Viser innlegg med etiketten syttendemai. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten syttendemai. Vis alle innlegg

tirsdag 23. mai 2017

Vekestart veke 21, bildedryss frå siste veka

Det foregår lite blogging for tida. Så lite at eg lurer på om eg må slutte med vekestarten min, for no har eg gløyt den fleire gonger. Men idag skal du få!

Eg tenkte eg skulle gje deg nokre bilder frå sist veke, slik at du ser kva eg driv med når eg ikkje bloggar. Eg sitt ikkje berre heilt stille i sofaen og tenkjer djupe tankar. Eg fartar litt rundt også.
Men først eit dikt av Ragnar Hovand. Det er mest til mannen, også tidvis omtala som "herre og mester", han syns innimellom det blir sagt med litt mykje ironi på stemma. Han hadde fødselsdag på søndag, då var eldsteson tilbake i Kongens klær, yngsteson på "Unge produsenter"-samling og mor på husmorferie. Vi hadde organisert gåve, og eg huska ringe han og seie gratulerer med dagen, men selskap var det dårleg med. Difor må han få eit dikt no:

Eg veit ikkje, eg

Eg veit ikkje
kven eg er
eller kor eg kjem frå
eller kven mor mi og far min er
eller kva eg skal ha til middag
eller når eg har fødselsdag
eller korfor eg sit her
eller kva katten og hunden seier
eller kva farge det er på himmelen
eg veit berre
at det er deg eg vil kysse
akkurat no
Ragnar Hovland 

Det er ikkje verst å vite det, etter over 20 år ilag!

Det har vore 17.mai, med russ i huset. Russen merka vi lite til, og dagen vart feira med kaker og baccalao(ikkje is og pølser), samt tog og flagg og bunad. Iår hadde eg nye, gode bunadssko, og slapp heilt unna gnagsår.
Klar for frukost!






I helga var eg på ein liten miniferie. Ein ettermiddag i eit vårleg Oslo, Varmt og godt, grønt og skjønt. Laurdag på Afternoon tea-party i Drammen, med tema tiara og perler. Då gjeld det å ikkje vere feig i pyntinga! Triveleg lag, nydeleg pynta bord og god mat. Og høge hæler og tiara på hodet!

Grønt og solrikt i Slottsparken
Festbord

Må pynte seg når ein kan!



I går skogtur, det byrjar bli grønt. Den aller nydelegaste lysegrønne fargen på trea, kvite tepper av kvitveis, fuglesang, våte myrer og gode sko. Perfekt kombinasjon.



Idag har eg fått sett i potter både blomkarse og erteblomtplanter eg har fått. Eg har leita fram pallekarmane mine, no gjeld det berre å få fyllt dei med jord og sjå om eg finn igjen frøpakkene mine.


Og til slutt idag har eg vaska to bunadsskjorter, og tenkjer at no er tida inne til å sitte i sofaen, og det blir utan å tenkje særleg djupe tankar!
Ha ei fin veke!

søndag 17. mai 2015

17.mai, ei slags oppsummering

Kort sagt ein fin dag!
(men eg er altfor glad i å dele til å greie meg med så få ord!)

Eg var på skogtur igår, og jammen hadde
skogen også pynta seg til 17.mai!

Dagen idag starta med å sjekke at russen hadde kome seg opp og ut til russefrukost. Det hadde han, for 2 timar sidan…Godt han greidde seg sjølv! Værmeldingane for dagen har vore ganske dystre, får kaldt til kaldare, og heilt klart regn, mykje regn! Men det var betre! Gløtt av sol og berre litt regn, og ok, ganske kaldt, men heilt perfekt for bunad! Så vi andre åt frukost og kom oss i stasen, og sidan gjekk det slag i slag. Det var stas å bruke bunaden som passa igjen! (Det må vere det plagget som er mest utsett for krympegass i skapet, fort gjort at ein surnar når den skal prøvast på! Men i år gjekk det bra!)


Russ
Mann og kone!
Eg har sett barnetog, med både 17åringen og russen. Eg har kjent på kor lettrørt eg er. Vi har vore i Salem og ete kake, snakka med kjente vi ser omtrent berre ein gong i året og sunge nasjonalsangen. Eg har sett deler av borgartoget, med kjente og ukjente som gjekk. Vi rakk ein tur heim for å ete bittelitt, og skifte sko (Note to self: eg MÅ ha nye bunadssko eg har gnagsår oppå alle tærne…)

Lunsj med asparges, spekeskinke, parmesan og bringebær

Tilbake til byen for å sjå russetoget og kjenne bittelitt på klumpen i halsen over guten min som har vorte stor, kanskje ikkje så fort, men han har iallfall vorte stor!

No var det på tide og skifte på seg noko lettare, pynte kaka og gå til naboen vi har alletiders tradisjon med gjennom 12 år: felles middag på 17.mai! I år har opphavet til tradisjonen vorte russ, og vi var litt spente på om dei ville dukke opp, men det gjorde dei! Vi starta med dette då gutane gjekk i første klasse, og maten var pølse og stappe og skulle vere enkel og grei å gjennomføre mellom barnetog og opplegg på skulen. No er det ei stund sidan vi hadde vakter med kakesalg og lykkehjul, så vi har flytta måltidet til seinare på dag, når vi har betre tid.
Mine nye sko!

Vi tøysar ikkje med pynten på 17.mai!

Og apropos lettrørt, når ein står der, stivpynta, saman med sin yngste son, som syng av full hals saman med alle andre, det er vår, det er gløtt av sol, og det skal syngast denne sangen. Då kan det vere eg må ta ei lita pause, for å svelge klumpen i halsen og berre ta kjenslene inn over meg! 

Gud signe vårt dyre fedreland,
og lat det som hagen bløma.
Lat lysa din fred frå fjell til strand
og vetter for vårsol røma.
Lat folket som brøder saman bu,
som kristne det kan seg søma.


Elias Blix

Håpar du har hatt ein fin dag, du også! Og at veka som kjem blir god!

fredag 16. mai 2014

17.mai i gamle dagar(då eg var ung)

Eg var i ferd med å skrive eit innlegg om alt eg ikkje har gjort, men det er det så mange andre som har skrive, og dei har stort sett likevel gjort det eg ikkje har gjort. Vaska badet, rydda gangen, laga fint pynta kaker, stryke bunadsskjorter etc. Eg skal heller ikkje skrive om at bunaden ikkje passar(det ville blitt berre sure miner), at plena ikkje er slått, at flagga ikkje er nystrokne eller at bilen er skitten(det gjer ikkje så mykje, for vi skal gå til byen likevel)

Men eg skal skrive litt om 17.mai slik eg huskar den som lita. For det er rart kva som festar seg!
Min aller første 17.mai. Den huskar eg ikkje så mykje frå.

Noko av det første eg huskar, er å stå på verandaen når lastebilen(snutebilen til Einar) kom kjørande med korpset sittande på benkar på lasteplanet. Eg må vere frykteleg gamal, for noko slikt har då vel vore heilt forbudt i mange år? Korpset heime hadde medlemmar frå mange bygder, og dei køyrde rundt med lastebil frå bygd til bygd og gjekk i tog sikkert 5 stader før dei kom til skulen heime. Korpsliv er ikkje for pyser! Det var iallfall slik at når dei køyrde forbi oss, var feiringa snart i gong.
At korpset skulle så mange plassar, gjorde at feiringa starta ganske seint. Då rakk eg sjå masse på tv, som betyr NRK, for det var den einaste kanalen den gongen, og hadde full oversikt over Sonja sine hattar og kåper, samt været i det ganske land. Det var stas å sitte framfor tv´n og vente, men eg meiner å huske at mamma ikkje hadde tid til å sitte i ro! Det var alltid noko meir å gjere, ein flekk å fjerne, eit flagg som skulle glattast over med strykejernet og ei 17.mai-blåse som ikkje virka. Det var forresten ikkje lov å blåse med fløyter inne, for då vart det regn! Eg trur eg var veldig lovlydig, for det var ALLTID sol såvidt eg huskar.
Det var også stas å få på finkleda, enten det var bunad eller ny kjole. Huskar særleg eit flott kappeskjørt  i ca 1980, og gleda over nye sko(som naturlegvis var vonde å gå i tog med)

Eg minnes potetløp og eggeløp, men ikkje ein einaste premie. Eg huskar rebusløp der alle var med, og vi skulle gjette avstanden til Hestholmen, eller kor mange Twist som var i eit glas, den som vann fekk glaset. Huskar ingen premiar der heller…

Eg huskar opptreden under festen, pugging av tekst og problem med å få kostymet utanpå finstasen. Særleg huskar eg frå tredje klasse, då vi framførte eit eller anna om Henrik Wergeland, min tekst starta med: "Då Henrik kom til Oslo, eller Kristiania som byen heitte den gongen".
Sløyfer i håret og bunad! 1971?

Eg huskar alle som var der, vurderinga av talaren mellom dei vaksne, dei vaksne som satt ute i sola og drakk kaffe og åt is, samtidig som dei røkte, for det gjorde nesten alle den gongen, slik eg huskar det. At dei vaksne var med på sekkeløp og tautrekking. Eg huskar at alle gjekk i same tog, rett etter korpset kom skulen, men så gjekk alle andre saman bak der, det var ikkje så mange som sto og såg på.

Etter over 20 år i Trondheim, byrjar tradisjonane å sette seg her og, sjølv om det er ei stadig endring.Vi har hatt våre år med vennefrukost, før det var år med flaggheising på skulen før barnetoget, kaker og is, fiskedam og loddsalg på skulen, før vi no er tilbake til grilling på ettermiddag. Men alltid ned til byen, ete is, treffe kjente, fryse litt medan ein ser på toget, angre på skovalg og jakkevalg.
Det er stadig endring, i år er siste året med barn i grunnskulen, heldigvis vil han gå i tog, slik at eg har nokon å vinke til.

Kjenner eg gler meg til dagen! Det er spesielt med Grunnlovsfeiringa i år. Naturen er grøn, frisk og ung, vi er klare for ein ny start saman med dei gamle tradisjonane!
Hurra for dagen og landet og folket!





tirsdag 14. mai 2013

Vekestart veke 20

Eg er av dei problemorienterte, er det ikkje eit problem, kan eg alltids lage eit. Bekymringsgenet mitt er godt utvikla og velfødd, passa godt og fora gjennom mange år.
Dessverre er det ikkje viktige og store ting eg bekymrar meg for(kanskje er det berre bra), eg ligg ikkje søvnlaus pga finanskrisa i Europa, klimautfordringane eller krig og fred og slikt.
Nei, det er meir dei nære ting! Eg lurer på om vi har nok mat, noko vi alltid har,  eller om bilen virkar(med god grunn, forsåvidt).Været 17.mai har eg tenkt på lenge, endå eg mest sannsynleg skal sitte inne med foten på ein stol. Og passar klærne til ungane? Været til jul tenkjer eg og på av og til, for skal vi ut og reise, er det ikkje artig med snøstorm ala det vi hadde sist jul: "Er det nokon som ser ei brøytestikke? Nei...jo, der, rett foran bilen..." Vel, vi kom fram då og, det tok berre lengre tid. Men dersom det blir fint vintervær i jula og eg ikkje bekymrar meg no, er det ikkje sikkert eg rekk beymre meg.  Godt med det som er unna gjort!

Før var det alltid fint vær 17.mai, iallfall slik eg huskar det, og iallfall på bilete. Kan det vere at det ikkje vart teke bilete i snøslaps og regn den gongen? (Ikkje alltid det blir gjort no heller når eg tenkjer meg om. At det snødde fredag før junior sin konfirmasjon er ikkje dokumentert, sjølv om eg bar planter inn og ut av carporten i håp om at dei skulle sjå friske og fine ut den store dagen, og vi hadde ullklær i beredskap i tilfelle vi måtte ha det under finstasen)

1971?, iallfall i bunad.
1970?, legg merker til skjørtelengda! Hekla kåpe frå tante og stråhatt!
Vekas vers må berre vere ein syttendemaisang!!!

Vi ere en nasjon vi med

Tekst: Henrik Wergeland

Vi ere en nasjon vi med,
vi små en alen lange,
et fedreland vi frydes ved,
og vi, vi ere mange.
Vårt hjerte vet, vårt øye ser
hvor godt og vakkert Norge er,
vår tunge kan en sang blant fler
av Norges æres-sange.

Mer grønt er gresset ingensteds,
mer fullt av blomster vevet
enn i det land hvor jeg tilfreds
med far og mor har levet.
Jeg vil det elske til min død,
ei bytte det hvor jeg er fødd,
om man et paradis meg bød
av palmer oversvevet.

Hvor er vel himlen mere blå?
Hvor springer vel så glade
de bekker som i engen gå
for blomstene å bade?
Selv vinteren jeg frydes ved,
så hvit og klar som strøet med
all stjernehimlens herlighet
og hvite liljeblade.


Denne huskar eg at vi lærte i tredje klasse, trur eg det var. Eg huskar at teksten var rar og litt uforståeleg...men noko fekk vi forklart og noko forsto eg og eg kan teksten enno! Når eg les den no, er eg raskt tilbake på Åfarnes skule, litt sliten etter toget og med gnagsår, litt spent på opptredenen eg skal vere med på og mett av is og kaker! Det var både potetløp og sekkeløp, ein kunne kjøpe lapskaus eller rømmegraut. Gymsalen er full av folk frå bygda, alle er der, snart blir det lese opp kven som har vunne rebusløpet og kor mange erter det var i norgesglaset. 

Alt eg har gløymt...

Ein annan ting eg har gløymt, vart eg minna på då eg las bloggen Livets små underfundigheter
Ho skriv om å organisere 17.mai! Eg har vore der, sitte i FAU med lange lister med oppgåver: kakelister som skal fyllast, nokon til å bære stolar inn og ut av gymsalen, nokon til å stå i fiskedammen og kven kan ta på seg å lage eit foreldreorkester?
Og all aktiviteten skjedde etter at ein først hadde pynta dei små, ete bittelitt frukost, vore på flaggheising på skulen, kome seg til byen, ropt høgt hurra til barnetoget! Kanskje rakk vi ete kaker og sjå starten av borgartoget, før vi sto i kø på tur heim igjen saman med nesten alle andre med barn på barneskulane rundt i byen og kasta i oss litt mat før vi møtte opp på skulen og leverte kake for 1.klassingen og sto vakt ved tombolahjulet for han i tredje. Ikkje rart det var godt å sige ned i sofaen etter å ha tatt av bunaden!!!
Men no er eg ferdig med den fasen i livet, snart er vi tilbake til å kunne ha 17.maifrukost og god tid, vi kan møtes etter borgartoget og ha koldtbord, kaker og god tid, og ingen masar heile dagen om å få ein gassballong som snart stig opp mot himmelen til lyden av sår barnegråt. Kvar fase sin sjarm!