Viser innlegg med etiketten sko. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten sko. Vis alle innlegg

onsdag 27. mai 2020

Det er for lite snakk om sko!

Sko er av det som gir livsglede og ein liten smak av luksus i kvardagen!

Eg har kjøpt nye joggesko, godt å ha, men ikkje så spennande. Supre til tur i marka, men ikkje elles. Eg har ganske nye sko til å gå til og frå jobb, veldig fornuftig og nyttig, Luksus? Tja. Nye sandalar til å bruke på jobb er nødvendig, men meir slik kvardagsglede.

Desse her derimot! Dei er ikkje spesielt gode å gå i, dei er ikkje praktiske og dei er definitivt ikkje noko eg treng! Men dei gir eit løft for humøret og lys i kvardagen! Slike sko blir det aldri nok av.

(Eg forstår forresten ikkje kvifor eg har tilnamnet Irmelda?)

søndag 4. august 2019

God tid

Å ha god tid er noko av det gode med ferie!

Etter å ha kryssa Hustadvika, i stille vær, kom vi til Kristiansund.

Der tok vi oss god tid, snakka litt med båtnaboar, den eine båten hadde ikkje ligge til kai på 8 månader. Ok, der fall eg langt ned på lista over garva sjøfolk, det tel liksom ikkje å ha kryssa Hustadvika i slike samtaler. Vi såg oss rundt i byen, mannen besøkte ein kjenning. Vi åt klippfiskburger til middag.





Eg fann ein skobutikk....


Det er muleg det er diagnoser for slikt??

Vi hadde iallfall ein fin feriedag i Kristiansund, og neste dag la vi i veg vidare heimover.

torsdag 27. juni 2019

Fine ting på torsdag

For dette er ikkje kva som helst slags torsdag, det er torsdag før fredag(no er akkurat det ikkje så uvanleg) Men det er ikkje kva som helst slags fredag heller, det er siste fredag før ferie. Og det er siste fredag på jobb. Nokon gong, for den jobben. Etter ferien byrjar eg i ny jobb!

Sist fredag var det avslutning for meg, og eg har trengt veka etterpå for å venne meg på tanken. Men å gå ut dørene i morgon...gruar meg! Eg gler meg til ny jobb altså! Men først FERIE!

Tilbake til fine ting. Ute er det 10 grader og regn, det er slutten av juni. Eg treng nokre fine ting å glede meg over! 

  • eg har nye tekoppar! Eg hadde teselskap for nokre veker sidan, og alt var igrunnen bra, været, gjestane (i særklasse), maten og teen. Men tekoppane mine var ikkje heilt rett. (Eit problem eg fekk lite gehør for hos mannen) Eg har difor tenkt på korleis den perfekte, for meg, koppen skulle være. Eg har drodla med vener, og vi har vurdert tur til London for å finne tekoppar, og eg har vore innom mange glassmagasin for å sjå kva som finst. Dei hadde ikkje noko eg fall for... Men så tok eg ein impulstur til Fretex!!! Og der sto koppane. Litt upraktisk at eg tok turen utan bil når eg skulle kjøpe 11 koppar, men alt går. Eg fekk bobleplast og silkepapir og kasse å pakke i og gjekk sakte heimover. Eg har googla og trur eg trett og slett har gjort eit kupp. 3 koppar med "Spire" og 11 koppar frå "Riflet" frå  Porsgrund Porselen frå 1950talet. (og jada, eg er glad i ting! Men no har eg rydda vekk ein del ting eg ikkje har så nært forhald til, og dei skal Fretex få, og det vart betre plass i skapet)
    Teselskap med koppar som passer perfekt til kveldsmat og frukost, men
    ikkje så godt til min tanke om teselskap med festkledde damer.
    Spire
Riflet
  • eg har eit stort glas Pepsi Max med sitronskive i!
  • det har vore lite sko på bloggen i det siste. Det må vi gjere noko med. Gule sandaler er fint! Dei er ikkje nye, men eg har dei ståande framme, for dei er liksom solgule og løfter humøret! Og plutseleg kjem det ein dag som er perfekt for gule sandaler! Ballerinasko med dyreprint derimot, det passar uansett! Kanskje ikkje i pøsregn på langtur, men dei løftar dagen og har vore mykje brukt til no i sommar! 

  • roser! Sa eg roser? Eg har roser på vasken på badet og på stovebordet. Dei luktar midtsommar og barndom og alt godt. Og rosebusken ute er iferd med å eksplodere i blomster. 
  • ei ny kurv til sommarbruk. Den er kjøpt til bilbruk, vi har alltid med varm og kald drikke, litt mat, frukt, servietter, koppar, aviser +++på litt lengre bilturar. Og då er det viktig at ting er der dei skal og ikkje trillar rundt omkring. Denne kurva er testa, og passa perfekt til det den er kjøpt til! 
  • Og alle dei tinga vi har som berre blir ein vane, tett og varmt hus, mat i kjøleskapet, vaskemaskin og fin utsikt. Ei melding frå ein son som er på ferie eller har sommarjobb. Ein telefon. Vissa om at eg har jobb også etter ferien. 
Håpar torsdagen din er fin!



torsdag 31. januar 2019

Italienske sko!

Då vi var i Italia i haust hadde eg ei heilt klar plan om å kjøpe meg sko. Ei så klar plan at mannen innsåg at han berre måtte henge på den siste dagen når eg gjekk målbevist til verket og planen. Før eg fekk meg sko, ville det meste anna bli sett på venteliste.

Til slutt fann eg ein fin skobutikk. Mannen sette seg på ein ventestol. tok fram ei bok og eg fekk beskjed om å ta meg god tid. Dette var ein så fin butikk at du slett ikkje kunne finne ein sko i hylla og berre prøve.  Nei, her måtte eg peike på utstillinga og forklare kva sko eg ville prøve, så vart den rette storleiken henta på lageret og eg fekk prøve. Feil storleik? Dei henta ein anna storleik. Og såg eg plutseleg eit anna par som eg hadde lyst på, var det samme prosedyre. Til slutt sto det mellom to ulike. Håndsydde, italienske gule sko, eller gule, høghæla pumps. Altså to ulike par med gule sko... Valgets kval! Og ein kan knappast kjøpe to par gule sko på samme dag? Dei kosta tross alt litt...


Etter prøving og synsing og prøving og elle-melle, vart det dei gule, håndsydde (som takk og pris var på sal) Dei var tross alt italienske!

 Italienske sko!

Desse har vore med på fest og julebord og familieselskap til no. Eg er så fornøgd!

Men vel heime i Noreg byrja eg å angre. Ikkje på kjøpet, men på at eg ikkje hadde kjøpt begge para... No byrja ei ny jakt. Eg har leita på nettbutikkar, søkt etter gule sko, yellow shoe, gule med hæl etc. Og eg har vore innom alle skobutikkar eg har gått forbi. Det viser seg at gule pensko ikkje er så vanleg på vinteren i Noreg.


Men så: der sto dei! I ein av dei lokale butikkane. Ikkje var dei så dyre heller. Men eg måtte tenke meg om, og kven veit, kjem dei på sal snart? Nei, det gjorde dei ikkje, verken romjulssal eller januarsal. Og klok av skade, så har dei no fått ein god og trygg heim, eg kunne ikkje risikere at nokon annan tok dei rett framfor nasen min medan eg akkederte for eller mot kjøp.


Skogal, sa du?

søndag 8. april 2018

Sko!

Ryktet vil ha det til at eg er glad i sko. Ryktet snakkar sant!
Men det er veldig lenge sidan eg har blogga om sko. Det må vi gjere noko med.

Ute smeltar snøen. Eg har gått mine første turar med joggesko, det er som å gå barfot etter ein lang vinter med tunge sko! Eg må berre passe meg litt for is og slaps og skitvatn i gata vår, som stadig får nye hol og humpar og grøfter i vårløysinga, så eg ikkje blir våt og skitten.

I vinter har eg brukt desse skoa mykje. Litt vemodig idag, då eg byrja lure på om det var siste skitur for sesongen.... Satsar på at eg rekk nokre til, det er iallfall nok snø. Det er programmet mitt som er fullt. Trur dette må vere eit av mine beste skokjøp. Eg har brukt dei mange gonger i vinter, og eg har ikkje eit gnagsår, til forskjell frå forrige skiskoa eg hadde, med gnagsår frå desember til mars.


Rett før påske kjøpte eg desse skoa. Det var ein rest får nyttårssalget, og då er gjerne rabatten stor i håp om å tømme lageret. Flaks for meg at det eine paret som sto igjen var i min storleik. Eg trur heilt klart desse skal bli brukt, når det berre tørkar opp ute... (Eg er veldig usikker på fargen på desse. Alt etter lyset er dei brune, lilla eller mørk grå.)




Dei brune skoa kjøpte eg i haust, akkurat i tide til at snøen kom (og eg ikkje fekk brukt dei) No står dei klare, langt framme, og ventar på lettare vær. Eg gler meg!!!



Dei orange joggeskoa er nyvaska, klar til bruk! Og alle dei andre skoa mine, til ulikt bruk, terrengsko, piggsko, joggesko, sandalar+++, dei står klare og ventar på vår og sommar saman med meg!

søndag 18. juni 2017

Sommar i Trøndelag

Sommar i Trøndelag er ikkje for pyser. Idag har det veksla mellom pøsregn og yr, med enkelte glimt av sol, men aldri så lenge at det tørkar opp. Skoa eg sette til tørk ute på fredag treng ein runde i tørketrommelen...
På fredag hadde vi forresten grillfest med jobben. Dagen starta med sol og varme, men før festen var det flomvarsel, og jammen er det godt at han som inviterte på hageparty, hadde stort kjøkken og stove. Fint å sitte inne og sjå på regnet ute!

Så noko må ein gjere! Idag har eg tatt fram dei nye sommerskoa/sandalane eg kjøpte i Tromsø i vinter, ein dag med omtrent snørekord i mars der oppe. Alle fly var forsinka og brøytekantane høge. Og eg har tatt fram linkjolen frå i fjor, kjøpt ein optimistisk sommardag på Røros. Det finns ikkje dårleg vær, berre dårlege klær!


Og dei rette klærne kan gje solskinn, om ikkje anna inne!

søndag 7. mai 2017

Vår og nye klær!

Idag skal eg prøve meg som moteblogger! Eller det er ikkje sikkert det er mote, men det er iallfall om nye sko og klær.

Eg er glad i sko, veldig glad. Enkelte kritiske røyster hevdar eg har fleire enn eg treng. Eg forstår ikkje akkurat det?! Eg meiner, ein treng sko til dårleg rygg, sko for solfylte dagar, sko som er fine å sitte med, sko for segling, sko for skogtur(både is, gjørme og tørr sti). Nokre sko er for lange dagar i storby, andre er for lange dagar på jobb. Gule sko og raude sko, sandaler, sko med hæl og sko utan høg hæl. Vintersko og vårsko.

Eg var i Tromsø i mars, det snødde! Masse! Eg kjøpte vårsko og sandalar hos ein fantastisk skobutikk, eg kunne gått der heile dagen! Sandalane er ikkje i bruk enno(det haglar her idag...) Dei hadde eigen skopose!!! Kan det bli betre?
Men vårskoa er i bruk, dei er enno betre enn eg trudde!
Grå vårsko, fine til bukse eller skjørt eller kjole.
Det beste er at dei er gode å gå med.

Sko med eigen pose! Ekstra grunn til å kjøpe!

Kjole høyrer med til våren, eg har ein ny med små blomster, og ein eg fann på salg i vinter, som berre ventar på ein varm dag i sola!

Sommarkjloe, passar fint med dei grå vårskoa mine!


Denne kjolen, funne på salg, ropar på gule sko!

Men trass alt, det er vår enno, og enkelte ting kan ein ikkje kjøpe for pengar. Kvitveisen lagar tepper i skogen og skaper stemning på frukostbordet!
Alt handlar ikkje om penger. Heldigvis!

Mannen fekk forresten kjøpe seg noko nytt igår han også! Grill! Idag saktegrillar vi svinenakke, det ser lovande ut og luktar godt!
Krevde berre nokre få timar med skruing og lesing av bruksanvisning...

torsdag 16. mars 2017

Ein kjolemonolog. Vedkjenning frå eit klesskap

Eg likar sko. Det er ikkje hemmeleg.
Men eg er svak for kjolar også! Veldig svak... Eg kikka litt etter idag, og nei, du får ikkje noko tal, men det er kjolar for fleire anledningar på stativet mitt! Og eg meiner, ein veit aldri kva ein treng! Eller når...


Stativet er fullt, men mannen  har skjortene sine der også. (sa ho, for å unnskylde seg litt...)
Kjole er eit kjekt plagg, det passar godt på fest, i selskap eller i sofaen ein laurdagskveld. Det er behageleg å ha på ein varm sommardag, og det er varmt og lunt med ein ullkjole på vinteren. Eg kjenner meg fin med kjole på, og det er jo fint! Det kan vere kjolen som reddar ein trist marsdag eller ein kald junidag.
(Skjørt gjer same nytte, men dei får du ikkje sjå idag) Når eg ser bildet, lurer eg litt på om eg ikkje manglar noko i grønt og/eller gult? Eg har heller ingen lange kjolar. Det var jo den absolutte toppen av lukke som barn: sidkjole! Eg har hatt "huset-på-prærien"-inspirert, eg har hatt blomstra og einsfarga. Men no? Ingen!

Her kjem nokre nærglimt av ulike skattar:

Raude kjolar av ulik type.

Denne kjolen er indisk.

 Grønn fløyel. Er alltid litt usikker på denne, er den fin eller ser eg ut som ein sofa frå 70-talet?

 Perlebroderi for dei store anledningar!

 Maritime striper for båtlivet!

 Eg har sko som passar til alt!

 Eg har visst ei eiga avdeling for blå linkjolar... Verdt å huske, eg treng linkjolar i andre farger!

"Den lille sorte" med variasjoner og vener!

Ein i rosa fløyel med glamourfaktor og ein for varme somardagar.

Og det er alltid plass til ein til, eller la oss seie to?

mandag 23. januar 2017

Vekestart veke 4

Av og til er livet fullt. Litt for fullt.
Det er slik akkurat no, og det er fullt av ting som ikkje høyrer heime på bloggen. Ting som angår meg, men ikkje deg. Fordi det er nokon andre sitt liv, som ikkje har bedt om å bli blogga. Slikt gjer hovudet mitt fullt.
Eg kjenner eg ikkje strekk til. Eg skulle vore fleire stader på ein gong, halde hender, gjort husarbeid, strekt meg litt lenger. Samtidig har eg eit liv, med familie og jobb her, så eg må leve med den strekken i livet.
Difor har det ikkje vorte så mykje blogging.

Heldigvis skjer det fine ting også, ting som gir energi. Helgetur. Feiring av pappa sin 87årsdag. Vennefest med overnatting på flatseng, og fin frukost med gjengen dagen etter. Og ikkje minst kaffe i gullkopp! Planlegging av venninnebesøk i februar. Feiring av niese sin 11årsdag, med mykje godtfolk og heimelaga sjokolademousse. Og eg er på surdeigskjøret igjen! Eg har arva surdeig frå kona til ein kollega av mannen, og gjer stadige forsøk. Har ikkje smakt på dagens produksjon, men havrebrødet ser godt ut! Heldigvis er det snart tid for kveldsmat! Å høyre junior vurdere og prøve ut ny bue til kontrabass. Eg let meg fasinere av musikkglede, interesse og fagkunnskap. Eg har kjøpt meg nye sko, når eg tenkjer etter har eg kjøpt fleire par. Der snakkar vi ting som bidreg til sinnets munterhet! Invitasjon til konfirmasjon. Og datoen for utsetting av båt kolliderar ikkje med konfirmasjonen!

Det kan sikkert virke som eg har så mykje på programmet, at det er difor eg blir strekt. Men du får tru meg når eg seier det er mykje mellom linjene her....


Med tanke på familiefreden, får du berre sjå
det ein paret med sko :) Dei andre er litt vagt omtala enno!
Eit dikt kan vi trenge på ein mandag som dette! Når livet dreg i alle endar, det regnar både tidleg og seint, vaskerommet er fullt, oppvaskmaskina jobbar overtid, og vegarbeidet i gata gjer at yttergangen er full av leire. Ein måndag det var litt tungt å stå opp, men det var fordi eg sov lite på grunn av vennefest. Kjøleskapet var ganske tomt, men eg har butikkar i nærleiken og pengar på kontoen, og ein mann å ete middag saman med. Så det blir eit kjærleiksdikt, eller kanskje er det eit vennskapsdikt? Om å halde kvarandre, støtte kvarandre i det som er livet. (eg har delt dette diktet før, men eg syns det er så fint, så du får det igjen!)

Jeg holder ditt hode

Jeg holder ditt hode
i mine hender, som du holder
mitt hjerte i din ømhet
slik allting holder og blir
holdt av noe annet enn seg selv
Slik havet løfter en sten
til sine strender, slik treet
holder høstens modne frukter, slik
kloden løftes gjennom kloders rom
Slik holdes vi begge av noe og løftes
dit gåte holder gåte i sin hånd

Stein Mehren

Ha ei god veke! Plutseleg så bloggar eg igjen.




torsdag 14. mai 2015

Skodilla...

Idag har eg og mannen vore på biltur, ein slags søndagstur på Kristi himmefartsdag. Russen som kom heim kl sju idag tidleg fekk ikkje ein gong tilbodet, og 17-åringen kunne vel nærast sett det som straff om han måtte være med…
Fjorden baby!

Mannen og eg har køyrt, sett på kart, hatt matpause i bilen, ete middag på ei brygge, ete is. Vi har sett sol og regn, mange gonger begge deler. Vi har sett fantastiske skyer, høg himmel, kjent vinden blåse. Vi har køyrt langs fjorden, sett bygder og fjell og dal. Ei fantastisk bru.
Vi har prata om eit og hitt, berre vore saman og hatt god tid. Det er fint det!

Og eg har kjøpt sko! Kule sko eg slett ikkje skulle ha, men som eg brått kjente eg trong!
Kjærleik ved første blikk! 
Dei måtte berre få vere med meg heim! "Hæ, har du kjøpt nye sko idag, mamma?!" var reaksjonen til dei heime. Ja, så klart! Nokre ting berre treng eg.