fredag 31. mai 2013

Ei tidsreise forårsaka av lukt

Eg gjekk til butikken idag, i fantastisk solskinn.
Då eg gjekk forbi denne hekken, var eg plutseleg ca 33 år tilbake i tid! Berre av ei lukt!

Tilbake på skulen, der det sto slike hekkplanter.

Når det lukta slik, nærma det seg sommarferie, det var utetimar, slåball på grusbanen, skrubbsår, det første badet i ein iskald fjord. Det var dei siste timane inne, med vindauge oppe og svak blomsterlukt inn, øving til avsluttngsforestilling og sangar vi måtte lære taksten på. Ete matpakka ute, vente på skulebussen, vente på resten av livet.
Draumen om uendeleg lang sommar, myggstikk og lensgsel etter noko eg ikkje viste.

Alt dette på grunn av ei lukt.

torsdag 30. mai 2013

Så kom regnet...

..og då kan ein sitte inne med godt samvit(eg har vore inne før også, men slit med det når det er fint ute) Då BURDE eg vore ute, burde-burde. Dessutan har nok huda mi godt av å vere litt regntid, eg prøvar lagre sola og sommaren i brunfarge på huda, evt litt raudfarge. Det har vore den finaste mai i manns minne(iallfall mitt minne og som eg har hatt tid til å nyte!) Eg tør ikkje, basert på snart 20 år i Trondheim, satse på at det held til i morgon. Så då blir det lesetid i hengekøye, det er jammen eit slit!
Bein i hengekøye! 

Kan frukosten bli betre?
Eg har tatt med frukosten ut dei siste dagane, tenk å kunne gå ut i lette sommarklær og ikkje fryse! Eg har sett batteri i ein gamal reiseradio, lese aviser og drukke te og ete frukost. Når det er så fint rundt meg får eg nesten lyst til å ete sundt også, nesten... ;)

Blomster på "bordet"
Sjølvportrett i skarpt lys!


Sol i bladverk

Men igår var vi ute til seint på kveld også, og hadde kvalitetstid og kvardagsluksus så det heldt!

Vi har hatt ein fløteboks ståande i kjøleskapet, LENGE, som vi skulle lage vaflar av, ein gong. Dagane går fort og fløten har vorte surare og surare...heilt på grensa at eg slo den ut, for den tok plass og bula stygt. Eg har stadig tankar om at vi skal kaste minst mogeleg mat, og at også slike restar kan brukast. Men det går så fort ein dag, og vi er ikkje alltid heime samtidig, det krever litt ekstra å gidde å lage røre og det er ikkje måte på kor langt eg kan unnskylde meg ut på viddene...
Men igår fekk eg overbevist tenåringane om at den lett inmobile og utålmodige mora trong vaflar til kveldsmat og at det berre var rett og rimeleg at dei laga vaffelrøre. Det krevde berre litt overtaling og godsnakking, så var dei i gang.Vi tok med alt ut på terrassen, det er ganske fint når ein kan sitte i skyggen klokka ni, framleis i short og tskjorte og ha det godt og varmt.
Alt klart

Nei, fingrane av fatet, mor skal dokumentere kosen før vi et!

 Vi kunne nyte nystekte fløtevaflar til kveldsmat. Vi kunne kose oss og småprate og nyte været! Det blir ein god kveld å huske til vinteren med kulde og vind og mørke...
Eg har fått kvalitetstid med sjela mi!


mandag 27. mai 2013

Kvardagslukke

Rundt om på bloggar eg les, skriv mange om kvardagslukke, feks her Mammadamen  og her Livet i Casa Didriksen. Og det sett jo igang tankar også hos meg, kva er kvardagslukke for meg? Er det det samme som gir lukke no som for 10 år sidag, 20 år sidan? Vil det være det samme om 5 år? Kvardagslukka er dei nære tinga for meg, ikkje det som skjer rundt om i landet eller verda. Eg burde vore opptatt av det og, men idag handlar det om det nære. Det blir eit slags feel-good-innlegg, så orkar du ikkje det, er du advart!

Eg har tatt eit kjapt tilbakeblikk i hukommelsen, kva var fint før? I studietida var det eit høgdepunkt å kjøpe Amagasinet og lese når eg tok pause frå studia i helga. Det var forresten veldig fint når studielånet kom også :)

For 15 år sidan, med ein nyfødt og ein på 19 mnd var kvardaglukka når den største satt i ro og kikka i bok ved sida av meg medan eg amma den minste. Då dei starta i barnehagen, var kvardagslukka når vi kom oss ut av barnehagen utan altfor mange slåsskampar om å opne og lukke porten i barnehagen, opne og lukke bildøra, bære sekken sjølv eller ikkje.... Det gjekk mykje på å finne ein måte å leve saman på, som passa både store og små. For mor var vel kvardagslukka også ei god natt søvn...

Å lese høgt for ungane medan dei åt kveldsmat, få ei god avslutting på dagen og ein god start på natta. Grovskive med syltetøy og Morovers av Andre Bjerke passar godt saman! Kornblanding og Harry Potter, dei seks første bøkene lese medan gutane åt kveldsmat. Gyldne stunder! Ikkje lenge sidan dei snakka om at det var lange sidan vi hadde hatt høgtlesing.
Å bake bollar og finne ut kva som passar som fyll, syltetøy, sjokolade, seigmenn. (Seigmenn var ikkje så bra! Smelta og rann ut av bollen og utover steikeplata)
Å lese vaffeloppskrift og måle opp ingredienser, steike og lage plakat for vaffelkiosk og "selge" dei til mor og far.

No, med tenåringar i huset, er det andre ting som framkallar lukkekjensla.
Kvardagslukka for mor er å sjå at gutane har det bra! At det går godt, at dei har vener, at dei finn ut av livet meir og meir, litt etter litt.

Kvardagslukka kan også vere
  • å sitte saman og ete middag, at kjenne maten smakar, at vi kan prate om korleis vi har det, der vi er på kvar vår plass i løpet av dagen. Å kjenne at vi høyrer saman!
  • å lage pizza saman, finne den perfekte pizzaen! Før tenåringane stikk ut til sine vener og vi vaksne sitt igjen. Å vere godkjent for å hente dei der dei har vore. 
  • å minnest noko vi har gjort saman, og legge planer for neste ferie.
  • å bli vekt av ein son som spør om han kan lage amerikanske pannekaker til søndagsfrukost.
  • å få sitte i fred og lese ei god bok, drikke god te frå yndingskoppen.
  • å treffe gode vener, kunne prate om smått og stort, gleder og sorger. 
  • å kjenne gleda over at huset er større(og at påbyggingskaoset var verdt det...)
  • å ha på radioen medan eg lagar middag
  • å høyre at dei andre låser seg inn og ropar hallo når dei kjem heim
  • å vite at det er potetsalat igjen etter middagen, som eg kan ete til kveldsmat saman med spekeskinke!!!
Potetsalat, god til middag, suveren til kveldsmat!

Yndlingskoppen


Og eg kunne fortsette og fortsette... Ikkje så dumt, det blir nok fokus på det som ikkje er bra, ikkje virkar, som irriterer.

Kveldstemning med solnedgang sett frå stoveglaset





søndag 26. mai 2013

Vekestart veke 22

Eg forstår at det er folk som les bloggen, når mange eg treff spør korleis det går med tålmodet mitt... Kjekt at de er her!!!
Tålmodet har det betre, eg gjer litt etter litt meir og meir, og har klart å roe meg i solveggen eller sofaen når det trengs!

Idag har eg sitte ute i sola, vorte litt raud i kinna, og sett på kor grønt det har vorte dei siste dagane! Eg har vore i fødselsdagsselskap og feira god venninne saman med fine folk. Sitte ute i sola og ete rabarbrapai... :)

Solskinn på alle måtar!

"Prydplante" frå ein ikkje heilt strigla hage :)

Vi blomstrar!


Rest is not idleness, and
to lie on the gras on a summer day
watching the clouds float across
the sky, is hardly a waste of time.  John Lubbock

Satsar på mange dagar der ein ligge og sjå på skyene og kjenne graset gro i sommar, eller sitte i sola og prate med gode vener!

Ha ei strålande veke!



fredag 24. mai 2013

"Tålmod er ei dyd"

Jada, det vil eg tru!
Dersom alle var tålmodige, ville verda stått stille! Eg ser det difor som mi plikt å vere utålmodig no om dagane...
Har du ønska deg nokre rolege dagar? Ein liten draum om stille dagar, der du kan sitte i sofaen og berre sitte? Ikkje noko som burde gjerast, berre lese og sjå tv og høyre radio? Oh yeah! Det ønskar eg meg stadig vekk, ingen barn som skal fraktast, ingen oppvask som skal ryddast, ingen klær å brette. Eg har fått nokre slike dagar i sofaen, og tenkte dette skulle bli bra. La planer om slaraffenliv deluxe!

Det viser seg at ein ønskjer seg det ein ikkje har!

Eg gløymte å realitetssjekke... Kvardagen gjekk sin vante gang utan å ta hensyn til at eg sitt i ro. Krykker dei første dagane gjorde meg litt inmobil og upraktisk, har du prøvd å bære eit glass med vatn når du går med krykker? No er krykkene kasta, men eg er framleis ikkje spesielt kjapp og lett på foten når eg manglar noko som ligg på soverommet, ei trapp ned. Det er forresten ikkje allverda å sjå på tv på dagtid heller. Eg har brukt mange dagar på å roe meg ned og lande i sofaen og innsjå at grunnen til at eg sitt her er foten og at den skal ha ro. Gløymer eg det, hovnar foten opp og blir gretten!
Enkelte onde tunger i heimen har hevda at eg har framstått som utålmodig, nærast som ein kveks i ei fyrstikkeske...
Bilde lånt herifrå: http://sofiebj.blogg.no
Men dei siste dagane har eg klart å senke skulderene, eg har kome meir i balanse med mitt eige tålmod. Ikkje heilt tålmodig, ein skal ikkje overdrive heller :) Men eg legg ei plan for dagen; skifte bandasje på foten, ete frukost, lese aviser, sette på oppvaskmaskina, gå ein liten tur, lese aviser, og ha sofaen som base. Alle klarer leite i haugen(vi snakkar om ein stor haug) med reine klær for å finne to ganske like strømper, rein t-skjorte eller boxer. Er vi tom for pålegg og brød, viser det seg at ingen svelt ihjel!! (Men at nokon har ete opp sjokoladen eg trudde låg i kjøleskapet, det er alvorleg og går utover tålmodet!!!)

Ein ekte venn i nøden! Sofalivet krever aviser og radio, helst P2! 

Eg er på grensa til skoavhengig... Det er både ei ulempe og ein fordel no. Ulempa er at eg ikkje kan bruke kva som helst av sko. Fordelen er at eg har mykje å velje i! Crocs er store og gode og mjuke og passar til nyopererte føtter som ikkje vil ha det trangt, flaks eg har 4 par :) Dei brune med sløyfe har fordelen at dei er flate og ikkje trykker på såret. Eg har meir spennande i skoskapet, så no er det sjanse for å gjenoppdage gamle skattar.

tirsdag 21. mai 2013

Forviklingar

Eg huskar eg såg "Forviklingar" då det gjekk på TV, ein gong i fjern fortid. Eg forsto ikkje programmet og humoren, men eg huskar forteljarstemma og musikken klart og tydeleg. Enkelte dagar har det med på sett og vis å vere akkompanjert av samme musikk og kunne med fordel hatt ei slik forteljarstemme som forklaring og trøyst....

Det byrja så fint, eg hadde togbillett til Røros, der skulle det gjerast litt vedlikehald på høgre fot. Etter ein roleg formiddag heime, kunne eg sette meg på toget og reise oppover. Sidan vegen vart stengt av ras nokre dagar før, så opna og så stengt igjen, var eg veldig glad eg hadde togbillett!

Lite er som å sitte på toget og lese litt, sjå litt ut av vindauget, ete litt niste, berre vere der og bli frakta fram til målet! Heilt utan ansvar, berre passe på billetten sin og oppføre seg som forventa.

Å sove på hotell er luksus, nyreidd seng, ingen plikter :)
Vel framme på Røros fann eg sjukehuset, ikkje noko stor bragd kanskje, men då visste eg iallfall kvar eg skulle møte neste dag. Eg vurderte å kjøpe vottar, det var veldig kaldt, men eg gjekk heller på hotellet. Etterpå tok eg ein liten spasertur i Røros sentrum, noko som ikkje er å forakte! Vakkert by!

Det klassiske motivet




Alt var stengt, så det var berre å sjå på detaljar og vindusshoppe. Det er jo veldig billeg, og kan anbefalast! Tusle rundt i fred og ro, i kaldt fjellvær, men fint lell.

Så langt, alt vel. Men kvar er forviklingane?

Eg skulle møte på sjukehuset kl 0800 neste dag, så eg testa ringelyd og tidspunkt på mobilen fleire gonger for å vere sikker på at eg ikkje skulle forsove meg. Eigentleg var eg litt usikker på om eg kom til å sove, for eg var spent på neste dag. Eg forsov meg ikkje, eg sov overraskande godt og vakna i rett tid, åt ikkje frukost, vaska beina grundig for gong nr x denne veka, reinhald er ein dyd, og tusla opp til sjukehuset.
Dokumentasjon: Foten før

Der var det stille og roleg, for mange hadde ikkje kome på at raskaste veg var stengt, og var difor forsinka. Klappa meg sjølv på skuldra for at eg hadde vore lur og reist dagen før. Eg fekk sette føtene rett i fotbad, ingen fare for skitne bein! Legen kom og lurte på om eg ville ha operasjon, noko eg takka ja til(legar no tildags er forresten veldig unge! Det har vel ingenting med min alder å gjere?) Eg trudde igrunnen eg hadde takka ja for lenge sidan, og at det var difor eg var der. Han trykte litt her og der på foten og teikna opp med tusj kvar det skulle skjærast.

Rakk ringe mannen for å seie at no starta straks operasjonen, så han kunne starte på turen for å hente meg, sidan det tross alt var over 20 mil å køyre. Høyrde ei litt stressa røst, han måtte gjere ferdig noko først. Det går sikkert bra, sa eg.

Så var det rett inn på operasjonsstova, der eg vart plassert på bordet og pakka inn i grønt. Grønt er mi farge! Etter meir vasking(!) og lokalbedøving, starta det som skulle vere dagens høgdepunkt for meg! Etter ei stund byrja legen mumle og brumme bak munnbind og forheng, og ville ha opplest diverse frå papira mine. Eg lurte på kva som skjedde! Nei, han fann ikkje det han trudde han skulle finne... Neihei... Fann andre ting, får vere nøgd med det ein har! Så vart eg sydd saman og sendt til påpassing. Eg kunne ikkje reise heim åleine, må vite, eg måtte hentast av vaksen og ansvarleg person!
Dokumentasjon: Foten etter
Den vaksne og ansvarlege ringte og sa at han var på veg, eg fekk mat og drikke og alt såg bra ut! Når ein ikkje får lov å drikke, blir ein veldig tørst! Det var godt å ha ei seng å sløve i, sjukehuset hadde trålaust nett, eg hadde tatt med lesestoff og eigentleg var taket fint å sjå på, så det kan hende eg sov litt.  Det har dessutan ein viss underhaldningsverdi å følgje med på alt som skjer, observere og småprate.

Melding frå mannen, no var han kome til Selbu. Fint:) Litt meir sløving i senga, lese litt, surfe på nettet, halde kontakt med omverda via instagram, twitter og facebook. Aldri åleine når ein har nett og sosiale medier!

Telefon frå mannen etter ein liten time, han var tilbake i Selbu....med bilproblem! (det er no eg særleg høyrer forteljarstemma frå Forviklingar i hovudet mitt) Ei lita stund såg eg for meg å måtte feire 17.mai på Røros i joggebukse og på krykker! Jada, kjente at det ikkje var heilt etter plana! Men når mannen fekk sagt litt meir, kom det fram at han både hadde funne bilverkstad og fått låne bil hos det som var dagens helt for oss:


Eg vart oppgradert og flytta ut av overvakingsrommet og inn på eige rom, med tv! Det var skikkeleg luksus, meir mat fekk eg og vips sov eg :)
Klar for henting, merk den lekre "blåsokken" på foten!

Så kom mannen, med leiebil, og henta meg. Eg var på full fart(nuja) mot trappa, før eg fekk tips om heisen lenger bort i gangen. Å køyre biltur med mannen er fint, det er god tid til å prate saman, noko som ofte er mangelvare i kvardagen. Eg fekk debrifa operasjonsdagen og mannen fekk debrifa bilproblema.

Vel framme i Selbu, sto bilen nyreparert og kjekk og venta på oss, heldigvis. Det var berre å flytte pikk og pakk over frå lånebilen. Berre...vel, godt eg hadde mannen med til å bære. Eg hadde nok med å stokke bein og krykker.
Selbu, klar for siste etappe heim

Då eg omsider fekk tak i tenåringane heime, for å forklare at vi var forsinka, fekk eg nesten inntrykk av at vi ikkje var sakna...
Vel heime! Home, sweet home!

Vekestart veke 21

På tide med eit vekestartinnlegg, vi er igang med ei ny veke, igjen. Slike maiveker med fridagar før og etter helg og midt i gjer ein litt forvirra :)
Eg skriv på eit innlegg om den eine foten min, men det er ikkje ferdig enno. Men det kjem! At sommaren plutseleg kom i helga, er også verdt nokre ord.

Dermed passar det godt å bruke dagens innlegg til å gratulere mannen min som har fødselsdag denne veka!! Eg har funne eit fint dikt  som handlar om livet vi har saman:

Ekteskap er to om alt,
to om sukker, to om salt,
oppvaskbenk og lengt og håp,
fjernsyns-skjerm og kjøleskåp,
godlynt dryss og dumme tretter,
varme bein i kalde netter,
to om siger, to om tap -
først og fremst er ekteskap
ein å dela natt og dag med
og ein venn å le i lag med.

                        Ingvar Moe 

Gratulerer!!!




tirsdag 14. mai 2013

Vekestart veke 20

Eg er av dei problemorienterte, er det ikkje eit problem, kan eg alltids lage eit. Bekymringsgenet mitt er godt utvikla og velfødd, passa godt og fora gjennom mange år.
Dessverre er det ikkje viktige og store ting eg bekymrar meg for(kanskje er det berre bra), eg ligg ikkje søvnlaus pga finanskrisa i Europa, klimautfordringane eller krig og fred og slikt.
Nei, det er meir dei nære ting! Eg lurer på om vi har nok mat, noko vi alltid har,  eller om bilen virkar(med god grunn, forsåvidt).Været 17.mai har eg tenkt på lenge, endå eg mest sannsynleg skal sitte inne med foten på ein stol. Og passar klærne til ungane? Været til jul tenkjer eg og på av og til, for skal vi ut og reise, er det ikkje artig med snøstorm ala det vi hadde sist jul: "Er det nokon som ser ei brøytestikke? Nei...jo, der, rett foran bilen..." Vel, vi kom fram då og, det tok berre lengre tid. Men dersom det blir fint vintervær i jula og eg ikkje bekymrar meg no, er det ikkje sikkert eg rekk beymre meg.  Godt med det som er unna gjort!

Før var det alltid fint vær 17.mai, iallfall slik eg huskar det, og iallfall på bilete. Kan det vere at det ikkje vart teke bilete i snøslaps og regn den gongen? (Ikkje alltid det blir gjort no heller når eg tenkjer meg om. At det snødde fredag før junior sin konfirmasjon er ikkje dokumentert, sjølv om eg bar planter inn og ut av carporten i håp om at dei skulle sjå friske og fine ut den store dagen, og vi hadde ullklær i beredskap i tilfelle vi måtte ha det under finstasen)

1971?, iallfall i bunad.
1970?, legg merker til skjørtelengda! Hekla kåpe frå tante og stråhatt!
Vekas vers må berre vere ein syttendemaisang!!!

Vi ere en nasjon vi med

Tekst: Henrik Wergeland

Vi ere en nasjon vi med,
vi små en alen lange,
et fedreland vi frydes ved,
og vi, vi ere mange.
Vårt hjerte vet, vårt øye ser
hvor godt og vakkert Norge er,
vår tunge kan en sang blant fler
av Norges æres-sange.

Mer grønt er gresset ingensteds,
mer fullt av blomster vevet
enn i det land hvor jeg tilfreds
med far og mor har levet.
Jeg vil det elske til min død,
ei bytte det hvor jeg er fødd,
om man et paradis meg bød
av palmer oversvevet.

Hvor er vel himlen mere blå?
Hvor springer vel så glade
de bekker som i engen gå
for blomstene å bade?
Selv vinteren jeg frydes ved,
så hvit og klar som strøet med
all stjernehimlens herlighet
og hvite liljeblade.


Denne huskar eg at vi lærte i tredje klasse, trur eg det var. Eg huskar at teksten var rar og litt uforståeleg...men noko fekk vi forklart og noko forsto eg og eg kan teksten enno! Når eg les den no, er eg raskt tilbake på Åfarnes skule, litt sliten etter toget og med gnagsår, litt spent på opptredenen eg skal vere med på og mett av is og kaker! Det var både potetløp og sekkeløp, ein kunne kjøpe lapskaus eller rømmegraut. Gymsalen er full av folk frå bygda, alle er der, snart blir det lese opp kven som har vunne rebusløpet og kor mange erter det var i norgesglaset. 

Alt eg har gløymt...

Ein annan ting eg har gløymt, vart eg minna på då eg las bloggen Livets små underfundigheter
Ho skriv om å organisere 17.mai! Eg har vore der, sitte i FAU med lange lister med oppgåver: kakelister som skal fyllast, nokon til å bære stolar inn og ut av gymsalen, nokon til å stå i fiskedammen og kven kan ta på seg å lage eit foreldreorkester?
Og all aktiviteten skjedde etter at ein først hadde pynta dei små, ete bittelitt frukost, vore på flaggheising på skulen, kome seg til byen, ropt høgt hurra til barnetoget! Kanskje rakk vi ete kaker og sjå starten av borgartoget, før vi sto i kø på tur heim igjen saman med nesten alle andre med barn på barneskulane rundt i byen og kasta i oss litt mat før vi møtte opp på skulen og leverte kake for 1.klassingen og sto vakt ved tombolahjulet for han i tredje. Ikkje rart det var godt å sige ned i sofaen etter å ha tatt av bunaden!!!
Men no er eg ferdig med den fasen i livet, snart er vi tilbake til å kunne ha 17.maifrukost og god tid, vi kan møtes etter borgartoget og ha koldtbord, kaker og god tid, og ingen masar heile dagen om å få ein gassballong som snart stig opp mot himmelen til lyden av sår barnegråt. Kvar fase sin sjarm!

onsdag 8. mai 2013

Burdisme

Det er alltid noko ein burde gjort, brette klær, vaske opp, tømme oppvaskmaskina, lage sunn mat, rydde på loftet, ringe nokon, betale rekningar, kjøpe fødselsdagsgåver, bestille service på bilen. Eg burde slanke meg, følgje opp lekser med ungane, starte i kor, gå på konsert, sjå filmen alle snakkar om....lista er så lang som berre det, den burde kanskje vore lengre også? Er det noko eg har gløymt at eg burde?
Nokon burde rydde vekk matvarene

Eg øver på å ikkje bry meg, iallfall om mange burder. For burde blir fort ei byrde(hehe, eit fint ordspel)

Eg blir sliten av alt eg burde, så eg prøvar å snu ryggen til. Og eg øver meg på å skille mellom det eg skal/vil/må, og det eg bør. Ikkje bry meg når folk snakkar om at dei vaskar kjøkkengolvet kvar kveld, eller kvar veke for den del. Heller tenkje på det eg velgjer å gjere, som å lage middag som tek lang tid enkelte dagar fordi eg har tid og lyst, og andre dagar heller ta ei posesuppe, sjølv om "alle" seier at det går like fort å lage den frå botnen! 

Eg likar gå tur, det er godt for humøret. Men ikkje så effektivt som jogging, naturlegvis. Men kjem eg meg ut på tur er vel gåtur betre enn å sløve på sofaen?!

Eg er avhengig av bøker! Å finne ei god bok...å, glede!! Eg burde ikkje kjøpe så mange av dei, det kostar pengar og tek plass, men når det gir meg glede? At andre strikkar kofter og heklar skjerf, eller syr ein juleduk,  det ville ikkje gitt meg same gleda å gjere det!
Forebygger stress!

Å ikkje gjere noko ein kveld kan vere den aller beste medisinen for mange ting, vonde bein, slitent hode, trøtte tankar, men er lite å slå i bordet med i lunsjen, når dei andre har vore på den høgste toppen i marka eller vaska ned huset eller bakt 12 brød og 50 bollar. Burde gjort det eg og! Eg øver på å tenkje at det ikkje var det viktige for meg den dagen, og ikkje la det bli ei byrde. Ein annan gong kan det vere eg som har vaksa kjøkkenvifta, rydda i tørrvareskapet og skura flisene i dusjen(og sove dårleg)

Å blogge gir overskot, det er artig å få tilbakemeldingar på det eg skriv. Men det tek tid, og folk lurer på når eg rekk det, det er vel så mykje anna eg skulle gjort? Eg høyrer "burde gjort" og blir stressa, men det er mi tolkning? Øver og øver på å ikkje høyre feil og velge sjøl!

Husvask og rydding og andre ting ei god husmor gjer med smil om munn og glede i kvardagen, eg er nok inga husmor.
Gode husmødre vaskar nok opp istadenfor å ta bilete av oppvaskkosten?

Og gode husmødre tek nok ikkje bilete før kleda er fint bretta(og støkne?)
Enkelte burder skjønnar eg (utan at nokon treng seie det) at eg burde gjort,  huska og utført. "Alle" har bunad på 17.mai, "alle" har julegardiner og "alle" andre har orden på bileta sine. Det er forventningar frå andre, som ikkje blir sagt ein gong, men som eg kjenner på. Desse blir byrder i hovudet mitt! Det er ikkje det at eg ikkje er einig. Eg burde vore slank nok til bunaden, eg burde hatt gardiner(kanskje), men bileta er mannen sitt ansvar.

Men dei verste burdene er dei eg lagar sjøl; eg burde rekke både full jobb perfekt og strøkent hus og fin hage. Eg burde besøke foreldra mine oftare, eg burde vere eit betre venninne med betre tid til samtalar og shopping, eg burde ringe søskene mine oftare, eg burde kjøpe blomster til den eine eller den andre, eg burde tenkje klokare tankar, eg burde vere ei meir oppmerksam mor og ei meir støttande kone. Desse burdene lagar eg sjøl, og eg lagar dei uavhengig av om det trengs eller ikkje, og dei blir iallfall ei byrde om eg ikkje sorterar i viktig og mindre viktig og skal/skal ikkje.

Eg veit eg ikkje er åleine, eg høyrer det når eg snakkar med folk. "Eg burde luka i blomsterbedda eller vaska bil, sydd ferdig juleduken og sett mindre på fjernsyn". Alle har burder i hovudet sitt, alle har sine eigne burdebyrder, og at andre seier "gløym det!" er ikkje altid nok.
Eg har nettopp hatt konfirmasjon, og lista med burder var lang! I starten var den veldig lang, skuldrene var høge, stressnivået høgt, humøret lavt. Vi burde ha sang, tale, bilder, blomster, kaker, gjestar... Vi hadde konfirmanten på plass, det var det viktigste :) Etterkvart datt detaljer på plass, eg fekk mange gode hjelparar og enkelte punkt på lista datt ut - heldigvis, den var halsbrekkande lang... I etterkant ser eg at for mange detaljer ikkje gir ein betre dag, men meir stress. Men eg kan ikkje garantere at eg huskar det til neste feiring. 
Ikkje veit eg kva som er løysinga heller, anna enn å vere litt bevist. Det burde ikkje vere umogeleg?!

Eit lite triks har eg, men det er ikkje alltid det passar, eller at eg huskar det. Eg må ut av huset, vekk frå det meste, gjerne med ei bok, eg tek friminutt på kafe!! Åleine, på ein stad der det ikkje er noko eg må gjere.

Eg prøvar å legge inn ei pause på kafe når eg køyrer og hentar barn her og der, istaden for å springe ærend og gjere burde-ting. Eg les bok eller lyttar hemningslaust til samtalen ved nabobordet, ser tomt ut i lufta eller tenkjer ferdig ei tankjerekkje og skriv kanskje ei liste over noko eg må huske. Dette burde eg gjere meir.

mandag 6. mai 2013

Vekestart veke 19

Etter langhelg med konfirmasjon, må eg seie at dagen idag kom brått på!

Eg kunne trengt ein dag å sjå i veggen før alvoret starta igjen....men dengong ei, det var rett på!

Og eg kom meg gjennom, og avslutta dagen med attpålag med 30 gjestar :) No er kakefata tomme, dei kvite dukane fulle av flekkar og kasta til vask! Det er halvbrente lys og litt slitne blomster på alle bord, eit lett "etter-festen"-preg på huset. Utover i veka blir vel huset meir og meir likt seg sjøl, og vi finn igjen det som har vorte stua bort då vi rydda siste rest før festen.
Festen er over, det er ikke kake igjen!

Vi har hatt ei strålande helg med feiring, til tross for at eg til tider har vore både monstermor og hatt røyk ut ørene av utålmod og fordi det ikkje vart som eg ville. Eg las værmelding til auge var stort og vått, medan det snødde ute... Men den store dagen hadde vi SOL, om enn litt kaldt.
Men brikkene fall på plass, kaker vart levert på døra, gjestane kom frå fjern og nær, vi rakk lage både bordkort og pynte bord, og skrive både sang og tale(ferdig natt til konfirmasjonsdagen!) Bildeserie vart det og, og det ser ein at tida har gått! Kvar vart åra av?! 

Eg er glad vi kunne samle så mange av slekta på dagen til junior, at så mange ville kome, at vi har det så fint saman! Det er rikdom!

Og idag har vi hatt masse vener og gode naboar på attpålag, å fylle huset er kjekt og tømme kakefata samtidig!


Gjett gjerne på kva konfirmanten interesserar seg for!







Det kan ikkje bli for mykje kake!

Vekas ord er eit mykje brukt dikt til konfirmantar, man kanskje har det noko å seie til oss andre og?


Våg å være ærlig
våg å være fri
våg å føle det du gjør
si det du vil si.
Kanskje de som holder munn
er reddere enn deg?
Der hvor alt er gått i lås
må noen åpne vei.
Våg å være sårbar
ingen er av stein
Våg å vise hvor du står,
stå på egne bein.
Sterk er den som ser seg om
og velger veien selv.
Kanskje de som gjør deg vondt
er svakest likevel?
Våg å være nykter
våg å leve nå.
Syng, om det er det du vil
gråt litt om du må.
Tiden er for kort til flukt,
bruk den mens du kan.
Noen trenger alt du er
og at du er sann!

Hans Olav Mørk