Eg har to
store, kjekke tenåringssoner(eg veit det, for eg har oppdratt dei!). Eg skriv ikkje så mykje om kva dei
seier eller gjer, det passar seg liksom ikkje, verken for meg eller
dei. Eg er stolt av dei, eg skjenner litt på dei, minner om lekser, innetider, kleskift, forventar støvsuging av trapper og oppmøte i familieselskap. Men naturlegvis er eg bekymra, det er vel ein del av livet som mor? Å bekymre seg er kanskje prisen for å vere glad i nokon?
|
Hjerte |
Eg har ingen vanskar med å forstå
småbarnsforeldre sine bekmringar over lite nattesøvn, kva ungen et
eller ikkje, trassalder, barnehagestart eller kontantstøttevalet. Eg
har jo vore der, og eg var bekymra, av heile hjartet og seint og
tidleg. «Er han seint med språket, klarer han finne seg til rette i
barnehagen, vil det gå bra?» Men eg var ikkje berre bekymra! Heldigvis! Eg har bygd massevis av legotårn og lest metervis med bøker utan å bekymre meg! Vi er alle på den staden vi er i
livet, vi ser det som er oss nærast. Det er bra også, det ville
vore slitsomt å ta bekymringa over tenåringar som testar grensene,
samtidig som ein skal ta kampen med ein toåring om å lære seg
betydninga av nei.
Men eg er jo bekymra no og. Finn
dei seg til rette på videregåande? Har dei vener? Og kven er desse
venene? Kan eg stole på dei? Huska dei mat til lunsj? Kvar er dei?!
(det er den vanlegste bekymringa) Søv dei nok? Gjer dei lekser?
Eg kan ikkje følgje dei på skulen,
hente dei etter skuletid, snakke med læraren og få vite korleis
dagen har vore. Igrunnen ønskjer eg ikkje å gjere det heller. Eg ser fordelen med at dei klarer seg meir og meir sjølv, eg syns det er stas at dei har vener å finne på ting saman med. Eg likar at dei gjer lekser utan meg som kontrollør. Eg og mannen har meir tid til å vere kjærestar når vi får meir eigentid. Eg
øver på å sleppe tenåringane laus, la dei ta eigne val og gjere sine eigne
erfaringar. Min eldste er snart 18, han er russ iår... Den andre er
190 og har langt hår, eg når ikkje til skuldrene på han heller.
Dei gjev meg liten grunn til å tru at dei ikkje klarer å ta gode
val sjølv. Kanskje er eg naiv, men eg stolar på dei!
Likevel er eg litt bekymra.... Akkurat
som når dei var små, fortel dei lite om livet og kvardagen. Det
er mykje grynting, mumling, halve svar, svevande svar, masse tull og tøv
når eg spør. Dei sorterer og filtrerar kva eg får vite. Eg vil dei
det beste, eg vil gje dei av mine erfaringar, men som då eg var 18
eller deromkring, vil dei gjere erfaringane sjølv! Og eg prøvar la
dei ha den fridommen! Eg snur av og til ryggen til, sjølv om dei
syklar utan hjelm. Eg har lært dei mykje, men no må dei meir og
meir ta ansvar for eige liv og helse. Eg kan kome med råd om kva ein
bør ete, men eg har ikkje smurt matpakkene på mange år. Grovt brød
med nugatti er vel betre enn bollar og potetgull, lell? Eg har lært
dei om ullklær, no må dei ta dei fram sjølv og dei lærer faktisk
av erfaringar med å fryse! (men av og til klarer eg ikkje halde meg, og spør eller sender ei melding og spør om dei har huska ditt eller datt…og får til svar at JAAA!)
Eg likar sjå innom romma deira før
natta kjem, søv dei, er det noko dei lurer på? Har dei alt klart
til i morgon? Treng dei kanskje eit ullteppe? Det er mykje omsorg i
bekymring, iallfall om den ikkje får overtaket!
På same tid eg er dotter, eg har
foreldre som enno følgjer med og vil meg det beste. Som vil vite,
som passar på, som prøvar å gje råd. Eg er heldig og rik! Men eg
blir aldri ferdig med å vere barn, eg vil bestemme sjølv.
|
Og i helga fekk vi overraskande besøk av mamma og pappa! Då måtte vi ha lang og triveleg frukost. |
Men kjærleiken, det er vel den som
gjer at vi bekymrar oss?
Foreldrenes kjærlighet
Barns kjærlighet til sine foreldre
er den sterkeste, den mest
kompromissløse
kjærligheten på jorden
Men den er kortvarig,
Og den dør langsomt ut,
etter hvert som barna vokser til
Ja, ja, ja, ja … den gjør bare det,
den dør ..
Men foreldrenes kjærlighet er
en kjærlighet som aldri slukner ut,
den bare vokser og vokser,
selv når foreldrene dør,
fortsetter den å brenne,
inne i barna,
En lav umerkelig flamme som aldri
slukner
Og selv når barna dør,
fortsetter den å spre seg
gjennom nye slekter
som en sol som brer seg ut
til de ytterste stjerner.
Stein Mehren
God veke til deg! Med bekymringane du
har, livet, kjærleiken -og kanskje saknet? Eg trur det blir stille i
huset når dei er ute av huset....og då saknar eg kanskje dei
daglege bekymringane? Eller vil det kome nye?