Viser innlegg med etiketten leselogg. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten leselogg. Vis alle innlegg

mandag 3. september 2018

September

Trur rett og slett eg må starte med eit septemberinnlegg, sjølv om eg må vise litt av 50-årsfesten og feiring både her og der. Det får bli i eit eige innlegg.

Men no er det september. Det er lenge sidan eg har blogga, livet skjedde, med så mange innslag, både gode og mindre gode. No har vi landa på beina igjen, også dei rundt oss, vi er ferdige med sjukehus og selskap og reiser for nokre veker, får vi tru. No rekk eg tenke heile setningar og i morgon har eg fri. Etter jobb idag har eg sortert skitne klær, vaska klær og bretta klær, eg har bakt brød og gått tur. Hatt besøk av ingeniørstudenten, ete opp eplepaien frå sist veke, løst litt kryssord og sett tv (veit ikkje når det skjedde sist!)
Ein ting er forresten ikkje på plass, bilen fekk litt hikke på tur heim frå jobb, og så byrja det lyse ei varsellampe... Eg er i mot slike varsellamper! Må få tak i verkstedet i morgon, og høyre kva vi gjer no. Eg tørr iallfall ikkje kjøre lenger enn til verkstedet før eg veit kva som er galt!

I helga var vi i Romsdalen (heldigvis var bilen frisk då). Der var det varm seinsommar, fine farger, modne og nesten modne plommer og epler (og litt vondt i magen). Kyr på beite, blikkstille fjord, sein frukost, familie og middag hos mamma og pappa fleire dagar. Lunsj på trappa, aviser, strikking og prat. Tenkte du skulle få eit bildedryss derifrå!

Og eit lite lesetips, eg rakk lese ei god bok innimellom! "En ulastelig mann" av Jane Gardam. Det er første bok i ein triologi, og handlar om Imperiets barn, folk født tidleg på 1900talet, som vaks opp på kostskule i England med foreldra langt borte. No skal eg ha dei neste bøkene i triologien! Eg må lese heile historia!

Kveldsstemning

Morgonstemning









Frue med kreaturer


tirsdag 20. september 2016

Vekestart veke 38

Eg har hatt fridag idag! O lukke! Kabalen på jobb gjekk opp utan meg, og eg kunne la humla suse. Og det har eg gjort. Går klokka fortare på fridagar? Eg meiner "poff! Så er dagen over?"
Men det kan vere noko med tempoet; først unte eg meg å ligge ein time lenger enn vanleg, og så var det frukost. Litt skuffa over været, det låg skodde heilt inntil husveggen. Men været var fullgodt til å lese avis, drikke ei kanne te og halvvegs følge med på P2. Så måtte eg lese litt i boka mi, meir om den seinare, før eg fann ut at ut måtte eg, same kva vær det var.
Langbein på tur

Fint treningsstudio!

Doggdropar i spindelvev
Skogen viste seg å ligge over skodda! Herlig! Å stå der og sjå ned på skodda. Nyte sola, varmen, fargene, nokre overmodne bringebær, nevar med blåbær, nokre få tyttebær. Bli våt og skitten i myra. Kome heim og ta ein dusj, og så var det jammen tid for lunsj. Tida går fort i godt selskap, hehe.
Etterpå skulle eine bilen til "doktor", men eg rakk litt meir lesing etterpå, no ute i septembersola, før det vart restemiddag.
På ein måte har dagen hatt lite dødtid, men samtidig mykje tid til å gjere det eg hadde lyst til! Må ha ein fridag til snart!

Det har vore diktkåring i NRK. I heile sommar har det vore dikt og diskusjon på P2, og alle mine gode forsett, eg er jo glad i dikt, om å følge med, har drukna i det vanlege livet, eg har berre fått med meg litt her og der.(Ja, eg veit det finns nettradio og podkast, men då må ein ha tid til å høyre det ein annan gong, og ikkje minst konsentrasjon) På søndag var det "finale" og den skulle eg iallfall få med meg. Vel, eg er glad det er mogeleg å lese om det på nettet etterpå og...
Her er diktet som vann:

Det er den draumen me ber på
at noko vedunderleg skal skje,
at det må skje –
at tidi skal opna seg,
at hjarta skal opna seg,
at dører skal opna seg,
at berget skal opna seg,
at kjeldor skal springa –
at draumen skal opna seg,
at me ei morgonstund skal glida inn
på ein våg me ikkje har visst um.
Olav H. Hauge 

Kven har ikkje draumen? Om noko vidunderleg?
At det må opne seg nye dører, nye mulegheiter, ein ny veg? Betre helse, vidundermedisin til seg sjølv eller andre. Framsteg på eit eller anna vis. Ny jobb, eller kanskje jobb, skule. Tid til dei rundt. Ei pause frå slitet, jobben, sjukdom. Det er så mange ting vi ber på av draumar! Ofte mest inni oss.
Eg les at Hauge ønskte seg ei lun vik, der han fekk fri frå sjukdommen. Håpar han fann det. Og håpar du finn ei vik der du får pause!
Dame som les i solveggen


Før prøvde eg å skrive litt leselogg, men det har sklidd heilt ut. Eg les likevel ein god del bøker, og må få anbefale to til deg:
På fødselsdagen min fekk eg "Alltid tilgivelse" av Anne B Ragde(jada, å hinte kraftig om boktitlar hjelper!) Det er bok nummer 4 om familien på Neshov, og eg vart heilt forelska i dei då første boka kom. Fjerde bok var som dei forrige, lesverdige! Har du ikkje lese nokon av dei, start med "Berlinerpoplene", og bli kjent med gardsliv, familiehistorier, grisungar og Københavnhomser. Og ikkje minst gravferdskonsulent Margido.

Eg har også lese om igjen ein krimserie av Leif GW Persson i sommar og haust. Ikkje krim av typen hardkokt, dyster privatdetektiv, men om svensk politi og -trur eg- ganske truverdig om arbeidet deira. Naturlegvis med meir eller mindre dumme kollegaer, udugelege sjefar og vanskelege oppgåver, slik som mange kan kjenne på i eige arbeid innimellom. Det er tjukke bøker og store historier, med trådar til verkelege hendingar og kjente personar. Eg elskar slike bøker! Og då eg las anmelding av den nyaste boka, "Bombemakeren og kvinnen hans", i avisa på laurdag, kom eg til å laste den ned på lesebrettet  mitt ganske fort. Ikkje rart eg måtte legge inn lesetid idag! Anmeldaren skreiv at dette er krim du ikkje les samtidig som du ser tv, og det er heilt sant! Dei krever at du er der! (og eg anbefalar å lese bøkene i rett rekkefølge, for historiene heng på eit vis saman)
Her har du tusenvis av sider du kan gle deg til å lese!

(og for å hovere litt: eg har pakka inn 12 julegåver idag!)

tirsdag 29. mars 2016

Vekestart veke 13

Påska 2016 er historie, eg har vore på jobb idag, junior har returnert til folkehøgskulen og vaskemaskina jobbar overtid. Det har vore ei fin påske, med både heimeliv, Romsdalstur, besøk hos svigers, storfeiring av mamma sin 80årsdag og mamma og pappa sitt diamantbryllup.
Vått ute!

Mamma og pappa for 60 år sidan


Det har vore sol og regn, resten av familien har vore på toppturar, eg har rusla litt rundt i vårlandet. Sett snøklokker og snøsmelting. Vi har treft familie, vi har ete godt(veldig godt!) og mykje. Eg har lese den siste ferdig bok 4 i Napoliserien til Elena Ferrante, eg har stort sett lese dei på engelsk, og er klar for å lese dei på nytt på norsk om ei stund. I påska må ein lese krim også, og eg har lese "Kureren" av Kjell Ola Dahl. Den har vunne både Bragepris og Rivertonprisen, og kan anbefalast!
Og denne utsikta reiste vi frå... 

Det er likevel ikkje til å stikke under ein stol at det er godt å kome heim att! Til mi seng, mitt kjøkkenbord og knekkebrød med ost. Gulrot i matpakka og råkost til middagen. Rutiner og kvardag er godt!
I kveld skulle mannen bort, og junior er på konsert, så jammen vart det heimeåleinefest for mor! Som eg vill og gal har brukt til å vaske klær og bake knekkebrød og brød... Eg har brukt opp ryggen no, og har difor landa i sofaen. Eg har ei bok som ventar på meg; "De fem årstidene" av Gaute Heivold. Eg starta så vidt i går kveld, og gler meg på fortsettelsen!

Fritid

Fritid? Ja vel.
Og resten av tida
kva heiter den?

Einar Økland

Er det ikkje fint? Kva er fritid? Kva er den andre tida? Av og til tenkjer eg at fritid er å ligge i sola og lese, andre gonger er det å ha fri til å bake, eller rydde eller kunne gå på kafe. Lese avisa og drikke te, andre gonger rydde i eit skap eller sjå fjernsyn. 

No skal eg ha fritid og lese litt, og kanskje prøvesmake det nystekte brødet. Ha ei god veke med fritid til det du treng! 


søndag 15. november 2015

Leselogg haust 2015

Eg har ikkje vore flink å halde i gang leseloggen min. Eg les masse, men gløymer å skrive det ned... Men idag skal eg prøve å gje deg nokre lesetips!

I går var eg i selskap, og vi byrja snakka om bøker(takk, Bente!) Eg kom på så mange gode bøker eg har lese, og bøker eg har på lista mi over "ting å lese". Eg fekk forresten ei godt tips, kjenner du nokon som les masse, så be om topp10-lista deira når dei spør kva du ønskjer deg. Det finns så mange gode bøker der ute som ein aldri vil oppdage sjølv!

Kva har eg lese i haust?

  • "Det vokser ett tre i Brooklyn" Betty Smith Ei utruleg fin oppvekstskildring frå New York på starten av 1900talet. Godt språk, det var slik at eg hadde lyst å merke av enkelte setningar, fordi dei var så gode. Eg måtte lese sakte for å glede meg over språket :) I tillegg ei historie som fangar deg. Eg har anbefalt boka vidare, og dei som har lese den, er einig med meg! Les! (eg har skrive om denne boka før, men den fortener meir framsnakk!)
  • "Historia om det nye namnet" og "The story of the lost child" Elena Ferrante Bok 2 er ferdig lest, og eg er igang med bok 3. Eg likte godt bok 1, men vart endå meir fanga av bok 2, så eg klarer ikkje vente til bok 3 kjem på norsk, og les den på engelsk... Må vere eit godt tegn? Historia om dei to venninnene frå Napoli utviklar seg, jentene blir eldre, liva tek ulik retning. Tradisjonar, arv, skjebnar, valg, bøkene har alt!
  • "De usynlige" Roy Jacobsen Ei bok eg hadde høyrt mykje skryt av, men som ikkje hadde fanga meg. Så fann eg den på salg, og den vart med heim. Den er bra! Ei historie om eit liv på ei øy, om fattigdom, armod, småkårsfolk. Men også om pågangsmot, vilje, styrke, kunnskap. Les! 
  • "Sju dagar i august" Brit Bildøen Ei veke i august, kor mykje kan skje? Mykje! Sorg, sakn, kjærleik, tvil, valg... Ei veldig "tett" bok, ikkje mykje ytre handling, men ei bok som fanga meg.
  • "Fugletribenalet" Agnes Ravatn Krim? Triller? Tragikomisk? Eg veit sanneleg ikkje! Ei historie om eit liv som plutseleg måtte ta ei ny vending. Overrsakingar rundt kvar ein sving. Heller ikkje så mykje ytre handling, men kven har ikkje tenkt mykje og latt seg dra med av fantasien...
  • "Jernblod" Liza Marklund Krim. Du får det du ventar. Siste bok om Annika Bengtzon, samlar mange trådar. 
  • "Norsk sokkel" Heidi Linde Eg likar bøkene til Heidi Linde, også denne. Mange historier som hang saman, på tidvis svært overraskande måtar! Underfundig, humor og alvor.
  • "Agaat" Marlene van Nieker To kvinner i SørAfrika. Ei kvit og ei farga kvinne. Ei som er sjefen og sm har prøvd å forme den andre. Har ho klart det? Urettferd og skeivt! Ei slags oppsummering av livet dei har hatt saman. Denne er eg ikkje ferdig med, den er ikkje av dei mest lettleste, men engasjerande.

På leseslista: 
  • "Bror din på prærien" Edvart Hoem
  • "Hvitt hav" Roy Jacobsen
  • eg skal lese meir dikt! Og har fleire diktbøker på "lista", som må skaffast! Anbefalar å 
Har du ei bok eller tre å foreslå?

torsdag 4. juni 2015

Leselogg april-mai

Eg har jo ei plan om å skrive ned det eg les, og gje litt lesetips. Eg gløymer det stadig vekk. Men no skal eg prøve å skrive ned dei bøkene eg har lese i vår(iallfall dei eg huskar):
Blindgang, Jørn Lier Horst
Den nyaste om William Wisting. God, norsk krim. Av og til er krim det einaste rette, særleg når det rengar ute og ryggen kranglar inne.
Mi briljante venninne
Spennande roman om oppvekst i Napoli. Eit ukjent univers for meg. Jenter med evner, som gjerne vil opp og fram, familietradisjonar, patriarkatet, pengar, sosial status som "bestemmer" at jenter skal gifte seg og vere heime. ANBEFALAST med store bokstavar. Ei bok å ta med på ferie! Og det kjem to bøker til… gler meg.
Tusenfryd, Paradisoffer og Papirgutten av Kristina Ohlsson
Svensk krim. Lukka i livet kan vere å oppdage ein ny forfattar, som har mange bøker ein ikkje har lese!!! Det passa ekstra godt å oppdage ein ny forfattar då eg var sjuk rett etter påske, og det er frykteleg lettvint (og litt dyrt) å berre kunne kjøpe rett inn på Kindle. (trur det finns fleire bøker i same serien, eg les dei i feil rekkefølge oppdaga eg)
The zig zag girl, Elly Griffiths
Krim frå England rett etter 2.verdskrig.
Shadowlands, Brian Sibley
Biografi om C.S. Lewis og Joy Davidman. C.S.Lewis som skreiv Narniabøkene, møtte kjærleiken i godt vaksen alder. Denne boka fortel historia rundt. Rørande og grusom trist! 
Ektemannens hemmelighet, Liane Moriarty
Krim eller kanskje ikkje? Veit ikkje. Bok som tek opp eit etisk dilemma, om irriterande nok ikkje blir avslørt før langt ut i boka. Vi får vite bitar av historia, frå fleire personar og ulike sider. Når du trur du har skjønt det, dukkar det opp noko nytt… Og kva er rett og galt, eigentleg? Kven heiar eg på? Lettlest og engasjerande, og klart tankevekkande!

Hjemstavn, Arnaldur Indridason
Islandsk krim, eller er det krim? Iallfall islandsk. Med litt overtru og ein heilt annan kultur. Dette er (hittil) siste bok om politimannen Erlendur, han leitar etter sanninga om noko som skjedde for mange år sidan, i eige liv, og blir samtidig engasjert i ei forsvinningssak om heller ikkje er ny. Eg har lese heile serien og syns det er fasinerande å lese om eit naboland, som er så ansleis enn Norge.
Indias datter, S.S. Gowda. Om jenteliv i India, adopsjon og kulturforskjeller. Klok bok.
Det uimotståelige blåbærbakeriet, Mary Simses. Blott til lyst, men av og til treng ein slike bøker også!  Kjærleik, forviklingar, draumar og løysingar, eg likar slike bøker!

På leselista no står Skogsmatrosen av Jon Michelet. Gler meg!
Eg gler meg også til at vi skal få opp bokhyller i kjellarrommet, då kan vi pakke ut bøkene som ligg i kasser på loftet. Vi må berre måle opp veggen og få bestilt fleire hyller…berre. Der har dei ligge altfor lenge, og eg trur eg kan gjenoppdage skattar vi har liggande. Og alle bøkene som ligg rundt om, kan få ein meir permanent plass…no er det bøker overalt. I meir eller mindre rasfarlege stablar. Kanskje kan eg få rydda opp litt og? Gitt bort ting som er uaktuelt og som vi har dobbelt av, det anar meg at vi har supplert litt… 

Kva les du akkurat no?

onsdag 25. februar 2015

Leselogg, januar/februar

Eg prøvar å halde oversikt over kva bøker eg les, men det er ikkje så lett. Eg har ei bok eg skriv dei inn i, men det skjer stadig vekk at eg gløymer det… Det hjelp å lese på Kindle, då ligg bøkene der etterpå! Og ofte blir det liggande bøker i stablar rundt om, så etter ein runde rundt på stova, kontoret og nattborde, har eg ei viss oversikt over kva eg har lese etter jul.

Svøm med den som drukner (Lars Mytting) Denne ga eg til mannen på farsdagen. Den fall i smak hos han, og eg likte den og godt! Det er ei trist historie, men godt fortalt!
Torsdager i parken (Hilary Boyd) Lettlest, heilt grei, men fort glemt.
Very Valentine  og Brava, Valentine(Adriana Trigiani) Familiehistorie om ein italiensk-amerikansk familie. Lettlest, kanskje på grensen(over?) til chiclit, men ein treng det også!! Det er ei tredje bok også, den er lasta ned til Kindle, klar til lesing.
Den uekte (Hari Kunzru) Bok om ein indisk gut, fødd i høg klasse, men som ramlar ned, og jobbar/bløffar seg opp. Innsyn i eit anna land, anna liv, anna tid.
Over det kinesiske hav (Gaute Heivoll) Ei gripande, tankevekkande bok. Anbefalast!

Slåttekar i himmelen (Edvard Hoem) Denne les eg no, den livar godt. Minner om Mors og fars historie, for den som har lese andre av Hoem. Også interessant fordi eg kjenner mange av stadene som er omtala.

Og har du eit lesetips, vil eg ha det!