torsdag 29. januar 2015

Torsdag kveld

Berget med reine klær er bretta og sortert i ei kurv til kvart familiemedlem. Eg har ikkje berre lagt håndklea på gjestesenga, men inn i skapet. Gamle aviser ligg i papirinnsamlinga, klar til henting i morgon. Kjøkkenbenken er ganske tom. Eg har trena. Det er fredag i morgon, og ei helg med lite planer ventar meg etter jobb. Eg skal på konsert med musikklassa til junior i morgon kveld. Kanskje ein tur på kafe på søndag.

Torsdagskvelden har tekopp, levande lys og livemusikk av mann og son.
Livet er fint!


onsdag 28. januar 2015

Onsdag og uffing

Då vekkeklokka(som innebær både brumming, piping og risting) starta, kjentes det som eg akkurat hadde sovna. Ute regna det, det var glatt på vegen og dagslyset kom aldri, kjentes det ut som.
På jobb var det berre å sette igang, nok til alle. Men ein del går på rutine, det er fint slike dagar.
Eg har spenstig nok lova å lede styrketrening/tøying for nakke og skuldre på jobb to dagar i veka, og idag var første dag. Eg var spent på om nokon kom, kva dei ville synest om treninga, kor lag tid det ville ta +++ Det gjekk bra, det kom folk, dei syns øvingane gjorde godt og eg trur eg klarte å forklare(takk til fysioterapeuten som har laga programmet og lært meg opp!)
Det var like glatt då eg skulle heim frå jobb. Ikkje var det skikkeleg lyst heller.

Eg kjøpte trøsteblomster. Med farger som minner om vår og lyse dagar.

Dagen kom seg. Eit møte eg skulle på vart avlyst. Eg fekk sove middag. Eg bakar brød, dobbel porsjon, fordi mammahjartet er svak for ros og sekstenåringen seier at eg bakar dei beste brøda. Mykje betre enn kjøpebrød. Sekstenåringen har prosjektveke på skulen, og det er lange og travle dagar for han, så godt brød er kjekt å gje han. Kvelden blir brukt til sofatjeneste, tv og lading av indre batteri.

I morgon er ein ny dag, eg satsar på at eg er betre opplagt då!

mandag 26. januar 2015

Vekestart veke 5, om feiring, bilkjøring og kakebord

I helga har vi feira pappa sin 85årsdag. Når 85årsjubilanten er så sprek som pappa, er det ei fryd å treffast, lage selskap og feire!
Her er jubilanten, saman med mamma, ca 1971
Nesten alle etterkommarane kunne møte opp, berre nokre få var forhindra av skule eller sjukdom, så det var barn, svigerbarn, barnebarn, svigerbarnebarn og oldebarn, tilsaman 22 i talet som feira.
På fredag trur eg mamma og pappa var opptatt med å vente og ta imot gjester mykje av dagen. Folk kom frå nært til litt lengre unna.

På laurdag kom gjestane litt etter litt for å lage middag, pynte kaker, dekke bord, prate og til slutt var alle samla for fest. Vi åt god mat, vi sang(til og med fleirstemt) åt meir, nokre spela spel, lydnivået var høgt. Vi er ikkje så stive og formelle, så talar blir det lite av. Vitsing, gode historier, mimring om gamle dagar og andre selskap blir det meir av. Innimellom sov jubilanten litt, men det må vere lov(at han fekk det til, er ganske imponerande, vi tok ikkje akkurat hensyn)! Dagen vart slik den skal vere når vår familie møtast! Mange vil sikkert seie at vi hadde meir enn nok kaker, men det passar ikkje for oss å ha berre litt ser det ut til. Marsipankake må ein berre ha, kvæfjordkake er min spesialitet(og coocies er lett å lage) pavlova er spesialiteten til svigerinna mi, og slik fylles bordet opp...

På søndag skulle alle kome seg avgarde, samle saman klær, kakeformer, sko og ete restemiddag og restekaker. Det fine var at vi fekk vere saman då også, det var inn og ut med folk heile dagen(så vertskapet treng nok nokre dagar til å slappe av!)!  Medan nokre brukte tid på dette, gjekk andre(av barnebarngenerasjonen) på topptur med ski. Eg skulle gjerne ha rekt ein skitur, men den gjengen der fekk gå i fred for meg!

Eg er glad vi fekk til feiring! Fordi det er fint å få feire pappa, fordi det er flott å få møtast, vere saman, bygge bånd i familien. Eg grudde meg for biltur på vintervegar over fjellovergangar etc, men vi var heldige med været og turen gjekk godt. Eg grudde meg litt for å sette igjen 16åringen med skuleprosjekthelg igjen heime, men det gjekk strålande. Eg angra "litt" på at eg hadde sagt eg kunne lage gulasjsuppe til heile gjengen, men det gjekk godt med god hjelp frå søstrene mine.
Stort selskap krev store gryter

Vekestarten må vere noko farsrelatert denne veka, syns eg, og kva er vel betre enn litt av eit dikt av Aasemund Olavson Vinje:

At far min kunne gjera
det gilde han hev gjort
og fram i livet bera
so mykje gjævt og stort,
det var frå dag til annan
for meg so god ei stød:
Stor arv det er for mannen
av godtfolk vera fødd.
Den finsate utsikta, med snøfrie markar og snøtunge fjell
Eg ønskjer deg ei strålande veke!

onsdag 21. januar 2015

Motivasjon til å vaske?

Eg vart brått inspirert og motivert til å vaske idag.
Eg trong berre ein boks makrellfilet utover kjøkkengolvet, sukk,
så tok eg fram vaskebøtta!

Du får tipset gratis frå meg!

Soloppgangen var fin, om ikkje anna:
Like greit å sjå ut ein slik dag.

mandag 19. januar 2015

Der det er stille, skjer det lite

Her skjer det mykje!

For nokre år sidan bygde vi på huset. Vi har mange halvplan, etasjer og små rom, I kveld kjenner eg at sjølv om den første arkitekten ikkje likte det slik, likar eg at det er slik!
I kjellaren i nybygget jobbar mannen med å lage musikk- og øverom. Av og til høyrer eg ei sag, hammarslag eller rett og slett musikk opp til meg.
Ei høgde opp, på rommet sitt, øver sekstenåringen på leksa si. Han øver skalaar på elbass, når han då ikkje svingar innom "Over the rainbow" eller "The chicken".
Endå ei etasje opp sitt attenårigen på tvstova og øver til framføring av særoppgåva i norsk. Han øver saman med ein kompis, det er latter og frustrasjon om kvarandre. Og naturlegvis har dei på musikk også, det høyrer eg sjølv om døra er igjen. Den blir jo opna av og til for å snike innom kjøkkenskapa etter noko å halde blodsukkeret opp med!
Ei halv etasje over der igjen sitt eg, og eg treng ikkje musikk! For av og til kjem minste junior innom for å øve litt på kontrabassen som er i stova…i tillegg til alt det andre eg høyrer.

Det er ikkje stilt, det skjer ein masse, eg kosar meg! Det er vel så artig å brette klær og tømme oppvaskmaskina i slikt kav!

Trapper.
Her kjem det masse lyd opp!

søndag 18. januar 2015

Vekestart veke 4

Søndag kveld igjen. Litt sliten idag. Kroppen treng visst tid til å kvile. Sanneleg godt vi har helgene! Kroppen(og hodet) har godt av trening og godt av kvile. Litt utålmodig kan eg bli, men det er visst berre å godta. Skuldrene som eg har knytta saman og heisa opp i lang tid, fell ikkje på plass av seg sjølv utan vidare. Eg må lære meg å slappe av, puste med magen, gjere øvingar for bevegelse og for styrke. Eg er betre, men det tek tid.

I januar i fjor skreiv eg om heisen på jobb, om å møte seg sjølv i heisdøra. Om kvardagsaktivitet og å ta heisen. Har eg gjort noko med det eg skreiv om? JA!
Eg tek nesten aldri heisen, berre dersom eg bær tungt. Og trappene mellom 1. og 4. etasje blir gått mange gonger for dag, og dei er lettare å gå enn for eitt år sidan. Det handlar om vilje og det handlar om innstilling. Dei fleste på jobb går trappa, slik er det berre.
Kvardagsaktiviteten då? Den er mykje betre enn for eitt år sidan :) Eg greier ikkje 30 minutt kvar dag, men legg eg saman vekeaktiviteten klarer eg det! Eg har funne "ruter", som eg går og går. Litt kjedeleg med is er det, men piggsko hjelper. Og eg legg ut så mange bilder av turane mine på Facebook og Instagram at eg får spørsmål om grunnen til all denne aktiviteten… Litt av grunnen er dei tankane eg gjorde meg i januar for eit år sidan, og noko er resultat av at det er artigare å røre seg når ein blir i betre form. Å gå bratte bakkar og kjenne at det er lettare enn før, gir lyst til å sette inn eit nytt gir.
No gjeld det å halde fram med det eg har starta!
Idag vart mannen med på tur, og vi tok lunsjen
ute i skogen.


I dag fekk eg "gull", litt av ein
solnedgang!

Litt frossen #selfie #skogfie

Bålkjele høyrer med!

Men det har tatt tid å kome hit. Det tek tid å endre vanar, lage nye, snu tankane. Eg merka jo ikkje særleg til betre form den første eller andre veke, kanskje ikkje før ein har halde på i mange veker…

Vekestarten denne veka må handle om at ting tar tid…

T.T.T.
Erindringsvers.


Jeg har skrevet et sted,
hvor jeg daglig må se,
det manende tankesprog: 
T.T.T.

Når man føler hvor lidet
man nåer med sin flid,
er det nyttigt at mindes, at
Ting Tar Tid.
Piet Hein

God veke til deg! Og husk T.T.T.!

torsdag 15. januar 2015

Torsdagsgleder

Kan vere så mangt; 
-det å få langt og fyldig referat frå sekstenåringen som har vore på konsert med Trondheim jazzorkester, som har gått heim i vinden og som gler seg til fredag og helg i morgon.
-kan vere å få gjensyn av seg sjølv i eit tvopptak gjort for 19 år sidan! Det er skremmande kor unge vi var den gongen, og kva er det med hårsveis, klesstil(evt mangel på sådan) og briller? Samtidig er det koseleg og fint og mange minner i eit slikt halvtimes program(og eg legg ikkje ved linken!) Begge juniorane måtte sjå, og dei fekk forbod mot å le!
-å sitte i ein sofa, i same rom som mannen, lese litt, prate litt, ha det heilt stille saman! 
-kjenne kroppen slappe av, skrive lister med kva eg må huske(og slik sleppe å ha det i skuldre og bakhode) 
-sjå på tulipanbukette eg kjøpte i dag!
-prøvesmake det nystekte brødet. Både rugbrødet med solsikkekjernar og gulrot, og det meir vanlege brødet. Gle meg til frukost i morgon! ( igår stifta nokon i familien "Skeptisk til squash" etter at eg serverte lasagne med squash. Det er visst feil. Ingen kommeneterte løk, tomat, gulrot, kvitløk eller selleri, så imponerande at dei greidde plukke ut squash. Idag bakte eg rugbrød med gulrot, eg kjenner ingen grenser når det kjem til å putte grønsaker i mat! Eg blir berre bedt om å ikkje kjøpe inn squash heretter. Vi får sjå…ikkje sikkert eg gir meg først!)
-høyre vinden ute og ha det varmt og lunt inne!

Nybakt brød!

Snart oppbrukte tulipanar,
syng på siste vers, men så fine!

Nyinnkjøpte tulipanar
Og dersom nokon trur at mine dagar er heilt rolege, med senka skuldre og heimelaga mat og livet i water?! Dei siste blogginnlegga kan nok tyde på det, men når det fyk som verst rundt meg rekk eg ikkje blogge!

tirsdag 13. januar 2015

Tirsdag

Når dagen ikkje er som vanleg, kan eg:
Sove lenger enn vanleg.
Ete frukost og lese avis og ha radioen på i bakgrunn(den som kjenner meg, veit at det er det eg kallar kvalitetstid!)
Greie å komme seg opp av sofaen og gå tur. Med piggsko, som må ha vore det beste kjøpet i 2014(ikkje spesielt spennande, men akk så praktisk) Men kvifor er det så tungt å kome seg ut, når eg veit og kjenner at kroppen får det betre med ein gong eg kjem meg ut… Men viljen strittar mot: "Nei, sofa er fint, det er sikkert kaldt og glatt, sutreputre" Eg kom meg ut, med varm jakke, piggsko og lue! Det var ikkje kaldt, nesten for varmt når eg hadde gått litt.
Få behandling, trening, gode råd og omsorg hos fysioterapeuten. Er så glad eg har funne ein fysioterapeut som både gir omsorg og eit spark bak!
Hente bil på verksted, få hjelp av junior(med lappen) slik at eg slapp å ta bussen. Og han var veldig fornøgd med å få kjøre bil heim!
Unne seg ein tur på kafe, med stor tekopp, lesestoff og lunsj. Kjenne sjukmeldingsdagen senke skuldrene. Planlegge middag, prøve å halde på kvilepulsen. I morgon er ein vanleg dag. Fint det og!

Ein stille krok.


søndag 11. januar 2015

Vekestart veke 3

Ute er det snø og is, og mildvær enkelte dagar innimellom før det blir kaldt igjen. Det er holke på vegar og stiar, så piggsko var det einaste rette på tur i skogen idag. Eg turde ikkje prøve ski, sidan det ante meg at det var hardt i løypa. Eg hadde rett! Tanken på å dette i ein nedoverbakke var ikkje fristande for min allereie stive rygg.
Tømmeholtdammen, islagt

Inne fyrar vi med ved, dagen lang. Det er så godt å kvile augene på flammane inne i omnen, det er så god ein varme å stille seg inntil. Og vedbua er full av ved enno! Vi har kjøpeved og ved frå eigen hage og bjørkeved frå svigers. Vi er rike!

Dagens dikt er av Helge Torvund, og heiter

Skal me leggja ein vedstabel

Skal me leggja ein vedstabel
Då må me ta til frå grunnen av
Leggja litt kraftige vedskier
på marka for å få det tørt
Byggja opp nokre støtter i eine enden
Så kan me ta til
Leggja luft av ved oppå lukt av ved
Grundig og luftig på same tid
Ta på tre Bork og hud
Treet sin kjærleik til lyset må vere stor
Min kjærleik er stor
Eg veit med alt eg har mellom hår og jord
at treet skjøner lyset betre enn meg
Skal me leggja ein vedstabel saman
slik at treet sin kjærleik til lyset
kan brenna gjennom vinteren

Helge Torvund

Å gjere noko saman, bygge noko som varer, krever samhandling og å forstå kvarandre. Ein kan nesten trekkje trådar til ting som skjer ute i den store verda akkurat no…

No er jula ute av stova, det er tulipaner på spisebordet og eg nyt ha ei romslegare stove. På same måte som eg kosar meg med å lage til jul. Det er ei tid for alt!

Junior går litt sakte etter full innsats på volleyballbanen på fredag. Det er heldigvis "berre" forslått og forstrekt, og han har kledeleg blå og hoven ankel. Denne gongen kom han på at vi kanskje ville vite at noko hadde skjedd, så han sendte ei tekstmelding til faren om at han nok måtte på legevakta. Den kom omtrent samtidig med at han hinka opp trappa… Men han har lært, etter den gongen han hadde falt på isen og slått hol på begge knea og buksa var stiv av blod frå knea og ned. Då eg kom heim, 5 timar etterpå ropte han "går det an å vaske bort blod?" Gjett antal bilder som gjekk gjennom hovudet mitt før eg viste kva som hadde skjedd. Eller den gongen han lurte på korleis ein rensa små skrubbsår, då fekk eg vite om eit sykkelvelt etter endt skuledag… Eit lite skrubbsår sa han, nåja…lite og lite, seier mor! Skal ikkje klage no altså! Lagt på ispose hadde dei allereie gjort, og vi fekk ein kjapp og heldigvis kort tur på legevakt og røntgen! Men litt måtte han lide, for han fekk ikkje låne bil og reise til kompisar rett frå legevakta! 




onsdag 7. januar 2015

Det er jo ikkje flaut?!


Det er ikkje flaut å høyre dårleg, men det er tungvint!
Eg testar ut "Benforankret Høreapparat" (BAHA) akkurat no. Det står i informasjonen at det krev motivasjon å teste og bli vant til å bruke dette. Det kan eg skrive under på! I testperioden er høreapparatet festa på ei bøyle. For å få testeffekt, må den sitte tett inntil hovudet. Det betyr at det er stramt! Stramt kan vere ubehageleg.
Då eg fekk det utlevert tenkte eg at eg dette skulle gå greit, men det er litt meir slitsomt enn eg forventa… Og ting som er slitsomt, har eg lett for å finne ein grunn for å utsette. "I morgon, i morgon, men ikkje i dag…"
Fram til no har eg prøvd det mest heime. Men mykje av dagen er eg på jobb, og eg prøvar vere aktiv i prøvinga der no. Litt forfengeleg er eg jo også, så det er godt eg har spegl på kontoret, for det er litt dandering av bøyle, hår, og briller, slik at alt er der det skal og har den funksjonen det skal ha! Det hjelp ikkje å høyre betre, dersom eg ikkje ser, og motsett.
Meir enn 30 min i slengen er slitsomt! Difor blir det blir ein runde på laboratoriet, og ein runde i lunsjpausen kvar dag. Og no må eg finne eit møte, og sjå om fok kan snakke litt i munnen på kvarandre, så får eg testa der også.

Den er ikkje lett å sjå om du ikkje veit om den

Ikkje så lett å sjå, kanskje?!



Men tilbake til flaut. Eg syns bøylen tek all fokus, men så viser det seg at ingen andre ser den før eg snakkar om den…det er visst mest flaut for meg. Reknar med fleire enn eg har opplevd det, at det ein syns er flaut, er det nesten ingen som tenkjer på…
For å gjere det klart at bøyla er der, har eg vurdert å feste på "værhår" av piperensarar! Tenk så stilig i jula feks med hjerter? Eller med stjerner eller små figurar i toppen?











Kva er det med hørsel forresten? Når eg fortel at eg høyrer dårleg, ok, nesten ikkje på eine øyret, kjem det stadig fram at det gjeld mange! Men mange syns det er så tungvint å bruke hørepparat, så det blir ikkje. Eg trur det er lurt prøve litt til, kanskje be om å få prøve anna utstyr, for det er massevis å velge i.

Eg syns det er kjedeleg å høyre dårleg, og eg opplever stadig her heime (dei eg lever med er ikkje redde for å fortelje meg at det vart feil) at eg misforstår eller høyrer noko anna enn den som snakka til meg sa. Når eg oppdagar det, er det meir flaut enn å tilstå at eg høyrer dårleg… Sur og litt lei meg blir eg også. Eg reknar med at det stadig skjer utanfor heimen også, på butikken eller på jobb! Men der blir det ikkje oppdaga eller sagt frå om, fordi situasjonen fort går vidare. Ikkje orkar eg spørje om igjen alltid heller, så det finns sikkert ein del butikkansatte som har fått rare svar når eg gjettar på at dei spør om eg skal ha hjelp. Eg vil verkeleg høre betre, og skal fortsette å bruke bøylen så mykje eg klarer dei neste vekene! Og eg skal øve å setninga: "Kva sa du? Eg høyrte ikkje."

Er du nærgåande, derimot...
Om BAHA hjelper? Eg veit ikkje heilt enno, for det er litt nytt. Men når eg først har det på, er eg veldig gira på å kjenne etter. Kanskje det er difor det er litt slitsomt også? Full fokus på hørsel!! Igår syns eg at eg fekk med meg meir av samtalen i lunsjen, idag er eg litt usikker. Det er berre å teste vidare, altså.

tirsdag 6. januar 2015

Vekestart veke 2

I kveld skulle eg skrive eit bevinga innlegg om eit eller anna, med djupe tankar og kloke ord.
Hm, det blir visst ikkje slik… Eg har skifta på sengene, laga middag, kjørt ein junior, handla litt mat.  Sett på "Mannen som oppdaget Norge", om Oddgeir Bruaset, som er frå same bygd som mannen min. Ete kveldsmat, drukke te, snakka litt med tenåringane. Lese meir i "Svøm med den som drukner". Ein vanleg tirsdag, med litt av alt. Men ikkje mange tankar og funderingar over livet.

Ute er det iferd med å bli mildvær igjen, snøen blir blaut, det er spådd regn og det blir glattis…

Eg har vakse opp med ein far som kjørte brøytebil. Eg huskar ein julaften der det snødde i timevis, det bles ute og strømmen gjekk. Pappa var så vidt heimom(det eg huskar best, er vel at eg fekk lommelykt den jula, og det var supert at straumen gjekk) Pappa har fødselsdag i januar, det var ikkje alltid så enkelt å planlegge feiring, det kom an på været om jubilanten kunne vere heime. Eg huskar mamma som smurte store matpakker, med eit knekkebrød med brunost på toppen i matboksen av grått metall. Termosen vart fyllt med kaffe, slik at han skulle ha mat og drikke i brøytebilen. Han var innom og sov, gjerne rett på golvet framfor omnen. Vegane måtte haldast opne, om det snødde eller blåste(eller verst begge deler) og det måtte strøast når det var glatt. Det kunne umogeleg vere eit sunnt liv å vere brøytebilsjåfør.
Eg huskar kjensla av å stå bak gardina i stove og sjå innover vegen langs fjorden og sjå om eg såg blinklysa frå brøytebilen. Vente på at pappa kom heim og kanskje åt middag saman med oss. Det var stas å få vere med ein tur, men eg vart fort lei… Det er begrensa underhaldning i å sjå snø som blir kasta til sides! Eg var med den dagen det vart unntakstilstand i Polen i 1981, vi høyrte radio og eg veit akkurat kvar vi kjørte då dei fortalte det på radioen.

Eg er ikkje den første som klagar når det er dårleg brøyta, for eg veit at alle vegar ikkje kan brøytast samtidig. Eg tenkjer at det er nokon som ventar heime når eg høyrer plogen(det er ikkje plog lenger, men skjære)midt på natta. Men eg likar best vegar som er brøyta, som er lette å kjøre…


Og på ein slik dag, må det bli eit snøplogdikt!

SNØPLOGEN
Snøplogen er køyrt til sides, han står på meiane
og kviler ved vegen som er blitt bar.
Nokre barn leikar her, dei kliv opp og ned på
plogvengene.
Så byrjar det brått å snø voldsomt. No vert barna
ståande og sjå på snøplogen, og tek til å le, slår
hendene mot knea og ler av full hals.

Arvid Torgeir Lie

Her, i skiløypa, skal det ikkje vere brøyteplogar!
Men eg hadde ikkje bilde av ein plog...
(Men sjå der, det vart eit lite tilbakeblikk, mimring og barndomsminner, om ikkje djupe tankar)

mandag 5. januar 2015

Leselogg, haust/vinter 2014

Eg les heile tida eit eller anna, og sjølv om eg har ambisjonar om å blogge om bøker regelmessig, gløymer eg meg. Men her kjem nokre bøker frå hausten:

Ikke ville se, Jan Guillou
Fjerde boka om dei tre brørne frå utanfor Bergen. Vi er komne mot 2.verdskrig. Det er familieliv, storpolitikk, fattigdom, tradisjonar... Eg likar så godt måten Guillon skriv på, det har eg gjort sidan Hamilton-bøkene, og her er det historie fra ei kjent, men fjern tid. Slukte boka i romjula, men tenkjer eg må lese den på nytt. Og har du ikkje lese nokon av desse bøkene har du mykje å gle deg til, start med "Brobyggerne".

Ingen er så trygg i fare, Gunnar Staalesen
Varg Veum er ein kjent og god krimfavoritt. Her er Varg Veum i fare. Utnytting av barn, ting ein har mest lyst å lukke augene for. 

Edge of Eternity(The Century Triology) Ken Follett (Norsk "På grensen til evigheten")
Siste (?) boka om århundret av Ken Follet. Eg har slukt desse bøkene! Mykje historie om vårt århundre. Det er godt skrive, og eg får lyst å hjelpe til, når eg ser at historia kunne vore annsleis. Likar du historiske romanar er dette ein serie for deg. Start med "Kjempenens fall"

Sudden death, Anne Holt og Even Holt
Eg saknar Hanne Wilhelmsen, men legen Sara Zuckerman er ei god erstatning! Eg syns løsninga i boka kom litt itt kjapp brått, men det er ei bok det er vanskeleg å legge frå seg.

Thin Air, Ann Cleeves
Endå meir krim, denne er frå Shetland. Bok 6 i serien om ein politimann, privatlivet og jobben. Denne gongen er det bryllupsfest, men ein av gjestane blir borte...

Innsirkling 3, Carl Frode Tiller

Endeleg siste bok om Daniel. Trådane samlar seg, og vi får sanninga. Eller gjer vi det? Tiller skriv godt, eg likte språket godt og historiene. Sjølv om eg innimellom blir litt oppgitt over personane!  

Den lille kafeen i Kabul, Deborah Riodrigues
Lettlest, men med alvorleg undertone om å vere kvinne i Afghanistan. Eg var provosert, rørt og engasjert av det eg las, og tenkjer eg kanskje har lært litt.

No er eg igang med Svøm med dem som drukner av Lars Mytting. Mannen min las den i haust, og var knapt til å få kontakt med før han var ferdig med siste side. Alt tyder på at eg vil ha det på same måte!




Og ingen ting er betre enn ei god bok når ryggen kranglar og sett begrensningar på kva eg får til å gjere. Eg har ein slags fri idag, men får ikkje gjort det eg hadde tenkt… Då er bøker og internett fine saker:) Eg har hatt mykje vondt i ryggen før, men er "ute av trening"(heldigvis) og tålmodet er deretter!

lørdag 3. januar 2015

Nyttårsforsett

Det er sesong for nyttårsforsett, ser eg. Eg brukar ikkje ha så mange forsett, heller ikkje i år. Men nokre planer om kva eg skal bruke året til, det har eg!

Idag har eg vore på ski, det gjeld vel berre så vidt når eg ikkje har bilete av det?! Men eg fekk meg ein fin tur, i tett snøvær, nesten utan løype og nedsnødd skog. Eg har allereie gått uendeleg mange fleire turar enn forrige vinter, og vil gjerne fortsette å gå på ski resten av vinteren. Og eg har lyst å klare anbefalinga om å vere aktiv 30 minutt kvar dag. Kanskje klarer eg det ikkje kvar dag, men i snitt? Eg greidde jo minst ein halvtime for dag i jula, så det burde gå resten av året også?

Kvit azalea får vere ei slags erstatning for kvit snø.
Det kan forresten vere eit forsett, å gå tur utan å ta bilder! Rett og
slett vere tilstades på turen! 

Eg har bakt brød idag, hadde suksess med det i jula, og det er jo veldig godt med heimebakt brød. Men eg har ingen ambisjonar om å bake alle brød vi treng, det krever si kvinne å rekke å kjøpe nok brød til to svoltne tenåringssoner… Men kanskje eg skal satse på å bake ein gong i månaden som ein start?!

Nybakte brød, klare for matpakker, frukostar og travle dagar
Eg skal blogge meir om bøker! Det er ein ambisjon og ei plan, som eg har hatt før… Eg har lese fleire gode bøker i jula, som eg skal tipse deg om! Og eg har lese bøker som er meir avslapping enn noko anna, dei kan eg og tipse om!

Elles er det jul i heimen enno, og det skal det få vere nokre dagar til. Juletreet drikk mykje vatn kvar dag, og mister få nåler, så iallfall til 13.dag jul, kanskje lenger. Det er koseleg med lysa på treet, stjerne i vinduet og litt englar her og der. Litt spesiell juletrepynt skal eg vise her. I år overraska ungane med å finne fram den mest spesielle pynten først, og sendte den rett ut på snapchat, så vi har faktisk hatt besøk som har kome for å sjå på treet vårt!
Alligator, kjøpt på Key West. Ingenting skaper julestemning som ein
alligator med hawaiiskjorte og ukulele!

Pingvin som har henta juletre. Søtare blir det ikkje!
Lenka med kuler i bakgrunnen har eg arva, det blir ikkje jul utan!

Heimesydd bestemorengel med håret i knute og
raude kinn

Ikkje så spesiell, kanskje. Men fin engel kjøpt på
jentetur i Østersund. 
Ein slags designenglar.
Nye av året, kjøpt på salg. 
No skal eg tenkje ut fleire gode forsett for det nye året, som skal vere lette å halde, og gje meg ei kjensle av å mestre livet!

torsdag 1. januar 2015

Godt nytt år!

Kva ligg frammom oss i 2015?
Ein heilt vanleg torsdag, eigentleg. Men samtidig noko heilt nytt, eit nytt år, med mange vanlege dagar. Litt skummelt, syns eg, kva skal eg fylle dei med?
Det er nye sjanser også, det er mogeleg å endre, starte på nytt… Eg har lyst å gje deg eit dikt i nyttårsgåve:

NYTTÅR
Eit nytt år
la seg over det gamle
eit lett lag av nysnø
ein duk av ljos

over berrfrost og skare

over alt livs

sprukne hud

det dreiv forbi

i ein augneblink av sanning

det berre kviskra over markene

sveva gjennom skogholta

la seg til ro

som ei uventa von

som ung nåde
over ei gamal jord

Arnfinn Haram

Nysnøen frå juledagane har regna vekk, det er grått ute. Men kanskje kjem det eit "lett lag av nysnø, ein duk av ljos"?

Godt nytt år til deg, enten vi treffes av og til, eller berre møtes her på nettet!