Så då gjer vi heilt andre ting, eller gjer vi no eigentleg det?
Frukost for to |
Rekordtidleg ute med å stryke skjorter og sjå over bunaden iår. Det må gjerne bli ein tradisjon! |
Flaggheising! |
Så det vart lang frukost, med egg og spekemat og bunad. Frykteleg upraktisk plagg å dekke bord og lage mat i.
Etterpå gjekk vi til byen (= såre bein og gnagsår) i strålande solskinn. Vi la att både jakke og sjal heime, og var meir enn varme nok. Vi var i Salem, åt kake, traff kjente, sang nasjonalsangen +++
Vi såg på borgartoget, før vi kjøpte is og gjekk heim igjen. Opp alle motbakkane. I bunad og med gnagsår, det er vel tradisjon? Det var heilt greit å skifte til noko lettare, legge beina høgt og slappe av litt då, før grilling og pavlovakake på kvelden.
Fruen i blomsterengen! |
Ja, dette er kjent. Etter mange år med 80% av familien i korps, så må vi også finne nye tradisjoner i en tilværelse hvor ingen er med i korps lenger. Etter et par år ser det ut til at vi har funnet fram til en ny og fin måte å feire dagen på. Så får vi se hva som skjer når yngstemann forlater huset om et drøyt år. :-)
SvarSlettDet er litt artig å sjå at det finns mange fine ting, sjøl om tradisjonnene ikkje er som før!
SlettJa, samme som meg, nye tradisjoner er flott det. Viser omstillingsevne.
SvarSlettOmstillingsevner er bra (seier ho som tenkjer jobbsøknader døgnet rundt!)
Slett