Viser innlegg med etiketten tradisjon. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten tradisjon. Vis alle innlegg

søndag 5. januar 2020

Jula varer litt til...

Jula varer, om ikkje til påske, så iallfall ei veke til her i huset.
(om den blir ståande til 20.dag veit eg ikkje, men i år går vi fort forbi 13.dag!)



Og eg rakk to turar på ski denne helga!
(og er bra er det, for no pøsregnar det...)

onsdag 1. januar 2020

Godt nytt år!

Det har nok vore ein bra slutt på 2019 og ein god start på 2020, for eg har nesten ingen bilder som kan dokumentere kva som skjedde!

Men i går kveld -nyttårsaften- var vi på vennefest, med spleiselag, "same procedure as last year" (eller eigentleg som 2014, vi var dei samme folka, minus det meste av barn, som no har vorte ungdom/vaksne, og vi brukte samme meny! Eg laga baconkledde dadlar og foccacia, som i 2014) Og samme "oppskrift" er fint! Det var raust med god mat, dessert i lange baner, 4-stemt sang og alvor og latter og tullprat.


Men utsikt frå stova har eg bilde av.  Det var solnedgang og eg tenkjer at dette er standarden for 2020; lys der framme!


søndag 22. desember 2019

Det blir nok jul

Alt tydet på at det blir jul, også i år, og utan at eg har oversikt.
Alle er heime, både han som til vanleg bur i Bergen, han som bur på hybel i byen og ikkje minst mannen som har vore i USA og reiste heim ein dag det var snøkaos på Gardermoen. Å vere saman er det viktigaste!

Idag har mann og soner vaska hus! Lukke og glede! Det meste er handla inn, av både mat og gåver. Dei fleste gåver har kome fram til mottakar, og vi har fått mange gåver levert på døra!

Det blir alltid kaos når ein startar å vaske og rydde...
Heldigvis går det over. Delvis...

Då eg var lita, var det juletrepynting på julaften. Eg tenkte aldri at det var seint eller at vi låg dårleg an, og eg trur mamma tok det ganske greit. Vi var ganske væravhengige, sidan pappa kjørte brøytebil, og var det dårleg vær, var han borte heile eller deler av dagen. Tanter og onklar kom alltid innom på julaften, og det var stas! Det var prøvesmaking av julemat, og kanskje ei ekstra gåve eg kunne åpne tidleg?!
Den eine tanta mi ser du på bildet under, med kåpe og hatt! Medan ho pakkar ut og viser oss julegåvene frå henne. Eg står i ruta, heimesydd buksedress, storebror er i (nokså sikkert nystrikka) kofte og mamma står med ryggen til fotografen og ser på.
Dette var typisk tante! Ho hadde det alltid travelt, var kjempespent på gåvene ho skulle gi og ville vise dei fram fortast råd! Lurer på om det var dette året eg fekk bord og stol? (ja, eg veit det, eg var nok vekkskjemt og fekk mykje fint! Bordet og stolen har eg enno, og det er i bruk!)
Foto av foto frå album

Idag har søstra mi vore innom for julegåvebytting, og spørsmålet eg fekk var om det passa med eit "kåpebesøk", altså stikke innom i full fart og sitte med kåpa på under heile besøket. Klart det passa! Men når ho fekk tilbod om loff med tomatsild og ein kopp te, vart det så ho tok av kåpa.

Så no prøvar eg å legge vekk julestresset, når eg er ferdig på jobb i morgon skal det pyntast og då tenkjer eg at skuldrene senkar seg i takt med stigande glitter- og englefaktor.

fredag 13. desember 2019

Svart senker natten seg!

Luciadagen.
I år blir eg nok ikkje Lucia, det er måte på å markere seg i ny jobb, også for meg! Det får greie seg med siste kursdag og skjørt og julegenser!
Men eg har bakt lussekattar til fredagskvelden, og eg har funne fram Lucia-toga mine.
Eg er no oppe i tre ulike tog...Og finn eg fleire, blir dei nok med heim!





onsdag 11. desember 2019

Må ha det, berre må ha det, til jul

Jul er mange tradisjonar, og eg er ganske glad i tradisjonar. Så når det lir til jul, veit eg godt kva eg skal lage.
Eg har laga, kokt og pressa, og ikkje minst smaka, på årets grisesylte!


Og idag har eg kokt lammerull, som ligg i press no. Kveldsmat i morgon... Det er berre å glede seg!

Idag har eg baka berlinerkransar, og dei ligg forsvarleg gøymt i ein av mamma sine gamle kakeboksar.

Og for kvar dag kjem jula nærmare, og listene mine blir lengre heller enn kortare. Satsar på sterk innsats i helgene, for denne veka er eg på kurs og lærer helgenomsekvensering, og då er igrunnen hodet mitt fyllt opp!

mandag 9. desember 2019

Julelunsj på jobb

Ny jobb betyr nye ting, naturleg nok. Eg har høyrt mykje om julelunsjen, og tenkt mitt om at det er vel ein lunsj som så mange andre?

Etterpå kan eg forstå at denne lunsjen ikkje er som andre, men eit klart høgdepunkt i desember! I dagane før lunsjen gjekk festkomiteen rundt og talte opp ledige bord rundt om, og stolar. Det kom beskjed om at kjøkkenkroken vart stengt den aktuelle dagen og det dukka opp serviettar og lys og kasser med julepynt.





Sjølve dagen var det julemusikk og bord vart dratt fram og dekt og pynta. Det var stadig opptelling av antall stolar opp mot kor mange vi var, og stadig konklusjon om at det var for få stolar. Eit stort bord med kaker og frukt og sjokolade sto rett utanfor kontordøra mi... Nokre brukte timar på å legge pålegg på fat og pynte. Det var generelt god stemning!


Etterkvart kom pensjonistane og dei som er i permisjon,. Dei rutinerte var kjappe med å finne seg sitteplass. Og så var det julemusikk og grovbrød med sild eller ost eller egg eller skinke eller noko av alt det andre gode. Og til slutt var det kaker og frukt og sjokolade...

No er det berre å håpe på at eg er der neste år også!


torsdag 5. desember 2019

Brune pinner

Det blir ikkje jul utan julekaker, og brune pinner er ein av mine favorittar. Det blir i grunnen ikkje advent utan julekaker heller....



...kanskje blir det igjen av desse til jul også?

søndag 19. mai 2019

17.mai

17.mai er tradisjon! Men det viser seg jo at tradisjonar endrar seg! Ungane er ute av huset, vi skal ikkje rekke flaggheising og diktlesing på skulen, gjerne før fuglane vaknar. Vi treng ikkje sjå barnetoget. Vi skal ikkje selge lodd eller bære bord på dugnad.
Så då gjer vi heilt andre ting, eller gjer vi no eigentleg det?

Frukost for to

Rekordtidleg ute med å stryke skjorter og sjå
over bunaden iår.
Det må gjerne bli ein tradisjon!

Flaggheising!

Så det vart lang frukost, med egg og spekemat og bunad. Frykteleg upraktisk plagg å dekke bord og lage mat i.

Etterpå gjekk vi til byen (= såre bein og gnagsår) i strålande solskinn. Vi la att både jakke og sjal heime, og var meir enn varme nok. Vi var i Salem, åt kake, traff kjente, sang nasjonalsangen +++

Vi såg på borgartoget, før vi kjøpte is og gjekk heim igjen. Opp alle motbakkane. I bunad og med gnagsår, det er vel tradisjon? Det var heilt greit å skifte til noko lettare, legge beina høgt og slappe av litt då, før grilling og pavlovakake på kvelden.

Fruen i blomsterengen!
Det går fint an å få nye tradisjonar!

onsdag 17. april 2019

Den stille uke

Vi er midt i "den stille uke".

Den stille uke er uka fra palmesøndag til påskeaften. Navnet kommer av at man tidligere ikke ringte med kirkeklokkene denne uka, og heller ikke brukte orgelet under gudstjenestene. I denne tiden skulle man i størst mulig grad la alt arbeid hvile, og det skulle være stille både ute og inne. https://snl.no/den_stille_uke

Den er forsåvidt stille her hos oss også, for vi har hatt fri frå jobb, nabolaget er stillare enn vanleg, mange er borte, det er lite trafikk. Det har vore sol og varme, vi har testa ut bålpanna og vi har ete middag i solveggen.

På den andre sida har vi gjort mykje, dagane går unna. Mannen og ein son har brukt mykje tid på båten, og dersom dei snakkar sant, er det trygt å sette den på sjøen neste veke. Mannen fekk lit ekstrajobb fordi pc´n eksploderte(eller kva det var som skjedde, den virkar ikkje) Eg har rydda og vaska og bakt og innimellom lurt meg til litt krim i solveggen. Igår var eg på ski!! Lykke altså, med skitur i sol og 10 plussgrader. Nykjørte spor og skogen så godt som for meg sjøl! Dei andre med skidilla er truleg på fjellet.

Vi har hatt tid til lange frukostar, med egg og te og kaffe og aviser og Påskelabyrinten i bakgrunn. Det har vore godt med fridagar, sjøl om fridagar også er dagar med mykje program.
Skål frå mamma

Påskepynt
(og livet er ikkje alltid det vi ser på SoME,
resten av huset er ikkje pynta...)

Egg Benedict til frukost

Og så har dagen idag vore ein vemodig dag med mange minner. Idag ville mamma fyllt 83 år, og det er den første merkedagen etter at ho døydde. Så eg har vore i skapet og funne ting eg har fått av henne, ei raud skål til å ha kjeks i, påskeduken ho sydde til meg og slikt.
 

tirsdag 1. januar 2019

Breddejul!

Eg veit ikkje om "breddejul" er eit uttrykk som er definert, men eg tek det i bruk og definerer at det passar for årets jul for oss!
Før jul las eg ein artikkel ein eller annan stad om folk som alltid hadde feira jul på same måte, og som fekk store problem når det ikkje vart slik. Eg syns eg har lagt eit godt grunnlag for at mine soner skal kunne feire jul nesten kvar som helst, og lell kjenne det er jul...

4.søndag i advent i barndomsheimen

For ein månads tid sidan bestemte vi oss for å feire jul i Romsdalen, fordi vi såg at det kunne vere både fint og nødvendig. Plana var å feire saman med mamma og pappa. I tillegg ville vi treffe svigers og søster til mannen, og kanskje fleire av mine søsken. Eg kom på at vi kunne ha juleselskap 2.juledag. Og plutseleg fann lillesøster ut at dei ville kome i selskap også. 30 mil er ingen avstand for eit skikkeleg juleselskap! Eg pakka med meg julekaker, julemat og anna julerelatert!

Etterkvart som jula nærma seg, endra ein del ting seg. Mamma og pappa trong å vere på helsehuset, og eg tenkte først at dei kunne kome heim på julaften.
Istaden besøkte vi dei på dagen og feira med storebror og familie på kvelden. 10 stykk, med pinnekjøt og dronning Maud-fromasj, mange gåver, muntre kommentarar og kaffe og kaker. Og ikkje minst slektsprat til langt på natt, initiert av den yngre garde. Og ja, eg gløymte ein Albert, men vi var innom mange Anders og Knut med T og Knud med D. Og oppdaga at oldemor mi Amalie eigentleg heitte Petra Amalie, og at før den store utskiftinga i 1859 låg garden ein annan stad i bygda.


Vi klarte få litt friskluft og trim også, det er
berre å stå opp og gå ut medan det enno er mørkt.
Då får ein med starten på dagen og lyset som kjem, og frukosten smakar ekstra godt.
(og at det regne og var glatt gjer det ekstra fint å kome inn att)

1.juledag var vi invitert på full pakke til mannen sin barndomsheim, der søstra hans var. Frukost, gudsteneste, kalkun med alt mogeleg tilbehør til middag og eit raust kaffebord, saman med svigers og bror til mannen. 16 stykker er akkurat passe. Prat, spel, og igrunnen alt som høyrer til eit ekte juleselskap.
Gamal julepynt

2.juledag hadde eg invitert alle i min næraste familie til lunsj. Alle kunne ikkje, vi vart 23 stykker, det mangla 6 personar, men dei hadde gyldig forfall. Det gjekk unna på maten, lydnivået var ikkje for pyser, men det var så kjekt å treffast! Hjelpande hender i fleng, bord vart flytta av "seg sjøl" når eg tenkte høgt og funderte på om vi ikkje skulle hatt bordet frå kjellaren til å ete lunsj ved. Oppvaskmaskina jobba minst trippelt skift, kakebordet var fyllt med mykje godt og jammen stilte ikkje slektsgranskarane frå julaften med slektskahoot! Der scora dei poeng med både den eine og den andre. Slektsforskninga som storesøster dreiv med på tidleg 90-tal, og som endte som bok, var utgangspunkt og fasit. Og det vart etterlyst oppdatering av boka og det vart lagt planer om å lese seg opp på andre greiner av slekta neste jul. Store og små søskenbarn, kinasjakk og sjakk på tv. Det var godt å vere saman! Sjølv om helse og hukommelse og slikt ikkje spela på lag heile tida, hadde vi ein fin dag saman. Ein dag å huske!

Minst sju slag!

Eg likar godt å ha jul i eigen heim, men i år var det rett å reise bort. Det vart ei god jul! Med familie, på begge sider, med gode minner og litt såre tankar om at livet endrar seg.
Eg ser verdien i å kunne snu fort om på planer, lage det beste ut av dei dagane vi har, utan at det blir feil. Jul er mange ting, men å vere saman er ein viktig del!

Romjulsfrukost

Og så er det fint å kome heim, til sitt eige, til klesvask, romjulsjobbing og vener. Litt slakkare tempo, tross jobbing, og mykje mat. Ein draum om snø og skiturar, som aldri vart noko av, på grunn av regn og is. Nyttårsaften med gode vener. Ungane heime, natterangling og snart kvardag.
Eg har lese ut boka eg fekk til jul, "Jordmor på jorda" av Edvart Hoem. Den foregår i mine heimtrakter, og eg fann linkar til slektspraten vi hadde i jula.

Lyset gjer godt. Også i januar 2019.

Godt nytt år!

mandag 29. oktober 2018

Kongen av Danmark

Eg lurte på kvifor det heiter "Kongen av Danmark", og min beste ven er Google, så her er forklaringa frå Brynhild:

Opprinnelig oppkalt etter brystdråper med anis og lakris som ble laget til den danske kongen Christian V på 1600-tallet. 

Så no veit du det!


Idag har eg kjøpt drops. Fann dei på kiosken.



Eg leita huset rundt etter godtekrukka. Den i krystall, med lokk, som eg fekk då eg var ganske ung. Fordi eg syns den naboen hadde var så fin, og då ønska eg meg det til jul eller busrdag. Eg fann den i kjellaren litt nedstøva, for igrunnen kan ikkje eg ha godteri ståande på stovebordet til ei kvar tid, det blir så lett borte... No er den derimot nyvaska, blank og full av "Kongen av Danmark"-drops.

fredag 22. desember 2017

22.desember, kva har eg brukt dagane til?

Idag er det 22.desember, og første juleferiedag. Eg vakna i mørket, sto opp, slo på lyset i stjerna og og fyra opp. Ute hadde det snødd i natt, så etter dei siste dagane med is og regn og varmegradar, hadde forsvunne under eit (tynt) kvitt lag. Eg laga ei kanne te og skar ei skive av julebrødet eg bakte i går. Høyres det ut som ein klisje? Det kan høyrest slik ut, men det er heilt sant! 
Frukost

(Og peparkakebakarane som forsvann ut av huset ei stund etter at avisbodet hadde levert avisene i dag tidleg, hadde både rydda og vaska etter seg, stort sett)
I november, då det verka uengeleg lenge til jul(kanskje ikkje så lenge som då eg var 8 år, då var det omtrent like lenge frå 1.desember til julaften som frå jul til sommarferie) skreiv eg fleire lister med kva eg skulle gjere i desember, og har eg klart å følgje mine eigne planer? (altså, eg har jo varma fiskekeker til middag, vaska klær, vore på jobb og slikt, men i tillegg) Ikkje huskar eg kva eg skreiv heller...men no skal eg sjå det punkt for punkt:

  • julemusikk! Ja! Dette har eg klart. Om morgonane på veg til jobb har eg høyrt på NRK klassisk, og kosa meg med å sleppe politiske debattar etc, kanskje eg berre skal fortsette den vanne?
  • julebakst, eg har bakt berlinerkransar og brune pinner. Julebrød i fleire rundar, dei har ein tendens til å bli oppetne ganske fort! Felles bakekveld med vener, eg bakte lefser og delte med dei andre, og fekk kolakaker, havrekjeks og krumkaker i bytte. Ein god tradisjon vi skal halde ved like! Den engelsek fruktkaka er laga for ei stund sidan, og skal nytast når juletreet er tent i morgo kveld.
  • juleblomster, kanskje ikkje så mykje som planlagt, men eg er på runde to med sviblar og amaryllisen blormstrar. Ny azalea blomstrar saman med den eg kjøpte til jul for 3 år sidan. Krans på døra har vi ikkje, men eg har kjøpt juletre. Einer med lys og kuler i nisjen i trappa, det skaper stemning i heimen. 
  • adventskalender. Eg har vore kalenedergeneral på jobb, men heime har det vore litt til og frå. Det hadde litt med ein liten Romsdalstur i starten av desember å gjere, eg kom på etterskot med både det eine og det andre. Trur eg har igjen meir enn halve tekalenderen, men den kan eg gjerne drikke i romjula og på nyåret også! Felleskalender med mannen og kalender dei dagane ungane er heime, har vorte berre nesten... Men kanskje neste år?!  
  • julekrybba kom fram 1.desember, og har fått ein ny figur nesten kvar dag. No manglar berre Maira og Jesusbarnet. Denne vesle stjerneguten pyntar opp på stova og syng med kvar gong eg sett på julemusikk! (trur eg)

  • LYS! Eg har tent levande lys, eg har hatt lyslenker, eg har stjerne med lys, kuler med lys og lysestake i kjøkkenglaset. Det gjer så godt! 
  • lammerull og sylteflesk. Eg har laga begge deler, og tomatsilda er laga. Alt er testsmakt og godkjent, no ventar eg berre på å kunne ta det fram til julaften. Gler meg! Og eg har kjøpt røkt villaks, juelansjon, gode ostar, rømmesild, fenalåret er fedig og klart til smaking. Nam! Svolte treng vi ikkje vere denne jula heller!
  • klementin, det er advent altså! Lurer på kor mange kilo vi har ete...
  • Ta fram julepynten lille julaften, og pynte huset, altså i morgon. Det blir kjekt!
  • julegåver er vel også ein del av advent. Trur det meste er i hus no, men eg har igjen ein del innpakking. Det får bli i natt eller noko.

  • eg har kjøpt julegodteri og gøymt unna, og det skal bli stas å ta fram. Alltid marsipanfrukter og i år også norske nøtter. Det er smak av barndom det!
  • julehatt! Den og julegenser blir nok ein fast tradisjon i desember, til spesielle høve. Særleg på jobb, der enkelte har lurt på kva eg eigentleg driv med! Både julegenser og Lucia har eg tatt meg av i år :)
  • Julebrev er det dårleg med, kanskje det blir tid i romjula? Eg kosar meg iallfall med å lese det alle de andre sender meg!
(om eg er så i ruta at eg har tid til å sitte her og blogge i det vide og breie? Tja? ! Det er ein måte å unngå at eg gjer for mykje, for ryggen syns vel at eg har strekt meg vel langt i det siste. Så då prøvar eg leve litt saktare, til glede for resten av familien, som heller vil vaske enn at eg skal bli liggande)

I skogen er det ferdig pynta!
Og jul blir det! Uansett! Med eller utan hybelkaninar i krokane... 

mandag 18. desember 2017

18.desember

Det finns dei som må ha med seg alle Star wars-filmane.  Og så du har meg. Så eg har vore heime åleine i kveld. Eldstesønnen har kome heim på juleferie, og vart med faren på kino.



Eg har gjort forskjellege ting. Men særleg ein viktig ting: tomatsilda er no på glas! Og er vi heldige, held den heilt til jul! Det kjem vel an på om eg klarer halde meg...
Og eg har gjort meir og er snart på rett stad på kalenderlyset. Mykje å halde styr på i adventstida!

Eldstesonen kom seg laus frå fjellet,  og om nokre dagar kjem yngste sonen heim. Mistenker at han har med kontrabassen sjøl om det er ferie.