onsdag 28. januar 2015

Onsdag og uffing

Då vekkeklokka(som innebær både brumming, piping og risting) starta, kjentes det som eg akkurat hadde sovna. Ute regna det, det var glatt på vegen og dagslyset kom aldri, kjentes det ut som.
På jobb var det berre å sette igang, nok til alle. Men ein del går på rutine, det er fint slike dagar.
Eg har spenstig nok lova å lede styrketrening/tøying for nakke og skuldre på jobb to dagar i veka, og idag var første dag. Eg var spent på om nokon kom, kva dei ville synest om treninga, kor lag tid det ville ta +++ Det gjekk bra, det kom folk, dei syns øvingane gjorde godt og eg trur eg klarte å forklare(takk til fysioterapeuten som har laga programmet og lært meg opp!)
Det var like glatt då eg skulle heim frå jobb. Ikkje var det skikkeleg lyst heller.

Eg kjøpte trøsteblomster. Med farger som minner om vår og lyse dagar.

Dagen kom seg. Eit møte eg skulle på vart avlyst. Eg fekk sove middag. Eg bakar brød, dobbel porsjon, fordi mammahjartet er svak for ros og sekstenåringen seier at eg bakar dei beste brøda. Mykje betre enn kjøpebrød. Sekstenåringen har prosjektveke på skulen, og det er lange og travle dagar for han, så godt brød er kjekt å gje han. Kvelden blir brukt til sofatjeneste, tv og lading av indre batteri.

I morgon er ein ny dag, eg satsar på at eg er betre opplagt då!

3 kommentarer:

  1. Kvar dag er slettes ikkje lik, og 'alle' har nok dagar då vekkjerklokka kunne føket vegg imellom ;) Då er det jo ekstra fint å finna noko som kan gjera dagen lysare. Primula må vel vera den vakraste blomen på denne årstida, med sine nydelege fargar og gode duft. Og det varmar nok godt å kunne hauste mammaros for baking også.
    I dag skin sola her, og håpar den sender sine strålar til deg òg.
    Ønskjer deg ein fin torsdag!
    Siri

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk :) Dagen i dag er mykje betre, eg sov godt, det er sol ute, eg har fått frisk luft, jobben var grei og eg har tid til ei pause i sofaen! Godt dagane ikkje er like!

      Slett
  2. Så koselig med blomster og brødbaking:) Håper du får en fin kveld da:)
    Jeg har hatt besøk av to små tantejenter i dag jeg og det gjorde dagen min så fin!
    Jeg har fundert på å se om jeg får tak i tulipaner en dag snart, de syns jeg er veldig fine. Det blir nok helgeblomster her hos meg! Ha en fortsatt fin uke!

    SvarSlett