søndag 7. september 2014

Vekestart veke 37

Det er klart for vekestart igjen! Det er søndag kveld, eg har hatt ei litt hektisk, men kjekk, veke og helg. Først var det jobb nokre dagar. Så var det tur til Oslo. Der var eg på møte ein dag, og kjenner du kjensla det er å ha fått lov å vere saman med dei store? Eg kjente litt på den på møtet, det var eg og gutta på ein måte… Eg har likevel ikkje vett på å halde munn, men det er berre slik ein lærer nytt!? Iallfall lærte eg litt nytt, eg fekk snakka med kloke folk og lurt litt på ting! 

Mannen skulle til Oslo på jobb han også, så vi kombinerte dette med ei kort langhelg. Litt kjærestetid er godt! Det var feriekjensle, det var sommartemperaturar, vi var ute og åt, vi vandra rundt i byen, var litt turistar og rakk familiebesøk. 
Akershus festning.
Å berre tusle rundt og kikke, ha god tid og gå hand i hand med mannen

Makronpause på kafe
Vi vurderar dykkeforhalda

 
Lunsjdate

Alt dette medan eg funderte på korleis juniorane hadde det heime åleine, sånn apropos tenåringsforeldredebatten som går. Det gjekk bra med dei! Dei kom seg opp om morgonen og kom seg på skulen, dei har laga seg mat og generelt levd etter eigne innfall og interesser. Men eg likar best at mobildekninga er god, at eg får svar på SMS innan eit par timar etc! (så når det ikkje slår til, får mor litt vondt i magen)

Vel heime har vi vore i eittårsdag idag. Mannen har mange kollegaer frå ulike land, og idag var det indisk feiring! 60 gjestar, full middag og full fart! Og eg har fundert litt over klær og ulike skikkar med å pynte seg. Eg meiner, vi i Noreg pyntar oss jo når vi skal i selskap, men vi kjem til kort samanlikna med andre! Perler, gullbroderi, tyll og silke understrekar FEST meir enn svart bukse og kvit skjorte! Store smykker og lekre sandalar og skjerf i alle farger... Om eg hadde turt å pynte meg på den måten er meir usikkert…men eg blir litt misunneleg.

Og midt på dag rakk eg sitte ute, lese bok og nytt varmen, for septemberdagane er jo som fullsommar å rekne.

Eg har ikkje vore på fjellet, eg har vore skikkeleg storbymenneske i veka og helga. Men eit dikt om pauser, om å lytte til myrull og sønnavind kan passe å starte veka med!

SUS I MYRULL
av Hans Børli

Livet er ikke alltid

et hesblesende kappløp med døden.

Livet er ikke bare

titusen strevsomme steg
 mot små mål.

Nei, livet er rikt nok til

å være bare sus i myrull – -

Livet er rikt nok til

å glemme timene og brødet

og døden.

Men alle dissse flittige -

med lønningsposer og armbåndsur

og spisestue i lys bjørk … ?

De er så gjerrige på minuttene.

Ropet fra hjertene drukner

i larmen av stempler og stål.

Men myrull suser i sønnavind

den enkle sangen

som hjertene minnes i maskinhallene.

Og ensomme fugler 

seiler i sol,

seiler i sol og skriker —


Ha ei god veke!!
Karl Johan

1 kommentar:

  1. Hørtes alldeles herlig ut med storbyhelg og kjærestetid samtidig. Det er ikke ofte vi har heller så det må være veldig deilig. Hadde vi bare hatt store barn nå så hadde vi kunne gjort slike ting vi også, men siden vi nå har små i tillegg så ser det ut til at vi må se lenge etter en sånn helg ennå:) Kos deg med uka og pynt deg med perler!!!

    SvarSlett