik. Og såg eg plutseleg eit anna par som eg hadde lyst på, var det samme prosedyre. Til slutt sto det mellom to ulike. Håndsydde, italienske gule sko, eller gule, høghæla pumps. Altså to ulike par med gule sko... Valgets kval! Og ein kan knappast kjøpe to par gule sko på samme dag? Dei kosta tross alt litt...


Etter prøving og synsing og prøving og elle-melle, vart det dei gule, håndsydde (som takk og pris var på sal) Dei var tross alt italienske!

 Italienske sko!

Desse har vore med på fest og julebord og familieselskap til no. Eg er så fornøgd!

Men vel heime i Noreg byrja eg å angre. Ikkje på kjøpet, men på at eg ikkje hadde kjøpt begge para... No byrja ei ny jakt. Eg har leita på nettbutikkar, søkt etter gule sko, yellow shoe, gule med hæl etc. Og eg har vore innom alle skobutikkar eg har gått forbi. Det viser seg at gule pensko ikkje er så vanleg på vinteren i Noreg.


Men så: der sto dei! I ein av dei lokale butikkane. Ikkje var dei så dyre heller. Men eg måtte tenke meg om, og kven veit, kjem dei på sal snart? Nei, det gjorde dei ikkje, verken romjulssal eller januarsal. Og klok av skade, så har dei no fått ein god og trygg heim, eg kunne ikkje risikere at nokon annan tok dei rett framfor nasen min medan eg akkederte for eller mot kjøp.


Skogal, sa du?

fredag 28. september 2018

Italia bilder #4

Idag kom det ein pling då eg køyrte til jobb. Det var under 4 grader og fare for glatt veg. Det har vore vind, regn, sludd. Facebook melder om vintervegar. Eg er glad eg ikkje skal kjøre langt, for eg har sommardekk på bilen enno. 

Det er godt å drøyme seg tilbake til sist fredag, og tur i Italia. Sol, Middelhavet,  stiar i fjellsida, pizza på fortausrestaurant og fine byar.  



onsdag 26. september 2018

Italiabilder #1



Nokon hadde sett att sykkelen sin i ei bakgate i Lucca.
Det blir fort eit stileben.

Italia

Fem dagar miniferie i Italia.
Mat, drikke, sol, varme, gode vener. Eit friminutt i kvardagen.
Eg reiste med høge skuldre, det var så mykje som skulle på plass før vi reiste. Jobben skulle leggast til side, men ein del ting skulle gjerast før eg reiste. Vi skulle pakke, ordne huset, vi sto opp nesten midt på natta.

Men så kom vi fram. Til varme, vener og skuldrene senka seg. Det var varmt. Mellom 25 og 30 gr og sol frå skyfri himmel kvar dag. Og varme, mørke kveldar, uterestaurant og mygg.


Resturant i vatnkanten. Kom med eigen båt og henta oss.

Så kva gjorde vi?

Vi tok tog. Det var fint når ein har vore oppe ein halv dag før togturen starta. Berre sove litt i togsetet, lese bok, sjå på landskapet, undre seg på kor langt det er igjen. (og etterpå tenke at tog er ekstra fint, fordi nokon av dei andre punkterte på motorvegen, tog punkterer sjelden!)







Vi åt mat. Mykje god mat. Frukost på kafe, foccacia, croissanter, sjokoladefylt bakverk, cappucino og te. Servert i kanne, som er den ultimate luksus for meg. Lunsj på kafe, treretters! Ok, eg åt ikkje treretters til lunsj, men det kunne eg ha gjort. Salat, pizza, pasta, pai, grønsaker. Is i gågata, sitronsorbet. Karamellis. Middag på kafe. Fireretters, minst. Mange forrettar, pasta med ulike sausar og hovudrett og dessert. Mykje sjømat. Tiramisu til dessert.

Lucca

Klesvask på veggen

Varm dame

Vi gjekk. Mange steg kvar dag! Rekorddagen inneheldt omtrent 23000 steg. Vi var i gamlebyen i Lucca. Gjekk på bymuren, vandra i tronge gater. Såg klesvask som hang på husveggen, akkurat som på film. Såg i butikkar. Prøvde sko. Vi gjekk i Cinque terre, frå Monterosso al mare til Vernazza. Etter lunsj gjekk vi vidare til Corniglia. Gjekk i gatene i La spezia. I båthamna. Til borgen i La spezia. Vi gjekk på matmarked. På søndagsmarked. Der var det mange intalienarar.

Portovenere

Vernazza

Corneglia

Hamna i La spezia, det er ledig plass til båten vår!
Vi var på båttur. Til og frå ein resteurant på ei øy utenfor Portovenere. Frå La spezia til Monterosso, ute på Middelhavet. Turistfraktebåt, jada, men det var så fint. Sol, sjø, fuglar, byer og gardar som kunne vore med i "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu" når som helst!

Middelhavet!

Vi (eg) shoppa. Ja, det vart sko, og ein linkjole på salg, fordi det var så varmt at lin var det einaste rette. Vi kjøpte ost og pølse og skinke på matmarkedet.

Gule sko! Italienske sko.
(Og les gjerne "Italienske sko" av Henning Mankell.
Ikkje særleg mykje om Italia eller sko, men god bok)
Fornuftige sko!

Shopping


Så var turen slutt. Det var tog tilbake til Milano, og ein travel sprint med koffert i søndagsrushet på Milano centrale (togstasjonen) for å rekke flytoget. Inn på flyplassen, levere koffert og gjennom sikkerthetskontrollen og så kjem kvardagen brått litt nærare.

Livet på ein togstasjon

Ein slik tur, med folk ein kjenner godt. Der det går fort mellom alvor og latter, der ein kan ta både litt tunge tema og veldig lette samtaleemner. Det er rikdom det! Det var ein skikkeleg energibust å ta ein haustferie i sommarlege Italia. Gode minner til minneboka!

mandag 17. september 2018

Ut på tur!

Og denne gongen skal eg lenger enn til lokal skog!

Eg skal til Italia! Landet med pizza, pasta og gelato... Nam!
Eg har aldri vore der før, no skal vi reise saman med ein heil gjeng gode vener. Programmet er lagt, vi skal både få med oss Cinque Terre, Lucca og mykje anna.

Cinque Terre
http://www.domondonart.com/product/cinque-terre-italy-maranola-pink/
Det eg forbind mest med Italia, er turen mamma og pappa var på der i 1973. Eg var 5 år, og syntes nok dei var langt vekke. Ikkje at eg huskar det, for eg var saman med storesøsken og besteforeldre, men eg var nok ein mammadalt. Når eg oppfatta at Italia er ein støvel, huskar eg ikkje, men støvel=sko=lik bra land vil eg tru, no.

Då mamma og pappa kom heim, etter å ha sett på lastebilar og gravemaskiner, køyrt buss i Milano og sett at nokon rett og slett bar vekk ein liten Fiat som sto i vegen for trafikken, vanka det gåver! Storesøskena mine fekk tyggegummi (dei fekk sikkert noko meir, men eg huskar best tyggegummien!) Dei fekk kvart sitt metallskrin med tyggis, det var uendeleg mykje tyggis! (for ein 5åring) Eg trur eg fekk ei pakke, eg var for lita fro meir. Men eg fekk dukke! Som kunne gråte, og synge. Trur det var noko eg hadde ønska meg. Eg var litt skuffa over at ho hadde mykje svart hår og festsminke, men det var ei babydukke, basta! Ho skreik, eller sang, når du sette plate inn i ryggen på henne. Ho vart døpt same dag som kronprins Haakon Magnus, i eit gult, stort badehankle. (huskar ikkje om ho hadde noko namn, eigentleg, kanskje det var Sonja eller Märtha?)

No skal eg pakke, for ein tur tilbake til sommaren, for værvarselet er svært lovande for sandalar og sommarkjole. Eg har leita fram passet, reisehåndbok, lesestoff. Idag har vi bestilt togbillettar frå Milano til La Spetzia. Eg må telle pengane mine, det er så mykje eg har lyst på. Parmesanost, parmaskinke, is, salat, tomat, fin middag, sko og vesker. Vi får sjå.

Eit snev reisefeber og nesten tre dagar til avreise!